Den historiske tida si utfordring og byrde

Innleiing

Eg skal no omsette eit kapittel frå ei av dei siste bøkene til István Mészáros som kom ut i 2008, men først skal eg seie litt om både boka og forfattaren. Boka heiter ”The Challenge and Burden of Historical Time – Socialism in the Twenty-First Century”, utgjeven på Monthly Review Press. Omsett skulle det bli omlag ”Den historiske tida si utfordring og byrde – sosialisme i det tjueførste hundreåret”. Boka er ei samling av artiklar og førelesningar pluss nye tekstar som utdjupar og fører fram analysane til 2008. Den første teksten er frå 1997 og dei siste frå 2008.

Bibliografi

István Mészáros er i dag ein viktig bidragsytar i den internasjonale marxistiske debatten. Han har gjeve ut bortimot eit dusin bøker om sentrale spørsmål for sosialistar og kommunistar. Mest kjend – og kanskje minst lese – er den monumentale ”Beyond Capital, Towards a Theory of Transition” (Bortanfor kapitalen – mot ein teori om overgang) frå 1994, som er på rundt tusen sider. Men viss vi tar det frå starten så gav i 1970 ut ei bok om ”Marx’s Theory of Alienation” (Marx sin framandgjøringsteori) . Året etter kom ei bok om ”The Necessity of Social Control” (Det naudsynte med samfunnsmessig kontroll), i 1972 kom ”Lukác’s Concept of Dialecatic” (Lucáks oppfatning av dialektikk), og i 1979 kom ”The Work of Sartre: Search for Freedom. (Sartre sitt arbeid: På leiting etter fridom). I 1986 kom ”Philosophy, Ideology & Social Science – Essays in Negation and Affirmation” (Filosofi, ideologi og samfunnsvitskap – Essay om nekting/oppheving og stadfesting) og i 1989 kom ”The Power of Ideology” (Ideologien si makt). I 2001 gav han så ut ”Socialism or Barbarism” (Sosialisme eller barbari). Etter ”Den historiske tida si utfordring og byrde - …” har han så gitt ut ”The Structural Crisis of Capital” (Kapitalen si strukturkrise) og ”Social Structure and Forms of Consciousness, Volume I: The Social Determination of Method” (Samfunnsstruktur og medvitsformer, bind I: Den samfunnsmessige bestemminga av metode) i 2010 . Så kom ”The Structural Crisis of Capital” (Kapitalen si strukturkrise) I 2010. I 2011 kom så ”Structure and Forms of Consciousness, volume II: The Dialectic of Structure and History” (Samfunnsstruktur og medvitsformer, bind 2: Dialektikken mellom struktur og historie). Ingen av bøkene hans er omsett til norsk.

Noen kommentarar

For dei som las litt nøye Rødt si bok ”Sosialisme blir ikkje skapt i himmelen”, som spesielt handlar om utviklinga i Venezuela, av Michael A. Lebowitz, dukka namnet Istvan Mészáros opp i tre sluttnotar i boka. Notane viste til boka hans ”Beyond Capital”. Om Mészáros seier Hugo Chavez at han ”opplyser stien frametter”, så uansett korleis vi vurderer han, så er han viktig når det gjeld utviklinga av samfunna i Sør- og Mellom-Amerika.

Eg har omsett eit kapittel i ”Den historiske tida si utfordring og byrde – sosialisme i det tjueførste hundreåret” (kapittel 8) som heiter ”Sosialisme i det tjueførste hundreåret” og som er på omlag 110 sider.

Eg er sjølvsagt ikkje samd med Mészáros i alt han skriv. Mészáros meiner til dømes at kapitalen fortsett etter at kapitalismen er oppheva. Han meiner at Sovjet og andre land som har kalla seg sosialistiske eller kommunistiske framleis har ei utbytting av arbeidarklassen, men at den er politisk gjennom staten, og ikkje økonomisk som under kapitalismen. For å kunne halde fast på den teorien omdefinerer han kva som er det vesentlig trekket ved kapitalismen. Han skriv: ”Eit samfunn der det er eit strukturelt fastlagt hierarki, som altså er det grunnleggande definerande trekket i kapitalsystemet, må ved sjølve naturen sin alltid fortsette å vere fiendtlig og konfliktfylt både i dei små delane av verda og i heilskapen som er fiendtlig sett saman.[i] Viss eit strukturelt fastlagt hierarki er det grunnleggande definerande trekket i kapitalsamfunnet, så utvidar han dette både til å gjelde ættesamfunn, slavesamfunn, føydalismen og første fasen av kommunismen.  Han må lage denne definisjonen fordi han inkluderer dei despotisk-byråkratiske sovjetsamfunna under kapitalen sitt vesen.

Eg meiner framleis at Engels hadde rett då han definerte kapitalen sitt vesen slik: ”Det påvisades att tilägnandet av obetalt arbete är grunnformen för det kapitalistiska produktionssättet och för den därmed sammenhängande utsugningen av arbetarna; … [ii]

Men eg meiner at det er rett at eit strukturelt fastlagt hierarki er eit viktig trekk både ved kapitalismen og dei etterkapitalistiske samfunna vi har sett og at det å avvikle dette hierarkiet er umulig under kapitalismen, men kan bli gjort under kommunismen og at det er avgjørande at det blir gjort for å komme vidare frå det Marx kallar kommunismens første fase, som er full av restar frå kapitalismen, over til den andre og høgare fasen.

Eg vil ikkje seie at det er kapitalen som fortsett etter at kapitalismen er opphevd, men fleire former av dei framandgjorte fellesskapa som er utvikla heilt frå privateigedommen til produksjonsmidla oppsto og som nådde høgdepunktet sitt under kapitalismen. Under kapitalismen utviklar seg også dei naudsynte vilkåra for at menneska kan begynne på å oppheve kapitalen og deretter alle framandgjorte fellesskap. Då blir målet etter revolusjonen å sikre at kapitalismen ikkje blir oppretta att pluss arbeid for at alle framandgjorte fellesskap, med klassane, familien, staten og dei politiske partia som noen sentrale, blir opphevd saman med dei framandgjorte formene for medvit som heng saman med desse fellesskapa. I røynda er det også nett dette Mészáros skriv om, men han har ikkje tatt til seg og utvikla vidare Marx sine tankar om framandgjorte fellesskap. Viss vi les boka hans om framandgjøring,[iii] som eg elles meiner er svært god, ser vi også at han ikkje utviklar denne sida ved framandgjøringa. Hadde han gjort det hadde det vore enklare å utvikle metodar for å oppheve desse ymse fellesskapa også. I Manifestet seier Marx at ”det som særkjenner kommunismen” er oppheving av den borgarlige privateigedommen, kapitalen og lønnsarbeidet ved å gjøre kapitalen til felles eigedom som høyrer til alle medlemmer av samfunnet, oppheving av den borgarlige familien, oppheving av fedrelandet, nasjonaliteten og den borgarlige staten og oppheving av den herskande ideologien (den herskande klassen sine idear). Har ser vi noen av dei framandgjort fellesskapa som kan fortsette etter ein kommunistisk revolusjon og inn i første fase av kommunismen og som kan danne grunnlag for restaurasjon av kapitalismen dersom dei ikkje blir opphevd stadig meir i arbeidet for å komme vidare til kommunismens andre fase. Eigentlig er det dette Mészáros er opptatt av også.

Eg meiner også at måten han brukar omgrepet sosialisme er uklårt fordi det stort sett dekker dei to fasane i det Marx sjølv likte å kalle kommunisme. Slik et hugsar det er han litt klårare på dette i boka om framandgjøringa. Men han er klår på at det trengs ein arbeidarrevolusjon der borgarskapet blir fråtatt den politiske makta si, og at ein med dette utgangspunktet må begynne å bygge ned dei hierarkiske tilhøva som heng saman med all framandgjøring som pregar alle samfunn som bygger på privateigedom og statsmakt osv., både førkapitalistiske samfunn, kapitalismen og første fasen av etterkapitalistiske samfunn og at målet for dette er det Marx kallar den høgare fasen i kommunismen.

Ut frå dette meiner eg at Mészáros har mange spenstige tankar og viktige analyser om korleis dette siste kan skje som kan hjelpe oss i å utforme ei linje for korleis vi vil arbeide for ein kommunistisk revolusjon i dag og utvikle første fase av kommunismen (sosialismen) fram mot full oppheving av kapital eller framandgjøring og kva vi må legge vekt på frå nå av når det gjeld ideologisk, politisk og økonomisk kamp og organisering for å lukkast med dette, slik at ikkje kapitalen får fortsette med sine øydeleggande konsekvensar for livsgrunnlaget til heile fellesskapen av menneske.

Mészáros sitt utgangspunkt

Mészáros sitt utgangspunkt, som vi og finn i ”Beyond Capital – Towards a Theory of Transition” og tidligare skrifter er at kapitalen er inne i ei djup strukturell krise som gjør at vi innan historisk relativt kort tid må oppheve han eller risikere at livsvilkåra våre på jorda blir øydelagt. Denne krisa tok så smått til på 1960-talet, skaut fart på 1970-talet og har sidan stadig skjerpa seg. Dette kjem av fleire ting. Det kjem av den indre utviklinga i systemet som no krev meir enorme devalueringar av kapital for mellombels å komme ut av si eiga krise. Det vi såg under depresjonen og seinare under 2. Verdskrigen vil bleikne mot den historiske tida vi nå rører oss inn i.

Dette skjer samstundes som kapitalen no er i ferd med å ta i bruk dei siste muligheitene for geografisk utviding og mykje av det som fins att av politisk skjerma område i forskjellige statar.

Og det kjem av at USA, som einaste leiande supermakt vil bruke alle middel for å halde på verdsherrevelde, sjølv når det økonomiske grunnlaget forsvinn ved at Kina blir den største økonomien i verda. Eit av desse midla er kjernefysiske våpen og det skal ikkje mykje bruk av slike våpen til før livsvilkåra på jorda er øydelagde.

I tillegg krev den vidare utviklinga av kapitalen at dei grensene som naturen set for framandgjort, kapitalistisk vekst, med det enorme sløseriet som ligg i det, no er i ferd med å bli passert. Då vil kapitalen og sannsynligvis passere dei naturgrensene som gjør det menneskelige livet på kloden mulig.

Dette gjør at kapitalen, med den ustoppelige akkumulasjonstrongen sin, øydelegg både naturgrunnlaget rundt seg og kan ende opp i ein tredje verdskrig der også atomvåpen kan bli brukt i stor målestokk. Begge desse hendingsrekkjene vil føre til at grunnlaget for menneskelig liv kan eller vil bli utradert. Og dette i tillegg til dei meir reint økonomiske og sosiale verknadene av krisene frametter, med aukande forskjellar, utstøyting av arbeidslivet, fattigdom, svelt, naud, sjukdom og så bortetter.

Desse faktorane gjør at tida er i ferd med å springe frå oss, for kapitalen fell ikkje av seg sjølv på ein måte som gjør at livet kan gå vidare. Opphevinga av kapitalen endrar seg frå å bli ei framtidsoppgåve til å bli brennande aktuell dagspolitikk. Mészáros framhever også kor viktig den ideologiske kampen mot borgarlige og for proletariske ideologiar er for å komme på offensiven med en progressiv politikk.

Derfor er det nett no sosialistane si oppgåve å fortelje folk korleis situasjonen er og mobilisere dei til kamp mot det ut frå folk sine eigne behov. Det vil kunne skape ein ny offensiv som kan føre til at kapitalen blir opphevd og vi kan begynne på den vanskelige vegen til Marx sine for å nå fram til Marx sitt mål, kommunisme.

Mészáros legg stor vekt på at det ikkje går an å reformere kapitalen over til eit anna system gjennom delreformar eller parlamentarisk sosialisme. Det må skje i ei svær revolusjonær rørsle som først sikrar arbeidarane statsmakta og som tar tiltak for å bygge han ned på ein slik måte at vi etter kvart kan utrydde alle restar av det tusen år gamle hierarkiske, byråkratiske og totalitære systemet som kapitalen på ein måte har samla opp i seg.

Mészáros er veldig klår på at vi må lære av historia. Han meiner at Sovjet og sovjetlike samfunn gjennomførte ein politisk revolusjon og at dei vart kvitt kapitalismen, men ikkje kapitalen. I desse samfunna oppsto nye hierarkiske og byråkratisk tilhøve som gjorde at ei ny leiing utvikla seg som ikkje jobba for å legge forholda til rette for at det arbeidande folket sjølv kunne ta meir og meir direkte makt over samfunnet på alle felt, men som samla makta hos seg sjølv. På dette grunnlaget oppretta dei eit system med fortsett meirverdiproduksjon, men slik at meirverdien vart driven ut politisk og ikkje gjennom marknaden slik som i ”normal” kapitalisme.

Dette er i tråd med det Egil Fossum skreiv i det innleiande kapitlet i boka ”Fra Stalins Sovjet – konflikter i sovjetisk innenrikspolitikk 1945-1952”, Oktober forlag 1984. Her skriv han at Stalin ”forordnet: politisk passivisering av massene” og ”privilegier og makt til ekspertene” utan å forstå heilt kva ”dødelig blanding” dette var for utviklinga i retning kommunisme (Side 11). Dette synet var det AKP slutta seg til i høve  Stalin-epoken.

Ut frå denne forståinga av den epoken vi lever i og dei feila som blei gjort i det 20. hundreåret  sitt forsøk på å oppheve kapitalen og skape sosialisme og kommunisme tar Mészáros, i den teksten eg omsett, så opp åtte viktige saker som han kallar orienterande prinsipp for å oppheve kapitalen og all framandgjøring heilt ned i grunnlaget sitt.

Målet for sosialistane

Men før han går laus på desse punkta, understrekar han at utgangspunktet for alt vi gjør må vere det endelige målet vi har. Og han imøtegår sosialdemokratiet sine ord om at ”målet er ikkje noe, rørsla er alt”. Dette slagordet har ført til at desse partia over alt har omdanna det reformistiske programmet sitt til det mest reaksjonære forsvaret for dei mest uhaldbare sidene ved den herskande orden.

Det trengs ei radikal negering/avvikling av det etablerte systemet for øydeleggande samfunnsmessig kontroll med utvekslinga mellom menneske og natur og menneske og menneske, dvs. det systemet som bygger på kapitalen. Men dette er ikkje nok. Vi må også komme opp med ei positiv oppheving av dette systemet. Vi må skape eit alternativ som frå begynninga er menneskelig forsvarlig og som fungerer, samstundes som det  verkelig kan haldast oppe på lang sikt. Dette indikerer ein prosess med mange samanfiltra trådar som er kompleks og som definerer kvart enkelt mål og middel i den sosialistiske omdanninga som ein integrert del av eit ope historisk tiltak og ikkje som noe ”utopisk lukka system” som må slå feil fordi det bare kan gjennomførast midlertidig med uhaldbare diktatoriske middel mot dei som skal gjennomføre det. Heile tida under denne prosessen må ein ha målet i sikte.

Og målet er, ifølge Mészáros, definert slik av Marx: ”I ein høgare fase av det kommunistiske samfunnet, etter at individa sin slavebunde underordning under arbeidsdelinga og dermed også motsetnaden mellom åndsarbeid og kroppsarbeid er forsvunne, etter at arbeidet ikkje bare er eit middel til livets opphald, men sjølv er blitt der fremste livsbehovet, etter at også produktivkreftene har vokse samstundes med individa sin allsidige utvikling og alle kjeldene til fellesskapen sin rikdom flyt meir rikelig – først då kan vi skride over den snevre horisonten til den borgarlige retten og samfunnet kan skrive på sine faner: Frå ein kvar etter evne og til ein kvar etter behov.” (Kritikk av Gothaprogrammet.)

Omsetting av kapitlet om dei 8 prinsippa:

Kapittel 9.  Sosialisme i det tjueførste hundreåret.

I det tjueførste hundreåret presenterer spørsmålet om sosialisme seg både som trongen til ei kritisk vurdering av fortida og som den uomgjengelige utfordringa å finne fram til dei grunnleggande krava som vi må bake inn i dei strategiane for radikal endring som vi ser for oss. Vi må gjøre dette under vilkår der det presserande i å gå mot dei pågåande, øydeleggande utviklingstrekka bare blir fornekta av dei verste av dei som unnskylder den eksisterande ordninga av det samfunnsmessige stoffskiftet.

(Ein merknad til omsettinga av det samfunnsmessige stoffskiftet: På engelsk: social metabolic order. Dette omgrepet er tatt frå kapitalen bind 1. Vi finn ei tyding av det i kapittel 1. 2., der det heiter: ”Som skaper av bruksverdier, som nyttig arbeid, er arbeidet derfor en eksistensbetingelse for menneskene uavhengig av alle samfunnsformer, en evig naturnødvendighet som formidler stoffskiftet mellom menneskene og naturen, og derfor også det menneskelige livet selv. [side 52-53 i Oktoberutgåva] Vi finn ei anna tyding i kapittel 3.3.a) Her heiter det: ”Når bytteprosessen overfører varer fra en eier som de ikke er bruksverdier for, til en annen eier, som de er bruksverdier for, innebærer dette et samfunnsmessig stoffskifte.” Og: ”Vi skal derfor betrakte hele bytteprosessen fra den formelle sida, altså bare formskiftet eller metamorfosen til varene, som formidler det samfunnsmessige stoffskiftet.” Eg tenker at omgrepet den samfunnsmessige ordninga for stoffskifte inneheld begge desse tydingane, at det altså gjeld både ordninga for menneska si stoffomsetting med naturen rundt seg og menneska si fordeling av det produserte stoffet {og, under kapitalismen, varene med det arbeidet som ligg i dei} seg i mellom. Merknad av T.V.).

I dette kapitlet kan vi bare kort skissere dei viktigaste måla og karakteristiske trekka til den naudsynte sosialistiske omdanninga som retningsgjevande prinsipp for å kunne arbeide ut strategiar som lar seg gjennomføre for framtida vår. Den rekkefølgja som vi presenterer dei særskilde punkta i her er ikkje meint å vere ei ordning av kor viktige dei er, slik at dei punkta som kjem seinare må vere ordna inn under dei som kjem tidligare. Det ligg i naturen til dei sakene det gjeld at det ville vere kunstig og forvridande å rangere dei slik. For dei karakteristiske trekka for ei ekte sosialistiske omdanning dannar ein tett samanfiltra einskap. Dei er alle, i ei tyding, arkimediske punkt som held oppe seg sjølv og dei andre gjennom gjensidige bestemmingar og overgripande innverknader. Med andre ord er dei alle like viktige i den tydinga at vi ikkje kan oversjå eller utelate noen av dei på lang sikt når det gjeld heile strategien, same kva den aktuelle relevansen deira er når reisa tar til.

Vi må  likevel presentere dei kvar for seg av to grunnar. For det første er det, av analytiske grunnar, til hjelp å  gruppere relative einsarta delar saman under same overskrift når dei komplekse sambanda til alt bare kunne ha blitt etablert ved å få i spel ein serie med meir fjerne og ganske motseiande formidlingar med den særeigne samanhengen dei sjølv har. For det andre kan vi ikkje anta  at tidsdimensjonen er den same når det gjeld å verkeliggjøre dei særeigne karakteristiske trekka og krava til ei verkelig varig sosialistisk omdanning. Naturlig nok kan vi gjennomføre noen av dei endringane vi rår til mykje tidligare enn andre. Men vi må erkjenne at sjølv dei vanskeligaste måla, som vi bare kan nå mykje lengre fram, heilt frå begynninga er livsviktige for at vi kan lukkast med å gjennomføre den radikale omdanninga fullt ut, elles vil heile tiltaket gå av sporet eller bli underminert. For utan å finne fram til det endelige målet for reisa, saman med den strategiske retninga og det naudsynte kompasset som er vi har tatt til oss for å nå det, kan det ikkje vere noe håp om å lukkast. Den øydeleggande historiske fiaskoen til sosialdemokratiet over heile verda, takk vere den falske kuren at ”målet er ikkje noe, rørsla er alt” – som spelte stor rolle då det tidligare reformistiske programmet blei omforma til det reaksjonære forsvaret for sjølv dei mest uuthaldelige sidene ved den herskande ordninga – gir oss ei kraftig åtvaring i så måte.

Sjølvsagt er den radikale negasjonen (den negative sida ved opphevinga) av det etablerte systemet for øydeleggande kontroll med  det samfunnsmessig stoffskiftet bare ei side av det som vi må gjøre. Vi kan bare lukkast med denne naudsynte negasjonen av kapitalsystemet viss den positive sida ved heile tiltaket utfyllar den. Det vil seie at vi stadig skapar ei alternativ samfunnsmessig reproduserande ordning som heilt frå starten er menneskelig passande og mulig å gjennomføre og, sjølv sett ut frå det lengste historiske perspektivet, er verkelig mulig å halde oppe. Denne måten å tilnærme seg saka på peikar mot ein prosess som uunngåelig er kompleks og samanfiltra og som definerer kvart einaste mål og kvart krav som spring fram av  den sosialistiske omdanninga som ein indre del av eit historisk tiltak som har ein open slutt, tvert imot skuldingane som blir retta mot sosialismen som eit ”utopisk lukka system”, og derfor bestemt til å mislukkast fordi vi bare kan presse det på røynda ved diktatoriske middel som ikkje kan vare. I røynda er det tvert imot slik at dei indre prosessbestemmingane av dei sosialistiske måla og krava tyder at dei særskilde måla som er i fokus til  kvar tid alltid samstundes viser til eit overgripande mønster, anten det no er uttalt eller ikkje, og at dei blir styrka og gjort djupare og rikare gjennom den stadige utfaldinga av dei bestemmingane som held dei saman og gjennom det på ein organisk måte med den heilskap som utviklar seg. Med desse merknadene kan vi karakterisere dei viktigaste måla og krava i høve ein sosialistisk omdanning slik det går fram av det som følgjer.

9.1.1 Ikkje til å vende attende: det naudsynte med ei varig, alternativ samfunnsordning, historisk sett.

Historia viser mange tilfelle både av edelt strev for å innføre viktige samfunnsmessige endringar for å overvinne noen store motseiingar og noen delvis vellukka forsøk på å gå i den retninga som først var tenkt. Men altfor ofte har suksessane før eller seinare blitt rulla tilbake av ei påfølgande atteroppretting av dei tilhøva av ufridom som pregar status quo. Den viktigaste årsaka til slike utviklingar var den lagnadstunge, urørte tilstanden av strukturell ulikeverd/forskjell i rang eller makt som blei oppretta att i ein eller annan form gjennom historia, til tross for ei viss endring av personar på toppen av samfunnet frå tid til annan.

(Merknad til omsetting av strukturell ulikeverd/forskjell i rang eller makt. Det engelske ordet er inequality som etter Oxford Shorter Dictionary tyder både 1a) mangel på likskap mellom personar; forskjell i storleik, tal, kvalitet osb., 1b) forskjell i rang eller omstende; sosial eller økonomisk forskjell, 1c) å vere overlegen eller underlegen i forhold til  noe, 2) mangel på likskap; ujamn, uregulær, veksling; noe som er eit eksempel på dette, 3) avvik i handsaminga av folk eller fordelinga av ting; urett. Den kortare omsettinga = ulikskap blir ikkje rett her, for Marx meiner jo at folk er forskjellige/ulike og at dei må handsamast ut frå dette – frå kvar og ein etter evne til kvar og ein etter behov. Både evnene og behova er forskjellige for kvart individ. Derfor er tyding nr 3) heilt upassande. Det er i røynda ein definisjon av det Marx i ”Kritikk av Gothaprogrammet kallar ”borgarlig rett”. Når folk har forskjellige behov må dei også stettast på ulike måtar og det fører til ulikskap i fordeling dersom det skal vere sosialt rettferdig i den grad dette omgrepet i det heile vil vere passande. Ulikeverd er på si side svært abstrakt. Derfor tenker eg at tyding 1b er den som passar best her. Men før eg er heilt klar med ei tydelig norsk omsetting må vi og sjå på et motsette omgrepet equality.

Etter Oxford Shorter Dictionary tyder equality både 1a) ein tilstand av likskap i kvantitet, storleik, verdi, intensitet osb., 1b) eit matematisk symbolsk uttrykk for det faktum at to kvantitetar er like store – ei likning, 2) ein tilstand der ein har lik rang, makt, dugleik osb. som andre, 3) rettferd, å vere upartisk, 4) likskap, å vere einsarta [no sjeldan brukt].  Her er det tyding 2) som må vere utgangspunkt for omsetting. Men likskap i dugleik må utelatast. Marx seier at det er forskjell i dugleik mellom menneska. Kvar og ein har individuelle evner som dei andre ikkje har. Derfor må tydinga ikkje innehelde likskap i dugleik.

Eg omsett derfor equality med likskap i rang og makt. Og inequality omsett eg med ulikskap i rang og makt. Men grunnleggande for at slik likskap kan oppstå er likskap når det gjeld eigedomsrett til produksjonsmidla saman med likskap i rett til å kontrollere desse midla, dvs. til å bestemme over heile stoffvekslingsprosessen mellom menneska og naturen rundt og menneska seg imellom. Dette ligg derfor inne i omgrepet likskap i rang og makt. Merknad frå T.V.)

(Ettersom ordet quality= kvalitet, som blir brukt mykje av Mészáros,  kjem opp her, vil eg også  gi den tydinga av det som eg brukar her og seinare i omsettinga. Eg tar utgangspunkt i  ISO si definisjon av kvalitet: ”Quality is the totality of characteristics of an entity that bear on its ability to satisfy stated and implied needs.”

Kvalitet er heilskapen av dei karakteristiske eigenskapar ved ei einig som har å gjøre med hennar evne til å tilfredsstille uttalte og uuttalte behov. Eg vil vel føye til verksemd og etter eining. Då får vi: Kvalitet= Dei karakteristiske eigenskapar ved ei eining eller ei verksemd som har å  gjøre med eininga eller verksemda si evne til å tilfredsstille uttalte og uutalte behov. Merknad frå T.V.)

 

For strukturell ulikskap i rang og makt virka som eit anker, festa med kortare eller lengre kjetting, som heile tida drog skipet attende til ein posisjon som ikkje kunne vere utgangspunkt for vidare framgong på reisa, same kor gode siktemål noen av mannskapet på skipet hadde i den historiske orkanen. Og, for å gjøre tinga verre, denne historisk bestemte forbanninga til dei folka som var dominert av den eksisterande ordninga som menneska kan endre, blei som regel sett på og ideologisk rasjonalisert som ein naturlagnad, sjølv når dei måtte innrømme at den framherskande ulikskapen i rang og makt langt frå var til gode for dei i det store og heile.

Den naudsynte følgja av denne typen rasjonalisering – og rettferdiggjøringa av det som vi ikkje kan rettferdiggjøre - var at den samfunnmessige urettvisa vart varig og halde oppe som ei påstått naturbestemming som vi ikkje kan endre (påstått å harmonere godt med den ”menneskelige naturen”). Men kva om det blir stilt spørsmål om oppfatninga av dette varige i seg sjølv gjennom provet på ei trugande historisk endring som kan klårt identifiserast? For så snart som vi må innrømme at vi ikkje kan måle menneska si historiske tid ut frå noe som av natur er varig, så fell heile tankerekkja om antihistorisk rettferdiggjøring saman, for ikkje å nemne det faktum at den varige tida til naturen sjølv på planeten vår blir katastrofalt undergrave av at perverse samfunnsøkonomiske krefter grip øydeleggande inn i han. Ved dette punktet blir det avgjørande å orientere oss sjølve innan muligheitene og grensene til den verkelige historiske tida, for å overvinne dei farlige samfunnsmessige antagonismane (fiendtlige motsetnadene) som peikar i retning av å gjøre slutt på den menneskelige historia. På dette tidspunktet, nett der vi står i dag, blir det ei uunngåelig historisk utmaning for oss å utarbeide dei remedia vi treng i form av ei alternativ samfunnsmessig ordning som kan vare, saman med passande sikringar for å gjøre det umulig å snu denne (nye) ordninga. Vi lever under skuggen både av den tydelig ukontrollerbare akkumulasjonen og utplasseringa av masseøydeleggingsvåpen som er ”verkelige” og ikkje kynisk og sjølvbedragande fiksjonar og i skuggen av kapitalen si øydeleggande innrykking i naturen. I denne situasjonen må vi lukkast i å møte denne utmaninga og ikkje risikere å falle tilbake til ei endå meir øydeleggande samfunnsordning fordi vi trur at vi har uendelig med tid til disposisjon før vi må gå til aksjon for å rette på ting.

9.1.2

Når vi tar som gitt den alvorlige strukturkrisa i kapitalsystemet, er dei brutale alternativa sosialisme eller barbari, om ikkje den fullstendige utslettinga av menneskeslekta. Dette tungtvegande historiske faktum krev at vi finn fram til eit sett med samanhengande strategiar som ikkje kan snuast ved første passane høve, i kontrast til tidligare forsøk som har misslukkast fordi vi har godtatt ei ”linje for minste motstands veg” med den påfølgande forsvarshaldninga for denne linja i den sosialistiske rørsla. Samstundes må målet for ei berekraftig sosialistisk omdanning bli bestemt omformulert frå ”å kaste kapitalismen” – som vi bare kan klare på strengt midlertidig vis – til den fullstendige utryddinga av kapitalen frå den menneskelige stoffvekslingsprosessen. Viss ikkje det skjer vil dei gamle strukturane frå det nedarva systemet sikkert og visst bli oppattliva, slik vi såg i samfunna av Sovjet-typen på 1900-talet. Og ei slik oppattliving bring med seg potensielt øydeleggande følgjer ikkje bare for dei samfunna som det gjeld direkte, men og for heile menneskeslekta. Det er sannelig slik at det bring med seg slike følgjer for heile menneskeslekta fordi dei sosialistiske kreftene blir halde tilbake av den ideologiske laminga som kjem av at vi tar inn over oss den relative suksessen til den kapitalistiske tilbakekomsten av kapitalismen ut over alle proporsjonar, mens vi overser dei mye meir grunnleggande vilkåra for at strukturkrisa i kapitalsystemet som heilskap blir stadig djupare.

Marx åtvara oss mot kapitalen si evne til å komme tilbake att sterkare enn før når han hadde lide midlertidig nederlag og sa også noe om den naudsynte orienteringa til den proletariske revolusjonen i begynninga av ”Louis Bonapartes 18. Brumaire”:

”Proletariske revolusjonar derimot, som dei i det nittande hundreåret, kritiserer alltid seg sjølv, bryt av sin eigen gong, kjem att til det som tilsynelatande er fullført for å ta fatt på det att, håner rått og grundig det halvveges, veikskapane, det ynkelige i dei første forsøka sine, ser ut til bare så slå ned motstandaren sin for at han skal suge nye krefter frå jorda og reise seg mot dei att endå meir ovstor, dei blir stadig på nytt gripe av skrekk for den ubestemte kolossale velden til sine eigne mål, inntil situasjonen er skapt då det ikkje er noen veg tilbake og tilhøva sjølv roper: Hic Rhodos, hic salta!” (Her er Rhodos, hopp her!)[iv]

Naturligvis kunne ikkje Marx sjå for seg, då han skreiv desse linjene i 1851, at den uunngåelig naudsynte kommandoen ”Her er Rhodos, hopp  her!” ville oppstå under vilkår med alvorlig samfunnsmessig og historisk naudtvang, når trusselen om menneskeslekta si potensielle sjølvøydelegging var klårt synlig på horisonten. Ikkje desto mindre klarte han å legge merke til dei to viktigaste faktorane som vi må ha for oss når vi vurderer det levedyktige perspektivet for ei sosialistisk omdanning som ikkje er til å snu. For det første, at vi må erkjenne kapitalen si grunnleggande mest trugande evne til å ”trekke ny styrke frå jorda og reise seg att”, slik som Anteus gjorde i den greske mytologien, slik at vi kan utarbeide passande strategiske tiltak for å overvinne makta til ein stadig meir øydeleggande historisk motstandar på varig vis. Spesielt når dei dominerande kapitalistiske statane set i gang krigar som fører til folkemord for å prove at systemet deira er produktivt levedyktig.

Og for det andre, erkjenninga om at det i løpet av den historiske utviklinga kjem ei tid då det ikkje lenger går å følgje ”minste motstands veg”, og det blir uunngåelig å prøve eit hopp. Den historiske naudsituasjonen i vår tid modifiserer Marx sin andre faktor bare på den måten at det å følgje ”minste motstands veg” i dag ikkje bare er uhaldbart, men at det kan det vere sjølvmord – og det må vi sørgje for å få fremst i det samfunnsmessige medvitet.

9.2. Deltaking: Den stadig større overføringa av avgjerdsmakt  til dei sameina produsentane

9.2.1

Det er utenkelig å gjøre det umulig å snu den alternative samfunnsmessige ordninga utan at dei sameinte produsentane deltar fullt ut i avgjerdsprosessen på alle nivå av politisk, kulturell og økonomisk kontroll. For det er den einaste måten som dei store folkemassane kan bruke for å tileigne seg ei varig makt i samfunnet sitt og ved det identifisere seg sjølv med måla og tilpassingane som må til for å reprodusere vilkåra for deira samfunnsmessige eksistens, slik at dei er bestemt ikkje bare på å forsvare dei mot forsøk på å gjenopprette kapitalismen, men også på stadig å utvide dei positive muligheitene sine.

Fram til i dag er det ikkje mange idear som har blitt brukt med større effektivitet for å skape ideologisk villfaring, enn den lova ”deltakinga” i avgjerdsprosessen. Sjølv noen store kapitalistiske føretak hevdar å ha opna dørene på vidt gap for arbeidarane deira si ”demokratisk deltaking” i forretningane, så held dei, i ånda til ”god forretningspraksis”, i røynda arbeidarane like langt vekke frå alle dei verkelig viktige sakene som noen gong – akkurat som dei ”sjølvstendige” aksjeeigarane som ikkje stemmer på generalforsamlingane.

Sosialdemokratisk ønsketenking nærma seg saka på same vis. Sosialdemokratane lukkast ofte vel i strevet for å avvæpne bølgjene av uro i den venstresyndikalistiske grasrota ved hjelp av yttarst meiningslause ”ettergifter” som dei sa at dei oppnådde frå leiarar i visse industriar, mens dei så kunne binde hendene til arbeidarane på golvet  mykje fastare og som regel bak ryggane deira.  Ei bittert ironisk tilbakevising av denne praksisen gjennom den folkelig visdomen blei uttrykt til tider i politiske debattar gjennom å avslutte bøyinga av ”we participate” (vi deltek) på engelsk på den måten at dei ikkje sa ”we participate, (vi deltek) you participate (dei deltek), they participate” (dei deltek) men ”they profit” (dei profiterer), eller i ein annan versjon: ”we participate, you participate, - they decide (dei avgjer)”.

Det var i røynda også det tildekkande og villeiande innhaldet i denne mykje føretrekte reformistiske strategien. For til tross for alt dei gjorde for å motbevise det, så kunne det over hovudet ikkje vere noe spørsmål om å gå i ei retning som litt etter litt omforma dei sameina produsentane til maktutøvarar. Sjølv ikkje med det aller minste av dei ”små skritta”. Den omdannande retninga som ein skulle gå i, som leidde til kvalitativ endring,  måtte fortsette å vere absolutt tabu. Denne saka blei kynisk og feilaktig framstilt som om det var spørsmål om lengda på dei særskilde stega som skulle takast: ”gradvis” eller ”delvis”, opp mot det strategisk omfattande. Men den idealiserte metoden med små steg var svært langt frå å vere utan sin eigen strategiske retning. Denne godt skjulte ideologiske retninga, å ikkje leie ut av labyrinten av skjerpa motsetnader, var omsorgsfullt lukka inne i den etablerte ordninga sin vonde sirkel. Og nett den forståelige, unnskyldande måten å gå rundt i sirklar som er bestemt på førehand var – og er – hovudfunksjonen  til denne retninga.

Utan ein altomfattande strategi for gradvis å overføre avgjerdsmakta til dei sameinte produsentane (det vil seie overføre ho på alle trinn, medrekna det høgaste av dei), har omgrepet deltaking inga fornuft som vi kan råde til å følgje. Dette tyder at dei falske todelingane som set ”liten” opp mot ”storskala”, eller ”lokal” opp mot ”global, ikkje har noen plass i ein sosialistisk strategi som kan lukkast, same kva gode siktemål ein har for å halde seg på den breie vegen til kapitalsystemet sitt helvete. Makta som skal overførast til dei sameinte produsentane kan ikkje vere avgrensa til det lokale trinnet, sjølv ikkje når den bitre pillen av fortsett maktesløyse blir sukra med slagord som ”lite er vakkert” og ”tenke globalt, handle lokalt.”

Det er ein lamande illusjon i den borgarlige legaliteten at avgjerdsmakt kan bli passande delt og utdelt på ein heilskapelig  god måte mellom hegemoniske alternativ. Men sanninga er at ikkje noen bestemmingsmakt blir delt mellom dei konkurrerande samfunnsklassane under kapitalen si samfunnsordning, til tross for ideologien om ”maktdeling” under den ”demokratiske grunnlova” som dei seier fins. For all avgjørande makt – i motsetnad til uviktig makt – eig kapitalen sjølv. Kapitalen er, av natur, ei altomfattande utanomparlamentarisk makt som også må herske over parlamentet, og som overlet eit svært lite, godt innringa rom for handling til den parlamentariske opposisjonen. Vi kan ikkje understreke nok at det er naudsynt å utfordre kapitalen som den allmenne kontrolløren  av det samfunnsmessige stoffskiftet.

Det faktum at dei altomfattande endringane når det gjeld den overføringa av effektiv makt som vi ser for oss i løpet av den radikale omdanninga, ikkje kan skje med eit slag, men må følgjast opp stadig betre, og heile tida, tyder ikkje at vi bør eller kan gi opp ideen om at dei sameinte produsentane til slutt sikrar seg kontroll med heile den samfunnsmessige stoffvekslingsprosessen på alle trinn. Elles ville vi vere tilbake til dei kritiserte illusjonane frå fortida – formelt demokratisk, men reelt autoritært, sjølv om det var med ein ny versjon av arbeidsdelinga frå den tida, som ikkje kan fungere i lengda. Dei første avgrensingane når det gjeld makta til dei sameinte produsentane, som kjem av hindringane frå dei nedarva strukturelle bestemmingane i begynninga, kan tillatast bare innan ein avgrensa historisk overgangsperiode. Og sjølv då kan dei bare tillatast viss retninga på reisa, slik det er understreka over, utan å vere tvitydig, peiker på full overføring av makt ved første berekraftige historiske muligheit. Det framvoksande stoffskiftet som vidarefører livet i den alternative samfunnsmessige ordninga kan ikkje lukkast på noen annan måte med strevet for hegemoni som kan vare.

Den avgjørande saka, når det gjeld dette, dreier seg om den måten som delane i den nye samfunnsmessige ordninga som veks fram for å vidareføre livet – måten som ordninga sine smådelar av verda (microcosms) – blir samordna til ei kvalitativt forskjellig stor verd (macrocosm). Den ordninga for å vidareføre livet som no er oppretta er karakterisert av dei ulækjelige fiendtlige strukturane i dei forskjellige delane av den vesle verda, og dei må derfor underordnast under ein strengt hierarkisk metode for altomfattande bestemming for å gjøre mulig kapitalen sin einaste tenkelige form for omfattande koordinering. Dette er grunnen til at den etablerte ordninga for å vidareføre livet er autoritær inn til kjernen, under alle omstende. Dette er slik sjølv om ein slags ”formaldemokratisk ordning under ei grunnlov” kan utfylle dei materielle utbytande strukturane på politisk nivå for å sikre stabiliteten i systemet på ein betre måte når historiske vilkår tillet det, og i store kriseperiodar blir denne ordninga bare omsynslaust kasta til sides. Den alternative samfunnsmessige ordninga for å vidareføre livet er, i kontrast til dette, utenkelig utan at ein overvinn dei autoritære og innarste motstridande bestemmingane i dei delane av den vesle verda som er arva frå kapitalen. Dette blir bare mulig ved å opprette ein kvalitativt ny måte for stoffskifte for å vidareføre livet, grunnlagd på dei heilt ut delte livsinteressene til medlemmene av dei omstrukturerte ikkje-fiendtlige delane av den samfunnsmessige vesle verda. Bare på denne måten kan dei bli skikkelig koordinert i ein korresponderande form for ikkje-fiendtlig stor verd.

Det er på grunn av dette at deltaking er meiningsfylt bare viss avgjerdsmakta verkelig blir overført til dei sameinte produsentane på alle nivå og på alle område. Å utøve kontroll bare lokalt – gjerne pynta på av den trøstande påskjønninga av at ”smått er vakkert” og slikt – er ein indre motseiing viss dei lokale vedtaka kan godtakast eller forkastast på eit strukturelt fastlåst og dermed fiendtlig, høgare nivå. I alle tilfelle er dei då ikkje bestemmingar i det heile, bare noen slags tillatne (eller ikkje) råd, sidan dei verkelige bestemmingane bare kan takast av ein ”høgare autoritet”. Dei små delane av verda som vi kan sjå for oss kan ikkje vere sant demokratisk – og ikkje-fiendtlig sosialistisk – viss motsetnader kan komme inn på scena gjennom ”bakdøra” til ein varig etablert høgare autoritet. Og omvendt - den store verda i ei slik samfunnsordning kan ikkje vere ikkje-fiendtlig sosialistisk viss eit strukturelt høgare nivå held på retten til å bestemme og forkaste.

9.2.2

Det som står på spel her er det livsviktige forholdet av ei genuin ikkje-hierarkisk koordinering, i motsetnad til alle kjente og tenkelige former av strukturelt påtvinga dominering og underkasting.

Eit av dei mest brukte knepa til motstandarane av sosialismen er å erklære at det er umulig å ta verkelige avgjerder – i motsetnad til å delta i formaliserte hendingar, som parlamentariske val eller folkeavstemmingar – når talet på folk som er med er svært stort og sakene forskjelligarta. Dette fordomsfulle, diskvalifiserande knepet fungerer på same vis som den tidligare nemnde forkastinga av at det er mulig med omfattande kvalitativ endring, som seier at  dette ikkje er tillate i motsetnad til den einaste tillatne framgangsmåten med ”delreformer”. I begge tilfelle blir kvantitetsfetisjismen kalla på for å gjøre sannsynlig at den eksisterande ordninga vil vare evig. I det første tilfellet blir retninga på reisa mot frigjøring smugla ut av biletet for et dei skal kunne bli i stand til å snu den verkelige saka om til ein mekanisk karikatur av konkurrerande kvantitetar som dei, ved definisjon og ikkje noe anna, kallar sigrar for dei idealiserte ”små stega”. I det andre tilfellet bruker våre ”kompleksitetsseljarar” på same viset kvantitetsfetisjismen for å erklære at verkelig avgjersle ikkje kan finne stad ”når samfunnet kjem over ein viss storleik” – fordi samfunnet då har for mange medlemer, sjølv om det aldri er definert kor stort eller lite samfunnet må vere for at vi  når ei slik grense. Og dei antar at dette fullstendig øydelegg tanken om medverknad i alle meiningsfylte tydingar av omgrepet. Denne måten å tenke på er feil, ikkje bare fordi han heilt frå starten går ut frå dei konklusjonane som han skal prove, men fordi han avbøyer merksemda frå det verkelige problemet, nemlig å finne dei naudsynte vilkåra for å koordinere småsamfunna si deltakande avgjerdsmakt til eit samanhengande og historisk haldbart storsamfunn. Dette er ikkje spørsmål om storleik. Sjølv dei minste samfunna er for store for å kunne haldast oppe når dei har to grupper som ikkje på noen måte kan komme til semje. Det er  heller slik at den einaste tenkelige løysinga på dette problemet er å oppheve dei fiendtlige og konfliktfylte indre bestemmingane i dei særeigne småsamfunna for å kombinere dei til eit samfunnsmessig heile som utviklar seg positivt.

Slik er opprettinga av ei genuin ikkje-hierarkisk, og følgjelig ikkje-fiendtlig, samordning den utfordringa vi står framfor i forsøka våre på å sikre framtida. For det er den einaste måten som kan føre til at effektiv deltaking på alle nivå av avgjerdsmakt verkelig kan vinne fram i løpet av den sosialistiske utviklinga: gjennom den altomfattande eigenaktiviteten frå dei sameinte produsentane som det verkelige maktsubjektet (den verkelige maktutøvaren).

9.3 Verkelig likskap i rang eller makt: Det absolutt vilkåret for at noe kan varig haldast oppe

9.3.1

Verkelig likskap i rang eller makt er heilt klårt det som naudsynt følgjer med det førre punktet. For det ville være heilt absurd å utelate tanken på spørsmålet om verkelig – og ikkje bare formell – likskap i rang eller makt når vi skal måle kor vellukka eller mislukka strategien vår er for genuin deltaking som eit naudsynt vilkår for å skape ei alternativ samfunnsmessig ordning. I ei verd som vår, der ein tredjedel av heile folkesetnaden må overleve på like over, eller godt under, ein dollar per dag, mens leiarane for industri og foretak uforskamma premierer seg sjølv med inntekter på hundre millionar dollar per år, er det rett og slett eit moralsk overgrep å snakke om demokrati og fridom og å fortsette å påtvinge den utbytande praksisen til den herskande ordninga med alle middel som systemet rår over, medrekna dei mest valdelige militære midla brukt i krigar som fører til folkemord viss det må til.

Det er utenkelig å fjerne dei indre fiendtlige  bestemmingane i våre eksisterande små samfunn utan å møte det gamle problemet som verkelig ulikskap i rang og makt er. Kapitalen si samfunnsmessige ordning er strukturert på ei måte som er djupt skadelig og vi kan ikkje tenke oss at han kan fungere på noe anna vis. For kapitalen må alltid halde for seg sjølv heile den avgjørande avgjerdsmakta. Det startar frå dei minste byggande cellene til dei høgaste nivåa for overgripande samfunnsmessig kontroll. Dette er ikkje bare sant for dei såkalla underutvikla landa – det vil seie dei delane av kapitalen som er totalt integrert i og strukturelt underordna under kapitalen si globale hakkeordning – men og i dei mest privilegerte landa som no dominerer systemet for samfunnsmessig stoffskifte for å føre vidare livet.

Det som gjør den historiske oppgåva med å endre dei strukturelle ulikskapane i kapitalsystemet ekstra vanskelig er det faktum at denne samfunnsordninga er uskiljelig frå ein svært lang etablert kultur med verkelig strukturell ulikeverd/forskjell i rang eller makt som sjølv dei største og mest framtidsretta borgarlige personane var djupt delaktige i.[v] Naturligvis er det ikkje noe overraskande i det. For sjølv dei borgarlige personane som såg lengst og var mest opplyst – medrekna slike intellektuelle gigantar som Adam Smith, Goethe og Hegel - såg verda og problema i ho frå kapitalen sitt standpunkt. Dei formulerte både diagnosane sine om kva som måtte ordnast på, og løysingane på dei utfordringane og motseiingane som dei såg, godt innanfor dei strukturelt avgrensa målestokkane og føresetnadene til kapitalens horisont. Det var utenkelig at ei oppfatning av verkelig likskap i rang eller makt, som omfatta medlemmene av all sosiale klassar, kunne komme med i deira overlegningar.

I den store stormen frå den franske revolusjonen i 1789 kom den grunnleggande utfordringa med å opprette ei samfunnsordning bygd på ”fridom, likeverd og brorskap” opp, og dei viktigaste karaktertrekka til denne blei uttalt på den politiske ideologiens nivå. Men oppfatninga av opplysning kunne ikkje bli strekt så langt som til å tåle ”fridom” til dei som prøvde å kjempe for verkelig likskap i rang og makt. Det er derfor ikkje overraskande at Francois Babeuf, då han kritiserte den retninga som revolusjonen tok, og prøvde å organisere sitt ”samfunn av likeverdige”, utan vidare måtte bli trekt opp på rettarstaden og giljotinert i 1797 for dette utilgivelige brottet.

Derfor er det lett å forstå at to av dei tre store slagorda frå den franske revolusjonen – ”likskap og brorskap” – stille har forsvunne frå horisonten i løpet av kapitalsystemet si vidare historiske utvikling. Og sjølv ”fridom” måtte bli omdanna til den tomme retorikken sitt favorittomgrep, slik at det etter kvart ikkje bare kan sameinast med, men til og med bli eit påskott for legitimeringa av dei mest brutale overgrepa mot sitt verkelige innhald.

Den alternative samfunnsmessige ordninga er ikkje berekraftig på lang sikt utan den fulle verkeliggjøringa av likskap i stand og makt, i staden for dei eksisterande samfunnsmessige forholda der slik likskap i beste fall bare eksisterer som eit formelt og legalt krav og ikkje er noe meir enn eit høgtidelig krav proklamert som eit ritual. For i røynda er sjølv den høgtidelig proklamerte ”likskap for lova” som regel vriden til fordel for dei som har råd til lettvint å betale for å gjøre dei høgtflygande formelle reglane til ein grov spøk. I si tid stussa ikkje Rousseau på å stille noen passande spørsmål med omsyn til dette, sjølv om han ikkje kunne tilby  haldbare løysningar på dei motseiingane han identifiserte. Slik formulerte han kritikken sin:

”Er ikkje alle fordelane i samfunnet til for dei rike og mektige? Er ikkje alle dei innbringande stillingane i deira hender? Er ikkje alle privilegia og unnataka reservert for dei aleine? … Kor forskjellig er ikkje omstenda for den fattige! Jo meir menneska skulder han, dess meir nektar samfunnet han. … Vi kan summere vilkåra i den samfunnsmessige avtalen mellom desse to stendene opp i noen ord: ’Du treng meg fordi eg er rik og du er fattig. Vi vil derfor inngå ein avtale. Eg vil tillate deg den æra å tene meg på det vilkåret at du gir til meg det vesle du har att som motyting for det strevet det er for meg å kommandere deg.”[vi]

Det blei heilt ute av takt med kapitalen sitt standpunkt å stille plagsame spørsmål om samfunnsmessig ulikskap i rang og makt då den historiske oppgangstida for den borgarlige ordninga tok slutt. Det dominerande ordskiftet om likskap i rang og makt måtte innskrenkast til bare å ta opp noen avgrensa sider ved dei strengt formelle krava til likskap og sjølv det skjedde bare fordi det var relevant i høve til dei kontraktane som skulle påtvingast på kapitalistisk vis. Men hovudfunksjonen til ordskiftet om likskap – i sin stort sett formaliserte tyding – var samfunnsmessig apologetikk (orsaking) og mystifikasjon (villeiing).

Ikkje noe viser dette betre enn det kyniske ordskiftet som fins over alt og som tener til å gjøre det upassande å ta opp ”likskap i utkomme”. Å opne for eit press i retning ei meiningsfull endring i ”utkomme” ville medføre ein upassande innblanding i dei etablerte maktforholda ved at det ville forbetre utvegane for dei samfunnsmessige individa til effektivt å gripe inn i den verkelige avgjerdsprosessen i samfunnet. Dette er grunnen til at sjølve ideen om å råde til ”likskap i utkomme” må kategorisk utelukkast til fordel for den totalt tomme formuleringa som lover det uoppnåelige vilkåret ”likskap i muligheit”. Eit vilkår som er totalt uoppnåelig fordi sjølve måten saka er definert på, den proklamerte ”likskap i muligheit” ikkje er noe meir enn eit tomt formelt skal. Formuleringa sjølv har som eit heilt klårt premiss den harde og kyniske tilbakevisninga av ”likskap i utkomme”. Og sjølvsagt kan ikkje noen ”muligheit” ha den minste meining viss det ”utkomme” som vi håpar på er utelukka frå byrjinga gjennom sjølve definisjonen av omgrepet muligheit.

9.3.2

Den fullstendige verkeliggjøringa av verkelig likskap i rang og makt er sjølvsagt ei umåtelig vanskelig historisk oppgåve. Ja, eigentlig er det kanskje den aller vanskeligaste oppgåva fordi det inneber omdanninga av heile den samfunnsmessige ordninga. For å skape eit sant upartisk samfunn (eit samfunn med likskap i rang og makt) krevjast det at vi drar opp med rota dei utbytande strukturelle hierarkia som har eksistert i tusenvis av år, og ikkje bare den kapitalistiske varianten deira.

Vi veit alle at strukturelt fastsette ulikskapar var rettferdiggjort i fleire hundreår av menneskehistoria på grunnlag av at dei elementære vilkåra for utvida stoffskifte for å fortsette livet best kunne sikrast gjennom kommandostrukturen i klassesamfunna, og at dette hadde ein viss legitimitet. Det var slik fordi dei var i stand til å sette til side fruktene av meirarbeidet og akkumulere det i ganske stor grad slik at det kunne brukast til potensielt produktive framgongar i staden for at alt blei forbrukt med ein gong frå ”hand til munn”, og det til tross for at det skjedde på svært skadelige måtar. Med dei umåtelige produktive kreftene og muligheitene i vår tid er det sjølvsagt ikkje noko hald i ei slik rettferdiggjøring. Under vilkår med utvida samfunnsmessig reproduksjon vil naturligvis den slags historisk produsert omdanning av samfunnet som menneska har fått til, og som utan samanlikning er til det betre, i prinsippet tyde på at det er mulig å opprette ein kvalitativt annan måte for samfunnsmessig kontroll med menneska si stoffveksling, på grunnlag av verkelig likskap i stand og makt for alle.

Men historia sluttar ikkje der. Det faktum at ei stor historisk muligheit er opna i vår tid tyder ikkje at ho vil bli til røynd i den nære framtida og sjølv ikkje i den fjerne. Spesielt sidan kvart produktive potensial samstundes er eit trugande øydeleggingspotensial under dei vilkåra som kapitalen sin samfunnsmessige kontroll med stoffvekslinga har skapt på det noverande utviklingstrinnet. I vår tid blir det sistnemnde potensialet til røynd med aukande frekvens og i stadig større skala, slik at det set på spel ikkje bare livet til menneska, men også til alle levande vesen på kloden. Dette er den nøkterne tydinga av den mykje fallbydde kapitalistiske globaliseringa i vår tid.

Ein slik vanskelig historisk situasjon som tidligare var utenkelig, innbyr til ei radikal omdefinering av mange av problema våre, inkludert spørsmålet om verkelig likskap i rang og makt. For danninga av ei fungerande sosialistisk ordning for vidareføring av livet krev meir enn at vi bare kvittar oss med kapitalen sin stadig meir øydeleggande måte for kontroll med stoffvekslinga.  Ei slik sosialistisk ordning kan ikkje haldast oppe på lengre sikt utan at vi samstundes kan framstille ho som eit positivt alternativ til dei omstenda som no er framherskande. Ut frå dette er verkelig likskap i rang og makt eit naudsynt trekk i ein positiv definisjon av den alternative samfunnsmessige ordninga for å vidareføre livet. For det er umulig å fjerne den indre fiendtlige og konfliktfylte bestemminga i dei byggesteinane som dannar grunnlag for vår eksisterande store verd, utan å omstrukturere dei på grunnlag av verkelig likskap i stand og makt.

Eit samfunn der det er eit strukturelt fastlagt hierarki, som altså er det grunnleggande definerande trekket i kapitalsystemet, må ved sjølve naturen sin alltid fortsette å vere fiendtlig og konfliktfylt både i de små delane av verda og i den heilskapen som er fiendtlig sett saman. Ettersom den strukturelle krisen i kapitalsystemet blir djupare må dei fiendtlige indre bestemmingane bare bli skjerpa, til dei til slutt eksploderer. Dette er grunnen til at vi i dag opplever ei vending mot innføring av stadig meir autoritære statlige lover sjølv i dei mest utvikla kapitalistiske statane,[vii] og deira meir aktive engasjement i øydeleggande krigar som tydelig gjør til skamme den løgnaktige forstillinga om ”demokrati og fridom”.

Men det er nok slik at dei klart autoritære tendensane når det gjeld forsøka på å kontrollere dei eksplosive motseiingane som hopar seg opp, ved å bruke stadig voldsommare middel, vil ikkje bare bli umulig å administrere, men dei vil og virke tvert imot det som er målet med dei. Sluttmålet for ei slik utvikling er øydelegginga av menneskeslekta.

Det einaste alternativet som held på lengre sikt er eit samfunn der dei sameinte produsentane utan atterhald kan identifisere seg sjølv med måla og dei menneskelig fordelaktige krava til arbeidet med å reprodusere vilkåra for sin eigen eksistens. Og det kan vi bare tenke oss på grunnlag av verkelig likskap i rang og makt.

Det er med andre ord slik at løysinga på dei eksplosive antagonismane, som ikkje kan bli undertrykt i de uendelige, bare er oppnåelig i eit samfunn der arbeidet på den eine sida er universalisert[viii] og der det medvite trekk inn kvart einaste individ og på den andre sida at dei potensielt svært sjenerøse fruktene av individa si positive tilslutning til produksjonsmåla sine, blir delt ut til alle ut frå likskap i rang og makt. Det er ikkje noen som helst grunn til at produsentane vil oppføre seg forskjellig frå den ”treige arbeidskrafta” (som er velkjent i dei samanfalne samfunna av sovjettypen) viss ein ikkje følgjer desse to uskiljelige dimensjonane av verkelig likskap i rang og makt.

Dette er grunnen til at verkeliggjøringa av verkelig likskap i rang og makt er eit absolutt vilkår for å skape ei historisk varig alternativ samfunnsordning, uansett kor lang tid det kan ta. Og nett fordi det er eit absolutt vilkår for å lukkast i å få på plass og halde oppe ei ikkje-fiendtlig ordning for å reprodusere livet, så må målet med å verkeliggjøre det være ein innbakt del av heilskapsstrategien for samfunnsmessig endring heilt frå starten. Viss vi ikkje medvite tar det til oss som eit naudsynt endringsmål, eit mål som samstundes har i seg både kompasset for reisa og eit handfast mål på kor langt vi har komme mot å nå det valde målet for reisa, så vil alt snakk om å bygge sosialisme fortsette å vere ein uoppnåelig politisk draum.

Å snakke om det naudsynte sambandet  mellom sosialisme og demokrati er på sida av dette livsviktige problemet. For å råde til ”demokrati” i denne tydinga er anten ein formal reduksjon av demokratiomgrepet slik vi ser det i ein handfull av ”framskridne kapitalistiske” land i fortida (slik at det ikkje har i seg meir enn noen minimale krav under sosialistiske vilkår), eller så er det ein forvirrande unnaviking ved at  ein prøver å avgrense alt, i leitinga etter løysningar, til den politiske sfæren og derfor naudsynt går rundt i sirklar. På denne måten blir oppfordringa om å bygge sosialismen til ein tilstand som ikkje kan verkeliggjørast og ein uoppnåelig draum sidan det hevda ”demokratiet” ikkje har noe samfunnsmessig innhald som kan identifiserast. For politikk, slik det er utvikla i og arva frå den kapitalistiske fortida, er i røynda ei av dei viktigaste hindringane for frigjøringa av menneska.

Det er grunnen til at Marx var så direkte i sitt kompromisslause råd om at staten skulle visne vekk saman meg alle sine vedheng. Bare eit usvekka, ubøyelig skyv for å realisere eit samfunn med verkelig likskap i stand og makt kan gi det samfunnsmessig innhaldet som trengst i omgrepet sosialistisk demokrati. Dette er eit omgrep som vi ikkje kan definere i politiske termar aleine fordi det må gå bortanfor politikken sjølv, slik vi har arva han frå fortida.

Slik er verkelig likskap i rang og makt det grunnleggande rettleiingsprinsippet i politikken  for overgang til ei ny samfunnsmessig ordning. Anten ein innrømmer dette ope eller ikkje er det viktigaste i overgangspolitikken å sette seg sjølv ut av funksjon ved stadig meir å overføre avgjerdsmakt til dei sameinte produsentane og på den måten gjøre dei i stand til å bli fritt samanslutta produsentar. Men politikk kan ikkje gjøre det utan å finne eit passande prinsipp å orientere seg etter bortanfor seg sjølv, i den alternative samfunnsmessige ordninga av verkelig likskap i rang og makt som utfaldar seg der. Denne tilknytinga til den livsviktige historiske oppgåva å skape verkelig likskap i rang og makt er den einaste måten som sosialistisk politikk kan bruke for å oppfylle mandatet sitt med å omdefinere og omstrukturere seg sjølv i teneste for den store frigjørande omdanninga.

9.4 Planlegging: Det er nødvendig å overvinne kapitalen sitt misbruk av tid

9.4.1

Sosialismen, som er namnet på den naudsynte alternative måten for å reprodusere eksistensvilkåra på denne planeten med sine grenser, under dei noverande historiske omstenda, er utenkelig dersom vi ikkje tilegnar oss ein fornuftig og påskjønnande form for samfunnsmessig kontroll med  menneska sitt stoffskifte i staden for kapitalen sin fiendtlige og stadig meir øydeleggande måte for kontroll med det globale hushaldet.

Planlegging, i si fulle meining, er eit avgjørande trekk ved den sosialistiske måten for samfunnsmessig kontroll med stoffskiftet. For den måten for kontroll som vi bruker må vere levedyktig, ikkje bare når det gjeld den omgåande verknaden som produksjonsverksemda har på individuell og samfunnsmessig reproduksjon, men også når det gjeld dei varige verknadane, så langt inn i framtida som vi kan og må tenke oss for å opprette og halde i live dei passande sikringstiltaka.

Slik sett møter vi ein slåande motsetnad i kapitalen sitt samfunnsmessige stoffskifte. For på den eine sida er det slik at ingen tidligare samfunnsmessig reproduksjonsmåte nokon gong har hatt noe som har den fjernaste likskap med denne sin innverknad på dei vitale eksistensvilkåra, inkludert naturstoffet til menneskelivet sjølv, ikkje bare i augneblinken, men også på lang sikt. Og samstundes manglar heilt den langsiktige historiske dimensjonen frå visjonen til kapitalens måte for å kontrollere det samfunnsmessig stoffskiftet, noe som fører til eit irrasjonelt og heilt uansvarlig hushald. Kravet til rasjonalitet på det minste detaljnivået samsvarer ikkje bare med kapitalen sett ut frå augneblinken sin tidsskala, men er også påkravd av han som det elementære vilkåret for å halde han oppe, for å finne dei passande ramane for at han kan operere i den kapitalistiske marknaden. Men vansken er at den vitalt viktige dimensjonen, overgripande rasjonalitet, med naudsyn er fråverande for denne måten av kontroll med den samfunnsmessige reproduksjonen. Den aukande innsatsen til den kapitalistiske staten som ein skeiv korreksjon er ei svært dårlig erstatning for dette og etter kvart kan han heller ikkje oppretthaldast.

Denne ulækjelige strukturmangelen i systemet utesluttar det mulige historiske medvitet nett på den tida då trongen etter det er størst: i vår historiske periode med globalisering. Den langsiktige verknaden til utviklinga av systemet, som ikkje er sett på førehand, og som i prinsippet ikkje kan føresjåast av kapitalen sine personlige representantar, har no invadert heile planeten. Følgjelig blir det eit svært farlig sjølvbedrag  å karakterisere den kapitalistiske ordninga i dag på en positiv måte som ”produktiv øydelegging” sjølv om dette ein gong i tida relativt sett var mulig å forsvare slik dei største liberale økonomane, som Schumpeter, også gjorde. Å framstille dette feil i dag er så farlig fordi det i vår tid blir absolutt uunngåelig å ta opp problemet med den sønderknusande muligheita for øydeleggande produksjon: det heilt motsette av den idealiserte ”produktive øydelegginga”. Grunnen til dette er verknaden av den historiske utviklinga seint på 1900-talet som fører med seg den vedvarande, uomgjengelige strukturkrisa i heile kapitalsystemet.

Bare eit fornuftig planlagt system for samfunnsmessig stoffskifte mellom menneska og naturen og menneska seg imellom kan vise ein veg ut av dei historisk skapte motsetnadene og farane som vi har vikla oss inn i og som no kjem ut av kontroll. Vi treng ei genuin omfattande planlegging for å klare dette. Og denne planlegginga må vere i stand til  å handsame, i vår tid, dei mangfaldige problema og alle dimensjonane i ei verkelig global samfunnsøkonomisk, politisk og kulturell utvikling, og ikkje bare dei vanskane som spring ut av å koordinere og auke dei produktive kreftene på ein positiv måte i visse land. Dette må til for at planlegginga kan vere kvalifisert for ei slik heilt  nødvendig rolle som ho aldri tidligare har vore i stand til.

Det er lett å forstå at sjølve ideen om ei vellukka form for alternativ planøkonomi a priori er utelukka når vi tar omsyn til dei djupt innbakte interessene til den dominerande ”marknadsøkonomien” og dei sjølvmytologiserande omstenda hans. Magdoffane karakteriserte denne nærsynte tilnærminga til motstandarane av planlegging slik i ei nylig publisert kraftfull tilråding til sosialisme:

”en skepsisen som folk føler når det gjeld effektiviteten eller sjølve muligheita for sentral planlegging tar bare omsyn til manglane og fornektar det som er oppnådd. Det fins ikkje noe i sentral planlegging som krev kommandometodar eller at alle sider ved planlegginga blir gjort av sentrale autoritetar. Dette finn stad på grunn av innverknaden til særskilde byråkratiske interesser og den dominerande makta til staten. Planlegging for folket må ha medverknad frå folket. For å lage planar for regionar, storbyar, mindre byar trengs aktiv medverknad frå lokale bebuarar, fabrikkar og butikkar gjennom arbeidarråd og naboråd. Folket treng å medverke til det overordna programmet, og særlig til å fastsette fordelinga av ressursane mellom forbruksting og investering. Og for å kunne gjøre det må folket ha fakta, ein klar måte som kan informere tenkinga deira, og dei må medverke til grunnleggande vedtak. [ix]

I periodar med stor historisk fare, som for eksempel Den 2. Verdskrigen, er sjølv dei kapitalistiske leiarane villige til å ta inn noen element frå planøkonomien i produksjonsstrategiane sine sjølv om det bare er heilt avgrensa og ut frå profittinnrettinga. Men straks dei store vanskane er over blir alle slike tiltak viska ut av det historiske medvitet og marknadsmytologien, som dei hevdar er ideell for å løyse alle slags tenkelige problem, blir fremma sterkare enn noen gong.

Det ville vere eit monumentalt mirakel om det normale i kapitalen sin måte for samfunnsmessig kontroll med stoffskiftet kunne vere noe anna enn dette, i kontrast til dei avgrensa unnataka som av og til finn stad når det er fare på ferde. For ideen om planlegging kan ikkje bli skild frå den grunnleggande tidsbestemminga som passar med eit gitt samfunnsmessig reproduksjonssystem. Ut frå dette kjem dei velkjende fordommane mot planlegging frå kapitalen sitt naudsynte misbruk av tid. Den einaste tidsforma som er direkte meiningsfull for kapitalen er naudsynt arbeidstid og dei tiltaka som heng saman med slik tid, som trengs for å sikre og halde oppe vilkåra for profittorientert tidsrekning og med det realisering av kapitalen i utvida skala.

Som før nemnd samsvarer den nærsynte fornufta i å følgje (og på ein forvrengt måte å ”planlegge”) dei minste detaljane i særskilde føretak bare med avkutta og kortslutta tid og ho er med naudsyn fri for ei overgripande medviten skisse av økonomien som heilskap. Når noen element av rasjonell planlegging blir introdusert for å møte ei større militær utfordring i periodar med store historiske farar, slik som under 2. verdskrigen, blir det gjort med den klare forståinga at dei tiltaka ein har gått med på må vere strengt midlertidige  og at dei skal fjernast ved første mulige høve.

I fullstendig kontrast til denne eksisterande tilstanden må det perverse tilhøvet av kapitalen til tid bli radikalt omdefinert og endra dersom vi erkjenner det faktum at dei reproduktive praksisane til ei globalt integrert verd roper på at vi introduserer og held oppe den effektive leiande krafta til overgripande rasjonalitet slik vi må for å motverke dei aukande farane for manglande kontroll og påfølgande eksplosjonar. Verkelig deltakande, omfattande planlegging av vilkåra for menneska si samfunnsmessig stoffveksling med naturen rundt seg og seg imellom, og slik at ho omfattar alle dei forskjellige delane av denne prosessen, inkludert dei moralske og kulturelle og ikkje bare dei strengt økonomiske dimensjonane, er eit sjølvsagt krav i denne samanhengen. Men for å gjøre slik omfattande planlegging mulig i det heile, er det naudsynt å overvinne det skjebnesvangre framandgjørande og funksjonshemmande vilkåret som medfører at profittorientert og nærsynt avkutta ”tid er alt, mennesket er ikkje noe; det er på sitt beste tida sin levande, materielle substans”.[x]

9.4.2

Hovudgrunnen til at den normalt fungerande kapitalen ikkje kan passe saman med omfattande planlegging er at det avgjørande kravet til ei berekraftig samfunnsøkonomisk orientering spring ut av dei kvalitative aspekta ved det å halde oppe ei velfungerande menneskelig ordning for fortsetting av livet eller reproduksjon. Viss det bare var snakk om å utvide den tida som går med til kapitalen sine økonomiske operasjonar, så ville det i prinsippet vere mulig å få det til ut frå standpunktet til det herskande systemet. Men det som kjem i vegen, som eit avgjørande hinder for å løyse dette tilsynelatande uløyselige problemet, er eit totalt fråver av ein skikkelig målestokk. Det manglar ein målestokk som passar for å kunne vurdere den kvalitative menneskelige innverknaden frå dei produktive verksemdene som er vald, sjølv på relativt kort sikt og ikkje bare på lang sikt. Den heilt uansvarlige måten som dei dominerande kapitalistiske landa, framfor alt USA,[xi] handsamar sjølv dei minimale krava i Kyoto-protokollen på, er ein god illustrasjon av dette poenget.

Kapitalen har ikkje noen vanskar med imponerande talfesting/kvantifisering, og klarar også godt sjølvaukande multiplisering under føresetnad av at den prosjekterte utvidinga kan definerast utan å ta omsyn til kvalitet, anten det no gjeld materielle eller menneskelige ressursar eller tid. Slik sett må vekst, som eit spesielt viktig omgrep i notida og framtida, handsamast av kapitalen innan dei forkrøpla rammene av fetisjistisk kvantifisering, sjølv om vekst ikkje kan bli halde oppe som ein haldbar strategi utan å knytte han til djupe kvalitative omsyn, som vi skal sjå i det neste avsnittet. På same måte kan han ikkje tillate omfattande planlegging fordi korkje omfanget eller tidsskalaen til ein overgripande rasjonalitet som er menneskelig gyldig kan passe saman med fetisjistisk kvantifisering. (Ein fetisj er eit dødt objekt som ein dyrkar som om det har magiske eigenskapar. Her er det bytteverdien eller verdien og særskild meirverdien. Omsettarens merknad)

Nøkkelomgrepet her er ikkje rasjonalitet i og for seg, men den naudsynte bestemminga av den tiltrengde berekraftige rasjonaliteten som kjem av det innebygd menneskelige i den overgripande målestokken som ein vel. Fornuft på delområde som er lett å kvantifisere kan vere heilt i takt med dei operasjonelle krava som kapitalen har innan si produktive vesle verd, men ikkje ein overgripande rasjonalitet som er menneskelig haldbar som ei retningsgivande ramme og ein passande målestokk for systemet som heilskap. For det einaste som kan definere eit haldbart og berekraftig produktivt system med omsyn på systemets retningsgivande overgripande rasjonalitet, er menneskelige behov sjølv: ei indre kvalitetsbestemming.

Ei slik overgripande kvalitetsbestemming kan bare springe ut av verkelige, menneskelige behov som ikkje kan undertrykkast, sjølv om dei no er kapitalistisk frustrert. Dette er naudsynte manglar i kapitalsystemet sin sjølvdefinisjon som ikkje kan rettast på og som kjem av dei uoverkommelige indre bestemmingane i systemet. Det er nett på grunn av dette at kapitalen må underordne bruksverdi – som er totalt meiningslaus utan det kvalitative tilhøvet sitt til menneskelige behov som kan klårt definerast – under bytteverdien som er lett å kvantifisere. Bytteverdien treng ikkje ha noe som helst med menneskelige behov å gjøre, bare med kapitalen sin trong til utvida sjølvreproduksjon. Ja, han er heilt igjennom i samsvar med framgangen til øydeleggande motverdi, noe som den gruelige røynda til det militærindustrielle komplekset klart demonstrerer i vår tid med sin velbetalte ”kapitalrealiserande” involvering i direkte antimenneskelige verksemder som folkemordskrigar.

9.4.3

Planlegging, i den djupaste tydinga av omgrepet, er absolutt livsviktig for å løyse desse problema og motsetnadene. Men den planlegginga vi snakkar om her kan vi ikkje sjå for oss utan den korresponderande dimensjonen – historisk tid. I denne samanhengen er det tidsomgrepet som vi treng for å gjøre forståelig planlegging i den verkelige tydinga si, ei menneskelig meiningsfull tid,  og ikkje eit tidsomgrep i ei smal teknisk tyding, ei abstrakt og frittståande kosmisk tid. For det er slik at ein radikalt ny tidsdimensjon kjem inn i biletet i løpet av historia, og spesielt under utviklinga av menneskehistoria, fordi vi gjennom utviklinga av denne historia får ei viktig endring i tidsomgrepet og den ”menneskeliggjøringa av naturen sjølv” (Marx) som følgjer med.

Det faktum at menneskeslekta, i motsetnad til dyra og ut frå vilkår som endrar seg, er danna av historisk skapte individ som går gjennom ei historisk utvikling, kan ikkje bli skild frå det omstendet at dei menneskelige individa, i motsetnad til arten menneske, har ei strengt avgrensa levetid. Følgjelig presenterer tidsproblemet seg, i menneskelig samanheng, ikkje heilt enkelt som ein trong til å leve frå dag ein til den siste timen i individet si levetid, men samstundes også som ei utfordring, som møter dei direkte, til å skape eit meiningsfullt liv som verkelige subjekt i deira eigen livsaktivitet. Med andre ord er det ei utfordring til å skape meining i deira eige liv som verkelige ”skaparar” av eigne handlingar i nært samband med dei kollektive muligheitene som blir stadig større i samfunnet deira og som dei er ein nødvendig og aktivt bidragande del av. Det er slik individuelt og samfunnsmessig medvit verkelig kan komme saman i interessa til menneskelig framgang.

Så lenge kapitalen styrer er alt dette umulig. Dei avgjørande vilkåra for å kunne planlegge blir kverrsett både på det altomfattande samfunnsnivået og i individa sine liv. På det vidaste samfunnsnivået blir omfattande planlegging, slik det er positivt innretta på å stette menneskelige behov, diskvalifisert ut frå interessene til den mest nærsynte tidsrekninga som ber med seg aukande fare for øydeleggande produksjon. På nivået av individuelt medvit kan, på same tid, kravet om å ”skape meining i livet sitt” bare komme fram i sine mest ineffektive former, nemlig som ein religiøs meiningsutveksling der ein ikkje er interessert i anna enn ”livet etter dette”.

Kapitalen sitt misbruk av tid er framherskande same kva det kostar og på alle område. For at vi skal kunne sjå for oss ei sosialistiske ordning av reproduksjonen som eit levedyktig alternativ til den eksisterande ordninga må spørsmålet om planlegging ha ei framherskande rolle i tankane våre. For utan å kombinere den breie samfunnsmessige dimensjonen av reproduktiv fornuft og individets søking etter eit meiningsfullt liv kan vi ikkje ha noen varig suksess.

Desse to grunnleggande dimensjonane av kva det er å vere eit verkelig subjekt, i den verkelige meininga av omgrepet, står og fell saman. For korleis kan elles ei samanslutning av frie produsentar vere eit sjølvstendig ”subjekt med makt”, som medvite bekreftar seg sjølv i samfunnsverda, mens det planlegg og på sjølvstendig vis tar hand om den produktive utvekslinga si med naturen rundt  og med dei andre samfunnsmedlemmene, viss dei særskilde samfunnsindivida som dannar den kollektive krafta ikkje er i stand til å frigjøre seg sjølv fram til eit slikt punkt at kvar av dei blir ”medvitande subjekt  for sine eigne handlingar” som tar fullt ansvar for deira eiga meiningsfulle livsverksemd? Og omvendt: korleis kan individa sjølv ha meiningsfulle liv viss dei overordna vilkåra for den samfunnsmessige reproduktive utvekslinga deira er dominert av ei framand kraft som frustrerer det dei vil utføre og overprøver dei sjølvbekreftande måla og verdiane som dei samfunnsmessige individa prøver å sette for seg sjølv, på den mest autoritære måten.

Dei byråkratiske overgrepa under planlegginga i dei etterkapitalistiske samfunna av sovjettypen var framtredingsformer for den same motseiinga. Den lamande ”innverknaden til spesielle byråkratiske interesser og den altomfattande statsmakta” i økonomien, som Magdoffane heilt riktig klaga over, måtte misslukkast. For medlemmene av politbyrået tiltok seg sjølv på vilkårlig vis den eksklusive rolla som allmektige subjekt med avgjerdsmakt når dei dreiv den påbydde ”planøkonomien” samstundes som dei, med ei overlegen haldning som dei ikkje skjulte, avfeia sjølv dei øvste planleggarane i staten som ”bare ein gjeng med rekneskapsførarar”.

Eit avslørande intervju fortel om ein samtale som Harry Magdoff hadde med Che Guevara:

Eg sa til Che, ”Når planar blir lagde er det viktig at planleggarane, dei som legg fram retningslinjene og tala, tenker på dei aktuelle politiske alternativa i lys av praktiske vilkår’. Då eg hadde sagt det lo han og sa at då han var i Moskva tok verten hans, Krustsjov, som då var partileiar og statsminister, han rundt som politisk turist for å vise han ymse plassar. Då dei reiste gjennom byen sa Che at han gjerne ville møte plankommisjonen. Då sa Krustjov: ’Kvifor ønskjer du det? Dei er bare ein gjeng med rekneskapsførarar.”[xii]

Dessutan hadde dei vanlige individa i samfunnet endå mykje mindre å seie i heile planleggingsprosessen en dei som her arrogant blei karakterisert som ”ein gjeng med rekneskapsførarar”. Deira rolle, som individuelle subjekt, blei utan vidare avgrensa av dei statlige autoritetane til å sett ut i livet ordre som dei fikk frå dei høgt der oppe.

Følgjene var heilt øydeleggande, og det kan vi forstå. Under desse framherskande omstenda kunne det medvitne kollektive subjektet, som kunne råde over dei naudsynt altomfattande utvekslingane, i det heile ikkje konstituere seg som eit verkelig kollektivt subjekt, slik at det kunne utøve ein verkelig varig kontroll over dei livsviktige prosessane i den samfunnsmessige reproduksjonen. Dette var umogelig fordi dei to grunnleggande dimensjonane som dannar det verkelige subjektet, nemlig den naudsynte kombineringa av den breie samfunnsmessige dimensjonen i den reproduktive fornufta med dei individuelle måla, blei broten på vilkårlig vis og stilt opp mot kvarandre. På grunnlag av den gitte forma med planlegging ovanfrå blei dei særeigne individa, som medlemmer av samfunnet som potensielt kunne danne eit gyldig subjekt, på denne måten nekta sjølvstendig kontroll med deira eiga meiningsfulle livsverksemd, og dermed med kontrollen av den samfunnsmessige, reproduktive stoffvekslinga i det heile. Resten av denne triste historia er blitt velkjend gjennom samanfallet av systemet av sovjettypen.

Det er derfor livsviktig for å skape ei alternativ samfunnsordning og oppheve kapitalens naudsynte misbruk av tid, som nedverdigar menneska til ”tida sin levande lekam” ved å nekte dei makt til sjølvbestemming som verkelige subjekt. Avkutta og kortslutta tid kan ikkje bli lækja på det generelle samfunnsnivået aleine. Vilkåra for individuell og samfunnsmessig frigjøring kan ikkje skiljast frå kvarande eller bli stilt i motsetnad til kvarandre. Dei vil bli framherskande eller svikte saman og til same tid. For kvar av dei er like naudsynte for realiseringa av den andre. Vi kan ikkje vente på frigjøringa av individa til sjølv bare dei elementære generelle måla for den samfunnsmessige omdanninga er oppnådd på ein vellukka måte. For kven i all verda kan ta bare dei første skritta i ein omfattande samfunnsmessig omdanning viss det ikkje er dei individa som kan identifisere seg sjølv med måla og verdiane til det samfunnet som dei vel.

Men for å gjøre det må kvar av dei samfunnsmessige individa frigjøre seg sjølv frå den tronge tvangstrøya som avkutta tid har tvinga på dei. Det kan dei bare gjøre ved å skaffe seg makt til sjølvstendig, medviten og ansvarlig bestemming med det tilhøyrande perspektivet på ei  meiningsfull livsverksemd som er utvida ved at det individuelle og samfunnsmessige perspektivet ikkje er stilt fiendtlig mot kvarandre. Det er på denne måten det blir mulig å opprette ei alternativ samfunnsmessig ordning for utveksling mellom menneska og naturen rundt og menneske seg imellom innan ei tidsramme som er historisk mulig å oppretthalde. Og det er det som gir verkelig meining til planlegging som eit livsviktig prinsipp i kampen for sosialismen.

9.5 Den kvalitative veksten i bruk av ressursar: Den einaste økonomien som kan fungere på sikt

9.5.1

Den kapitalistiske produksjonsmåten representerte ein gong eit stort framsteg samanlikna med dei tidligare produksjonsmåtane, same kor problematisk og beint fram øydeleggande dette  historiske framsteget viste seg å bli til slutt. Ved å bryte det langvarige,  men avgrensande direkte sambandet mellom menneskelig bruk og produksjon, og ved å erstatte det med vareforholdet, opna kapitalen opp muligheitene for utfalding av ei tilsynelatande uimotståelig utviding som ut frå kapitalsystemet og dei villige personlige representantane det har, såg ut som det ikkje var noen tenkelige grenser for. For den paradoksale indre bestemminga i kapitalen sitt system for produksjon, som til sjuande og sist er umulig å oppretthalde, er at varer ”er ikkje-bruksverdiar for eigarane og bruksverdiar for ikkje- eigarane. Følgjelig må dei alle vandre frå ei hand til ei anna… Derfor må varer bli realisert som verdiar før dei kan bli realisert som bruksverdiar.[xiii]

Det er denne sjølvmotseiande indre bestemminga i systemet som tvingar fram ei omsynslaus underordning av menneskelige behov under den framandgjørande kapitalutvidinga og som fjernar muligheita til all fornuftig kontroll av denne dynamiske produksjonsordninga. Ved sitt totale fråver av naudsynte grenser for reproduksjonen drar denne indre bestemminga med seg farlige og potensielt katastrofale følgjer på lang sikt ved etter kvart å omforme ei stor positiv makt, som fremma økonomisk utvikling som tidligare var heilt utenkelig, til noe øydeleggande negativt.

Det som blir systematisk ignorert – og som på grunn av dei fetisjistiske tvangsmåla og interessene til kapitalsystemet må ignorerast – er det faktum at vi lever i ei endelig verd med sine verkelig livsviktige objektive grenser. Gjennom lange tider i menneskehistoria, inkludert fleire hundreår med kapitalistisk utvikling, kunne vi oversjå desse grensene og vere relativt trygge, og vi gjorde nett det. Men når desse grensene verkelig viser seg, slik som dei tydelig må gjøre i vår irreversible historiske epoke, kan ikkje noe ufornuftig og sløsande produksjonssystem sleppe unna følgjene same kor dynamisk det er (og i røynda er det verre dess meir dynamisk det er). Systemet kan bare sjå bort frå desse grensene ei stund ved å nyorientere seg i retning ei ubarmhjertig rettferdiggjøring av dei klart øydeleggande tvangsmåla som systemet si sjølvopphalding krev, same kva det kostar. Det skjer ved å preike visdom som ”der er ikkje noe alternativ”, og i denne ånda koste til sides og, når det trengs, brutalt undertrykke sjølv dei klåraste signala som varslar ei framtid som ikkje er berekraftig.

Ein naudsynt følgje av denne skeive, objektive strukturelle bestemminga og domineringa frå bytteverdi over bruksverdi, er falske teoriar, ikkje bare under dei mest absurde og blindt unnskyldande vilkåra vi finn i vår tids kapitalisme, men også i den klassiske perioden til den borgarlige politiske økonomien, på den tida då kapitalsystemet var inne i den historiske oppgangsperioden sin. Dette er slik fordi vi må ha som mål ein innbilt grenselaus produksjon, koste kva det koste vil, og at vi også må rettferdiggjøre dette som det einaste som kan forsvarast. Å  følgje eit slikt mål er tvingande naudsynt sjølv om vi ikkje på noen måte kan garantere at: (1) vara si naudsynte og stadige ”vandring frå ei hand til ei anna” vil finne stad i idealmarknaden (takka vere godheita til Adam Smith si endå meir mystiske ”usynlige hand”) og at (2) vi for alltid kan sikre dei objektive materielle vilkåra for at vi kan produsere den projiserte uavgrensa tilførsla av varer – som menneskelig sett ikkje kan avgrensast sidan denne produksjonen sin grunnleggande bestemming er skild frå behov og bruk – utan omsyn til den øydeleggande verknaden av kapitalen si samfunnsmessige metode for reproduktiv utveksling med naturen og følgjelig utan omsyn til verknaden på dei grunnleggane vilkåra for den menneskelige eksistensen sjølv.

Tanken om at marknaden ideelt sett er i stand til å rette på dei strukturmanglane som er indikert i det første punktet ovanfor, og som i røynde ikkje kan rettast på, er ein trøstande etterpåklokskap som drar med seg mange tilfeldige, subjektive meiningar og regulerande framtidsplanar i same gate. Den edruelige røynda som ligg under ideen om marknaden som ein hjelpande etterpåklokskap er eit sett med uavvendelig fiendtlige makttilhøve, som tenderar i retning monopolistisk dominans og intensivering av dei fiendtlige motseiingane i systemet. På same måte blir den alvorlige strukturmangelen som det er å følgje opp uavgrensa kapitalutviding, og som idealiserer den yttarst viktige ”veksten” som eit mål i seg sjølv, slik det er sett i relieff i punkt to ovanfor, utfylt av ein like oppdikta etterpåklokskap når ein må innrømme at eit eller anna korrigerande middel kan vere i orden. Og det korrigerande middelet som ein slik ser for seg – som eit alternativ til systemet sitt samanfall ned i den uopprettelige negativiteten i den lagnadstunge ”stillstandstilstanden” som blei framlagt som ein teori innan den borgarlige politiske økonomien på attenhundretalet – er bare ønskedraumen å gjøre distribusjonen meir rettferdig (og dermed mindre ramma av konfliktar), mens den let produksjonssystemet bli slik det er.

Dei ville ikkje kunne gjennomføre dette opplegget på grunn av dei grunnleggande hierarkiske strukturbestemmingane i kapitalen si samfunnsordning. Og sjølv om dei kunne gjennomføre det, ville dei ikkje vere i stand til å løyse noen av dei alvorlige problema knytt til produksjonen som også dei uovervinnelige motsetnadene i kapitalsystemet sin ulækjelige distribusjon er bygd på.

John Stuart Mill, ein av dei viktigaste representantane for liberal tenking, er like så uforfalska bekymra for ”stillstandstilstanden” i framtida som han er håplaust urealistisk når det gjeld dei forslaga han har til å rette på han. Han kan bare gi oss tomme håp når han diskuterer dette problemet som er absolutt ukontrollerbart frå kapitalen sitt standpunkt. Han skriv ”Ut frå tanken på dei som kjem etter oss håper eg inderlig at dei vil vere nøgd med stillstand lenge før naudsynet tvingar dei til det”.[xiv] Fordi han godtar Malthus sin diagnose kan han bare erkjenne vanskane som kjem av folkeauken, men ikkje noen av motsetnadene i kapitalen si reproduksjonsordning og derfor gir ikkje Mill oss noe anna enn faderlig preik i det kan skriv. Den borgarlige sjølvtilfredsheita hans er klårt synlig og tar alt innhald ut av den faderlige reformiveren hans. Han forsikrar oss kategorisk om at ”det er bare i tilbakeliggande land i verda at auka produksjon framleis er eit viktig mål. I dei mest utvikla landa er det betre fordeling økonomien treng, og ein uomgjengelig måte å klare det på er strammare kontroll med folkeauken”.[xv] Sjølv denne ideen om ”betre fordeling” er håplaust urealistisk. For det som Mill ikkje på noen måte kan oppdage (eller godta) er at den overveldande viktigaste sida ved fordelinga er den eksklusive fordelinga, som ingen kan røre ved, av produksjonsmidla til kapitalistklassen. Når dette grunnlaget, som tener ein sjølv, for korleis den samfunnsmessige ordninga fungerer er gitt, så kan vi forstå at ei faderlig oppfatning av å vere overlegen alltid vil vere framherskande, slik at ein meiner at vi ikkje kan vente noen løysing ”før dei betre hjernane lukkast med å lære opp dei andre”,[xvi] slik at dei kan gå med på å avgrense folkeauken og ”betre distribusjonen” som ein antar skal følgje av ein slik avgrensing. På denne måten skal ein få folk til å glømme alt om å endre dei øydeleggande strukturbestemmingane til den etablerte samfunnsmessige ordning for stoffveksling som uavvendelig driv samfunnet mot ein tilstand av stillstand. I Mills si framstilling vil utopien om det kapitalistiske tusenårsriket, med ein haldbar stillstand, bli verkeliggjort takka vere dei gode tenestene til dei opplyste liberale ”betre hovuda”. Og da kan alt gå vidare for alltid slik det har vore tidligare, så langt det gjeld dei strukturelle bestemmande kvalitetane til den etablerte samfunnsmessige ordninga av reproduksjonen.

Alt dette gav tidligare litt meining ut frå kapitalen sitt standpunkt, same kor problematisk og til slutt uhaldbart denne meininga til slutt måtte vise seg å vere på grunn av den dramatiske opninga av systemet sin strukturkrise og den uomgjengelige fordjupinga av ho. Men ikkje ein gong ei slik delvis meining i dei same urealistiske forslaga kunne bli tilskrive den reformistiske politiske rørsla som hevda å representere arbeidet sine strategiske interesser. Likevel er det slik at den sosialdemokratiske reformismen i begynninga henta inspirasjonen sin frå denne naive, men ærlig meinte, etterpåklokskapen til den liberale politiske økonomien. Når vi slik ser på den indre logikken i dei tileigna samfunnsmessige føresetnadene, som spring ut at kapitalen sitt standpunkt og forretningsinteressene som den kontrollerande makta har over den stoffomsettinga som reproduserer livet, så skulle det ikkje være det minste overraskande at den sosialdemokratiske reformismen avslutta utviklingsvegen sin på den måten den verkelig gjorde det: ved å omdanne seg sjølv til ”New Labour” (i Storbritannia og i dei liknande rørslene i andre land) og ved å fullstendig gi opp all tanke på sjølv den mest avgrensa reform innan den etablerte samfunnsordninga. På same tida kom dei villaste og mest umenneskelige variantane av nyliberalismen fram på den historiske scena og strauk ut minnet om dei samfunnsmessige remedia som ein gong blei foreslått, inkludert sjølv dei ønskte, faderlige løysingane, under den progressive fasen i den liberale tradisjonen si historie. Og, som ein bitter ironi i den moderne historiske utviklinga, nølte ikkje dei nye, tidligare sosialdemokratiske, reformistiske rørslene, ikkje bare i Storbritannia, men også alle andre stader i den ”velutvikla” og ikkje så velutvikla kapitalistiske verda, med å identifisere seg sjølv med den aggressive nyliberalistiske fasen av kapitalorsaking utan atterhald. Denne omdanninga markerte klårt slutten på den reformistiske vegen som var ein blindveg heilt frå byrjinga.

9. 5. 2

For å skape ei økonomisk levedyktig samfunnsmessig reproduksjonsordning som også, sett på lang sikt, er økonomisk haldbar, er det naudsynt å endre dei sjølvmotseiande indre kvalitetane i den etablerte ordninga som tvingar fram ei omsynslaus underkasting av menneskelig trong og bruk under den framandgjørande naudsynte kapitalutvidinga. Dette tyder at vi må legge den absurde føresetnaden til det herskande produktive systemet bak oss for godt. Denne føresetnaden er at dei totalt skadelige bestemmingane som kjem av eigarskap og som er fastsett på førehand medfører at bruksverdiar må skiljast frå og komme i motsetnad til dei som skapar dei for å legitimere kapitalen si aukande sjølvrealisering gjennom sirkelargumentasjon og tilfeldige påstandar. Elles kan ikkje den einaste brukbare tydinga av økonomi som fornuftig økonomisering med dei tilgjengelige, avgrensa ressursane  bli innsett som og respektert som livsviktige prinsipp å orientere seg etter. Innan kapitalen si samfunnsøkonomiske og tilsvarande politiske ordning dominerer i staden ansvarslaus sløsing. Og den trer alltid fram som institusjonalisert ansvarsløyse tvert i mot sjølvmytologien hans som framstiller han som absolutt ”effektivitet” som ikkje kan overtreffast. (Sjølvsagt er denne slags ”effektivitet”,  som blir æra på denne måten, i røynda ein effektivitet frå kapitalen som til sjuande og sist underminerer seg sjølve ved å drive frametter dei motstridande og konfliktfylte delane, til skade for heilskapen. Derfor kan vi forstå at regjeringa sine velprofilerte fantasiar om ”marknadssosialisme” måtte falle saman på ein audmjukande måte på grunn av at ein aksepterte slike føresetnader og dei ufråkommelige strukturelle bestemmingar i kapitalismen.

Den tydinga av ”økonomi” som er dominerande no er heilt ute av stand til å sette grenser sjølv for det mest sørgjelige sløseriet, og som i vår tid verkelig går føre seg i globalt omfang. Ho kan bare fungere med sjølvrosande tautologiar (Av latin = to auto =det same, dvs. to utsegner der det eine skal følgje av det andre, men der begge i røynda tyder det same. Omsettaren sin kommentar.) og overflatisk-tilfeldige førehandslaga falske motsetnader og alternativ som blir forkasta straks dei ei er laga og som er konstruert med same hensikt, sjølvrettferdiggjøring som ikkje kan rettferdiggjørast. Vi blir servert ein høglydt og farlig tautologi som smittar alt, nemlig den overflatisk-tilfeldige definisjonen av produktivitet som vekst og vekst som produktivitet sjølv om begge omgrepa treng historisk kvalifiserte og objektivt berekraftige vurderingar kvar for seg. Naturligvis er det ein grunn til at denne klårt feilaktige tautologien blir føretrekt framfor den skikkelige teoretisk og praktiske vurderinga av omgrepa. Når dei ved overflatisk-tilfeldig å bestemme identiteten mellom desse to nøkkelomgrepa som viser til kapitalsystemet, så får dei den sjølvinnlysande gyldigheita og det tidlause overtaket til ei ekstremt problematisk og i siste hand sjølvøydeleggane samfunnsmessig reproduktiv ordning til å sjå ikkje bare rimelig ut, men absolutt uangripelig. Samstundes blir denne falske, tautologiske identiteten mellom vekst og produktivitet støtta opp av det like overflatisk-tilfeldige og sjølvrettferdiggjørande tilhøvet mellom ”vekst og ikkje-vekst”. Dessutan har dei fordommar mot det siste og føretrekk det kapitalistisk framsette og definerte ”vekst”. Det blir framsett og definert med fetisjistisk kvantifisering. Det passar med at dei for all tid føresett at det som er synonymt med vekst sjølv, ikkje er noe anna særskild og menneskelig meiningsfullt enn det abstrakte, felles trekket – større kapitalutviding som det første vilkåret for å tilfredsstille menneskelige behov og bruk.

Det er her at skiljet, som ikkje kan korrigerast, mellom kapitalistisk vekst og menneskelig behov og bruk, avslører seg sjølv og viser at kapitalistisk vekst potensielt sett står i den mest øydeleggande motstrid til menneskelige behov. Når dei fetisjistiske villeiingane og overflatisk-tilfeldige påstandane som ligg til grunn for dei kategorisk bestemte identitetane til vekst og produktivitet blir skrelt av, blir det heilt klårt at den type vekst som blir foreslått og samstundes automatisk unnateke frå all kritisk gransking, ikkje på noe vis har ein indre samanhang med dei berekraftige måla som samsvarer med menneskelig behov. Den einaste samanhengen som må bli bekrefta og forsvart innan kapitalen sitt samfunnsmessig stoffskifteunivers, same kva det kostar, er den falske identiteten av føresett kapitalutviding og den korresponderande ”vekst”-spiralen (som sant nok også er føresett) same kva slags følgjer som naturen og menneskeslekta blir utsett for gjennom sjølv den mest øydeleggane type vekst. For det kapitalen verkelig kan bry seg om kan bare vere kapitalen sin eigen stadig større utviding, sjølv om det fører med seg utsletting av menneskeslekta.

Ut frå denne visjonen må sjølv den mest døydelige kreftaktige veksten ha forrang i tenkinga framfor menneskelige behov og bruk, om det er slik at menneskelige behov tilfeldigvis skulle bli nemnd i det heile. Og når dei som unnskyldar kapitalsystemet er villige til å vurdere Grenser for vekst[xvii], slik Romaklubben gjorde i sitt kapitalunnskyldande framstøyt tidlig på 70-talet, som det vart reklamert mykje for, så fortsett målet å vere eviggjøring av dei eksisterande alvorlige ulikskapane[xviii]ved ei tenkt (og ved metoden med kamp mot vindmøller) frysing av den globale, kapitalistiske produksjonen på et nivå som det var totalt umulig å få til, mens dei i hovudsak skulda ”vekst i folkesetnaden” (slik det har vore vanlig i borgarlig politisk økonomi heilt sidan Malthus) for dei problema som eksisterte. Samanlikna med slik hardhjerta hypokritisk ”intensjon for å finne ein kur”, mens dei i ord let som dei bryr seg om ikkje mindre enn ”menneskeslekta sin prekære situasjon”, er John Stuart Mill sitt paternalistisk preik eit mønster på radikal opplysning, med hans genuine forslag om ei litt meir rettferdig fordeling enn det han var vand med.

Det sjølvrettferdiggjørande falske alternativet ”vekst eller ikkje-vekst” er klårt sjølv når vi bare ser på kva som blir den uunngåelige verknaden av tenkt ”ikkje-vekst” når det gjeld dei alvorlige tilhøva av ulikskap og liding under kapitalen si samfunnsmessige ordning. Det vil bety å dømme det overvegande fleirtalet av menneska til å bli for alltid i dei umenneskelige tilhøva som dei no må tole. For fleire tusen millionar er no like fram tvunge til å halde ut slike tilhøve, mens det kunne bli skapt eit verkelig alternativ til det. Det vil seie under den føresetnaden at det var heilt mulig å rette på dei verste verknadene av global fattigdom ved å sette det oppnådde produktivitetspotensialet til bruk som er menneskelig passande og tilfredsstillande, i ei verd der dei materielle og menneskelige ressursane blir forskusla på kriminelt vis.

9.5.3

Sjølvsagt kan vi bare snakke om det positive potensialet for produksjon og ikkje om at det verkelig eksisterer,  slik det ofte blir spådd med grønfarga gode hensikter, men botnlause illusjonar, av gammaldagse reformatorar som jobbar med ei avgrensa sak og som håpefullt forsikrar om at vi kunne ha gjort det ”nett no”, med dei produktive kreftene som vi disponerer, viss vi verkelig bestemte oss for å gjøre det. Men uheldigvis overser ei slik tru heilt den måten det produktive systemet vårt er laga på og at det treng ei radikal nydanning. For produktivitet knytt til kapitalistisk vekst, i form av den realiteten som dominerer no, nemlig destruktiv produksjon, er ein motstandar som hindrar alt slikt. For å kunne omdanne det positive potensialet av produktiv utvikling til ei røynd som vi verkelig treng mykje, for å bli i stand til å rette opp att mange av dei skrikande ulikskapane og urettane i vårt samfunn, er det naudsynt å ta til seg dei regulerande prinsippa til ei kvalitativt forskjellig ordning av samfunnet. Med andre ord så må vi frigjøre menneskefellesskapen sitt produktivitetspotensiale, som no blir hindra på ein øydeleggande måte, frå dei kapitalistiske lenkjene for at dei kan bli samfunnsmessig brukbare produktivkrefter.

Det umulige rådet om å fryse produksjonen på det trinnet han var tidlig på 70-talet var ei forsøk på å kamuflere dei omsynslaust påtvinga, verkelige makttilhøva under den USA-dominerte etterkrigsimperialismen med den tomme, tilsynelatande vitskapelige modellskapinga som Massachusets Institute of Technology gjekk i spissen for. Denne varianten av imperialismen var sjølvsagt forskjellig frå den som Lenin kjente til. Då Lenin levde var det minst eit halvt dusin store imperialistmakter som konkurrerte om gevinsten ved dei erobringane som dei gjorde eller håpte på. Og sjølv på 1930-talet var Hitler villig til å dele fruktene av sin valdelig omdefinerte imperialisme med Japan og Mussolinis Italia. Men i vår tid må vi tvert imot sjå ein annan realitet, med sine døydelige farar, som spring ut av global hegemonisk imperialisme[xix] med USA som den heilt dominerande makta. I kontrast til Hitler er USA, som den einaste hegemoniske makta, ikkje villig til å dele verdsdominansen sin med noen rival. Og det kjem ikkje bare på grunn av politiske og militære slumpetreff. Problema er mykje djupare. Dei trer fram gjennom dei stadig aukande motseiingane i kapitalsystemet si aukande strukturkrise. USA-dominert global, hegemonisk imperialisme er eit, til sjuande og sist ubrukelig, forsøk på å finne ei løysing på denne krisa gjennom den mest brutale og valdelige herskinga over resten av verda, sett ut i livet med eller utan hjelp av slavelike ”villige allierte”, i dag gjennom ei rekke av folkemordkrigar. Heilt sidan 1970-talet har USA søkke stadig djupare ned i katastrofal gjeld. Ei fantasifull løysing som har vore proklamert av fleire presidentar, er å ”vekse ut av det”. Og resultatet er blitt det heilt motsette i form av astronomisk og stadig meir veksande gjeld. Følgjelig må USA grafse til seg frå alle stader i verda. Dei gjør det med alle middel, medrekna den mest valdelige militære aggresjon og takka vere den globale samfunnsøkonomiske, politiske og militære dominansen til eit land som har lukkast med å bli den einaste framherskande hegemoniske makta. Kan då noen med fornufta i behald, same kor forherda dei er av sin eigen hardhjarta forakt for ”fordommen om likskap”, førestelle seg at den USA-dominerte globale hegemoniske imperialismen ein einaste augneblink skal ta lækjande ikkje-vekst alvorlig? Bare dei som vil det verste kan kaste fram slike idear same kor pretensiøst dei er pakka inn i hypokritisk omsut for ”menneskeslekta sin prekære situasjon”.

Det er mange grunnar til at det ikkje kan vere noe spørsmål om at vekst er viktig både i notida og i framtida. Men vi må undersøke skikkelig omgrepet vekst, ikkje bare slik vil kjenner det fram til i dag, men også slik vi kan sjå at det kan haldast oppe i framtida. Når vi meiner at det er viktig med vekst så kan det ikkje være ein støtte til ukvalifisert vekst. Det verkelige spørsmålet som på tendensiøst vis blir unngått er: kva slags vekst er både tenkelige i dag og i framtida, i motsetnad til den sløsande og øydeleggande kapitalistiske veksten vi ser over alt rundt oss? For veksten må vere slik at den kan haldast oppe på ein positiv måte langt inn i framtida.

Som vi alt har sagt er den kapitalistiske veksten lagnadstungt dominert av dei uoverstigelige grensene til fetisjistisk kvantifisering. Den naudsynte følgja av slik fetisjisme er stadig verre sløsing sidan det ikkje kan vere noen kriteria og ikkje noe brukelig  mål som kan brukast for å finne ut kva slags sløseri som kan stansast. Meir eller mindre overflatisk-tilfeldig kvantifisering sett samanhengen og skapar samstundes den illusjonen at det ikkje kan vere noen større problem når dei mektige har sikre seg dei mengdene dei treng. Men likevel er sanninga at kvantifisering som er sjølvorientert i røynda ikkje kan haldast oppe som ei form for levedyktig produktiv strategi sjølv på kort sikt. For slik kvantifisering er innskrenka og nærsynt (om ikkje beint fram blind) og er bare opptatt av dei mengdene som samsvarer med dei næraste problema som hindrar fullføringa av gitte oppgåver i produksjonen, men ikkje med dei strukturgrensene som nødvendigvis er knytt til sjølve det samfunnsøkonomiske tiltaket som til sjuande og sist bestemmar alt, anten du veit det eller ikkje. Innafor kapitalismen er den naudsynte samanblandinga av strukturgrenser med hindringar (som kan løysast ved å endre mengder) for å oversjå grensene (sidan dei samsvarer med dei uoverstigelige bestemmande trekka som karakteriserer kapitalens samfunnsmessige ordning for stoffveksling), noe som set i fare innrettinga på vekst i heile det produktive systemet. Viss vi skal kunne skape vekst som han oppretthaldast treng vi å ta i bruk djupt kvalitative omsyn. Men det er heilt hindra av det sjølvutvidande drivet til kapitalen som korkje spør eller kan stillast spørsmål ved og som ikkje kan vere i samsvar med dei hindrande omsyna til kvalitet og grenser.

Den store nyvinninga til kapitalsystemet er at det kan operere – udialektisk – gjennom den overveldande domineringa av kvantitet. Kapitalen underordnar alt, medrekna levande menneskelig arbeid (uskiljelig frå kvalitetane til menneskelig trong og bruk) under abstrakte, kvantitative bestemmingar i form av verdi og bytteverdi. Slik blir alt målbart og mulig å handsame på profitabelt vis for ei bestemt tid. Dette er løyndommen til kapitalens samfunnshistoriske triumf som lenge har vore uimotståelig. Men det ber også i seg det endelige ikkje-berekraftige og det naudsynte samanfallet når ein gong dei absolutte grensene til systemet (i kontrast til dei relative grensene, som samsvarer med hindringar mot ekspansjon som kan overvinnast på produktive måtar) blir fullt ut aktivert, slik det skjer i vår eigen historiske epoke. Vi lever no i ei tid då den udialektiske domineringa av kvantitet over kvalitet blir farlig og umulig å halde oppe. For i vår tid er det utenkelig å oversjå den grunnleggande samanhengen som under kapitalismen med naudsyn blir sett på sidelinja, men som vi no må medvite ta til oss som ei livsviktig regulerande orientering, dvs. økonomi som økonomisering (som er lik med ansvarlig hushald). Vi er ved eit kritisk punkt i den historiske tida då dei villige personifiseringane til det herskande produktive systemet gjør alt som står i deira makt for å viske ut alt medvit om denne livsviktige samanhengen, og går for eit unektelig driv i retning øydelegging ikkje bare i form av kulten av ekstremt sløsande produktive praksisar,  men også ved å forgylle deira døydelig øydeleggane engasjement i uavgrensa ”førebyggande og krigshindrande krigar”.

Kvalitet er etter naturen sin uskiljelig frå spesifikke eigenskapar. Følgjelig kan ikkje eit samfunnsmessig system for å utveksling mellom menneska – framfor alt behova til levande menneskelige vesen som samfunnets produserande subjekt – bli hierarkisk styrt. Ei radikal annleis samfunnsøkonomisk og kulturell styring trengs for eit samfunn som blir drive på grunnlag av ein slik kvalitativt forskjellig reproduktiv stoffveksling, kort oppsummert som sjølvstyre. Styring ovanfrå var både tenkelig og naudsynt for kapitalen si samfunnsmessige ordning for stoffveksling. I røynda kunne ikkje kapitalen sin kommandostruktur fungere på noe anna vis. Den alternative ordninga er uforlikelig med styring ovanfrå og med den type rekneskapsførsel som må vere framherskande innan kapitalsystemet, medrekna den nøye kvantitative funksjonen til naudsynt arbeidstid. Derfor kan den slags vekst som er naudsynt og tenkelig under den alternative ordninga for samfunnsmessig stoffskifte bare vere grunnlagt på kvalitet som korresponderer direkte med menneskelige behov, med dei aktuelle og historisk utvikla behova både til samfunnet som eit heile og kvart særskild individ i det. Samstundes kan alternativet til innskrenkande og fetisjistisk rekneskapsførsel med naudsynt arbeidstid bare vere den frigjørande og frigivande disponible tida som er medvite tilbydd og styrt av dei samfunnsmessige individa sjølve. Den slags samfunnsmessig kontroll med dei tilgjengelige menneskelige og materielle ressursane i stoffvekslinga mellom menneske og natur og menneska imellom både ville og kunne respektere både dei generelle grensene som spring ut av det orienterande prinsippet at økonomi er økonomisering. Og samstundes kunne ein då utvide desse grensene ettersom dei historiske vilkåra utvikla seg slik at det trygt kunne gjørast. For vi bør ikkje glømme at ”den første historiske handlinga var skaping av nye behov” (Marx). Bare kapitalen sin vørdlause måte å handsame økonomien på, ikkje som fornuftig økonomisering, men som den mest uansvarlige legitimering av botnlaust sløseri, er det som totalt perverterer denne historiske prosessen ved å sette kapitalens eine og einaste reelle trong til auka sjølvreproduksjon i staden for menneskelige behov, og på den måten truge med å gjøre slutt på sjølve menneskehistoria.

9.5.4

Sjølv ikkje delvise korrigeringar kan innførast innan dei rammene som kapitalen fungerer viss dei er verkelig innretta på kvalitet. For dei einaste kvalitetane som er relevante her er ikkje noen abstrakte, fysiske karakteristiske eigenskapar, men dei kvalitetane som er meiningsfulle for menneska og uskiljelige frå behov. Som vi har understreka tidligare så er det sjølvsagt sant at slike kvalitetar alltid er spesielle og detaljerte, og dei samsvarer med særskilde menneskelige behov som kan identifiserast klårt både ut frå individa sjølv og ut frå deira historiske gitte samfunnsmessige forhold som stadig er i endring. Ut frå dette dannar dei, i sin mangesidige spesielle detaljeringsgrad, eit samanhengande og veldefinert sett av systembestemmingar som ikkje kan brytast og som har sine eigne systemgrenser. Det er nett tilstadeveret av slike systemgrenser, som er langt frå abstrakte, som gjør det umulig å overføre noen meiningsfulle funksjonsbestemmingar og orienterande prinsipp frå den alternative ordninga for samfunnsmessig stoffskifte som vi ser for oss, inn i kapitalsystemet. Dei to systema utelukkar kvarandre på radikalt vis. For dei spesielle og detaljerte kvalitetane som samsvarer med menneskelige behov, innan den alternative ordninga, ber uutslettelige merker av dei overgripande systembestemmingane sine, som innbakte delar i eit samfunnsmessig system for kontroll med reproduksjonen som er verdifull for menneska. I kapitalsystemet er det tvert imot slik at dei overgripande bestemmingane må vere fastlåst abstrakte fordi kapitalens verdiforhold må redusere alle kvalitetar (som samsvarer med behov og bruk) til målbare, felles kvantitetar. (T.d. bytteverdi, naudsynt arbeidstid. Omsettaren sin kommentar) for å sikre den framandgjørande historiske dominansen sin over alt, ut frå interessene til kapitalutvidinga, same kva konsekvensane blir.

Det uforlikelige i dei to systema blir klårt nok når vi ser på tilhøvet til spørsmålet om grense i seg sjølv. Den einaste berekraftige veksten som vil bli positivt fremma under den alternative samfunnsmessige kontrollen med stoffvekslinga, er grunnlagt på den medvitne aksepteringa av dei grensene som blir sett i fare dersom vi trer over dei når vi verkeliggjør dei valde reproduksjonsmåla som og er verdifulle for menneska. Ut frå dette er sløseri og øydeleggande framferd (som klårt identifiserte, avgrensande omgrep) fullstendig utelukka frå dei aksepterte systembestemmingane sjølv som dei samfunnsmessige individa har tileigna seg som sine livsviktige orienterande prinsipp. I kontrast til dette er kapitalsystemet kjenneteikna og lagnadstungt drive av ei medviten eller umedviten forkasting av alle grenser, medrekna sine eigne systemgrenser. Sjølv desse sistnemnde blir handsama på ein vilkårlig og farlig måte, som om dei ikkje var noe anna enn tilfeldige hindringar som det går an å forsere. Og då kan alt gå an innan dette systemet for samfunnsmessig reproduksjon, medregna muligheita for total øydelegging som i dag, når vi har nådd fram til vår eiga historiske epoke, også blir alvorlig og overveldande sannsynlig,

Dette gjensidig utelukkande tilhøvet når det gjeld spørsmålet om grenser gjeld også motsatt veg. Slik at det ikkje kan vere noen ”delløysingar” som er lånt frå kapitalsystemet når vi skaper og styrkar den alternative samfunnsmessige ordninga for stoffveksling. Det uforlikelige i dei to systema når det gjeld delane, for ikkje å snakke om heilskapen, kjem av det rotfesta uforlikelige i verdisystema deira. Slik eg har sagt ovanfor er dette grunnen til at dei særskilde verdibestemmingane og tilhøva under den alternative ordninga ikkje kan bli overført til kapitalens ramme for samfunnsmessig stoffveksling med det formålet å forbetre denne ordninga, slik personar med svært urealistiske tankar for samfunnsbygging påstår, samstundes som dei knyter denne påstanden saman med den tomme ”litt for litt”-metoden. For sjølv dei minste tilhøva i det alternative systemet er djupt innbakte i dei generelle verdibestemmingane i ei overgripande ramme for menneskelige behov, der det prinsippet som ikkje kan brytast er den rotfesta utelukkinga av sløsing og øydelegging i samsvar med den indre naturen i dette systemet.

På den andre sida er det samstundes slik at ikkje noen delvise ”korrigeringar” kan bli overført frå den ramma som kapitalen rører seg i til ei genuint sosialistisk ordning. Dette blei vist på ein pinefull og avgjørande måte då Gorbatsjov prøvde å innføre ”marknadssosialisme” og misslukkast på øydeleggande vis. For også i ein slik situasjonen blir vi alltid konfrontert med det rotfesta uforlikelige i verdibestemmingane, sjølv om verdien i dette tilfellet er øydeleggande motverdi som samsvarer med dei endelige grensene til kapitalsystemet sjølv og som må oversjåast. Systemgrensene til kapitalen er heilt i samsvar med sløsing og øydelegging. For slike målgjevande omsyn kan bare vere annanrangs for kapitalen. Meir grunnleggande bestemmingar må ha forrang framfor slike omsyn. Dette er grunnen til kapitalen sin opphavlige likesæle i høve til sløsing og øydelegging (aldri ei meir positiv innstilling enn likesæle) blir omforma til den mest aktive fremming av slikt når tilhøva krev ei slik endring. I røynda må ein innan dette systemet streve utan ettergift etter sløseri og øydelegging i direkte underordning under trongen til kapitalutviding som er den overgripande systembestemminga. Jo meir vi legg bak oss den historiske oppgangsfasen i kapitalen si utvikling, dess meir skjer dette. Og ingen bør bli lurt av det faktum at motverdi blir feil framstilt og rasjonalisert som verdinøytralitet av kapitalen sine feira ideologar.

Derfor var det overveldande, under Gorbatsjovs perestroika som det gjekk så ille med, at hans ”sjefsideolog” (som han vart kalla offisielt) i fullt alvor kunne slå fast at den kapitalistiske marknaden og vareforholda der var instrument som hadde i seg ”universelle menneskelige verdiar” og at dei var ”noe av det største som den menneskelige sivilisasjonen hadde oppnådd” og når han til desse groteske kapitulerande forsikringane tilføydde at dei til og med var ”garantien for fornying av sosialismen.[xx] Slike teoretikarar snakka heile tida om å ta i bruk ”marknadsmekanismen” når den kapitalistiske marknaden var alt anna enn ein nøytral ”mekanisme” som kunne nyttast. Denne marknaden var i røynde fylt med verdiar som ikkje på noen måte kunne kurerast og han må alltid fortsette å vere slik. Innan denne oppfatningsmåten, som på forunderlig vis er delt både av Gorbatsjovs sjefsideolog (og andre), og denne verda sine von Hayekar som på kraftfullt vis gjekk til felts mot alle idear om sosialisme som om det var ”Vegen til liveigenskap[xxi], blir bytte som generell handling på ein ahistorisk og antihistorisk måte sett lik med kapitalistisk bytte, og den stadig meir øydeleggande røynda under den kapitalistiske marknaden blir sett lik med ein generell velvillig eventyr”marknad”. Om dei innsåg det eller ikkje så kapitulerte dei på denne måten og idealiserte krava til eit omsynslaust system for naudsynt marknadsdominans ( som til sjuande og sist ikkje kan skiljast frå imperialismen sine herjingar) som krevjast av dei indre bestemmingane i kapitalen si ordning for samfunnsmessig stoffveksling. Denne kapitulerande stillinga blei også omtala på ein endå  meir øydeleggande måte i Gorbatsjovs reformdokument. For her insisterte han at:

Det fins ikkje noen alternativ til marknaden. Bare marknaden kan sikre tilfredsstillinga av folk sine behov, ei rettferdig fordeling av rikdom, samfunnsmessige rettar og styrking av fridom og demokrati. Marknaden vil sikre at sovjetøkonomien er organisk lenka til verdsmarknaden og gi innbyggarane våre tilgang til alt verdssivilisasjonen har oppnådd.[xxii]

Når vi tar omsyn til den totale mangelen på realitet i Gorbatsjovs ønsketenking rundt ”ikkje noe alternativ”, kunne dette forsøket naturligvis bare ende i det mest audmjukande og katastrofale samanfallet av systemet av sovjettypen, og ikkje i ei forventa sjenerøs tilførsle av alle dei vedunderlige framgongane og godane som den globale marknaden skulle føre med seg på alle område.

9.5.5

Det er ikkje noe tilfeldig eller overraskande i at forslaget om at ”det fins ikkje noe alternativ” tar ein slik framtredande plass i dei samfunnsøkonomiske og politiske omgrepa som er formulert ut frå kapitalens standpunkt. Sjølv ikkje dei største borgarlige tenkarane, som Adam Smith og Hegel, er noe unnatak når det gjeld dette. For det er absolutt sant at den borgarlige ordninga anten lukkast i å hevde seg i form av dynamisk kapitalutviding eller er fordømd til å mislukkast til slutt. Sett frå kapitalen sitt standpunkt kan det verkelig ikkje finnast noe tenkelig alternativ til endelaus kapitalutviding og det bestemmar så visjonen til alle som tar dette standpunktet til seg. Men tileigninga av dette standpunktet tyder også at spørsmålet om kva pris vi må betale for ukontrollert kapitalutviding forbi eit visst tidspunkt, når oppgangsfasen i systemet si utvikling er tilbakelagt, ikkje kan vere med i rekninga i det heile tatt. Overgrepet mot historisk tid er derfor den naudsynte konsekvensen av å ta til seg kapitalens standpunkt ved internalisere systemet si utvidingstrong som det mest grunnleggande bestemmande kriteriet som absolutt ikkje kan endrast. Dette må vinne fram sjølv i omgrepa til dei største borgarlige tenkarane. Det kan det ikkje finnast noen alternativ framtid som har karakteristiske trekk i definisjonen som vil vere avgjørande forskjellig frå den som allereie er etablert. Dette er grunnen til at sjølv Hegel, som formulerer det historiske omgrepet på si tid på eit vis som på alle måtar er det djupaste, må bringe historia til ein slutt på ein tilfeldig måte i kapitalens uforanderlige notid, mens han idealiserer den kapitalistiske nasjonalstaten[xxiii] som det uoverstigelige høgdepunkt på all tenkelig historisk utvikling, til tross for den skarpe oppfatninga han har av dei øydeleggande følgjene til heile systemet av nasjonalstatar.

Innan borgarlig tenking kan det derfor ikkje finnast noe alternativ til å påby det skadelige dogmet om ikkje noe alternativ. For den idealiseringa som følgjer med av – og enno ein gong karakteristisk nok ukvalifisert – ”forbruk” overser den elementære sanninga at det kan ikkje vere noen forskjell mellom øydelegging og forbruk viss vi ser det frå kapitalen sin ståstad. Det eine er like så godt som det andre for det formålet som ein krev. Dette er slik fordi kjøp og sal innan kapitalforholdet på ein vellukka måte fullfører omløpet til kapitalens aukande sjølvreprodusering, slik at han er i stand til å opne eit nytt omløp. Og dette skjer på dei mest øydeleggande måtar som er innbakt i det militær-industrielle komplekset med det som varene derifrå blir brukt til i dei umenneskelige krigane det driv. Dette er det einaste som verkelig tyder noe for kapitalen, same kor ikkje-berekraftig følgjene kan bli. Følgja av at sosialistar gjør til sitt eige kapitalen sitt krav om utviding som det naudsynte grunnlaget for den tilrådde veksten, er at dei godtar ikkje bare ein isolert påstand, men heile ”pakka”. Anten dei veit det eller ikkje så godtar dei då samstundes alle dei falske alternativa, som ”vekst og ikkje-vekst”, som vi kan utleie av den ukritiske tilrådinga til naudsynt kapitalutviding.

Vi må forkaste det falske alternativet som ikkje-vekst representerer fordi godtakinga av det vil eviggjøre den grueligaste fattigdomen og ulikskapen i rang og makt som dominerer verda i dag, med den kampen og øydelegginga som ikkje kan skiljast frå dette. Den rotfesta fornektinga av denne måten å nærme seg saka på kan bare vere eit nødvendig utgangspunkt. Den ibuande positive dimensjonen i visjonen vår drar med seg ei grunnleggande omdefinering av rikdommen sjølv. Under kapitalen sin samfunnsmessige ordning for stoffveskling blir vi konfrontert med den framandgjorte herskinga til rikdommen over samfunnet. Dette verkar direkte inn på alle sidene ved livet, frå den trongt økonomiske sida til dei kulturelle og åndelige sidene ved livet. Følgjelig kan vi ikkje komme oss ut or kapitalen sin vonde sirkel, med alle dei bestemmingane og alternativa som til sjuande og sist er øydeleggande, utan å snu opp ned på dette livsviktige forholdet. Vi kan ikkje klare det utan at vi får samfunnet – samfunnet av frie individ som har slått seg saman – til å herske over rikdommen, og samstundes omdefinerer deira frie tilhøve til tid og kva produkt av menneskelig arbeid blir brukt til. Som Marx skreiv allereie i eit av dei tidlige verka sine:

I eit framtidssamfunn der fiendskapen mellom klassane er slutt, der det ikkje lenger er klassar, vil bruk ikkje lenger blir bestemt av det minimum av tid det tar å produsere noe. Den tida vi bruker for å produsere ein artikkel vil vere bestemt av den graden av samfunnsmessig nytte artikkelen har.[xxiv]

Dette tyder at ein utan kompromiss sluttar å sjå på rikdom som ei fetisjistisk materiell eining som må oversjå dei verkelige individa som skapar rikdommen. Kapitalen må oversjå individa når han på falsk vis forlangar å vere identisk med rikdom, som ”skapar og lekamliggjøring av rikdom”, når han legitimerer sin eigen samfunnsmessige kontroll over stoffomsettinga på ein sjølvrettferdiggjørande måte. På denne måten er kapitalen fienden til den historiske tida – ved å ta over rikdomsrolla på ein illegitim måte og ved å undergrave den mulige bruken av han. Det er dette vi må rette opp for å sikre at menneska kan overleve. Ut frå det må alle delane av dei forholda som utfaldar seg mellom historisk sjølvbestemmande, verkelige individ bli brakt saman i eit forskjellig samfunnsmessig rammeverk for stoffomsettinga, saman med den rikdommen dei skapar og fordelar på ein positiv måte gjennom ein medviten bruk av den einaste levedyktige tidsmåten – disponibel tid. Som Marx seier:

verkelig rikdom er den utvikla produktivkrafta til alle individ. Målet på rikdom er ikkje då lenger, på noen måte, arbeidstid, men heller disponibel tid. Arbeidstid som mål på verdi sett rikdommen sjølv som noe som er grunnlagt på fattigdom, og då eksisterer disponibel tid i og på grunn av den fiendtlige motsetnaden til meirarbeidstid; eller heile tida til individet blir sett som arbeidstid og derfor blir han degradert til bare ein arbeidar, innordning under arbeidet.[xxv]

Disponibel tid er individets aktuelle historiske tid. I kontrast til dette er naudsynt arbeidstid, som trengs for kapitalen sin måte for samfunnsmessig kontroll av stoffomsetting, ahistorisk og nektar individa den einaste vegen til å bekrefte og realisere seg sjølv som verkelige historiske subjekt som har kontroll med sin eigen livsprosess. I form av kapitalens naudsynte arbeidstid er individa underkasta ei tid som opptrer som tyrannisk domar og nedverdigande mål utan appellrett, i staden for å at tida sjølv skulle vera dømt og målet i høve til kvalitative menneskelige kriteria ”ut frå behova til dei samfunnsmessige individa”.[xxvi] Kapitalens antihistoriske tid, som på ein pervers måte gjør seg sjølv til noe absolutt, legg seg slik over menneskelivet som eit fetisjistisk bestemmande trekk som reduserer levande arbeid til tida sin ”levande substans”, slik vi har sett det ovanfor. Under den alternative ordninga for stoffveksling er derfor den historiske utmaninga å gå frå at kapitalens frosne tid herskar som ei framandgjørande bestemming, til at denne stoffomsettinga blir fritt bestemt av dei samfunnsmessige individa sjølve som medvite egnar seg til å verkeliggjøre dei valde måla sine ved å bruke dei samanlikningsvis mykje rikare ressursane sine av disponibel tid enn det som kunne bli pressa ut av dei under tyranniet til den naudsynte arbeidstida. Dette er ein absolutt livsviktig forskjell. Bare individa i samfunnet kan verkelig bestemme sin eigen disponible tid, i skarp kontrast til naudsynt arbeidstid som dominerer over dei. Tileigninga av disponibel tid er den einaste tenkelige og rette måten for å omforme tid frå ei tyrannisk bestemming til ein byggande del som er bestemt på ein autonom og kreativ måte.

9.5.6

Denne utfordringa medfører opphevinga av den strukturelt tvungne, hierarkiske, samfunnsmessige arbeidsdelinga. For så lenge som tida dominerer samfunnet i form av tvangen til å utvinne meirarbeidstid frå den overveldande majoriteten, må dei som leiar denne prosessen føre ein verkelig forskjellig form for eksistens, som er i samsvar med den funksjonen dei har, når dei er villige til å presse på dei andre det framandgjørande tidskravet. Samstundes blir det overveldande fleirtalet av individa ”degradert til å bare vere arbeidarar, rekna inn under arbeidet”. Under slike vilkår må den samfunnsmessige reproduksjonsprosessen søkke stadig djupare ned i si eiga strukturelle krise, med dei farlige følgjene at det til slutt ikkje er mulig å vende attende.

Marerittet om ”den stilleståande tilstanden” fortsett å vere eit mareritt, sjølv nå vi prøver å gjøre det lettare å halde ut, slik som John Stuart Mill foreslo, gjennom den illusoriske, isolerte kuren – betre fordeling. Det kan ikkje finst noe slikt som ”betre fordeling” utan ein radikal omstrukturering av sjølve produksjonsprosessen. Det sosialistiske hegemoniske alternativet til kapitalstyret krev at vi heilt kjem over den oppsplitta dialektikken i det livsviktige forholdet mellom produksjon, distribusjon og forbruk. For utan det er det sosialistiske målet, å gjøre arbeidet til livets første behov, utenkelig. For å sitere Marx:

I ein høgare fase av det kommunistiske samfunn, etter at individa si slavebundne underordning under arbeidsdelinga og dermed også motsetnaden mellom åndsarbeid og kroppsarbeid er forsvunne, etter at arbeidet ikkje bare er eit middel til   halde oppe livet, men sjølv er blitt det fremste livsbehovet, og etter at produktivkreftene har vekse samstundes med individa si allsidige utvikling og når alle kjeldene til fellesskapen sin rikdom flyter meir rikelig – først då kan den snevre borgarlige rettens horisont heilt overskridast og samfunnet kan skrive på sine faner: Frå ein kvar etter evne,  til ein kvar etter behov! [xxvii]

Dette er dei overgripande måla for den sosialistiske omdanninga som gir kompasset for reisa og samstundes også målet på kva som er oppnådd (eller ikkje oppnådd) på vegen. Innan ein slik visjon for det hegemoniske alternativet til kapitalens si samfunnsmessige ordning for reproduksjonen kan det ikkje vere plass for slikt som ”den stilleståande tilstanden”, og heller ikkje for noen av dei falske alternativa som blir knytt til eller utlikna frå denne.

La oss ta eit svært viktig eksempel på kva som er ulækjelig gale under kapitalens herrevelde når det gjeld dette. Då kan vi tenke på måten vi brukar den stadig veksande bilparken på i vårt samfunn. Dei ressursane som blir sett over styr på produksjon av bilar og drivstoff til dei er umåtelig store under den ”framskridne kapitalismen” og representerer den nest største utgifta, etter bustadutgifter, for dei enkelte hushalda. Men meiningslaust nok er bruksraten for bilar mindre enn ein prosent, noe som blir rettferdiggjort på ein falsk måte ved den eksklusive eigedomsretten til bilkjøparane. På same tid blir det verkelige alternativet, som er heilt gjennom mulig å sette ut i livet, ikkje bare oversett, men aktivt sabotert av dei massive forretningsinteressene til halvmonopolistiske korporasjonar. For den enkle sanninga er at det som individa har behov for (og som dei ikkje oppnår til tross for dei tunge avgiftene og skattane som blir lagt på dei) er tilstrekkelige transporttenester og ikkje ei økonomisk sløsande og mykje miljøøydeleggande privateigd vare som og gjør at dei misser tallause timar av livet sitt, mens dei blir haldne fast i helseskadelige bilkøar. Det er tydelig at det verkelige alternativet ville ha vore å utvikle den offentlige transporten til det kvalitetsmessig høgaste plan som tilfredsstiller naudsynte målestokkar når det gjeld økonomi, miljø og helse godt innanfor spelerommet til eit slikt fornuftig oppfølgt prosjekt. Dette er eit alternativ der vi samstundes kan tildele bruk av  bilar som er kollektivt eigd og fordelt på ein passande måte, men ikkje privat eigd, til særskilde formål. Slik vil individa sine behov, i dette tilfellet deira genuine trong for skikkelige transporttenester, bestemme måla for produksjon og vedlikehald av kjøretøy og transportmiddel (som vegar, jernbanenettverk og navigasjonssystem) i samsvar med prinsippet om best mulig tilpassa bruk, i staden for at individa blir totalt dominert av det etablerte systemet sin fetisjistiske trong etter profitabel kapitalutviding som til sjuande og sist blir øydeleggande.

Innan nær framtid må vi ta opp det uunngåelig spørsmålet som vi fram til i dag har hatt ein tendens til å unngå, nemlig den verkelige økonomien. For i landa i den såkalla tredje verda er det utenkelig å følgje det sløsande mønsteret for ”utvikling” frå fortida. Dette mønsteret har i røynda dømd dei til den usikre og farlige tilstanden som dei lever under i dag, under herreveldet til kapitalen sin måte for samfunnsmessig reproduksjon av stoffskiftet med naturen rundt. Den høglydte mislukkinga til dei ”moderniseringsteoriane” som det har blitt reklamert mykje for og dei institusjonane som er bygd opp for å fremme desse, demonstrerer klårt kor håplaus den tilnærmingsmåten er.

9.5.7

På ein måte har vi nylig sett at noen i det minste har ropt fare når det gjeld dette forholdet, men karakteristisk nok har dei samstundes pressa på for å få bekrefta og halde oppe privilegia til dei dominerande kapitalistiske landa. Det gjeld den aukande internasjonale trongen etter energiressursar og innblandinga til noen potensielt enorme økonomiske makter, særlig Kina, i den prosessen som utfaldar seg i konkurransen om desse. I dag er dei spesielt uroa over Kina,  men innan ikkje for lang tid må vi også legge til India i lista over store land som uunngåelig  må presse på for å sikre seg livsviktige energiressursar. Og når vi legg saman folkesetnaden i Kina og India så snakkar vi om to og ein halv milliard folk. Naturligvis er det slik at det vil ha totalt øydeleggane følgjer for oss alle om dei verkelig følgjer rådet i boka Stadia i økonomisk vekst[xxviii] som fekk grotesk mykje reklame, der det blir lagt frem ein overflatisk resept for ”kapitalistisk take off og drift mot modning”. For eit samfunn med to og ein halv milliard folk bygd på modellen frå USA, der det fins meir enn 700 bilar på 1000 folk, vil føre med seg at alle vil vere daude innan kort tid på grunn den giftige forureininga som fordelane av dei globale ”moderniserande” tiltaka vil føre med seg, for ikkje å snakke om at oljereservane vil vere oppbrukt på kort tid. Men samstundes må vi på den andre sida seie at ingen på alvor kan hevde at dei landa vi snakkar om for all framtid skal måtte halde seg der dei no er. Å tenke seg at dei to og ein halv milliard folka i Kina eller på det indiske subkontinentet kan blir varig dømd til å leve under dei noverande forholda og vere tungt avhengige av dei framskridne kapitalistiske delane av verda, er å vere altfor godtruande. Det einaste spørsmålet er: kan menneska finne ei løysing som er fornuftig og brukande og verkelig rett og rimelig når det gjeld det kravet om samfunnmessig og økonomisk utvikling til dei det dreier seg om, eller blir det ei framtid med fiendtlig konkurranse og øydeleggande kamp om ressursar, slik det passar seg innan dei retningsgjevande rammene og driftsprinsippa til kapitalen sin måte å kontrollere den samfunnsmessige reproduksjonen på.

Den tvingande påskundinga til å tileigne seg ein annan måte for å organisere det økonomiske og samfunnsmessige livet kom opp over horisonten i vår tid på ein annan måte også, nemlig i form av økologien. Men igjen er det slik at den einaste brukelige måten vi kan møte dei stadig alvorligare problema i den globale økologien på, er å skifte frå den eksisterande ordninga med eit sløsande hushald ut frå fetisjistisk talfesting til ei talfesting gjennom ei ordning som er genuint retta inn på kvalitet. Dette må vi gjøre dersom vi vil møte dei stadig alvorligare problema og motsetnadane i det globale hushaldet, frå deira direkte verknader på slike spørsmål som global oppvarming til det elementære kravet om reint vatten og rein luft. Slik sett er økologi ei viktig, men underordna side av den naudsynte omdefineringa til å bruke dei produserte tinga og tenestene ut frå kvalitet, og utan dette kan tilskundinga til ein varig, berekraftig økologi for menneska ikkje bli noe anna enn eit fromt ønske, sjølv om det er heilt naudsynt.

Det siste punktet vi vil legge vekt på i denne samanhengen er at det tvingande naudsynet til å møte desse problema ikkje må bli undervurdert, for ikkje å sei minska, slik som kapitalen sine forretningsinteresser, som er støtta av statssamanslutningane til dei dominerande imperialistlanda, fortsett å gjøre i den uavvendelige rivaliseringa dei imellom.  Ironisk nok blir dei objektive krava for å skape ei fornuftig, berekraftig og globalt samordna reproduksjonsordning når det gjeld samfunnsmessig samvirke som kan fungere, stadig brote, sjølv om det fins mykje propagandasnakk om ”globalisering”. Når vi går ut frå det  noverande trinnet i den historiske utviklinga, er den ukuelig sanninga at vi treng verdsomspennande løysingar fordi det fins verdsomspennande utfordringar som stadig forverrar seg når vi ser på alle dei største sakene som vi har diskutert i denne seksjonen. Men det er likevel slik at den største bekymringa vår er at kapitalen sin metode for samfunnsmessig reproduksjon av stoffskiftet ikkje er i stand til å opne for levedyktige globale løysingar, når vi ser på dei indre, fiendtlige strukturbestemmingane hans og den øydeleggande måten dei trer fram på. Når den fastlåste naturen til kapitalen er gitt, er han ikkje noe viss han ikkje kan vinne fram i form av strukturell dominans. Men den uskiljelige andre dimensjonen til strukturell dominans er strukturell underordning. Dette er den måten kapitalens metode for samfunnsmessig reproduksjon av stoffskiftet alltid har fungert på og alltid må prøve å fungere på, og det drar med seg dei mest øydeleggande krigane som vi  har hatt meir enn ein forsmak på i vår tid. Den valdelige stadfestinga av dei øydeleggande, tvingande naudsynte trekka til den globale hegemoniske imperialismen, gjennom den tidligare ufattelige øydeleggingsmakta til den globale hegemoniske makta, USA, kan ikkje bringe globale løysingar på dei stadig verre problema, men bare global ulukke. Det er slik det uunngåelige naudsynet for å løyse desse globale problema, på ein måte som er historisk berekraftig, set utfordringa med å skape sosialisme i det 21. hundreåret på dagsordenen som det einaste brukelige hegemoniske alternativet til kapitalens metode for samfunnmessig kontroll med stoffskiftet mellom menneska og naturen rundt (produksjon) og menneska imellom (forbruk).

9.6 Det nasjonale og det internasjonale: Korleis dei utfyllar kvarandre på dialektisk vis i vår tid

9.6.1

Ei av dei største hindringane for sosialistisk utvikling har vore og er den hardnakka forsømminga av det nasjonale spørsmålet. Grunnen til denne forsømminga er både noen tilfeldige, men langtrekkande  historiske bestemmingar og den kompliserte teoretiske arven får fortida. I tillegg er det slik at dei to er tett samanvevd når naturen til dei sakene det gjeld er gitt.

Når det gjeld dei praktiske og historiske utviklingstrekka som bestemmer dette må vi først av alt hugse at dei moderne nasjonane blei danna under borgarskapet si klasseleiing. Denne utviklinga fann stad i samsvar med den samfunnsøkonomiske tvangen som ligg innbakt i den sjølvutvidande drifta til mangfaldet av kapitalar, frå den svært avgrensa lokale verknaden som dei først hadde, mot ein stadig større kontroll over territoria, i stadig konflikt med kvarandre. Desse konfliktane nådde høgdepunktet sitt i to øydeleggande verdskrigar i det tjuande hundreåret og i den potensielle øydelegginga av menneskeslekta i vår eiga tid.

Det systemet av mellomstatlige forhold som blei danna under den sjølvutvidande tvangen til kapitalen kunne bare vere ulækjelig skadelig. Dette systemet måtte heile tida styrke den høgt privilegerte stillinga til ein handfull av dei nasjonane som var i ei imperialistisk stilling. I heilt motsatt retning måtte det samstundes sette alle dei andre nasjonane i ei strukturelt underordna knipe med alle tilgjengelige middel, medrekna dei mest valdelige. Ein slik måte å sette saman verda på har vore framherskande ikkje bare ovafor dei små nasjonane, men sjølv  i nasjonar som hadde mykje fleire innbyggarar enn deira framande undertrykkarar, som til dømes India under det britiske imperiet. Når det galdt dei koloniserte nasjonane blei den økonomiske og politiske bindinga deira tvunge på dei av dei dominerande imperialistiske maktene også takk vere den underdanige medverknaden til deira eigne herskande klassar. Derfor er det karakteristisk at dei ”etterkoloniale” endringane utan noen vanske reproduserte dei tidligare metodane for dominans i alle viktige forhold, sjølv om det formelt sett skjedde på litt endra måtar, og slik har systemet med strukturell dominans og binding fortsett heilt fram til i dag.

Dei kapitalistiske mellomstatlige forholda, slik dei verkelig har blitt under den historiske utviklinga, bygger på dominans og underordning og bare eit monumentalt mirakel kunne ha endra det på ein tydelig måte. For kapitalen, som kontrollerande kraft i den økonomiske og samfunnsmessige reproduksjonsprosessen, kan ikkje vere noe anna enn strengt hierarkisk og autoritær i sine inste bestemmingar, sjølv i dei mest privilegerte imperialistiske landa. Korleis kan eit samfunnmessig og politisk system vere likeverdig på det internasjonale planet når det i den kapitalistiske varianten sin er kjenneteikna av ”autoritære forhold på arbeidsgolvet og marknadens tyranni”? (Marx.) At det for kapitalen er absolutt naudsynt å ha indre dominans over eigen arbeidskraft kan gjerne passe saman med at ein gir noen avgrensa privilegia til sin eigen arbeidande folkesetnad ut frå den ekstra fordelen som kjem frå imperialistisk dominans, for å skape ei sjåvinistisk feiloppfatning. Men ein slik praksis fører ikkje den minste grad av likskap i rang og makt inn i forholdet mellom kapital og arbeid i det privilegerte imperialistiske landet der kapitalen heilt og halde held fast på, og alltid må  halde fast på, makta til å ta avgjerder i alle dei verkelige sakene. Derfor er det heilt absurd å antyde  at ytre mellomstatlige forhold i systemet, på tvers av slike fastlåste, indre strukturbestemmingar, kan vere noe anna enn grovt urettferdig. For det vil vere å late som om noe som etter naturen sin er djupt skadelig kan produsere genuin likskap i rang og makt, mens forholda under den utanlandske dominansen, som er tvinga på dei dominerte landa, i røynda fører til stadig forverra vilkår.

På grunn av dette var det forståelig at den sosialistiske reaksjonen på eit slikt system måtte bli ein radikal negasjon og ei understreking av trongen til eit kvalitativt forskjellig tilhøve mellom dei ymse nasjonane anten dei var store eller små,  på grunnlag av oppheving av dei framherskande antagonismane og innan rammene av ei verkelig samarbeidande, internasjonal ordning. Men dette blei gjort meir komplisert i det tjuande hundreåret av det tragiske omstende at den første vellukka revolusjonen som hadde ei sosialistisk endring av samfunnet som prosjekt, fann stad i Tsar-Russland. For det landet var også på den tida eit undertrykkande fleirnasjonalt imperium. Dette var ein viktig grunn til at Russland, som Lenin karakteriserte det, var ”den veikaste lekken i den imperialistiske kjeda” på eit punkt i tida, og dermed hadde tilhøve som var gunstig for utbrotet av revolusjonen. Denne påstanden viste seg å vere heilt rett. Men den andre sida av saka var ikkje bare dei alvorlige økonomiske tilbakeliggande tilhøva i dette området, men også den fælslige arven frå det undertrykkande fleirnasjonale imperiet som representerte umåtelig store problem for framtida.

Krangelen om ”sosialisme i eit land” raste i mange år etter at Stalin konsoliderte makta si. Men vanlegvis utelet ein i heile diskusjonen at Sovjetunionen ikkje var eit land i det heile, men ei mengd av nasjonalitetar delt av djupe urettar og innbyrdes antagonismar som dei hadde arva frå tsarimperiet. Det at dei ikkje klarte å handsame skikkelig dei potensielt eksplosive motsetnadene frå dei nasjonale urettane etter at Lenin var daud, førte til slutt til oppløysinga av heile Sovjetunionen. Kontrasten mellom Lenin og Stalin sin måte på møte desse problema på kunne ikkje ha vore større. Mens Lenin heile tida talte for dei forskjellige nasjonalitetane sin rett til full autonomi heilt fram til at dei kunne danne eigne statar, så degraderte Stalin dei til ”grenseregionar” som måtte kontrollerast same kva det kosta og som strengt måtte innordne seg under seg dei russiske interessene. Dette er grunnen til at Lenin klårt fordømde han og hevda at dersom det synet som Stalin hevda vann fram, slik det seinare gjorde, så ville ”fridommen til å gå ut av unionen, som vi rettferdiggjør oss med, vere bare ein papirlapp som ikkje er i stand til å forsvare ikkje-russarane mot angrepet til den verkelige russiske mann, den storrussiske sjåvinisten”.[xxix] Han understreka kor alvorlig skade den politikken som blei følgt gjorde og sa klart frå kven som hadde skulda. ”Det politiske ansvaret for heile denne storrussiske, nasjonalistiske kampanjen må vi sjølvsagt legge på Stalin og Dsjersjinskij.”[xxx] 

Lenin døydde i januar 1924 etter ein lang sjukdomsperiode som gjorde at han ikkje kunne arbeide. Etter det blei alle råda hans når det galdt det nasjonale spørsmålet viska ut då Stalin sin ”storrussiske” politikk, som handsama dei andre nasjonalitetane som underordna ”grenseregionar”, blei sett ut i livet. Dette bidrog mykje til den ”blokkerte utviklinga” som kjenneteikna sovjetsamfunnet etterpå. Sjølv framgangsmåten til Gorbatsjov og følgjesveinane hans var kjenneteikna av den same kjensla av manglande realisme som dei andre teoretiseringane og praksisane, slik som eg prøvde å understreke godt før Sovjetunionen fall saman.[xxxi] Dei heldt fast på fantasien om ”den sovjetiske nasjonen” med det einskapelige sjølvmedvitet som han skulle ha,  mens dei naivt eller lettsindig oversåg dei eksplosive indre problema i den ”sameinte sovjetiske nasjonen”. Samstundes prøvde dei å rettferdiggjøre nedgraderinga av dei forskjellige nasjonale samfunna, medrekna dei baltiske, kviterussiske og ukrainske, til statusen ”etniske grupper”.

Under Stalin sitt styre kunne dei bruke autoritære middel, og til og med gå så langt som til å deportere heile nasjonale minoritetar, for få tilslutning til eit slikt uanstendig blendverk. Men straks dei måtte gi opp den vegen, kunne ikkje noe få den fryktelige arven frå det undertrykkande tsaristiske, fleirnasjonale imperiet og den påfølgande oppretthaldinga av dei fiendtlige motsetnadene der, til å vare. Derfor var det bare eit spørsmål om tid kor snart den etterrevolusjonære sovjetstaten, som langt frå var ”eit land”, skulle gå i oppløysing under den utålelige vekta av sine eigne mangfaldige motsetnader og kva særeigen form det ville ta.

9.6.2

Den langvarige neglisjeringa av det nasjonale spørsmålet har visselig ikkje bare vore avgrensa til dei vanskane som sprang ut av at Sovjetunionen mislukkast med å løyse dilemma sine. Tendensen i den vesteuropeiske sosialistiske rørsla til å gå inn i ei blindgate med omsyn til det nasjonale spørsmålet, og det tett tilknytte internasjonale spørsmålet, kom fram lenge før den russiske revolusjonen. I røynda klaga Engels bittert allereie førtito år tidligare, på den tida dei diskuterte gothaprogrammet i Tyskland, at ”det prinsippet at arbeidarrørsla er ei internasjonal rørsle er i praksis fullstendig avsverja.”[xxxii] Utan at ein sluttar seg til ein samanhengande heilt internasjonal posisjon som verkelige kan haldast oppe, er den radikale opphevinga av kapitalens eksisterande ordning utenkelig ut frå ein sosialistisk synsstad. Men den opportunistiske manøvreringa som var innretta på å sikre einskap blant dei politiske styrkane som skulle godkjenne gothaprogrammet, bar med seg alvorlige nasjonalistiske ettergifter som ein måtte betale ein svært høg pris for i framtida. Den fullstendige kapituleringa til det tyske sosialdemokratiet ovafor den aggressive borgarlige sjåvinismen då Første Verdskrigen braut ut, var bare det logiske høgdepunktet til denne farlige omsnuinga av den politiske utviklinga i Tyskland og forsegla derfor også lagnaden til den Andre Internasjonalen.

Det er viktig å hugse her at ingen av dei fire internasjonalane har lukkast i å oppfyllet det håpet ein hadde til dei, til tross for at dei blei grunnlagd ut frå ei forventing om at makta til den internasjonale solidariteten skulle vinne fram ovafor kapitalen sin strukturelt hierarkiske dominans over arbeidskrafta. Den Første Internasjonalen fall saman allereie på Marx tid som eit resultat av at arbeidarrørsla spora av som internasjonal rørsle mot slutten av 1870-talet og det blei skarpt kritisert av Engels, slik vi alt har sett. Den Andre Internasjonalen bar med seg frøa til denne motsetnaden og gjorde dei til svære planter som grodde ustoppelig og bare venta på eit historisk høve, som kom med Første verdskrigen, før medlemma av internasjonalen gjekk over på dei rivaliserande krigspartia si side og med det diskrediterte heile rørsla på ein lagnadsfull måte. Denne diskrediterte ”Arbeidarinternasjonalen”, og dei medlemmene som hadde danna han, fortsette med å i identifiserer seg med sitt eige borgarskap, og slik slutta dei å ha noe med dei livsviktige kriteria for sosialistisk internasjonalisme å gjøre, og han blei seinare gjenoppretta som organ for samfunnsøkonomiske tilpassing og institusjonell fornekting av klassekampen. Rosa Luxemburg si vurdering oppsummerte, med stor klårleik, kva desse endringane tydde ved å legge vekt på at ”sosialdemokratiet hadde fornekta sjølve grunnlaget for eksistensen sin ved å tilbakevise at klassekamp fans”.[xxxiii] Derfor var det bare eit spørsmål om tid før dei sosialdemokratiske partia over heile verda slutta seg til ei stilling der dei ope forsvarte den etablerte ordninga.

Med den skammelige mislukkinga av 2. internasjonalen som bakgrunn blei 3. internasjonalen grunnlagd i etterkant av Oktoberrevolusjonen. Men den organisasjonen mislukkast også med å fylle rolla som ein organisasjon som utvikla ein genuin sosialistisk internasjonalisme. Det var eit resultat av at Stalin underordna dei andre,  medrekna tilhøvet til partia innan sjølve 3. internasjonalen, under dei sovjetiske statsinteressene og tvinga den autoritære politikken sin, når det galdt handsaminga av internasjonale saker, på dei. Oppløysinga av denne organisasjonen som ein kommunistisk internasjonale (Komintern) og omdanninga av han til Kominform – dvs. ein internasjonal informasjonsorganisasjon – løyste ikkje noe. For til og med Kominform var einvegskjøring fordi all kritikk av sovjetsystemet var absolutt tabu i Stalins levetid. Til tross for den stadige auken i motsetnader og krisesymptom tok sjølv ikkje Krustsjov, etter at Stalin var daud, opp dei grunnleggande problema under samfunn av sovjettypen, som ein type samfunnsmessig utveksling, då kan kom med sin alvorlige kritikk av Stalin si ”persondyrking” med dei negative følgjene dette hadde.

Då dei erkjente alvoret i krisa, under Gorbatjovs glasnost  og perestroika, var den korrigeringsmåten dei såg for seg, uskiljelig frå det å sette kursen mot gjenoppretting av kapitalismen. Når det galdt den Fjerde Internasjonalen kunne han aldri nå statusen til ein internasjonal organisasjon med innverknad på massane, til tross for det grunnleggaren hans meinte. For det er slik at oppgåva med å utvikle den naudsynte sosialistiske internasjonalismen ikkje kan lukkast dersom den strategiske visjonen ikkje kan, med Marx sine ord, ”gripe massane”.

Det nasjonale spørsmålet tok derfor uunngåelig form av ei polarisering mellom ein handfull undertrykkande statar og det overveldande fleirtalet av statar som var undertrykt av imperialismen. Og det var eit svært skadelig tilhøve som dei arbeidande klassane i dei imperialistiske landa var djupt delaktige i. Dette tilhøvet var heller ikkje avgrensa til direkte militær dominans. Formålet med den militære dominansen, kor tid som helst han vart sett i verk anten gjennom store militære operasjonar eller utøving av ”kanonbåtdiplomati”, var å sikre den maksimalt tenkelige utbyttinga av arbeidskrafta i dei erobra landa på varig vis, og slik tvinge på heile verda den karakteristiske måten for kapitalistisk samfunnsmessig kontroll med utvekslinga mellom menneske og natur og menneske og menneske. Dette er grunnen til at det under ”avkoloniseringa” etter 2. verdskrigen var mulig å gi opp direkte militær og politisk kontroll med dei tidligare imperia utan å endre innhaldet i dei etablerte forholda med strukturelt herrevelde og underordning, slik det passar seg under kapitalen sitt system.

USA var ein pioner med omsyn til dette. USA utøvde direkte militær dominans i noen land, som Filippinane til dømes, som var nært knytt til dei etablerte tilhøva med strukturell dominans og underordning og samfunnsøkonomisk overherredømme over den folkesetnaden det galdt. På same tid sikra USA sin massive dominans over heile Latin-Amerika ved å påtvinge landa på kontinentet ei strukturell binding, utan at det var naudsynt for militæret å gripe inn. Men USA  brukte, utan å stusse, open eller tildekka militær intervensjon i sin sjølverklærte ”bakgard” kor og kor tid som helst det blei stilt spørsmål ved oppretthaldinga av den utbytande dominansen. Ein av dei måtane dei føretrakk for å påtvinge herreveldet sitt var ”heimlig” militær kasting av valde regjeringar og oppretting av ”venlegsinna” diktatur som dei rettferdiggjorde på dei mest kyniske og falske måtar, frå militærdiktaturet i Brasil til Pinochets Chile.

Likevel var hovudstrategien til USA for sikre utbytingsinteressene sine i tida etter 2. verdskrigen utøving av økonomisk herrevelde, knytt nært saman med den løgnaktige ideologien ”demokrati og fridom”. Dette passa godt saman med ein spesiell fase i kapitalen si historiske utvikling då dei politiske og militære stengsla til dei gamle imperia viste seg å vere rett avleggse når det galdt å verkeliggjøre muligheitene for ei kapitalutviding som var betre egna i høve til den nykoloniale praksisen i etterkrigstidas verd. USA var i ein mest ideell stilling når det galdt dette, både som den mest dynamiske delen av den globale kapitalen i drivet etter produktiv utviding og som ei land som kunne hevde at det ikkje  hadde noen trong til direkte politisk og militær dominans over koloniar i motsetnad til dei franske og engelske imperia. Derfor tyder det svært mykje at denne ”demokratiske supermakta” i vår tid har måtte ta til dei mest sløsande og brutale former for militære intervensjonar og okkupasjonar som eit svar på strukturkrisa i kapitalen, i eit forgjeves forsøk på å løyse denne krisa ved å tvinge seg på resten av verda som leiaren av den globale hegemoniske imperialismen. Dette har også svært farlige innverknader på menneska sin sjanse til å overleve på  jorda.

Denne nyaste versjonen av imperialisme var (og er) ei form for  dominans som ikkje er mindre skadelig for dei store massane av arbeidande folk enn forgjengaren sin. Følgjelig er det utenkelig å oppnå sann internasjonalisme utan ei radikal frigjøring av dei mange undertrykte nasjonane, ikkje minst i Latin-Amerika, frå den fortsette dominansen til undertrykkarnasjonane. Dette er tydinga til legitim defensiv nasjonalisme i dag, slik som Lenin understreka heilt frå byrjinga. Den positive dimensjonen ved internasjonalismen må utfylle denne defensive nasjonalismen for å kunne lukkast.

9.6.3

Internasjonal solidaritet er noe som bare er positivt muleg for kapitalen sin strukturelle antagonist. Han er i harmoni med patriotisme som i teoretiske diskusjonar sjølv på venstresida vanlegvis blir forveksla med borgarlig sjåvinisme. Denne forvekslinga er ofte ei meir eller mindre medviten orsaking for å fornekte at det er naudsynt å bryte lenkene til den utbytande strukturelle avhengigheita som også arbeidarane i den ”framskridne kapitalismen” har fordelar av, sjølv om det er i mykje meir avgrensa grad enn klasseantagonisten deira. Men patriotisme tyder ikkje at vi skal identifisere oss sjølv utelukkande med dei legitime nasjonale interessene til vårt eige land når det blir truga av ei framand makt. Og absolutt ikkje at vi skal identifisere oss med den kapitulerande oppførsla til vår eigen herskande klasse som gjorde at Lenin og Luxemburg heilt rett råda oss til å rette våpna mot den indre utbytarklassen. Patriotisme tyder også full solidaritet med den ekte patriotismen til dei undertrykte folka.

Vilkåret for å verkeliggjøre ein slik patriotisme er ikkje bare ei endring i dei framherskande mellomstatlige forholda, sjølv om det til ein viss grad motverkar diktatet til framherskande, utanlandsk politisk eller militær binding. Vilkåret for å lukkast varig kan bare vere ein langvarig kamp mot kapitalen sin hierarkiske strukturelle dominans, så lenge det trengs og over heile verda. Utan dette kan noverande og tidligare frigjøring frå politisk og militært herrevelde til framande makter bli omgjort og herreveldet kan bli oppretta att i sin gamle form eller i nye former når nye situasjonar oppstår. Internasjonal solidaritet med dei undertrykte krev derfor vår fulle merksemd og at vi i praksis tar omsyn til desse livsviktige, strategisk retningsgivande prinsippa.

Sosialistisk internasjonalisme er utenkelig utan full respekt for håpa til det arbeidande folket i andre nasjonar. Bare ein slik respekt kan gjøre det objektivt mulig med positivt, samarbeidande utveksling. Heilt sidan han blei skriven ned første gong har den marxistiske teorien understreka at ein nasjon som dominerer andre nasjonar tar frå seg sjølv sin eigen fridom – ein leveregel som Lenin aldri slutta å ta opp att. Det er ikkje vanskelig å sjå kvifor det må vere slik. For alle former for mellomstatlig dominans føreset eit strengt regulert rammeverk for samfunnsmessig utveksling der noen relativt få har tileigna seg kontrollfunksjonen. Ein nasjonalstat som er bygd opp slik at han er i stand til å dominere andre nasjonalitetar, eller såkalla grenseregionar eller perifere regionar, føreset at dei politisk aktive innbyggarane er medskuldige i dominansen og slik blir forvirra og svekka når det gjeld håpet om å frigjøre seg sjølv.

Derfor er den radikale opphevinga av det framherskande systemet for svært skadelige mellomstatlige forhold, som har vart lenge, eit absolutt krav i den sosialistiske teorien. Denne opphevinga gir grunnlaget for å forstå den defensive nasjonalismen. Men det naudsynte, positive alternativet til kapitalen si samfunnmessige ordning kan ikkje vere defensiv. For alle defensive stillingar lider under at dei til sjuande og sist er ustabile og då kan sjølv dei beste forsvarsstillingane bli overmanna under konsentrert eld viss tilhøva endrar seg til fordel for fienden. Det vi treng som svar på kapitalen si perverse globalisering er utviklinga av eit levedyktig positivt alternativ. Det tyder ei internasjonal samfunnsmessig ordning for reproduksjonen som er innført og driven på grunnlag av verkelig likskap i rang og makt hos dei mange som deltar i ho og som ikkje er definert på ein formell måte, men på ein måte som kan identifiserast materielt og kulturelt. Strategien for positiv internasjonalisme tyder at vi erstattar dei absolutt skadelige og uunngåelig konfliktskapande strukturprinsippa i kapitalen sine reproduktive ”mikrokosmos” (dei særskilde produktive og fordelande føretaka som dannar det omfattande ”makrokosmos” i systemet) med eit heilt ut samverkande alternativ.

Det øydeleggande drivet til den transnasjonale kapitalen kan ikkje bli lindra, for ikkje å sei oppheva på ein positiv måte, på det internasjonale planet, bare gjennom aksjonen til særskilde nasjonale regjeringar. For den fortsette eksistensen av dei antagonistiske ”mikrokosmos” og deira underordning under stadig større strukturar av den same konfliktskapande typen (som dei gigantiske transnasjonale internasjonale korporasjonane som oppstår gjennom konsentrasjon og sentralisering av kapital i dag) reproduserar før eller seinare med naudsyn dei konfliktane som midlertidig er blitt neddempa. Derfor definerer vidare den positive internasjonalismen seg som ein strategi for å gå bortanfor kapitalen, og som ein strategi for samfunnsmessig kontroll med utvekslinga ved å hjelpe til med å koordinere på ein omfattande måte ein omfattande ikkje-hierarkisk form for avgjerdssmakt[xxxiv], så vel på  det materielle som  det kulturelle og politiske planet. Med andre ord ein kvalitativt forskjellig måte for å ta avgjerder, der dei livsviktige kontrollerande funksjonane i den samfunnsmessige reproduksjonen kan bli overført til medlemmene av ”mikrokosmosa” og der samstundes aktivitetane til desse kan blir passande koordinerte slik at dei omfamnar dei mest omfattande nivåa fordi dei ikkje er riven i stykkar av uforsonlige fiendtlige motsetnader.

9.6.4

Slike fiendtlige motsetnader viste seg å vere uoverstigelige sjølv då Simón Bolívar gjorde heroiske forsøk på å skape eit levedyktig alternativ. For det som dei trengte for å lukkast var ei omforming av heile samfunnsordninga langt ut over sjølv slike tiltak som den legale frigjøringa av slavane. Bolivár, som strevde for å finne ei varig løysing på problem før det var historisk mulig, opplevde stor fiendskap sjølv i Latinamerikanske land som han ytte større tenester en noen annan og der han blei kjent og æra under kallenamnet Frigjøraren. Som eit resultat levde han dei siste åra av livet sitt i tragisk isolasjon.

Når det galdt fiendane hans i USA som kjende seg truga av spreiinga av dei opplyste tankane hans om likskap[xxxv], så nølte dei ikkje med å fordømme og avvise ham som ”den farlige galningen frå sør”[xxxvi]. Dette galdt både internasjonalt (dei var slaveeigarar som var direkte utfordra av Bolivár si frigjøring av slavane) og det galdt rådet hans om harmoniske forhold mellom statar over heile verda.

Den viktigaste hindringa var den skarpe kontrasten mellom den politiske einskapen mellom dei Latinamerikanske landa som Bolivár råda til og den djupt motseiingsfylde og konfliktmetta samansetninga av deira samfunnsmessige mikrokosmos. Som ei følgje av det kunne sjølv dei edlaste og mest veltalande appellane om politisk einskap bare virke mens trusselen frå den fiendtlige spanske kolonimakta var akutt. Men i seg sjølv kunne ikkje ein slik trussel lækje dei interne antagonismane. Denne situasjonen kunne heller ikkje bli endra på ein radikal måte av Bolívar si framsynte påvisning av den nye faren. Nemlig at ”Dei sameinte statane av Nord-Amerika ser ut til å vere lagnadsbestemd til å dømme Amerika til fattigdom i fridommens namn”. Det var ein fare som José Martí, i same ånd,  understreka endå sterkare seksti år seinare.[xxxvii] Begge var like realistiske i diagnosane sine av dei nye farene som dei var sjenerøse med å foreslå ideelle løysingar på menneska sine alvorlige problem. Bolivar då han råda til ein måte å få saman alle nasjonane på ein harmonisk måte ved å gjøre Panamastretet  til hovudstad i heile verda på same vis ”som Konstantin ville gjøre Bysants til hovudstaden på den antikke halvkula”,[xxxviii] og Martí då han insisterte på at ”patria es humanidad”: ”menneskefellesskapen er fedrelandet vårt.”

Då desse ideala blei formulert peikte den historiske tida framleis i motsett retning: mot den fryktelige skjerpinga av dei samfunnsmessige fiendtlige motsetnadane  og mot dei to verdskrigane med den gruelige årelatinga som følgde. Mot slutten av livet måtte Bolívar, tragisk nok, medgi at Amerika si tid ikkje var inne, slik han hadde sett det føre seg. I dag er situasjonen svært endra, Bolívars ”Amerika si tid” har komme på ein måte som gjør at det ikkje er mulig å halde oppe dei gamle vilkåra  for USA sin halvveges dominans over Latin-Amerika. Ut frå dette synspunktet samsvarer interessa av effektiv nasjonal sjølvråderett for dei latinamerikanske landa heilt med det naudsynte tildrivet for å overvinne nasjonale klagemål over heile verda, sidan dei få imperialistiske landa sin dominans over mange land har blitt ein historisk anakronisme som ikkje kan oppretthaldast.

Dei endra historiske vilkåra kan ikkje bli omgjort ved det faktum at dei tidligare imperialistiske landa, og framfor alt USA som er det sterkaste blant dei, prøver å snu historias hjul og kolonisere oppatt verda. Deira plan for å oppnå dette kan vi sjå ut frå den måten dei har brukt under førehavande av den såkalla ”krigen mot terror”. Den nye lindringa – som ikkje er anna enn å sette i gong ein oppattkoloniserande framstøyt, er jammen synlig når vi ser på korleis dei nylig har sett i verk øydeleggande militære tiltak med påskott om at det er såkalla ”krig mot terror”. Det er verkelig slik at dei mest aggressive maktene  hevdar at den nye kuren – nemlig å sette i gong noe som i røynda er ein utilslørt nykoloniserande verksemd – er det viktigaste vilkåret for å lukkast i deira kynisk rettferdige ”krig mot internasjonal terror” innan den ”nye verdsordninga”. Men dei er dømd til å misslukkast med dette tiltaket.

Mange forsøk i fortida på å rette på rettferdige nasjonale klagemål har blitt avspora av sjåvinistiske strategiar. For ut frå naturen til dei problema det gjeld, er det slik at dei påtvinga nasjonale interessene til dei dominerande landa ikkje kan vinne fram på varig vis, til skade for dei rettferdige samfunnsmessige måla til andre nasjonar, når dei skadar dei tiltrengte heilt likeverdige internasjonale vilkåra for mellomstatlige forhold. Den langsiktige historiske verdien av det bolivariske prosjektet, som pressar på for å få strategisk einskap og likskap i dei latinamerikanske landa, ikkje bare mot USA, men, slik  dei ser det for seg, innan det breiast mulige rammeverket for harmonisk internasjonal einskap mellom alle, kan derfor ikkje vere klårare. Det er verkelig slik at dei latinamerikanske landa kan spele ei pionerrolle i dag når det gjeld å verkeliggjøre samfunnsmessig og politisk einskap i interessene til heile menneskefellesskapen. Ingen av dei kan lukkast aleine, sjølv bare i å stille seg negativ til deira mektige motstandar i Nord-Amerika, men saman kan dei vise oss alle ein veg frametter ved å sette i verk ei positiv konføderert løysing. Fordi dei ikkje er tynga ned av dei mange europeiske imperialistiske og halvimperialistiske tradisjonane frå fortida er det lettare for dei å vere i ei stilling der dei kan klare det.

Forskjellige delar av verda delar og lid under dei alvorlige problema som kjem av nasjonale motsetnader. For å forstå dette er det nok å sjå på Midt Austen som stadig er heimsøkt av krigar, den valdelige oppdelinga av det tidligare Jugoslavia, oppløysinga av Sovjet Unionen og alle problema etter det (som i Tsjetsjenia), dei opne og kvilande konfliktane i Mellom Europa, dei alvorlige antagonismane som av og til bryt ut på det indiske subkontinentet, dei nasjonale klagemåla i Canada som er langt frå løyste og dei forskjellige væpna konfrontasjonane i Nord og Sentral Afrika. Utan å ta grep om det langvarig oversette problemet med å opprette likeverdige mellomstatlige tilhøve gjennom å respektere korleis det nasjonale og det internasjonale utfyllar kvarandre på ein passande måte i vår tid, er det utenkelig å finne løysingar på dei underliggande problema.

Ut frå dei fiendtlige strukturelle bestemmande kvalitetane i kapitalen sin måte for kontroll med utvekslinga mellom menneske og natur og mellom menneske og menneske, som når høgdepunktet sitt med den imperialistiske dominansen av dei få over dei mange, kan vi bare lukkast med dette gjennom ein konsekvent sosialistisk tilnærmingsmåte. Men vi må og sjå på den andre sida av saka. Det er nemlig slik at vi ikkje kan gjennomføre den heilt naudsynte sosialistiske omdanninga av den måten vi reproduserer oss på gjennom utvekslingsmåten med naturen og kvarandre dersom vi ikkje kan sette i verk verkelig brukande tiltak som løyser dei langvarige nasjonale klagemåla frå dei dominerte landa innan ei ramme av verkelig likeverdig internasjonalisme. For det er bare ein slik historisk tilpassa strategi som er i stand til bringe fram den positive fellesnemnaren over at alt i dei nasjonale og internasjonale dimensjonane for samfunnsmessig samkvem, som også kan løyse den alvorlige strukturkrisa i samfunnsordninga vår.

9.6.5

Det er nok slik at kapitalismen ikkje fann opp utbytting og undertrykking. For fleire tusen år sida var det slaveopprør som blei brutalt undertrykte, og store bondeopprør, som blei undertrykt med same brutaliteten, braut ut fleire hundre år før kapitalen si reproduktive ordning falda seg ut og stabiliserte seg. Det nye ved kapitalen var forsøket på å få universelt godkjent sin eigen variant av samfunnsøkonomisk og  politisk utbytting og å få gjort han til noe varig. Det same gjeld nasjonal og etnisk diskriminering og undertrykking. Dei har og mykje djupar historiske røter enn dei siste tre eller fire hundre åra, sjølv om dei skadeligaste imperialistiske mellomstatlige forholda med dominans og underordning bare vart framherskande under herreveldet til den ”utvikla kapitalen”.

Av dette følgjer at problem som gjeld nasjonal og etnisk diskriminering ikkje kan bli heilt ut overvunne utan at vi er merksam på dei djupare historiske røtene deira. Nasjonale klagemål peiker på eit mykje breiare bilete, nett som dei gamle spørsmåla om utbytting og undertrykking. Viss vi tar omsyn til den lange historia med hierarkisk dominans og utbytting kan angrep på den kapitalistiske varianten bare vere ein del av svaret, sjølv om det er sant at det utgjør den klåraste utfordringa og det klåraste utgangspunktet i vår tid. Det same er tilfelle når det gjeld dei klåraste nasjonale motseiingane og klagemåla. Med omsyn til begge desse setta av grunnleggande uløyste problem krev det sosialistiske alternativet følgjelig at vi må gå laus på dei i lys av heile det historiske perspektivet dei har og søke ned til den djupast grunnen deira i leiting etter eit varig lækjande middel som skapar ein ny epoke. Vi må gripe dei i deira djupast historiske røter som den kapitalistiske varianten bare er eit skot av, same kor viktig og verdsdominerande det no er. Viss vi ikkje gjør dette, vil eit nytt antagonistisk skot gro fram ein gong i framtida. Når det gjeld det sosialistiske alternativet var det nett denne vekta av klassebestemmingar gjennom heile historia som fekk Marx til å trekke ei skarp grense mellom det han kalla ”menneska si forhistorie” og den verkelige menneskehistoria. Ei oppfatning av historia som ein kvalitativt forskjellig måte for kontroll med produksjon og fordeling som blir medvite dirigert i samsvar med dei måla menneska har vald, der dei samfunnsmessige individa er dei verkelige historiske subjekta. (Dei som sjølv skapar historia. Omsettarens kommentar.)

Kampen rundt desse livsviktige bekymringane har prega menneska si historie i tusenvis av år, sjølv om han måtte ta nye former med endra omstende og den tilsvarande endringa av menneska sjølve. Attila Jószef viser denne prosessen med dramatiske samfunnsmessige og nasjonale konfliktar i den fulle historiske intensiteten sin i det storslagne diktet Ved Donau (”A Dunánál”). Han gjør det ved bruk av lysande poetisk fantasi og ved å spørje elva – ”som er fortid, notid og framtid” og likevel ein uutskiljelig og personifisert del av og vitne til menneskehistoria – for å framføre sine eigne svar. Ved å framføre visjonen sin i form av eit inspirert vekselspel mellom poeten sine utsiktspunkt og den gamle, mektige elva, klarer Jószef å få fram for oss alle dei tankevekkande dimensjonane i den historiske tida med stor humanitet, saman med den djupt følte byrda av historisk ansvar. På denne måten kan han levandegjøre dei største fiendtlige motseiingane som er ”valdsamt utkjempa” i fortida og notida mellom dei ”mange nasjonalitetane”, saman med rørande råd om kva løysingar dei treng.

Slik snakkar Attila Jószef til oss i dei siste to strofene av det store diktet:

            Eg er jorda, alt som var og er,

            dei mange nasjonalitetane med hang til lagnadsfull konflikt.

            Erobrarane triumferer med meg i dauden sin,

            og eg blir torturert av lidinga til dei erobra.

            Árpád og Zalán, Werböczy og Dózsa,[xxxix]

            tyrkarar, tartarar, slovakar, rumenarar sviv rundt i dette hjartet,

            i djup skuld til fortida

            med ei mild framtid, å, ungararar i dag!

 

            Eg vil arbeide. Det er hardt nok

            at vi må vedgå oss fortida.

            Å mektige Donau – som er fortid, notid og framtid –

            dei mjuke bølgjene flyt i rolig omfamning.

            Den fælslig utkjempa kampen til forfedrane

            løyser seg opp i fred gjennom minnet om han.

            Å egne oss til dei felles oppgåvene, endelig å få orden på dei,

            det er jobben vår; og han er ikkje liten.  

Der vi no er i historia er vi alle utan unnatak ” i djup skuld til fortida med ei mild framtid”. Ja, vi er i slik skuld ikkje bare til fortida svært langt tilbake, men også til den farlig trugande notida. I skuld til ”ei mild framtid” som vi kan halde oppe heile tida og som kan sikrast i den alternative samfunnsmessige ordninga i menneska si verkelige historie, godt bortanfor dei ”fælslig  utkjempa kampane” ikkje bare til forfedrane, men også dei som vi framleis må kjempe mot dei øydeleggande maktene av i dag. Innsatsen har aldri vore  høgare, og vi kan ikkje vinne utan å overvinne dei seige fiendtlige motseiingane og farlige konfliktane som spring ut av nasjonale og etniske klagemål med deira mange lag og djupe røter og som i vår tid reproduserer den giftige planten til kapitalens stadig meir øydeleggande mellomstatlige forhold. Dei eksploderte i to øydeleggande verdskrigar i det tjuande hundreåret og no trugar dei direkte sjølve overlevinga til menneska.

Vi er på overtid med å  løyse dei gamle konfliktane og fiendtlige motseiingane arva frå fortida og forverra i notida. Men vi kan ikkje løyse oppgåva med å overvinne dei nasjonale klagemåla utan å grave fram dei mange laga av røter, nett som motseiingane i kapitalsystemet ikkje kan løysast gjennom reformer, men bare ved å rykke opp med rota, og det vil seie kapitalen sjølv, frå samfunnsstrukturen. Det er ikkje nok å ”avskaffe løneslaveriet” aleine når vi må sikte på å fjerne dei strukturelle bestemmande kvalitetane til utbytting og undertrykking i deira lange kontinuitet og endring. Alle former og tenkelige variantar av utbytting og undertrykking må utryddast med fast hand viss vi vil lukkast, medrekna dei kvilande og eksplosive nasjonale og etniske klagemåla som går svært langt tilbake i historia. Minnet deira heng ved i lang tid og medverkar ofte til at vidare fiendtlige motseiingar bryt ut. Slike minne kan vi ikkje kurere ved ganske enkelt å tenke annleis om fortida. Det er ei djup sanning at ”Den fælslig utkjempa kampen til forfedrane løyser seg opp i fred gjennom minnet om dei”. Men dette vil bare skje dersom dei historiske minna verkelig blir omskapt gjennom å gripe inn praktisk slik at dei nasjonale og etniske klagemåla blir retta opp på varig vis. Vi kan ikkje utsette på ubestemt tid løysinga av desse grunnleggande problema som vi saman bryr oss om. For å seie det med József: ”Å egne oss til dei felles oppgåvene, endelig å få orden på dei, det er jobben vår; og han er ikkje liten”.

9.6.6

Til sjuande og sist hadde José Martí heilt rett då han sette lys på den verkelige tydinga av patriotisme ved å insistere på at ”patria es humanidad” eller at heimlandet er menneskefellesskapen. For den slags heimland – som er kjenneteikna av at individa medvite identifiserar seg med dei positive verdiane i fellesskapen sin – er den einaste varige og berekraftige samfunnsordninga som ikkje kan bli riven i bitar av øydeleggande fiendtlige motseiingar. Slik sett er det ikkje eit fjernt ideal, men det naudsynte målet og kompasset og den naudsynte målestokken på om vi lukkast med den sosialistiske omformingsstrategien og som peikar fram mot opprettinga av den alternative måten for samfunnsmessig kontroll med reproduksjonen der det ikkje kan vere noe rom for nasjonal diskriminering og klagemål som følgjer at det. Det er den einaste brukelige internasjonale ordninga, i den djupaste tydinga av omgrepet, i kontrast til alle forsøk på å tvinge ei ordning på frå utsida eller ovanfrå som misslukkast  i fortida og som er bestemt til å misslukkast også i framtida.

Det som gjør denne ordninga berekraftig og mulig å halde oppe, er at Martí sitt heimland, som er definert i direkte forhold til menneskefellesskapen, stig fram frå dei positive indre bestemmingane i dei delane som han er danna av og harmoniserer alle dei særeigne utslaga av verkelig patriotisme med dei globale vilkåra for den pågåande verksemda med å verkeliggjøre dei. Desse to dimensjonane er uskiljelige i den sosialistiske strategien med sitt naudsynte overordna mål og rettleiande kompass. Vi kan ikkje få til noen berekraftig global og internasjonal utveksling utan at dei store forskjellane i folk sin patriotiske identifisering  med dei verkelige livsforholda i samfunnet sitt veks seg saman på ein positiv måte og omvendt – dette er eit absolutt krav i vår tid. Det kan ikkje fins ein patriotisme som er verd namnet sitt utan å få oppretta og styrka eit globalt/internasjonalt heimland der delane er tilpassa kvarandre og arbeider harmonisk saman. Bare dette kan gi definisjonen av patriotismen sjølv dei tiltrengte, positive karakteristiske eigenskapane hans. Slik fortsett den dialektiske måten som det nasjonale og internasjonale utfyllar kvarandre å vere eit livsviktig orienterande prinsipp i den framtida vi kan sjå for oss.

Naturligvis må vi ikkje undervurdere den organisatoriske dimensjonen til desse problema. Det er tvert imot slik at han får voksande viktigheit i lys av den nye trendane i den samfunnsøkonomiske og politiske utviklinga. For dei internasjonale aksjonane til den globale hegemoniske imperialismen, som no også tar form av store militære vågestykke, representerer ei enorm fare for framtida. Desse vågestykka roper etter utvikling av ei livsdyktig internasjonal ramme for handling. Utan det kan ikkje det tiltrenge hegemoniske alternativet til kapitalismen sin øydeleggande måte for samfunnsmessig og politisk kontroll med reproduksjonen, vinne fram.

Utviklinga og styrkinga av eit slikt rammeverk for sosialistisk internasjonal handling har ein svært framtredande plass ut frå dei naudsynte strategiske priorterte oppgåvene som vi må fullføre. Vi kan ikkje sjå på det bare som eit tilfeldig og periodisk svar på dei mest trugande utviklingstrekka på det økonomiske planet (t.d. miljø) og det politiske planet, men som eit samanhengande alternativ som utfaldar seg og som vi må støtte på alle område gjennom passande former for internasjonal handling. Det vi er opptatt av her er den historiske aktualiteten (og naudsynet) for slike organisatoriske tiltak som blir konsekvent følgt opp ut frå sine eigne strategiske referansar og halde oppe ikkje bare når ekstreme utfordringar oppstår – som til dømes når folk går saman i meir eller mindre spontant skapte masseprotestar mot imperialistiske militæroperasjonar – men på varig basis.

Det er ikkje til å unngå at ei alvorlig, kritisk gransking av fiaskoane i fortida er eit av dei viktigaste vilkåra som må oppfyllast i vår tid for at vi kan lukkast i å utvikle og styrke ein verksam internasjonal aksjonsmåte. For alle dei fire internasjonalane klarte ikkje på langt nær å oppnå dei erklærte måla sine, som tidligare nemnd. Viss det er slik at dårlige historiske vilkår hindra – og verre, stansa – ei vellukka historisk utviklinga av det sosialistiske organisatoriske alternative i fortida, er så vilkåra betre i dag?

I lys av den aukande øydeleggingskrafta i den herskande ordninga er trongen til tydelig framgong for dei radikale sosialistiske kreftene, som leiar for utviklinga av det hegemoniske alternativet til kapitalens reproduksjonsording, utan tvil svært stor i dag. Men ein slik trong er ikkje nok i seg sjølv same kor sterk og lovande han er. For vi kan ikkje oversjå den tunge vekta av indre splittingar i den radikale delen av den sosialistiske rørsla (i tillegg til den lenge framherskande reformistiske avsporinga i den andre delen) slik dei utvikla seg i fortida og fortsett å øve den plagsame splittande og negative påverknaden sin også i dag. Dei internasjonale fiaskoane i fortida kan ikkje bli reparert utan at vi tar laus på dette problemet, sjølv om dei historiske vilkåra for å utvikle og halde oppe ein organisatorisk fungerande radikal internasjonal aksjonsmåte er mykje meir gunstige i dag enn noen gong tidligare.

Med omsyn på dette er den største forskjellen at vi har nådd det historiske stadiet med kapitalsystemet sin strukturkrise. I handgripelige samfunnsmessige og politiske talemåtar tyder det at noen utvegar – som i fortida gjorde det mulig for kapitalen å handsame motsetnadene og antagonismane sine relativt enkelt under dei periodiske konjunkturkrisene – no har blitt blokkert, noe som produserer alvorlige komplikasjonar i framtida.

Blant dei viktigaste stengde utvegane er det to som trer fram som særs relevante her. Det gjeld for det første korleis kapitalen i fortida kunne få med seg den reformistiske arbeidarrørsla på å internalisere og aktivt fremje det uoppnåelige løftet om ”gradvis sosialisme” og tvillingbroren: ”parlamentarisk sosialisme” i forskjellige delar av Europa og den oppdikta opprettinga av sosialisme ved å ”erobre kommandohøgdene i økonomien” i Harold Wilsons Storbritannia – og på den måten lure og avvæpne den potensielle fienden sin. Men under det tunge trykket av kapitalen sin strukturkrise måtte dei reformistiske partia til slutt gi opp dei innbilt sosialistiske – men i røynda kapitulerande – strategiane sine og omdanne seg sjølv til opne forsvararar av den herskande ordninga, slik som ”New Labour” i Storbritannia. Denne utviklinga opna uunngåelig opp att spørsmålet om kva slags aksjonsretning vi må følgje i framtida for å kjempe mot dei forverra livsvilkåra for arbeidarane sjølv i dei framskridne kapitalistiske landa, same kor lenge det måtte ta å rette på den nederlagsprega fortida.

Den andre blokkerte utvegen er endå viktigare. Det dreier seg om at muligheita for å løyse systemet sine stadig større problem gjennom altomfattande krig, slik dei prøvde med dei to verdskrigane i det 20. hundreåret. Eg skreiv ved starten av kapitalen sin strukturkrise, mot slutten av Vietnamkrigen at:

..hovudet har blitt kutta av systemet ved at den endelige sanksjonen er blitt fjerna, nemlig: ein altomfattande krig mot verkelige eller potensielle fiendar … Å eksportere vald er ikkje lenger mulig i den tiltrengte massive skala. Forsøk på å gjøre det i avgrensa skala – som Vietnamkrigen[xl]- manglar ikkje bare evna til å fungere som erstattarar for den gamle mekanismen, men dei akselererer til og med dei uunngåelige indre eksplosjonane i systemet. Det er heller ikkje mulig å sleppe unna i det uendelige med den ideologisk villeiinga som den indre utfordringa frå sosialismen var: den einaste mulige løysinga på den noverande krisen, som ytre konfrontasjon: eit ”opprør” retta frå utlandet av ein ”monolittisk”  fiende. For første gongen i  historia er kapitalismen konfrontert globalt med sine eigne problem som ikkje kan bli ”utsett” mykje lenger, heller ikkje kan dei bli overført til det militære plan for å bli eksportert i form av altomfattande krig.[xli]

Eg la til i ein note til den siste setninga at ”Sjølvsagt kan ein slik krig skje, men den verkelige planlegginga og aktive førebuinga i det opne kan ikkje fungere som ein livsviktig indre stabilisator”.[xlii] Det er slik sjølv om dei nykonservative ”lure gutane” i Pentagon – med teoriar som grensar til galskap[xliii] – er meir enn villige til ”å tenkje det utenkjelige”. Men sjølv slike ekstreme formar for ufornuft kan ikkje fjerne dei langrekkjande verknadene til denne stengde utvegen. For den underliggande saka er ei uløyselig motseiing innanfor det reproduktive rammeverket til kapitalsystemet. Ei motseiing som, på den andre sida, trer fram gjennom den ustoppelige konsentrasjonen og sentraliseringa av kapital i global målestokk og på den andre sida, gjennom den manglande strukturelt påtvinga evna til kapitalsystemet når det gjeld å produsere den tiltrengde stabiliseringa i global  målestokk. Sjølv dei mest aggressive militære intervensjonane til den globale hegemoniske imperialismen – no til dags frå USA – på forskjellige stader i verda, må mislukkast når det gjeld dette.

Øydeleggingskrafta til avgrensa krigar, same kor mange, er svært langt frå å påtvinge alle stader, på varig basis, den uutfordra herskarrolla til ein einaste imperialistisk hegemonisk aktør og hans ”globale regjering” – den einaste tingen som kunne passe med kapitalens logikk. Bare det sosialistiske hegemonisk alternativet kan vise vegen ut at denne øydeleggande motseiinga. Det vil seie eit organisatorisk levedyktig alternativ som fullt ut respekterer at det nasjonale og det internasjonale tener kvarandre på ein dialektisk måte i vår tid.

9.7 Alternativ til parlamentarismen: Sameining av den materielt reproduktive (økonomiske) sfære og den politiske

Det naudsynte alternativet til parlamentarismen heng nøye saman med spørsmålet om verkelig deltaking som blei diskutert i seksjon 9.2. Tilsynelatande er den viktigaste forskjellen at mens dette prinsippet (deltaking) er eit fundamentalt og varig regulerande prinsipp for sosialistisk samvirke – same kor framskriden eller langt inn i framtida den sosialistiske forma er – så tvingar trongen til å produsere eit strategisk, haldbart alternativ til parlamentarismen seg på oss nett no på ein uunngåelig måte. Men dette er bare det mest synlige aspektet av det viktige problemet som dreier seg om korleis vi skal frigjøre den sosialistiske rørsla frå tvangstrøya til den borgarlige parlamentarismen. Det har også ein annan dimensjon som dreier seg om ei mykje breiare, og etter kvart like uunngåelig, utfordring som vanlegvis blir omtala i den sosialistiske litteraturen som ”bortvisninga av staten”. Dei tilsynelatande uoverstigelige vanskane med dette livsviktige prosjektet til Marx gjeld også med like stor vekt og relevans i høve til deltaking – som heilt autonomt, sjølvstyrt samfunn av dei fritt samverkande produsentane innan alle område, godt bortanfor dei formidlande hindra frå den moderne politiske staten (som er naudsynte i ei viss tid) – og til den varige måten for å sameine den materielt reproduserande og politiske sfæren, som det radikale alternativet til parlamentarismen slik vi kan sjå det for oss. Det er nemlig  slik at når vi ser på verkeliggjøringa den historiske oppgåva å sørgje for ”bortvisninga av staten” så er sjølvstyre gjennom full deltaking uskiljelig frå ei overvinninga av parlamentarismen som kan oppretthaldast over tid gjennom ei positiv form for verkelig avgjerdsprosess – i motsetnad til ein politisk avgrensa formell og juridisk avgjerdsprosess.

Det naudsynte med å få på plass eit haldbart alternativ til parlamentarismen spring ut av dei historisk særeigne politiske institusjonane i vår eiga tid. Dei har blitt omforma – til det verre, slik at dei er blitt ei lamande kraft i staden for ei kraft for mulig framgong – utetter i det tjuande hundreåret, og har skuffa bittert alle håp og forventningar som den radikale sosialistiske rørsla ein gong hadde. For det ironiske og på mange måtar tragiske resultatet av mange tiår med politisk kamp innan grensene for kapitalen sine sjølvtenande institusjonar – kjenneteikna av at dei ymse organiserte arbeidarklasserepresentantane tilpassa seg ”reglane for det parlamentariske spelet” – har vist seg å leie til at arbeidarklassen har blitt totalt fråtatt stemmerett i alle dei framskridne kapitalistiske statane under dei tilhøva som no eksisterer. Mens dei påsto å representere dei ”verkelige interessene til arbeidarklassen” har sosialdemokratane sin kapitulasjonen på denne måten, i røynda fullført den vonde sirkelen til denne prosessen med fullstendig fråtaking av stemmerett som det er umulig å sleppe ut frå utan å overvinne det historisk anakronistiske parlamentariske systemet sjølv på ein radikal og verkelig varig måte.

Kontrasten mellom dei verkelig eksisterande vilkåra i vår tid og lovnadene i fortida kunne ikkje vore større. Særlig når vi minnar oss sjølve om den politiske utviklinga i siste tredjedelen av det nittande hundreåret og det håpet som arbeidarrørsla hadde lagt inn i han. Som vi alle veit hadde arbeidarrørsla vist seg på den historiske scena lenge før dette og gjort dei første framstøytane sine som ei utanomparlamentarisk rørsle. Men i den siste delen av det nittande hundreåret fann det stad ei endring som tydde mykje med omsyn til dette. Vi fekk danna og styrka arbeidarklasseparti med masseoppslutnad der dei fleste orienterte seg sjølve i retning gradvis erobring av det politiske området der dei brukte val som middel for å innføre langtrekkande og varige strukturreformer i samfunnet som heilskap, ved å få oppslutnad om lovendringar frå alle. I røynda klarte også massepartia til arbeidarklassen å oppnå noen imponerande framgongar i val og som eit resultat av det tileigna dei seg og framelska ein svært problematisk forventing om same type suksess også med omsyn til dei materielle makttilhøva i samfunnet ”når tida er inne”. Slik blei den sosialdemokratiske reformismen dominerande innan arbeidarklassepartia i dei mektigaste kapitalistiske landa, og det sette den radikale fløya av arbeidarrørsla ut på sidelinja i fleire tiår.

Men ”når tida er inne” kom aldri og kunne aldri komme. Heilt frå starten kunne det ikkje vere noe anna enn ei sjølvmotseiing å innføre ei radikalt forskjellig samfunnsmessig ordning innan dei sjølvtenande målestokkane til kapitalen sin samfunnsmessige kontroll med utvekslinga mellom menneske og natur og mellom menneske og menneske. Det lenge lova landet som stadig blei proklamert innan desse strategiane kunne bare vere ei rolig rusling mot soriamorialandet i ei eventyrframtid anten no det blei kalla ”gradvis overgang til sosialisme” slik Bernstein og hans følgjesveinar gjorde, eller ”erobring av kommandohøgdene i økonomien” slik Harold Wilson og andre gjorde, for til slutt å bli høglydt og fullstendig forlate av det britiske ”New Labour” – og av tyske og mange andre sosialdemokratiske parti over heile verda.

I tillegg blir problemet endå alvorligare fordi noen av dei viktigaste partia til det radikale venstre, som også hadde vore vellukka i val, følgde den same øydeleggande vegen som dei partia dei hadde kritisert høglydt og tatt avstand frå. Og det var parti som var danna under den Tredje Internasjonalen og som kraftfullt og direkte hadde fordømt den uomgjengelige historiske mislukkinga til den sosialdemokratiske Andre Internasjonalen. I denne samanheng er det nok å tenke på ” den parlamentariske vegen til sosialismen” som dei italienske og franske kommunistpartia følgde. Ja, det er verkelig slik at det italienske kommunistpartiet (ein gong partiet til ein ikkje mindre revolusjonær person enn Antonio Gramsci) døypte seg sjølv om til ”Venstredemokratane” slik at dei fullt ut kunne tilpasse seg til å tene kapitalens ”demokratiske” ordning. Dei gjorde dette etter å ha kasta seg på den andre fantasistrategien, nemlig ”det store historiske kompromiss”, mens dei såg bort frå eller verkelig glømte at det trengs to for å inngå eit kompromiss, elles kan ein bare kompromittere seg sjølv. Og når vi hugsar at Mikhail Gorbatsjov, generalsekretæren i Sovjetpartiet – en gang Lenins eige parti, tiltok seg sjølve makta og retten til å oppløyse partiet ved dekret, og verkelig kunne sleppe unna eit slikt autoritært tiltak i namnet til glasnost og demokrati, skulle det vere eit klårt teikn på at noe som var grunnleggande feil måtte rettas oppatt når det gjeld desse sakene. Lengt etter fortida kan ikkje gi oss noen løysingar på dei underliggande problema. Alt dette er ikkje sagt som ”etterpåklokskap”. Dette er eit uttrykk som er vanlig for avbøye kritikk frå og rettferdiggjøre dei misslukka strategiane i fortida saman med dei folka som var ansvarlige for å påtvinge dei, som om det ikkje fans noe alternativ til å følgje ei slik handlingsretning inntil ”etterpåklokskapen” kom til syne på  horisonten, og sjølv då blei sett på sidelinja og gjort makteslaus med sjølvrettferdig sarkasme. Den historisk dokumenterte verkelige tilstanden kunne ikkje ha vore meir forskjellig. For dei mest framsynte og djupt involverte folka, som fremma eit radikalt sosialistisk alternativ, og som var aktive på den tida då den store avsporinga av den organiserte sosialistiske rørsla auka på – Lenin og Rosa Luxemburg – diagnostiserte klårt farane som oppstod og viste, ikkje som ”etterpåklokskap”, men midt oppe i det, kor teoretisk og politisk tomme dei ”evolusjonære” reseptane var som ikkje kunne bli verkeliggjort. På eit endå tidligare stadium av denne prosessen mot endelig kapitulering og integrering inn i det borgarlige parlamentariske systemet gav også Marx ei åtvaring som ikkje var til å ta feil av då han i Kritikk av Gothaprogrammet insisterte på at det ikkje måtte vere noe kompromiss på prinsipp, men det blei ei røyst i øydemarka.

Den organiserte arbeidarrørsla måtte hauste sine eigne erfaringar same kor bitre dei til slutt blei. Gjennom ein lang historisk periode frametter såg det ut som om det ikkje fans noe anna alternativ enn å følgje det uoppnåelige løftet frå ”linja med den minste motstands veg” for det store fleirtalet av arbeidarrørsla. Løftet om og freistinga til å løyse dei svært komplekse problema i samfunnet gjennom dei relativt enkle prosessane til den parlamentariske lovgivinga var for store til å bli ignorert eller forbigått før bitter røynsle avslørte at den strukturelt nedgrave og påtvinga ulikskapen, når det galdt dei materielle makttilhøva til kapitalens fordel, måtte vinne fram også under den institusjonaliserte politiske tilstanden med ”demokratisk val” og ”likskap” sikra i val, men der dette i  røynda er strengt formelle saker og ikkje noe verkelig. I røynda var den objektivt sikra, institusjonelle fella for arbeidarrørsla endå meir komplisert på grunn av den korrumperande påverknaden frå valmaskineriet og den orsakande ideologien innretta på ”å søke majoritet” som var knytt til han. Rosa Luxemburg peikte på desse sidene ved problema for lenge sidan:

Parlamentarismen er den plassen der alle dei opportunistiske tendensane som nå fins i det vestlige sosialdemokratiet veks fram… [han] gir grobotn for slike illusjonar innan den noverande opportunismen som overvurdering av samfunnsmessige reformer, klassesamarbeid, partisamarbeid, håp om fredelig utvikling mot sosialismen, osb…  Med veksten av arbeidarrørsla blir parlamentarismen springbrettet for politiske karrieremakarar. Det er grunnen til at så mange ambisiøse mislukka personar flokkar seg under fanene til dei sosialistiske partia… [Målet er å] oppløyse den aktive, klassemedvitande delen av proletariatet til ein utflytande (amorphous) masse ”veljarar”.[xliv]

Naturligvis kunne den perverst sjølvtenande ideologien, som let som han har demokratisk respekt for den mytiske veljarskaren, bli passande brukt med det målet å kontrollerer politiske parti på eigenmektige måtar og ofte gjennom korrupsjon, og som nullar ut muligheita til å innføre sjølv mindre ”gradvise reformer”, slik som den nedslåande resultatlista frå det tjuande hundreåret klårt viser, noe som gir det resultatet at arbeidarklassen blir fullstendig fråtatt stemmeretten sin. Derfor er det ikkje på noen måte tilfeldig at forsøka på å innføre større samfunnsmessige endringar – i dei siste femten åra til dømes i Venezuela og no i Bolivia – har vore kopla saman med ein kraftfull kritikk av det parlamentariske systemet og at opprettinga av grunnlovgivande forsamlingar var det første skrittet mot dei tilrådde langtrekkande omdanningane.

9.7.2

Det er eit viktig teikn at kritikk av det parlamentariske systemet er mest like gamalt som parlamentarismen sjølve. Framlegginga av dei manglane som er ulækjelige sett frå eit radikalt perspektiv, begynte ikkje med Marx. Rousseau tok utgangspunkt i at makta tilhører folket og at det derfor ikkje kan avytrast på rettferdig vis, og han hevda på grunnlag av dette at det heller ikkje kan omdannast, på legitime måtar, til noen form av overgjeving av makt til representantar heller:

Dei som folk vel er derfor ikkje, og kan derfor ikkje vere, deira representantar; dei er bare tenarane deira og kan ikkje sette ut livet avgjørande handlingar. Kvar lov som folket ikkje har underskrive/godkjent et null verd – i røynda er det ikkje ein lov i det heile. Folket i England ser på seg sjølv som frie; men dei tar grovt feil; dei er frie bare under vala til medlemmer av Parlamentet. Så snart som desse er valde overtar slaveriet og det er ikkje noe. Slik som folket brukar dei korte fridomsaugneblinkane dei nyter, så viser det sannelig at det fortener å miste dei.[xlv]

Samstundes understreka også Rousseau det viktige punktet at sjølv om lovgivinga ikkje ein gong kan skiljast frå folket gjennom parlamentarisk representasjon, så må vi sjå på administrative og ”utførande” funksjonar i eit anna lys. Han formulerte det slik:

Når det gjeld utøvinga av lovgivande makt kan ikkje folket bli representert; men når det gjeld den utøvande makta, som bare er krafta som blir sett inn for å sette lova i kraft, både kan og bør dei bli representerte.[xlvi]

Slik sette Rousseau fram ein mykje betre fungerande versjon av politisk og administrativ makt enn han har fått kreditt for og blitt klaga for av kritikarane sine, sjølv dei på venstresida. Gjennom den tendensiøse feilframstillinga av Rousseau si stilling når det gjeld begge dei svært viktige prinsippa i teorien hans, som i tilpassa form er brukande også av sosialistar, blitt fråkjent kvaliteten sin og kasta over bord. Likevel er sanninga i denne saka på den eine sida at den grunnleggande avgjeringsmakta aldri skal fjernast frå dei breie massane av folket. Samstundes er det på den andre sida slik at det å sett ut i livet særskilte administrative og utførande funksjonar på alle område av den samfunnsmessige reproduksjonsprosessen sjølvsagt kan bli delegert for ei bestemt periode til medlemmer av eit gitt samfunn, under føresetnad av det er gjort ut frå reglar som er sett sjølvstendig av dei fritt samanslutta produsentane og skikkelig kontrollert av desse gjennom alle trinn av den verkelig bestemmande prosessen.

Derfor ligg ikkje vansken i dei to grunnleggande prinsippa sjølv som Rousseau formulerte, men i korleis dei skal knytast til kapitalen sin materielle og politiske kontroll av den samfunnsmessige stoffskifteprosessen. For oppbygginga av ein sosialistisk måte å ta bestemmingar på vil krevje at vi går inn i og radikalt omstrukturerer kapitalen sitt antagonistiske materielle område. Det må til for få ein avgjeringsprosess som både er i samsvar med prinsippet om at bestemmingsmakta ikkje kan fjernast frå folket (dvs. ”makta” til arbeidarane ikkje som ein særskild klasse, men som ein universell tilstand i samfunnet) og at det fins delegering av spesielle rollar og funksjonar under veldefinerte reglar som er smidig distribuerte og passande overvaka. Dette er ein prosess som verkelig må gå mykje lengre enn det som kan bli regulert på ein vellukka måte under dei tankane som kan avleiast frå Rousseau sitt prinsipp om folkesuverenitet som ikkje kan fråtakast og den påfølgande delegeringa. Med andre ord vil den ”lovgivande” prosessen under den sosialistiske ordninga måtte vere smelta saman med sjølve produksjonsprosessen på ein slik måte at den naudsynte horisontale arbeidsdelinga[xlvii] kan vere passende utfylt av eit system med sjølvbestemt koordinering av arbeid, frå dei lokale til dei globale plan.

Dette forholdet står i skarp kontrast til kapitalen si vertikale arbeidsdeling[xlviii] som blir utfylt av ”maktskiljet” i eit framandgjort ”demokratisk politisk system” som utan å kunne endrast blir pressa på dei arbeidande massane. For den vertikale arbeidsdelinga under kapitalens  herredømme påverkar og smittar på ein ulækjelig måte kvar fasett av den horisontale arbeidsdelinga også, frå dei enklaste funksjonane til dei mest kompliserte balanserande prosessane i den juridiske jungelen. Dei sistnemnde er ein stadig tettare juridisk jungel fordi dei uendelige tillegga av nye reglar og institusjonelle utvekstar må spele sin livsviktige del når det gjeld å halde under stram kontroll den verkelige og potensielt utfordrande oppførselen til den motvillige arbeidsstyrken, og vakte over avgrensa arbeidskonfliktar og sikre kapitalens altomfattande herredømme i det heile. Dei må også skape semje, innan kvar avgrensa tidsperiode i den historiske prosessen som faldar seg ut, mellom dei skilde interessene til dei mange kapitalane med den ukontrollerbare dynamikken til heile den samfunnsmessig kapitalen som tenderer i retning av  til slutt å hevde seg som ein global einskap.

Dei grunnleggane endringane som trengs for å sikre og halde oppe den sosialistiske omdanninga av samfunnet kan naturligvis ikkje bli oppnådd innanfor det politiske området som er danna og forbeina gjennom dei siste fire hundre åra med kapitalistisk utvikling. For den utfordinga som vi ikkje slepp unna når det gjeld dette gjør det naudsynt å løyse eit svært forvirrande problem: nemlig at kapitalen er den fremste utanomparlamentariske krafta i den samfunnsmessige ordninga vår, og likevel samstundes dominerar folkeforsamlinga frå utsida, mens han let som han bare er ein del av han, og seier at han opererer i forhold til arbeidarklassen sin alternative politiske kraft på heilt likeverdig grunnlag.

Sjølv om denne tilstanden gjennom verknaden sin er djupt villeiande, er ikkje vår bekymring bare eit spørsmål om det villeiande skinnet som dei politiske representantane for arbeidarrørsle er offer for. Det er med andre ord ikkje ein tilstand som dei folka som no er bedradde kan rive seg ut av gjennom passande ideologisk og politisk opplysning, utan trong til å endre radikalt den godt forankra samfunnsmessige reproduksjonsordninga. Uheldigvis er det mykje alvorligare enn det. For det falske skinnet sjølv veks ut av objektive strukturtrekk, og det blir stadig forsterka av dynamikken i kapitalsystemet gjennom alle omdanningane av det.

9.7.3

På ein måte kan det underliggande problemet kort karakteriserast som den historisk skapte skilnaden av politikken, som blir følgt i parlamentet og dei ymse institusjonelle vedhenga det har, frå samfunnet sin materielle reproduktive dimensjon, slik som det sistnemnde ligg i og praktisk blir fornya i mengda av produktive føretak. På grunnlag av ei tilfeldig historisk utvikling måtte kapitalismen, som ei samfunnsmessig reproduktiv ordning, utvikle og hevde seg sjølv mot dei framherskande politiske og materielt-produktive hindringane i føydalismen. I starten tok dette ikkje form av ei einskapelig, politisk kraft som gjekk rakt mot den føydalske politiske ordninga – dette siste skjedde relativt seint på det trinnet då det var sigerrike borgarlige revolusjonar i noen større land, på ei tid då det materielle grunnlaget som var gunstig for dei kapitalistiske prosessane var godt utvikla i desse samfunna – men gjennom at det oppstod ei mengd produktive føretak som var fri frå dei politiske hindringane i den føydale liveigenskapen, etter som dei materielt sett erobra ein stadig større del av den dynamisk endra, heilskapelige samfunnsmessige produksjonsprosessen.

Historisk vaks kapitalen fram i ei mengd produktive føretak som strevde etter å komme fri frå dei grensene føydalismen sette for utviklinga deira. Då dei var blitt mange og store nok var dei og blitt den største krafta i den samfunnsmessige reproduksjonsprosessen.

Men den vellukka framrykkinga til dei materielle reproduktive einingane var i seg sjølve langt frå slutten på historia, til tross for dei einsidige teoretiske tankespinna som følgde med. Dette var ikkje til å unngå fordi den politiske dimensjonen alltid var til stades i ei eller anna form, og i røynda måtte han spele ei stadig større rolle jo meir utvikla det kapitalistiske systemet blei, sjølv kor særeigen denne utviklinga var. For den store mengda med materielle reproduktive einingar som drog i kvar si retning måtte på ein eller annan måte bli trekt saman under den altomfattande kommandostrukturen til den kapitalistiske staten, slik at den nye ordninga for samfunnsmessig stoffveksling ikkje skulle falle frå kvarandre på grunn av fråver av ein samlande dimensjon.

Ønsketenkinga om den allmektige regulerande ”usynlige hand” viste seg å vere ei passande alternativ forklaring på den viktige rolla som politikken i røynda spelte. Illusjonane som naudsynt blei knytt til den kapitalistiske utviklinga som utfalda seg, blei godt illustrert av det faktum at ein framståande person i klassisk politisk økonomi, nemlig Adam Smith, ville bannlyse heilt ”politikaren, folkeforsamlinga, senatet og kva som  helst slikt frå å blande seg inn i økonomiske saker på noko viktig vis”, mens han avskreiv heile ideen som slik innblanding som ”ein farlig galskap og ei farlig antaking”. Og dette gjorde han på den tida då systemet var blitt stadig meir konsolidert og også politisk sikra i Storbritannia av den kapitalistiske staten, etter den vellukka sigeren over den føydale motstandaren eit hundreår tidligare i borgarkrigen og ”den ærefulle revolusjonen”. [xlix]

Det faktum at Adam Smith tok denne stillinga er forståelig sidan han meinte at kapitalens reproduktive ordning representerte ”det naturlige systemet for perfekt fridom og rettferd”.[l] Det følgjer at det i ei slik oppfatning av den reproduktive ordninga ikkje kunne vere korkje trong for, eller tillate rom for å tenke at politikken skulle gripe regulerande inn. For, slik Smith såg det, kunne politikken bare virke inn på eit slikt ”naturlig system”, som han meinte var i fullt samsvar med krava til fridom og rettferd, på ein fiendtlig og skadelig måte, sidan det alt var ideelt bestemt på førehand som noe godt for alle gjennom naturen sin[li] og som perfekt administrert av den ”usynlige handa”.

Det som mangla fullstendig i Adam Smith sitt bilete var det avgjørande spørsmålet om verkelig eksisterande maktforhold i indre konflikt. Utan dette kan ikkje dynamikken i den kapitalistiske utviklinga bli forklart, men dersom ein vedkjenner seg dette vil det blir absolutt naudsynt å gi ein passande form for politisk forklaring  også. I Smith sin teori blei plassen til konfliktfylte maktforhold tatt av ein mytisk oppblåst tanke om den ”lokale situasjonen” kopla saman med ideen om dei tilsvarande særeigne føretaka som var lokalt eigd av reint egoistiske individ som medvite, men likevel ideelt sett til fordel for heile samfunnet, dreiv den produktive kapitalen sin under den mystiske leiinga av den ”usynlige hand”. Denne lokalinnretta individualistiske, og likevel harmonisk altomfattande og universelt gunstige oppfatninga av kapitalens uoverstigelige konfliktfylte maktforhold var svært langt vekke frå røynda, sjølv på Adam Smiths tid.

Den store mangelen ved desse forskjellige antakingane, som det er mange av sjølv i de tjuande hundreåret, var at dei ikkje klarte å erkjenne og forklare teoretisk det indre objektive sambandet mellom den materielt reproduktive dimensjonen og politiske dimensjon i kapitalsystemet, som alltid vil vere framherskande til tross for det villeiande skinnet av at dei er skilde på ein måte som ikkje kan endrast. I røynda er det ikkje mulig at den etablerte samfunnsmessige kontroll med stoffskiftet kunne ha fungert og overleve ei viss tid utan det indre forholdet mellom dei to dimensjonane.

Men det er like naudsynt å understreke i denne samanhengen at det paradoksale samspelet mellom dei to avgjørande dimensjonane i kapitalsystemet, som er villeiande på utsida, men rotfesta i objektive strukturelle bestemmande trekk, har langtrekkande implikasjonar også når det gjeld å innføre det sosialistiske alternativet. For det er utenkelig å verkelig overvinne den etablerte ordninga ved å kaste den kapitalistiske staten gjennom politisk aksjon[lii], for ikkje å snakke om å vinne over utbyttingskreftene innan dei gitte rammene til den parlamentariske lovgivinga. Når vi prøver å gjøre det, kan vi ikkje på varig vis ta opp det sambandet som er naudsynt, men oppdelt i forvirrande smådelar, mellom det nedarva kapitalsystemet sine materielt reproduktive og politiske dimensjonar. Dette er grunnen til at ein historisk haldbar, radikal gjenoppretting av den uoppløyselige einskapen av den materielt reproduktive og den politiske sfære på varig vis er og fortsett å vere det viktigaste kravet når det gjeld å opprette den sosialistiske måten for samfunnsmessig kontroll med stoffvekslinga.

9.7.4

Sjølv i skriftene til dei største og mest progressive borgarlige intellektuelle var det ei uunngåelig følgje av at dei såg verda frå kapitalen sin synsstad, at dei oversåg eller såg bort frå dei harde realitetane i kapitalen sine konfliktfylte maktforhold, og framfor alt at dei i staden for den autoritære underkastinga og rå dominansen av arbeidarane innan desse maktforholda sette tilsynelatande ”likskap” mellom alle individ. Den blodige historia til den ”primitive akkumulasjonen”[liii] blei fjerna heilt frå starten av fordi dei tok kapitalen sin synsstad då den framveksande nye herskarklassen fortsette dei godt sikra utbyttingsmetodane til den førre herskarklassen – den føydale landeigedommen – sjølv om det gikk føre seg i ei ny form og slik igjen sette i relieff den viktige historiske kontinuiteten av forskjellige variantar av eldgammal klasseundertrykking og utbytting.

På det felles grunnlaget som spring ut av denne likskapen, passane omdefinert i samsvar med kapitalen sin natur og til tross for den påståtte trua på ”fridom og likskap”, måtte den varig naudsynte føresetnaden for den nye produksjonsordninga bli halden oppe, det vil seie det ”frie arbeidet”, den eksklusive eigedomsretten som eit ørlite mindretal hadde til dei avgjørande viktige, kontrollerande produksjonsmidla, mens det overveldande fleirtalet i samfunnet var utelukka frå dei – ei ordning som til sjuande og sist var politisk sikra av staten.

På same tid måtte den brutale realiteten når det galdt den tvungne utelukkinga av fleirtalet av folkesetnaden frå den kontrollerande makta i den samfunnsmessige ordninga både på det materielt/reproduktive så vel som det politisk/ideologiske området, bli teia i hel innanfor det sjølvbiletet som passa til nye måten for samfunnsmessig kontroll med stoffvekslinga. Det galdt og i dei beste sjølvbileta som kunne tenkast sett frå kapitalen sin sjølvtenande synsstad. På denne måten kan den villeiande skillinga av politikken frå den materielt reproduktive dimensjonen både oppfylle den konservative ideologiske og kulturelle funksjonen sin og samstundes bli feira som uovervinnelig. Hegel gav, for eksempel, i sitt system den mest geniale, filosofisk absolutte skillinga av den egoistiske materielle røynda i ”det sivile samfunn” og den politiske, ”etiske staten” som han sette opp som den ideelle korrigeringa av dei uunngåelige veikskapane i ”det sivile samfunn”. Ved å snu om på den verkelige årsaksfølgja skildra Hegel, på villeiande vis, den avgjørande viktige bestemminga å vere seg sjølv  nok som noe som sprang direkte ut av individa sjølve, endå om ho i røynda låg innbakt i kapitalen sitt uoverstigelige, ontologiske grunnlag og blei påtvinga individa som ikkje kunne velje seg vekk frå å handle innan rammene for den gitte samfunnsmessige ordninga for stoffskiftet. Følgjelig måtte individa ta til seg, som ein eigenskap inne i dei sjølv, systemet sin objektive sjølvaukande trong (det vil seie systemet sin sjølvtenande, uforanderlige trong til å dominere alle aspekta i samfunnet på den måten) som kapitalsystemet ikkje kunne leve utan, som om sjølvauke sprang ut av deira indre kjerne av naturbestemte personlige mål og hensikter, slik som dei tenkte seg at Pallas Athene sprang fullt væpna ut av Zevs sitt hovud. På denne måten var ikkje bare Hegel i stand til å produsere ein filosofisk absolutt dualisme av kapitalen si samfunnsmessige ordning, men også på same tid få til ei forgylling av den historiske utviklinga som samsvarte med ”verkeliggjøringa av fridom”  innan denne ordninga, som ”den sanne Theodicea: rettferdiggjøringa av Gud i historia”.[liv]

Den kritiske vurderinga av desse førestellingane, i alle sine variantar, er høgst vesentlig også i dag. Dersom vi held fram med ei førestelling av forholdet mellom det sivile samfunn og den politiske staten som seier at dei er to delar som ikkje heng nært saman (dualisme), kan det bare føre med seg strategiar som fører til at vi går vill, same kva side av den tosidige oppfatninga som får førsterang når vi skal handle. Det urealistiske i parlamentariske framstøytar er like gale som forventningar som er knytt til ideen om å løyse dei største problema våre gjennom den naive tiltrua til den institusjonelle motmakta i det sivile samfunn.

Å ta ei slik stilling kan bare gi som følgje at vi blir fanga i ei svært naiv oppfatning av naturen til ”det sivile samfunn” sjølv og av ei fullstendig ukritisk haldning til den store mengda av NGOar som, til tross for at dei karakteriserer seg sjølve som ”ikkje regjeringstilknytte organisasjonar”, eksisterer i lykkelig sameksistens med dei dominerande tilbakeliggande statsorgana som dei er avhengige av for den finansielle eksistensen sin. Og sjølv om vi tenkjer at noen organisasjonar er mykje viktigare enn dei vi kallar NGOar, slik  som fagorganisasjonane, så er ikkje situasjonen mykje betre med omsyn til dei. Følgjelig er det ikkje noe anna enn romantisk ønsketenking å handsame fagforeiningane, i motsetnad til dei politiske partia, som om dei aleine tilhøyrer ”det sivile samfunn” og derfor kan bli brukt mot den politiske staten for å få til ei djup sosialistisk omdanning. For i røynda er den institusjonelle sirkelen til kapitalen danna av ein gjensidig heilskap av det sivile samfunn og den politiske staten som treng djupt inn i kvarandre og støttar kvarandre på kraftfulle måtar. Det kan ikkje finnast noen realistisk strategi for sosialistisk omdanning dersom vi ikkje følgje opp verkeliggjøringa av einskap mellom dei politiske og materielt reproduktive dimensjonane også på det organisatorisk området. I røynda ligg det store frigjørande potensialet til fagorganisasjonen nett i at dei har evna til å spele ei radikal politisk rolle ( i det minste i prinsippet) som går langt ut over den ganske konservative rolla som dei no i det store og heile har, i eit medvite forsøk på å overvinne den lagnadstunge skilnaden mellom arbeidarrørsla sin ”industrielle arm” og hennar  politiske arm” (dei parlamentariske partia) som er splitta i stykkar under den kapitalistiske inngjerdinga av begge ved at fleirtalet i arbeidarrørsla har godtatt den parlamentariske dominansen i dei siste hundre og tretti åra.[lv]

At arbeidarklassen trådde fram på den historiske scena var bare ein upassande ettertanke etter det parlamentariske systemet som var danna godt før dei første organiserte kreftene til arbeidarklassen prøvde å heve stemma si offentlig for å fremme klasseinteressene sine. Frå kapitalen sitt standpunkt var det raske svaret ovafor ein slik upassende, men veksande ”plage” ei uhaldbar utestegning og forkasting av dei politiske gruppene det galdt. Men seinare blei det følgt opp av den mykje meir tilpassingsdugelige ideen om å temje kreftene i arbeidarrørsla på noe vis, først gjennom paternalistisk parlamentarisk sponsing av noen av krava til arbeidarklassen frå dei relativt progressive borgarlige politiske partia og seinare gjennom å dei godtok at det var legitimt for noen arbeidarparti å komme inn i sjølve folkeforsamlinga. Dette skjedde sjølvsagt i ei strengt regulert form gjennom at dei blei tvinga til å godta dei ”demokratiske reglane i det parlamentariske spelet”. Det tydde uunngåelig at desse partia ikkje gjorde noe  mindre enn å ”gå frivillig med på” sin eigen effektive tilpassing, sjølv om dei i ganske lang tid kunne oppretthalde illusjonen om at dei, når tida var inne, skulle snu situasjonen til fordel for seg sjølve gjennom parlamentarisk aksjon.

På denne måten blei den opphavlige alternative utanomparlamentariske krafta til arbeidarrørsla omdanna til ein varig underlegen parlamentarisk organisasjon. Sjølv om denne utviklinga i starten kunne forklarast av den tydelige veikskapen til den organiserte arbeidarrørsla og derfor rettferdiggjøre det som verkelig skjedde, så er det halde på denne forklaringa å støtte dei som går inn for den sosialdemokratiske blindgata. For det radikale alternativet med å samle styrke og manifestere seg utanfor folkeforsamlinga kan ikkje bli avfeia så lett, som om det verkelig radikale alternativet i utgangspunktet var umulig. Dette i kontrast til den strategien som er blitt følgt i mange tiår som har toppa seg i den fullstendige fråtaking av stemmeretten til arbeidarklassen under førehavande av å ”samle styrke”. Det gjeld spesielt fordi trongen til varig utanomparlamentarisk aksjon er absolutt livsviktig for framtida til ei radikal, nydanna sosialistisk rørsle.

9.7.5

Den manglande realismen i å sjå for seg ei haldbar løysing på dei alvorlige problema i den samfunnsmessige ordninga vår innanfor det formelle og juridiske rammeverket og dei tilhøyrande hindringane i den parlamentariske politikken kjem av ei grunnleggande misoppfatning av dei strukturelt bestemmande eigenskapane i kapitalens herrevelde, slik det kjem fram i alle variantar som held på den dualistiske delinga i det sivile samfunn og den politiske staten.

Vansken, som ikkje er til å komme forbi innanfor rammene til det parlamentariske systemet, er at kapitalen har råd til  å definere den utskilde sfæren for politisk legitimitet som ei strengt formell og juridisk sak fordi han i røynda har kontroll over alle vitale sider av den samfunnsmessige stoffomsetninga og ved denne kontrollen utelukkar han naudsynt muligheita til å bli legitimt utfordra i den verkelige sfæren, der den samfunnsøkonomiske reproduktive operasjonen finn stad. Direkte eller indirekte kontrollerar kapitalen alt, medrekna den parlamentariske lovgjevingsprosessen, sjølv om denne er tenkt som å vere heilt uavhenging av kapitalen innan mange teoriar som på eventyrlikt vis framhevar den ”demokratiske likskapen” til alle dei politiske kreftene som deltar i lovgjevingsprosessen. For å sjå for seg eit heilt anna tilhøve til dei bestemmande maktene i samfunna våre, som no er fullstendig dominert av kapitalkreftene på alle felt, er det naudsynt med ei radikal utfordring av kapitalen sjølv som den altomfattande kontrolløren over den samfunnsmessige utvekslinga.

Problema når det gjeld dette, som blir gjort enno vanskeligare for alle som ser etter ei løysing i kanten av det etablerte politiske systemet, er at dette sistnemnde kan hevde at det sjølv har genuin konstitusjonell legitimitet innan den noverande funksjonsmåten  på grunnlag av ei historisk oppstått omkasting av den verkelige tilstanden i dei materielt reproduktive aktivitetane. For i den grad kapitalisten trer fram, ikkje bare som ”kapitalens personliggjøring”, men også som ”ei personliggjøring av arbeidet sin samfunnsmessige karakter, av heile samfunnsfabrikken[lvi], kan systemet hevde krav på å representerer dei livsviktig naudsynte produktivkreftene i samfunnet ovafor individa, som grunnlaget for den fortsette eksistensen deira, som omfattar alle menneska sine interesser. Slik kan kapitalen stå fram ikkje bare som den reelle makta, men også som den legale makta i samfunnet, og med det som det konstitusjonelle grunnlaget for sin eigen politiske orden. Det faktum at den konstitusjonelle legitimiteten til kapitalen historisk er grunnlagd på den omsynslause oreigninga av vilkåra for den samfunnsmessige stoffomsetninga i reproduksjonen – arbeidsmidla og arbeidsmateriala – frå produsentane og at kapitalen sitt krav på å vere ”konstitusjonell” (lik opphavet til alle konstitusjonar) er ukonstitusjonell, det er ei lite smakande sanning som fortapar seg i den fjerne fortida. Dei ”samfunnsmessig produktive kreftene til arbeidet, eller dei produktive kreftene til samfunnsmessig arbeid utviklar seg først historisk med den særeigne kapitalistiske produksjonsmåten, og så ser dei ut som noe som ligg i kapitalforholdet og er uskiljelig frå det.”[lvii]

Det er på denne måten kapitalens måte for samfunnsmessig stoffskifte i reproduksjonen blir gjort evig og legitimert som eit lovlig system som ikkje kan utfordrast. Legitim opposisjon kan bare tillatast når det gjeld mindre viktige sider ved den overgripande strukturen som ikkje kan endrast. Det verkelige tilhøvet når det gjeld samfunnsøkonomisk reproduksjon, dvs den produktive krafta som verkelig blir utøvd av arbeidarane og det absolutte naudsynet av dette for å sikre kapitalen sin eigen reproduksjon, forsvinn ut av syne. Det skjer delvis ut frå mangel på kunnskap om det historiske opphavet til kapitalens ”primitive akkumulasjon”, som langt frå var legitimt og den ofte valdelige oreigninga av eigedom som følgde med som føresetnad for funksjonsmåten til systemet i dag, og delvis ut frå den villeiande naturen til dei etablerte produksjons- og distribusjonsforholda. Som Marx seier:

Det ser ikkje ut som dei objektive forholda til arbeidet er underlagt arbeidaren; det ser ut som han er underlagt dei. Kapitalen tilset arbeid. Sjølv dette enkle tilhøvet er ei personliggjøring av ting og ei tingliggjøring av personar.[lviii]

Vi kan ikkje utfordre eller kurere noe av dette innan rammene av parlamentariske politiske reformer. Det ville vere heilt absurd å vente at vi kan fjerne ”personliggjøringa av ting og tingliggjøringa av personar” gjennom eit politisk vedtak, og akkurat like absurd å vente at noen skal fremme ein slik ønska reform innan rammene for kapitalens politiske institusjonar. For kapitalsystemet kan ikkje fungere utan den perverse omkastinga av tilhøvet mellom personar og ting: kapitalens framandgjorte og tingliggjorte krefter dominerer folkemassane. På same måte ville det vere eit mirakel om arbeidarane som står mot kapitalen i arbeidsprosessen som ”isolerte arbeidarar” kunne ta makta over dei samfunnsmessige produktivkreftene til deira eige arbeid gjennom eit eller anna politisk vedtak, eller sjølv gjennom ein heil serie av parlamentariske reformer som blei vedtatt under kapitalen si ordning for samfunnsmessig kontroll over stoffskiftet. For i desse sakene slepp vi ikkje på noen måte unna den uløyselige konflikten der det materielt sett gjeld ”anten/eller”.

Kapitalen kan korkje gi frå seg sine – ulovlig tileigna – samfunnsmessige produktive krefter til fordel for arbeidet, eller dele dei med arbeidet, takka vere eit ønskt, men heilt illusorisk ”politisk kompromiss”. For dei utgjør den overgripane kontrollerande makta over den samfunnsmessige reproduksjonen i form av ”rikdommens herredømme over samfunnet”. Derfor er det, innan området for den grunnleggane samfunnsmessige stoffvekslinga, umulig å sleppe unna den harde logikken til anten/eller. For anten er det slik at rikdommen, i kapitalen sin skikkelse, fortsett å herske over framandgjort og tingliggjort rikdom, eller så lærer samfunnet av samanslutta produsentar å herske over framandgjort og tingliggjort rikdom, der produktive krefter spring ut av det sjølvbestemte samfunnsmessige arbeidet til dette samfunnet sine individuelle, men ikkje lenger isolerte medlemmer.

Kapitalen er den utanomparlamentariske krafta framfor alle. Det er ikkje mulig å avgrense ho politisk gjennom parlamentet når det gjeld kapitalen si makt som samfunnsmessig kontroll over stoffskiftet. Dette er grunnen til at den einaste måten for politisk representasjon som passar saman med kapitalen sin funksjonsmåte er ein måte som effektivt hindrar muligheita for å utfordre kapitalen si materielle makt. Og nett fordi kapitalen er den utanomparlamentariske makta framfor alle, så har han ikkje noe å frykte frå dei reformene som kan bli sett ut i livet innan det parlamentariske, politiske rammeverket han har.

Sidan den viktigaste saka som alt dreier seg om er at ”dei objektive forholda til arbeidet ikkje opptrer som  underlagt arbeidaren” men tvert om, ”arbeidaren opptrer som underlagt dei”, er ikkje noen meiningsfull endring tenkelig utan at vi går laus på dette problemet både i form av politikk som er i stand til å sette seg opp mot kapitalens utanomparlamentariske makt og aksjonsmåtar og innan området for den materielle reproduksjonen. Slik er den einaste utfordringa som kan påverke makta til kapitalen på varig vis, ei utfordring som samstundes har som mål å ta systemet sine produktive nøkkelfunksjonar og å skaffe seg kontroll over dei korresponderande politiske prosessane for bestemming i alle sfærar, i staden for å vere håplaust hindra av den bakevja som legitim politisk aksjon for parlamentarisk lovgjeving er.[lix]

Det har vore mykje kritikk av tidligare politikarar på venstresida og deira parti, som er fullt ut tilpassa kapitalen, i dei politiske debattane i dei siste tiåra. Men det som er problematisk med slike debattar er at dei ved å legge for stor vekt på den rolla personlig ambisjon og misslukking spelar, ofte held fram med å sjå for seg at dei kan kurere situasjonen innan det same politiske rammeverket som i røynda er til stor fordel for nett dei ”personlige bedraga” som blir kritisert og dei pinefulle ”avsporingane av partia”. Uheldig nok så har dei endringane av personar og regjeringar som dei håpar på ein tendens til å attskape dei same sørgjelige resultata.

Og alt dette burde ikkje forundre oss. Grunnen til at dei politiske institusjonane som er etablert er så vellukka i å motstå viktige endringar til det betre, er at dei sjølve er ein del av problemet og ikkje av løysinga. For i den indre naturen sin er dei jo lekamliggjøringa av dei underliggande strukturelle bestemmande trekka og motseiingane som har sørgja for utviklinga og stabiliseringa av den moderne kapitalistiske staten i løpet av dei siste fire hundre åra, med det altomfattande nettverket sitt av byråkratiske bestanddelar. Naturligvis blei ikkje staten danna som eit einsidig mekanisk resultat, men gjennom sitt naudsynte, gjensidige samspel med den materielle grunnen for kapitalen si utfolding, slik at dei ikkje bare blei forma av dette, men også aktivt skapte det så mykje som det var historisk mulig under dei eksisterande omstenda, og endra seg sjølv nett gjennom dette samspelet.

Ut frå dei uoverkommelige, splittande bestemmingane til kapitalen sitt produktive mikrokosmos, sjølv når vi kjem opp planet med gigantiske, halvmonopolistiske transnasjonale selskap, kunne bare den moderne staten ta på seg og oppfylle den funksjonen dei trengte, nemlig å vere den overordna kommandostrukturen til kapitalsystemet. Det var ikkje til å unngå at det tydde den fullstendige framandgjøringa av produsentane frå makta til å bestemme i samfunnet. Ja, viss vi ser på den moderne staten, slik han er danna på det materielle grunnlaget til kapitalsystemet, så er han sjølve paradigmet på framandgjøring av produsentane frå bestemminga over samfunnet. Det er derfor ekstremt naivt å tru at den kapitalistiske staten skal vere villig til å gi frå seg den framandgjorte bestemmingsmakta til  noen rivaliserande aktør som opererer innanfor det juridiske rammeverket til parlamentet.

Det er derfor naudsynt å gå til ein radikal kritikk både av dei materielt produktive og politiske samla bestemmingane til heile systemet og ikkje bare noen av dei tilfeldige og avgrensa politiske tiltaka, for å kunne sjå for seg ei meiningsfull endring som og er historisk haldbar.

Den kombinerte heilskapen av dei materielle, reproduktive bestemmingane (produksjonslivet) og den altomfattande politiske kommandostrukturen til staten utgjør til saman den overmektige røynda i kapitalsystemet. I lys av det uunngåelige spørsmålet som kjem frå utfordringa av dei systemeigne bestemmande kvalitetane, både når det gjeld samfunnsøkonomisk reproduksjon og staten, blir trongen til ei omfattande politisk omdanning, i nært samband med den meiningsfulle utføringa av samfunnet sine viktigaste produktive funksjonar, som langtrekkande og varig politiske endring er utenkelig utan, uskiljelig frå det problemet som blir kalla bortvisninga av staten. Følgjelig er det ikkje mulig å skilje den historiske oppgåva med å få til ”bortvisninga av staten”, sjølvstyre med full deltaking, frå den varige opphevinga av staten ved å utvikle ei positiv form for verkelig bestemming.

Det er avgjørande viktig å bry seg om dette, og det er ikkje ein ”romantisk truskap mot Marx sin draum som ikkje kan verkeliggjørast” slik noen prøver å diskreditere og avvise det. I røynda handlar ”bortvisninga av staten” ikkje om noe mystisk, men om ein prosess som er lett å oppfatte og som må startast i vår eiga historiske tid. I dagligspråk handlar det om den stadig aukande tilbaketaking av den framandgjorte makta for individa til å bestemme politisk gjennom strevet deira med å gå i retning eit verkelig sosialistisk samfunn.  Dersom denne makta ikkje blir tatt, er ikkje den nye måten for politisk kontroll av samfunnet, som ein heilskap av individa der, tenkelig. Då er heller ikkje  kvardagsoperasjonane i dei særskilde produktive og distributive einingane, som ikkje lenger er står i antagonistisk forhold til kvarandre og som er sameinte og kan planleggast av dei sjølvbestemmande, fritt samanslutta individa, tenkelig. Å overvinne dei antagonistiske motsetnadene og dermed sikre det materielle og politiske grunnlaget for ei global planlegging som kan gjennomførast, noe som er heilt naudsynt for å sikre menneskeheita si overleving, for ikkje å nemne at det og sikrar den potensielt vinstgjevande sjølvrealiseringa av dei individuelle medlemmene, er synonymt med bortvisninga av staten  som ei historisk oppgåve som går føre seg no. Bare på denne måten kan vi skape eit samfunn der dei antagonistiske motsetnadane kan overvinnast så vi kan sikre dei materielle og politiske grunnlaga for globalt bærekraftig planlegging, noe som er heilt naudsynt for at menneska skal overleve på jorda, for ikkje å snakke om å utløyse det potensialet som fins til rik sjølvutvikling av samfunnet sine individuelle medlemmer. Dette er synonymt med bortvisninga av staten som ei  historisk pågåande oppgåve.

9.7.6

Det skulle vere klårt at ei omdanning av denne storleiken ikkje kan bli verkeliggjort utan at den revolusjonære rørsla medvite innrettar livet sitt på den mest utfordrande av alle oppgåver og er i stand til å halde fram mot alle vanskar som vil komme fordi dette arbeidet vil vekke til live den mest valdsame fiendskapen til alle dei største kreftene i kapitalsystemet. Av denne grunn kan ikkje den rørsla vi snakkar om bare vere eit politisk parti som er orientert mot å søke parlamentariske kompromiss, som vanlegvis endar opp med å bli gjort til inkjes av dei utanomparlamentariske kreftene til den etablerte orden som er framherskande også i parlamenta.

Den sosialistiske rørsla kan ikkje lukkast opp mot fiendskapen til slike krefter utan at ho blir nydanna som ei revolusjonær masserørsle, medvitent aktiv i alle formar for politiske og samfunnsmessig kampar, lokale, landsomfattande og globale/internasjonale – som brukar fullt ut dei parlamentarisk muligheitene når dei er til stades, sjølv så avgrensa som dei er og som framfor alt ikkje unndrar seg å fremme naudsynte krav gjennom utfordrande utanomparlamentarisk verksemd.

Utviklinga av ei slik rørsle er svært viktig for overlevinga til menneska ved den historiske skiljevegen vi  no står. For utan ei strategisk orientert og varig utanomparlamentarisk utfordring, vil partia som vekslar om å sitte i regjering fortsette å fungere som passande alibi som utfyllar kvarande når det gjeld systemet sin naudsynte, strukturelle fallitt ovafor arbeidet. Slik vil dei effektivt avgrense rolla til klassemotstanden slik at han held seg innanfor den nåverande stillinga si, som ein upassande, men marginal ettertanke i kapitalen sitt parlamentariske system.

I høve både til den materielt reproduktive og det politiske området, er altså danninga av ei strategisk levedyktig utanomparlamentarisk masserørsle – i samarbeid med dei tradisjonelle formene for arbeidarrørsla sine politiske organisasjonar, som i dag et håplaust avspora og som har stor trong for radikaliserande press og støtte frå slike utanomparlamentariske krefter – ein avgjørande føresetnad for å kunne gå mot den massive utanomparlamentariske makta til kapitalen.

Rolla til denne revolusjonære utanomparlamentariske rørsla er tosidig. På den eine sida må ho formulere og organisatorisk forsvare dei strategiske interessene til arbeidet som eit omfattande alternativ når det gjeld samfunnsmessig alternativ for utveksling mellom menneska og naturen rundt og menneske seg imellom. Ho kan bare lukkast med den rolla viss dei organiserte kreftene til arbeidarrørsla på, praktiske måtar, medvite konfronterer og kraftfullt går mot dei strukturelle bestemmingane til den etablerte materielle reproduksjonsordninga slik han viser seg i kapitalforholdet og den underordninga av arbeidet i den samfunnsøkonomiske prosessen som følgjer med, i staden for å hjelpe til med å stabilisere kapitalen att i krisetider, slik det heile tida skjedde ved viktige vegval i den reformistiske fortida. På den andre sida treng vi og kan vi samstundes å utfordre den opne og skjulte politiske makta til kapitalen som no er framherskande i dei parlamentariske organa – sjølv om det bare kan skje i avgrensa grad – gjennom det presset som utanomparlamentarisk aksjonsformer kan rette mot den lovgivande og utøvande makta.

Utanomparlamentarisk aktivitet kan bare vere effektiv om han medvite tar opp dei sentrale sidene og dei systemeigne bestemmingane til kapitalen og kuttar gjennom labyrinten av fetisjistiske ytre trekk som dei dominerer samfunnet med. For den etablerte ordninga sikrar materielt makta si først og fremst i og gjennom kapitalforholdet som blir halde oppe på grunnlag av villeiande omkasting av dei verkelige produksjonsforholda til dei alternativt hegemoniske klassane i det kapitalistiske samfunnet. Slik vi alt har påvist gjør denne omkastinga det mulig for kapitalen å røve til seg rolla som ”produsent” som i Marx ord ”tilsett arbeid” takka vere den forvirrande ”personliggjøringa av ting og tingliggjøringa av personar”, og dermed legitimerer han seg sjølve som den urokkelige føresetnaden for å verkeliggjøre ” alle sine interesser”. Sidan omgrepet ”alle sine interesser” er viktig, sjølv om det no, under dei formelle og juridiske påskott av ”rettferd og likskap”, blir brukt på ein falsk måte for å kamuflere den fullstendige mangelen på verkelig innhald når det gjeld det overveldande fleirtalet av folkesetnaden, kan det ikkje finnast noe meiningsfullt og historisk haldbart alternativ til den etablerte samfunnsordninga utan at vi overvinn dei altomfattande kapitalforholda sjølv på ein radikal måte.  Vi kan ikkje utsette å ta opp dette systemkravet. Dei ymse delkrava eller dagskrava bør sosialistar gå inn for viss dei har direkte eller indirekte innverknad på det absolutt grunnleggande kravet å oppheve kapitalforholdet – det er det som er sakas kjerne.

Det er dette kravet som står i skarp kontrast til det som no er tillate for opposisjonen av kapitalens trufaste ideologar og politiske figurar. Deira viktigaste mål for å avvise sjølv viktige delkrav frå arbeidarrørsla er nett om dei har potensiale for å påverke stabiliteten til systemet på ein negativ måte. Derfor er for eksempel sjølv lokale ”politisk motivert industriell aksjon” (politiske streikar) kategorisk avvist (og til og med gjort ulovlige) fordi dei kan ha negative følgjer for systemet sin normale funksjon, viss dei utviklar seg. Men rolla til reformistiske parti derimot er velkomen fordi deira krav anten hjelper til med å stabilisere systemet att gjennom vanskelige tider, - gjennom å tre inn og foreslå lågare lønskrav (med slagordet ”det er naudsynt å stramme inn beltet litt) og gjennom politiske eller juridiske avtalar som skapar hindringar for arbeidarorganisasjonane – og slik bidrar dei til dynamikken i fornya kapitalekspansjon, eller i det minste ved at dei er ”nøytrale” på eit vis slik at dei ein gong i framtida kan bli integrert innan dei oppsette rammene for ”normaliteten”.

Den revolusjonær opphevinga av kapitalsystemet kan bare tenkast gjennom strategisk varig verksemd og ved at vi grip inn på ein medviten organisatorisk måte. Mens vi må handsame den tendensiøst einsidige avvisninga av ”spontaniteten” til den sekteriske arrogansen så kritisk som han fortener, så er det ikkje mindre skadelig å undervurdere kor viktig revolusjonært medvit og organisatoriske krav er for å lukkast. Det historiske nederlaget til noen av dei største partia i Den tredje internasjonalen, som sto for leninistiske og revolusjonære mål, burde ikkje avbøye merksemda vår frå å attskape, på meir sikker grunn, dei politiske organisasjonane som kan gjennomføre den livsviktige sosialistiske omdanninga av samfunna våre i framtida. Det er klart at ei kraftfull kritisk gjennomgang av kva som gikk gale er ein viktig del av denne fornyingsprosessen. Det som er klart nok nett no er at den oppløysande nedstigninga av slike parti langs den sleipe skråninga inn i den parlamentariske fella gir ei viktig lekse for framtida.

Det er bare to former for samfunnsmessig kontroll med utvekslinga mellom menneska og naturen rundt og menneska seg imellom som er tenkelig i dag. Det er anten kapitalen sin klasseutbytande reproduserande orden, som blir påtvinga, med alle dei kostnadene det har, av ”kapitalen sine personlige representantar” – eit system som er ynkelig mislukka for menneska i vår tid og som driv oss til kanten av sjølvøydelegging. Eller det er ein orden som er rett motsett den etablerte: det samfunnsmessige, hegemoniske alternativet når det gjeld utvekslinga mellom menneske og naturen rundt og menneske og menneske som er arbeidarklassen sitt, ikkje som ein særklasse, men som eit universelt eksistensvilkår for alle individ i samfunnet. Eit samfunn styrt av dei på grunnlag av verkelig likeverd i rang og makt som set dei i stand til å utvikle dei produktive menneskelige og intellektuelle muligheitene sine fullt ut, i harmoni med det naturen krev, i staden for å vere opptatt med å øydelegge naturen og dermed også seg sjølve, slik som kapitalen sin måte for samfunnsmessig kontroll med utvekslinga held på å gjøre nett no.

Dette er grunnen til at eit verkande program for den medvitne revolusjonære rørsla over heile verda no må vere eit omfattande hegemonisk alternativ til kapitalens herrevelde som inneheld både dei særeigne dagskrava som ikkje kan marginaliserast og dei omfattande måla som ligg i ei omforming av systemet og som utfyllar kvarande på ein dialektisk måte.

Sjølvsagt kan ikkje ei medviten revolusjonær rørsle vere innestengd i det avgrensa politiske rammeverket til eit parlamentarisk system som er dominert av den utanomparlamentariske makta til kapitalen. Ho kan heller ikkje lukkast som ein sekterisk organisasjon som er innretta på seg sjølve. Ho kan definere seg sjølv på ein vellukka måte gjennom to livsviktige prinsipp. Først, slik vi nett har nemnd, ved å utarbeide sitt eige utanomparlamentariske program som er innretta mot det omfattande hegemoniske alternative målet å sikre ei grunnleggande systemomdanning. Og som det andre punktet, som er like viktig ut frå strategisk-organisatoriske omsyn, er den aktive involveringa i danninga av ei naudsynt utanomparlamentarisk masserørsle som er beraren av det revolusjonære alternativet som er i stand til å endre også den lovgivande prosessen på ein kvalitativ måte, som eit hovudsteg i retning bortvisninga av staten. Bare gjennom desse organisatoriske utviklingane, som dei store folkemassane er direkte med på, kan vi sjå for oss at det er mulig å verkeliggjøre den historiske oppgåva å opprette arbeidarrørsla sitt hegemoniske alternativ, ut frå interessa av ei altomfattande sosialistisk frigjøring.

9.8 Utdanning: Den pågåande utviklinga av sosialistisk medvit

Når det gjeld arbeidet for å sikre ei fullstendig berekraftig sosialistisk omdanning kan vi ikkje overdrive utdanninga si rolle. Omgrepet utdanning, som vi her ser for oss, er ikkje knytt til ei avgrensa periode i livet med organiserte studiar, men til læring som går føre seg gjennom heile livet som ein pågåande utvikling av sosialistisk medvit i heile samfunnet, og det er kjenneteikna av eit radikalt avvik frå den dominerande utdanningspraksisen under den høgt utvikla kapitalismen. Vi må sjå på utdanninga som ei historisk haldbar utviding og radikal omdanning av dei store utdanningsideala som blei rådd til i den fjerne fortida. For desse ideala for utdanning blei ikkje bare underminert etter som tida gikk, dei blei og til slutt fullstendig sløkt ut under presset frå den framandgjøringa og undertrykkinga av kulturell utvikling som følgde med og som tente dei stadig meir innsnevra interessene til kapitalauken og profittmaksimeringa.

Ikkje bare Paracelsus i det sekstande hundreåret, men til og med Göthe og Schiller[lx] så seint som i det attande hundreåret og dei første tiåra av det nittande hundreåret, trudde framleis på eit utdanningsideal som kunne vegleie individa gjennom heile livet og gjøre livet deira rikare. I motseiing til dette var allereie siste halvdelen av det nittande hundreåret merka av triumfen til utilitarismen (nyttefilosofien) og i det tjuande hundreåret kapitulerte vi fullstendig for dei smalaste oppfatningane av ”instrumentell rasjonalitet” på utdanningsområdet. Jo meir utvikla dei kapitalistiske samfunna har blitt, dess meir einsidig er dei blitt når det gjeld produksjon av tingliggjort rikdom som eit mål i seg sjølv og når det gjeld å utnytte utdanningsinstitusjonane på alle nivå, frå barnehagen til universiteta – i form av ”privatisering”, som blir fremma med stor ideologisk kraft av staten – for å gjøre varesamfunnet evig.

Det er ikkje overraskande at denne utviklinga har gått hand i hand med indoktrinering av det overveldande fleirtalet av folkesetnaden med verdiane til kapitalens samfunnsmessige ordning som ei ”naturordning” som ikkje kan endrast og som har blitt rasjonalisert og rettferdiggjort av systemet sine mest sofistikerte ideologar i namnet til ”vitskapelig objektivitet” og ”verdi-nøytralitet”. Dei verkelige forholda i dagliglivet har vore fullstendig dominert av den kapitalistiske livshaldninga, og har underkasta individa – ut frå strukturelt sikra, bestemmande kvalitetar – under kravet om å justere håpa sine ut frå dette, sjølv om dei ikkje kunne sleppe unna den harde og vanskelige situasjon under løneslaveriet. Ut frå dette har den høgt utvikla kapitalismen trygt kunne ordne det han dreiv med ved å avgrense perioden med utdanning i institusjon til noen passande få år i individa sine liv, og sjølv det har vore gjort på ein diskriminerande og elitearta måte. Dei objektive, strukturelle bestemmande trekka i ”det normale” ved dagliglivet under kapitalismen lukkast med å fullføre resten då det heile tida ”utdanna” folk slik at dei skulle ta for gitt den dominerande samfunnsmessige sjølvoppfattinga og ved det ”med eigen vilje” gjøre til si eiga den påstått manglande evna til endring når det gjeld den ”naturlige ordninga” . Dette er grunnen til sjølv dei beste ideane i Kants ”moralske utdanning” og Schillers ”estetiske utdanning” blei dømd til å bli for alltid innan området for utdanningsutopiar som ikkje kan verkeliggjørast, sjølv om forfattarane av desse verka meinte at dei var ei naudsynt og oppnåelig motgift mot den framveksande tendensen til umenneskeliggjørande framandgjøring som blei sett opp mot den kritiserte retninga av dei moralsk bekymra individa i sine personlige liv. Det var ikkje noen likeverdig motstandar i det heile til den prosaiske realiteten til dei kreftene som lukkast i å vinne fram med kapitalens trong til sjølvauke som til slutt vil bli øydeleggande. For den altoppslukande framandgjøringa i denne samfunnsøkonomiske retninga er sterk nok til å sluke, utan at eit spor, den minste rest sjølv av dei edlaste ideane til opplysningstida.

Slik kan vi sjå at sjølv om perioden med institusjonalisert utdanning er avgrensa til relativt få år av individa sitt liv under kapitalismen, så vinn den ideologiske dominansen forrang over heile livet deira, sjølv om slik dominans i mange samanhengar ikkje må vise ope kva doktrine sine verdiar ein føretrekk. Og det gjør problemet med kapitalens ideologiske hersking over heile samfunnet, og samstundes over dei isolerte individa i det, enno meir øydeleggande. Om enkeltindivida er klar over det eller ikkje, så kan dei ikkje finne den minste flekk med ”verdinøytral grunn” i samfunnet sitt, sjølv om den uttalte ideologiske indoktrineringa, på svikefullt vis forsikrar dei om det motsette ved late som om dei er heilt sjølvstendige i verdivalet sitt i det store og heile, nett som dei får høyre at dei er ”sjølvstendige forbrukarar” av dei varene som er produsert på kapitalistisk vis og kjøpt på grunnlag av ”sjølvstendige val” i supermarknader som er stadig meir kontrollert av monopol, og sjølv om individa blir oppfordra til å identifisere seg med slike falske føresetnader på sjølvstendig vis. Alt dette er smidd inn i den kapitalistiske utdanninga som sørgjer for at enkeltindivida blir gjennombløytt med verdiane til varesamfunnet over alt og kvar dag, som noe sjølvsagt.

På denne måten har det kapitalistiske samfunnet eit kraftig rotfesta system for pågåande utdanning og samstundes eit system for varig indoktrinering. Dette skjer sjølv når denne indoktrineringa som flaumar over alt ser ut til å ikkje å vere det fordi han, innan den ”felles semja som dei har gjort til si eiga” i den herskande ideologien, blir handsama som eit legitimt felles trussystem i det etablerte, heilt ufornektelige ”frie samfunnet”. Endå verre er det at den innarste kjernen i kapitalsystemet sin pågåande utdanning er forsikringa om at den etablerte ordninga sjølv ikkje treng noen avgjørande endring. Han treng bare litt ”finjustering” i kantane gjennom den forguda metoden med ”litt etter litt”. Altså er den djupaste meininga med den pågåande utdanninga innan den etablerte ordninga at folk på vilkårlig vis blir påtvinga trua på at systemet sine grunnleggande, bestemmande kvalitetar absolutt ikkje kan endrast.

Sidan den verkelige meininga med ei utdanning, som er verd namnet sitt, er å sette individ i stand til å leve opp til utfordringane frå dei historisk skiftande samfunnsmessige tilstandane – som dei altså sjølv også er med på å skape, sjølv under dei vanskeligaste vilkår – så er alle utdanningssystem som er orientert mot ukritisk bevaring av den etablerte ordninga, same kva det kostar, bare passande for dei mest perverterte ideal og verdiar når det gjeld utdanning. Dette er grunnen til at den nedgåande fasen i utviklinga av kapitalen si historie – som når høgdepunktet sitt med unnskyldinga av den botnlause øydelegginga som den monopolistiske og imperialistiske utviklinga i det tjuande hundreåret, som fortsett inn i det tjueførste, har ført med seg – måtte medføre ei utdanningskrise som ein ikkje før kunne tenke seg, saman med den mest aggressive dyrkinga av motverdi. Dette i motsetnad til slik det var under Opplysningstida, i den oppstigande fasen av den kapitalistiske omdanninga, då ei framleis kunne produsere edle utdanningsutopiar, slik Kant og Schiller tenkte seg dei. Denne motverdien har i seg, i vår tid, førestellinga om raseoverlegenheit, den fryktelige tanken at vi har ”moralsk rett til å bruke atomvåpen for å hindre og førebygge angrep”, sjølv mot land som aldri har hatt slike våpen, og med den mest hykleriske rettferdiggjøringa av den antatt meir ”humane”, men naudsynt øydeleggande ”liberale  imperialismen”. Dei seier at denne nye imperialismen er korrekt og passande for våre ”postmoderne tilhøve”. Dette er ein teori som, for å bli respektabel, pyntar seg med det groteske skjemaet ”førmoderne-moderne-postmoderne”,  etter det forsmedelige nederlaget til den tradisjonelle imperialismen. Vi ser at kapitalens sjølvutpeikte mandarinar og politiske rådgjevarar fremjar dette i dag i fullt alvor som ein naudsynt strategi som skal pressast på statar som dei bydande bestemmer er ”mislukka statar” og så bortetter og på den såkalla ”vondskapens akse”.

Desse ideane blir sett på som strategisk orienterande prinsipp og verdiar som passar med våre historiske vilkår. Dei er meint å sette overgripande mål som individet no må utdannast innanfor for å sette dei dominerande kapitalistiske statane i stand til å vinne ”den ideologiske striden” – eit omgrep som no plutselig svært ofte blir propagandert på positive måtar, i skarp kontrast til myten om ”slutten på ideologi” og den lukkelige liberale ”slutten på historia” som dei preika om og fremma så rundhanda for ikkje så lenge sida – og som tyder det same som ideen om ”krigen mot terror”. Det er ikkje mulig å tenke seg eit meir fullstendig forfall av utdanningsideala enn det som møter oss i dag, viss vi samanliknar dei med desse ideala i kapitalen si fjernare fortid. Og alt dette blir fremma i vår tid, med alle midlar som systemet har til disposisjon, i namnet til ”demokrati og fridom” – ord som peprar talane til presidentar og statsministrar i rikt monn. Ikkje noe kan vise klarare den perverterte naturen til det kapitalistiske falske medvitet, og det blir heilt utfylt av den skadelige indoktrineringa som meir eller mindre spontant blir utøvd av varesamfunnet ovafor individa, i kvardagslivet deira.

9.8.2

Den sosialistiske oppfatninga av utdanning er kvalitativt forskjellig frå sjølv dei edlaste utdanningsideala til det opplyste borgarskapet, slik dei blei formulert i den oppstigande fasen av den kapitalistiske utviklinga. For dei oppfatningane som kom fram her leid uunngåelig under dei grensene som blei sett rundt skaparane deira på grunn av det faktum at dei gjorde ”kapitalens standpunkt” til sitt eige sjølv om dei tok ei kritisk stilling til utskeiingane til den nye ordninga og mot den negative påverknaden til noen trekk som alt då var synlige når det galdt den personlige utviklinga til individa. Dette gjorde dei i skarp kontrast til kapitalens seinare ideologar som nektar å sjå noe gale med det samfunnet som dei held slik av.

Dei største personligdomane under den borgarlige Opplysningstida var for ei menneskelig tilfredsstillande heilskapelig utvikling av kvart enkeltindivid. Men dei ville oppnå dette innan rammene for det kapitalistiske samfunnet som var fritt for sine trugande ”ordinære” trekk og dei menneskelig utarmande trekka som følgde med, medrekna ”moralsk utskeiing” som Adam Smith heva si veltalande stemme mot. Men ettersom dei såg verda frå kapitalen sin synsstad kunne dei ikkje førestelle seg den radikale endringa som trongst i den samfunnsmessige ordninga som heilskap for at deira eigne ideal skulle vinne fram. For kapitalens synspunkt, som dei tok til seg, gjorde det umulig  å sjå det manglande strukturelle samsvaret mellom deira eigne utdanningsideal – som dei brukte på dei tenkte, moralsk og estetisk rosverdige individa i deira utopiske motbilde – og den triumferande samfunnsmessige ordninga.

Det kan ikkje bli understreka nok kor viktig omgrepet endring er i utdanningsteorien. For dette omgrepet må definere heile horisonten og funksjonsmuligheita (eller ikkje) til alle utdanningssystem. Under dei framherskande historiske omstenda måtte endringane som dei store personligdomane under den store borgarlige opplysninga såg for seg, ha ei karakteristisk slagside når det gjeld dette.  For endringa var bare radikal nok i forhold til den forbanna ”føydale ordninga” av samfunnet som dominerte det gamle styresettet, men deira oppfatninga av tilrådelig endring med omsyn til framtida kunne bare strekke seg til personlig utdanningsutvikling for enkeltindivid, som ein illusorisk måte for å motverke dei negative samfunnshistoriske utviklingstrekka.

Å ta opp dei strukturelt bestemmande trekka i kapitalens samfunnsordning – som med naudsyn verkar på og alltid vil verke på utviklinga av individa på den mest sentrale måte – på kritisk vis, var langt bortanfor det dei kunne fatte. Korrigering av dei forbanna utviklingstrekka kunne dei bare sjå på i individualistiske forståingsmåtar. Det vil seie på ein måte som til sjuande og sist let det strukturelle rammeverket og dei veksande fiendtlige motsetnadane i den sigrande, framveksande kapitalistiske ordninga fortsette å eksistere. Dette er grunnen til at den føreslåtte ”motgifta” måtte fortsette å vere utopiske motbilde som ikkje kunne verkeliggjørast sjølv i dei mest samanhengande utarbeida variantane av individa si estetiske utdanning.   For det er heit umulig å stanse dei negative verknadene av ei mektig samfunnsmessig utviklingsretning på danninga av individet utan å finne fram til dei årsaksbestemmingane som produserer og utan opphald reproduserer dei, og utan å gå mot dei på passane samfunnsmessige måtar.

Nett det å ta til seg kapitalens utsiktspunkt som den uoverstigelige samfunnsmessige føresetnaden for den kritiske horisonten deira avgrensa sjølv dei største personligdomane i det oppstigande borgarskapet til å sette kampen til det enkelte, eller snarare, det isolerte individet, mot dei negative verknadene og følgjene av dei samfunnsmessige kreftene som opplysningstida sine representantar ønska å reformere gjennom personlig utdanning av individa som var passande ideelt sett. Denne kampen kunne aldri bli ført fram til ein vellukka konklusjon fordi ei mektig samfunnsmessig makt ikkje kan bli overvunne av handlingar frå ei oppdelt gruppe med isolerte individ og fordi dei strukturelle bestemmande trekka som er årsaka må møtast og motverkast der årsakene fins, innanfor dei grensene som er gitt, det vil seie av ei historisk styrke som kan haldast oppe ut frå eit samanhengande strukturelt alternativ. Men det krev sjølvsagt av vi tar til oss eit samfunnsmessig standpunkt som er radikalt forskjellig frå dei tenkarane vi har nemnd. Det er eit samfunnsmessig utsiktspunkt som gjør oss i stand til å vurdere på ein realistisk måte dei uunngåelige grensene for mulig reformering av kapitalen i lys av kapitalens eigne strukturbestemte årsaksbestemmingar. Når dei tok til seg kapitalens utsiktpunkt som heile horisonten for visjonen sin er det derfor ikkje overraskande at dei kurerande tiltaka til dei store tenkarane under Opplysningstida blei avgrensa til håplaust utopiske mottiltak, sjølv i den relativt fleksible oppstigande fasen i kapitalsystemets historiske utfalding. Dette var før den tida då dei fiendtlige klassebestemmingane til det fullt utvikla varesamfunnet hadde blitt forsteina  heilt igjennom til ein tingliggjort og framandgjort samfunnsmessig struktur som ikkje kan reformerast.

Her kan vi klart sjå kontrasten mellom utdanningsideala og praksisen som følgde i fortida og oppfatningane som passar med dei historiske utmaningane vi må stå opp mot i løpet av ein sosialistisk omforming som kan oppretthaldast. Den sosialistiske utdanninga sitt mandat kan aldri bli formulert som utopiske ideal som blir sett opp for den det gjelder og som han/ho må innrette seg etter i eit ganske naivt håp om å motverke og overvinne problema i samfunnslivet deira – som meir eller mindre isolerte men ”moralsk medvitne” individ – gjennom krafta til ein ønska tanke om at ”slik bør det vere”. Det har aldri virka tidligare og kan aldri gjøre det i framtida, trass i det tydelige behovet for å møte dei utfordringane som heile tida veks fram av dei endra historiske tilhøva og frå dei objektive hindringane i situasjonen som dei som er tilstades møter som medlem i samfunnet sitt. Å sjå på den sosialistiske utdanninga som ei individualistisk motgift mot manglane i samfunnslivet vil være å legg opp til fullstendig nederlag for seg sjølv same kor ønskelig og rosverdig det abstrakt moralske slik burde det være kan sjå ut ved første augnekast. At oppfordring til stakhanov-arbeid totalt mislukkast med å omdanne arbeidsetikken i sovjetsamfunnet er ein god illustrasjon på det. Slike oppfordringar viste seg å mislukkast på grunn av den lettvinte fåkunna om dei grunnleggande bestemmingane ved røtene til den framherskande arbeidsetikken til den lite villige arbeidsstyrken under dei gitte vilkåra, som kom av den autoritære utelukkinga av arbeidarane frå avgjerdsprosessen.

Den sosialistiske utdanninga kan bli sett ut i livet på ein vellykka måte fordi det standpunktet som vi vurderer ut frå, i motsetnad til dei strukturelle grensene som er innbakt i kapitalens utsiktspunkt i fortida, ikkje må leie ho vekk frå dei årsaksbestemte verkelige problema i samfunnet (som krev passande samfunnsmessige botemiddel) til ein abstrakt og moralsk appell som bare kan vere utgangspunkt for utopiske prosjekt som vi ikkje kan verkeliggjøre. Samfunnsmessige årsaker må og kan blir møtt  på det passande nivået innan rammene for ei sosialistisk utdanning: som årsaker som veks fram historisk og som vi kan identifisere klart saman med deira bestemmande strukturtrekk som kan endrast.     Det å ta utfordringane i ei vesentlig samfunnsmessig endring alvorlig, same kor smertefulle krava er, er ikkje eit hindrande omgrep, men heller ein positiv idé som er uskiljelig frå eit ikkje fastlåst syn på den medvite skapte framtida. Dette er og typisk for den sosialistiske utdanninga som då kan bli brukt aktivt for å verkeliggjøre måla og verdiane i den sosialistiske utviklinga av samfunnet som samfunnsmedlemmene ser for seg.

Altså er det ideelle mandatet og den praktiske rolla til utdanninga i løpet av den sosialistiske omdanninga å gå til varig og effektiv innverknad på den samfunnsmessige prosessen som er under utvikling gjennom aktiviteten til dei samfunnsmessige individa som er medvitne om dei utfordingane dei må gjennom som samfunnsmessige individ, i samsvar med dei verdiane som dei treng og som er utarbeida av dei for å møte utfordringane. Dette er utenkelig utan gjennom utviklinga av det moralske medvitet deira. Men den moralen vi snakkar om er ikkje påført dei særskilde individa utanfrå, eller ovanfrå, i namnet til ein separat og abstrakt moralsk tenkemåte om å ”burde være” slik som i inskripsjonen på engelske kyrkjer ”Frykt din Gud og lyd din konge”. Heller ikkje er det eit sekulært motstykke til slike halvreligiøse kommandoar som blir lagt på individa i alle samfunn som er styrt av kapitalen sine påbod. Tvert imot er moralen i den sosialistiske utdanninga opptatt med fornuftig tenkt og tilråda langtrekkande samfunnsmessig endring. Læresetningane blir laga på grunnlag av konkret vurdering av dei valde oppgåvene og den delen som trengs frå individa i den medvitne innsatsen for å fullføre dei. På denne måten kan den sosialistiske utdanninga definere seg sjølv som ei pågåande utvikling av sosialistisk medvit som er uskiljelig frå og nært samverkande med den overgripande historiske omdanninga som går føre seg til ei kvar tid. Det tyder at dei definerande karakteristiske trekka til den sosialistiske utdanninga spring ut frå, og samverkar djupt, med alle dei relevante orienterande prinsippa som er diskutert i dette kapitlet.

9.8.3

Når vi ser på denne radikalt forskjellige innstillinga til endring, som blir brukt ikkje bare ovafor individa si personlige utvikling, men samstundes også når det gjeld dei avgjørande strukturelle bestemmingane i samfunnet, kan utdanning i den fulle tydinga av omgrepet bare bære sine fulle frukter innan eit sosialistisk perspektiv. Men å sette dette perspektivet opp mot det andre er langt frå nok i seg sjølv. For den andre sida av den same saka er det umulig å oppnå dei livsviktige måla for ei bærekraftig historisk utvikling utan det pågåande bidraget frå utdanninga i den omdanningsprosessen som vi medvite ser for oss.

Linja som set den tilråda sosialistiske utviklinga opp mot avgrensingane og motsetnadene i fortida blir trekt av den naudsynte kritikken av falsk medvit som går amok i ei mengde former under kapitalen sitt herredømme over den samfunnsmessige stoffvekslinga mellom menneska og naturen rundt og menneska seg imellom. Ei stoffveksling som er dominert av den villeiande omkastinga av dei verkelige forholda i den samfunnmessige reproduserande utvekslinga under fetisjen av den ”produktive” kapitalens antatt legitime hegemoni og den totale avhengigheita  til arbeidet, og som dermed på ein vellukka måte pressar på dei verkelig arbeidande og produktive individa det falske medvitet med ”personliggjøring av ting og tingliggjøring av personar”.[lxi]

Naturligvis kan ikkje makta til det falske medvitet bli overvunne av opplysande utdanning av individa aleine (same kor gode formåla er). Enkeltindivida, som isolerte individ, har ikkje noe å stille opp mot det tingliggjørande falske medvitet fordi dei historisk gitte reproduktive forholda som dei er sett inn i bare kan fungere på grunnlag av ”personliggjøring av ting og tingliggjøring av personar”.

Naturligvis kan vi ikkje vinne over makta til det falske medvitet ved den opplysninga som individa aleine får i utdanninga (same kor gode hensikter vi har). Kvart individ for seg, som isolerte individ er prisgitt det tingliggjørande, falske medvitet fordi dei historisk gitte reproduktive forholda som dei er sett inn i bare kan fungere på grunnlag av ”personliggjøring av ting og tingliggjøring av personar”. For å endre den villeiande omkastinga, som til slutt blir øydeleggande, av dei reproduktive tilhøva som kan haldast oppe mellom menneske trengs samstundes både at vi går mot det dominerande falske medvitet over enkeltindivida og altomfattande samfunnsmessig endring. Bare dette kan vinne fram på varig vis.

Å vere nøgd med ”gradvise reformer” og dei tilsvarande delvise endringa, er å skape sitt eige nederlag. Saka er ikkje om endringane blir gjennomført plutselig eller over eit lengre tidsrom, men at vi held fast på eit overgripande strategisk rammeverk der vi heile tida følgjer opp ei omforming av dei grunnleggande strukturane, same kor lang tid det kan ta å nå fram til eit vellukka resultat. Innsatsen når det gjeld eit anten/eller mellom innbyrdes utelukkande former for kontroll med stoffvekslinga, den som no er etablert og den framtidige, er global både når det gjeld rom og tid. Derfor kan det sosialistiske prosjektet bare lukkast viss det blir utvikla og konsekvent sikra som eit hegemonisk alternativ til kapitalens strukturelt forskansa og framandgjørande samfunnsmessige stoffveksling.

I det sosialistiske prosjektet er dei tiltaka vi set ut i livet for å fremme materiell omforming uskiljelige frå dei måla vi set innan utdanninga. Det er slik på grunn av den uunngåelige og ope framsette radikale kritikken av kapitalsystemet si strukturelt dominerande falske medvit.  Grunnen til dette er at dei orienterande prinsippa for den sosialistiske omdanninga av samfunnet ikkje kan lukkast utan full medverknad av utdanning som den pågåande utviklinga av sosialistisk medvit. Alle dei orienterande prinsippa som er diskutert tidligare, frå verkelig deltaking på alle trinn av avgjerdsprosessen til omfattande planlegging for sjølvstendig å ”skape meinig i sitt eige liv”, og frå den stadig vidare verkeliggjøringa av verkelig likeverd i samfunnet som heilskap til dei globalt bærekraftige vilkåra i ein brukbar økonomi i ei internasjonal ordning som kan utvikle seg positivt – dette kan bare bli omsett til røynd dersom utdanninga si makt blir sett full ut i sving ut frå dette omsynet.

Dei tiltaka vi tar til oss i kvar gitt tid er historiske også i den tydinga at dei er og fortsett å vere underkasta endring. Det er underforstått at dei framgongane som vi har under gunstige omstende, litt etter litt kan bli forbetra og utdjupa. Men det er sjølvsagt også slik at vi ikkje i utgangspunktet kan utelukke tilbakeslag. Så mykje vil alltid avhenge av kor effektivt den sosialistiske utdanninga vil gripe inn i den pågåande omdanningsprosessen. Det er den som til sjuande og sist bestemmer om dei positive eller negative muligheitene skal vinne fram, og i kva grad dei gjør det.

9.8.4

I dag er det mykje snakk om ”dagsorden for respekt” i dei utvikla kapitalistiske samfunna. Det er ei ønsketenking som går ut på å løyse dei alt djupare ”verdikrisene” – som kjem fram i veksande kriminalitet og brot, saman med den forverra framandgjøringa av dei unge frå samfunnet deira – ved ein ganske retorisk direkte appell til individa sitt medvit, der dei forgjeves set fram den passande ”respekten for  verdiane i eit ansvarlig demokratisk medborgarskap”. Og når alt det tomme preiket ikkje fører til framgang, slik det ikkje kan sidan det unngår dei samfunnsmessige årsakene til dei forbanne negative symptoma, så begynner kapitalens representantar, inkludert dei høgaste blant dei,  å snakke om korleis dei kan finne brotsmenn allereie ”i magen til mora” og så peikar dei på ”naudsynt” autoritær statlig lovgjeving for å ta seg av framtidig kriminalitet så tidlig som mulig. Denne linja er ikkje meir forståelig eller mindre autoritær enn den kapitalistiske staten sitt råd om utan avbrekk å fortsette den ideologiske striden for å vinne ”kampen mot terror”. Samstundes er muligheita for endre dei strukturelle bestemmingane i den etablerte ordninga som produserer og reproduserer dei øydeleggande verknadane og følgjene, heilt utelukka. Dei må kategorisk fornekte at det kan vere noe alvorlig gale med samfunnet slik det fungerer. Bare dei enkeltindivida som på ein tendensiøs måte blir skild ut, treng å hjelpast til å endre seg. Ei hjelp som blir gitt av ei privilegert gruppe med sjølvutpeika individ – dei villige personane som representerer eller vaktar kapitalens samfunnsøkonomiske ordning  – som, ut frå stillinga si, påstår å vite alt så mykje betre.

Slik kan ikkje noe bli meir rettferdiggjort enn institusjonen til den hegemoniske samfunnsorden. Ramma for utdanning (læring) i ei slik ordning er både individuell og samfunnsmessig, og uskiljelig slik. Den som er mottakaren av sosialistiske utdanning kan ikkje bare vere det avskilde individet etter modellen frå dei tradisjonelle utdanningsideala. Det kan ikkje vere slik som det har vore til no at utdanningstesane og prinsippa vanlegvis blir utsagd som direkte appellar til det særskilde individet sitt samvit, vanlegvis i form av moralske oppfordringar. I motsetnad til dette rettar den sosialistiske utdanninga seg til samfunnsmessige individ og ikkje til isolerte individ. 

Med andre ord tar ho omsyn til individ for kven deira eigen definisjon som individ ikkje ein gong kan tenkjast utan tilhøvet deira til det verkelige samfunnet som dei er ein del av og utan tilhøvet til den særeigne historiske situasjonen der utfordringane til dei som menneske oppstår utan at dei kan sleppe unna, og dette står i motsetnad til den abstrakte, allmenne oppfatninga til filosofien om sjølvrefererande, isolerte individ.

For det er nett den særeigne konkrete samfunnsmessige og historiske situasjonen dei er i som inviterer dei til å formulere verdiar som gjør at dei, gjennom aktivt å vie seg til bestemte aksjonsformer, kan verkeliggjøre den passende delen som dei medvite har påtatt seg av den pågåande, store samfunnsendringa. Noe som definerer dei som sjølvstendige og ansvarlige samfunnsmessige individ. Slik blir den praktiske, effektive utdanninga av dei samfunnsmessige individa synonymt med den djupaste tydinga av utdanning som sjølvutdanning. Marx sin tilvisning til ”rike samfunnsindivid” peiker nett på denne typen sjølvdefinisjon som den brukelige ramma for utdanning.

Å ta ansvar i samfunnet som ei verkelig kraft som er vesentlig  i høve til den aktuelle samfunnsmessige og historiske situasjonen, er mulig bare på grunnlag av å sjå på utdanninga sjølv som eit vitalt samfunnsmessig organ, dvs. som samfunnsmessig praksis uskiljelig frå den pågåande utviklinga av sosialistisk medvit – dette i  motsetnad til det abstrakte, moralistiske ”bør skje” snakket til den tradisjonelle filosofien som råder til eit ytre ”ideal som vi ventar at individa rettar seg etter”. Og det, i sin tur, er bare oppnåelig på grunn av den radikalt forskjellige haldninga til endring innan rammeverket for den hegemoniske alternative ordninga.

I den nye ordninga kan ikkje noe i utgangspunktet vere unntatt frå endring, i skarp kontrast til kapitalens samfunnsmessige rammeverk for utveksling med naturen rundt der kritikk av dei avgjørande strukturtrekka i samfunnet blir bestemd å vere illegitime og derfor hindra med alle midla som systemet kan bruke, inkludert dei mest valdelige. I den alternative hegemoniske ordninga er det å endre dei historisk gitte vilkåra ikkje bare akseptert, men heilt naudsynt. Å ikkje gjøre det er ikkje bare å gå mot den  erklærte læra til sosialismen, men ville også ta frå samfunnet det positive potensialet sitt for utvikling, noe som nittenhundretalet si historie har vist på slikt tragisk vis.

Rolla til den sosialistiske utdanninga er svært viktig sett ut frå dette. Dei både samfunnsmessige og individuelle indre bestemmande kvalitetane i ho gir ho ei eineståande historisk rolle. På grunnlag av den samverknaden som er mellom begge desse bestemmande kvalitetane kan ho kan utfalde innverknaden sin og skape ein stor effekt i heile samfunnsutviklinga. Den sosialistiske utdanninga kan bare oppfylle mandatet sitt dersom ho blir utfalda gjennom at vi grip inn i den samfunnsmessige omformingsprosessen på ein medviten og effektiv måte.

Det gjensidige, som vi nett nemnde, er viktig her fordi dei samfunnsmessige individa, på den eine sida, kan bidra aktivt til at mål blir nådd eller til at utfordringar blir møtt, og på den måten bidra til viktig omdanning av samfunnet sitt, samstundes som blir dei sjølv blir skapt på ein meiningsfull måte i løpet av dei endringane dei får til. Dei blir altså skapt på legitimt vis av deira eige positive medvit om kor viktig dei pågåande endringane er og oppfattar korrekt på si eiga aktive rolle i desse endringane. At individa i samfunnet på ein genuint samtykkande måte utviklar si eiga forståing av dei pågåande endringane er eit radikalt avvik frå den heilt igjennom orsakande læresetninga som seier at ”den som tiger, den samtykker”. Ei læresetning som blei utforma av John Locke og som har vore framherskande innan den politiske teorien til representantane for den etablerte ordninga heilt sidan hans tid.

Den aktive innblandinga av individ i samfunnsmessige endringar kan identifiserast som samfunnsmessig samhandling i beste meining av omgrepet. Dette er ei meiningsfull samfunnsmessig samhandling, på grunnlag av felles velgjørande gjensidig påverknad mellom samfunnsmessige individ og samfunnet deira. Framveksten og styrkinga av ein slik felles velgjørande gjensidig påverknad ville vere heilt utenkelig viss dei ymse sidene av den alternative hegemoniske ordninga, medrekna dei viktigaste strukturelle grunntrekka, blei utforma av noen autoritet som var utanfor rekkevidda til dei samfunnsmessige individa. Då ville ”sjølvstendet” deira vere verd absolutt ingen ting, slik som det i røynda heller ikkje har noe verd når det gjeld dei påståtte ”eigne vala” som blir gjort av individa i varesamfunnet.

Derfor er den sosialistiske utdanninga av største vekt som pågåande utvikling av sosialistisk medvit, når vi ser ho som avgjørande viktig gjensidig påverknad som definerer dei særskilde individa som samfunnsmessige individ (og samstundes klargjør kva denne defineringa sjølv tyder). For kravet til ei historisk berekraftig utvikling, i ånda til dei viktige orienterande prinsippa for den sosialistiske omdanninga, blir røynd gjennom den mest aktive medverknaden frå utdanninga i denne prosessen. Ikkje noen av prinsippa kan fylle den naudsynte samfunnsmessige funksjonen sin utan ei slik type utdanning.

9.8.5

Som ei representativ sak kan klart vi sjå kor nyskapande viktig utdanninga er i høve til den grunnleggande endringa som trengs for å omdanne dei økonomiske handlingsmåtane som no er dominerande til noe kvalitativt forskjellig. Det visar seg i form av felles velgjørande gjensidig påverknad mellom individa i samfunnet deira. Forskjellen angår direkte det avgjørande materielt produktive området som må vere velfungerande for at vi skal kunne halde oppe sjølv dei mest formidla kulturelle handlingane. For kapitalens tidstvang, som er framherskande i den materielle produksjonsprosessen, påverkar direkte ikkje bare dei utbytande strukturelle forholda i klassesamfunnet som eit heile, men påtvingar samstundes sine skadelige, menneskelig utarmande verknader over kvart aspekt av materiell og intellektuell aktivitet i levetida til enkeltindivida. Følgjelig representerer trongen til menneskelig frigjøring, der den sosialistiske utdanninga spelar ei avgjørande rolle, ei grunnleggande utmaning.

Den reproduktive praksisen i det kapitalistiske samfunnet er karakterisert av den umenneskeliggjørande tidsrekninga som tvingar dei arbeidande individa til å underkaste seg tyranniet til den naudsynte arbeidstida, i motsetnad til ”kapitalen sine personlige representantar” som er dei villige påtvingarane av systemet sin framandgjørande tidstvang. Marx klaga over at arbeidarane, i hans ord dei potensielt ”rike samfunnsmessige individa, på denne måten blir påtvinga dei framandgjørande verknadene gjennom heile livet, nett fordi dei blir ”degraderte til arbeidarar som bare blir rekna som arbeidskraft”[lxii]. Dessutan er ikkje denne strukturelle bindinga, og den nedgraderinga som følgjer, slutten på historia. I visse situasjonar, som under kriser, må også arbeidaren lide under arbeidsløysa si forderving som blir hypokritisk skjult under omgrep som ”fleksibilitet”, og under barbariet til den utbreidde utrygga. Alle desse tilstandane stig fram frå dei same grunnleggande trekka i den kapitalistiske arbeidsprosessen. Dei kjem av den uomgjengelige, umenneskelig framferda i kapitalen sin måte å rekne tid på og den strukturelle tvangen i systemet sin uforanderlige tidstvang.[lxiii]

Arbeidet sitt hegemoniske alternativ er å sette i verk ein radikalt forskjellig måte å rekne tid på som samsvarer med dei menneskelig vinstgjevande krava til ein sosialistisk måte å rekne tid på. Bare på grunnlag av det er det mulig å sjå for seg dei fullt utfalda produktive praksisane til ”rike samfunnsmessige individ”. Dette kan bare skje gjennom eit radikalt skifte frå det historisk framherskande tyranniet til naudsynt arbeidstid til ei medviten tileigning og skapande bruk av tilgjengelig tid som det retningsgivande prinsippet for samfunnsmessig reproduksjon.

Det er klart at eit skifte i denne storleiken ber med seg langrekkande konsekvensar. For når vi rettar merksemda mot trongen til den kvalitetsmessige endringa som trengs for å ta til seg disponibel tid som den tidsrekninga som på ein praktisk og effektiv måte kan erstatte naudsynt arbeidstid, blir det heilt klart at dette er ei så stor endring at vi ikkje kan klare det utan fullt ut å aktivisere makta til den samfunnsmessige utdanninga. Dette har to hovudgrunnar.

Den første grunnen er at innføringa av tilgjengelig tid som det nye retningsgjevande og operasjonelle prinsippet i den samfunnsmessige reproduksjonsprosessen, krev at vi sluttar oss til det på ein medviten måte. Dette er det heilt motsette av tyranniet til naudsynt arbeidstid som dominerer samfunnet i form av altomfattande økonomisk tvang som ikkje er regulert av medviten innsikt. Det er ikkje ein gong regulert av den heilt avgrensa ”planlegginga” som kan nyttast på særskilde økonomiske einingar og som blir introdusert i arbeidsprosessen som etterpåklokskap av kapitalen sine personlige representantar. Men det er regulert av den fiendtlige motsetnaden mellom kapital og arbeid og ved marknaden sin kraft som gjør at planlegginga kjem for seint. Arbeidarane treng ikkje utdannast for den oppgåva det er å gå inn i dei operasjonelle rammene til den nødvendige arbeidstida. Dei kan rett og slett ikkje sleppe unna tvangen frå ho, sidan han blir pressa på dei som ein absolutt ”samfunnsmessig lagnad” som samsvarer med den strukturelt sikra underordninga deira i den etablerte samfunnsmessige ordninga. Det er dette Marx så passande kallar ”den umedvitne tilstanden til menneskeslekta”. Dette umedvitet som er framherskande i den kapitalistiske arbeidsprosessen på grunn av den blinde tidsrekninga, same kor idealisert han er, tyder også mangel på kontroll, med verknader som til slutt blir øydeleggande.

Den andre grunnen, som er like viktig, er at det samfunnsmessige  subjektet som er i stand til å regulere arbeidsprosessen på grunnlag av tilgjengelig tid, bare kan vere den medvitent kombinerte krafta til mengda av samfunnsmessige individ: dei ”fritt samanslutta produsentane” som dei vanlegvis blir kalla. Her ser vi endå ein gong den slåande kontrasten til ”subjektet” som regulerer den samfunnsmessige reproduksjonsprosessen på grunnlag av naudsynt arbeidstid. For naudsynt arbeidstid er ikkje bare trongt deterministisk, men også yttarst upersonlig, for den regulerande krafta i produksjonen og i den samfunnsmessige reproduksjonsprosessen er ikkje eit skikkelig subjekt i det heile, men dei strukturbestemmande kommandoane til kapitalsystemet som heilskap. Sjølv dei mest villige påtvingarane av det etablerte systemet sin tidstvang kan bare lyde dei, med større eller mindre hell. Viss dei ikkje er heldige i den tilpassinga til dei fetisjistiske krava som må til, vil dei snart nok bli kasta ut frå systemet sine rammer ved at føretaka deira går konkurs. Same kva fetisjistiske mystifikasjonar som er i kapitalsystemet, så er det verkelige produserande subjektet arbeidaren; kapitalisten som skal vere det kontrollerande subjektet, men som i røynde sjølv er heilt kontrollert av strukturtvangen i den etablerte ordninga, kan bare bli eit utbytande liksom-subjekt. Følgjelig er det bare det verkelig produserande subjektet, arbeidet, som kan tileigne seg det tenkelige og produktivt levedyktige regulerande medvitet under dei historiske vilkåra i vår tid. Det er klart at vi ikkje snakkar om den empiriske, sosiologiske kategorien enkeltarbeidarar som møter den samfunnsmessige makta til kapitalen som isolerte arbeidarar.

Vi snakkar her om arbeidet til dei medvitne samanslutta samfunnsmessige individa som det universelle vilkåret for livet i den alternative hegemoniske ordninga. Dette er det einaste tenkelige samfunnsmessige subjektet som er i stand til å regulere den samfunnsmessige produksjonsprosessen på grunnlag av tilgjengelig tid. Eller for å sei det same dialektiske samsvaret på ein annan måte: bare gjennom medviten tileigning av tilgjengelig tid, som det orienterande og praktiske sett effektive prinsippet, i livet vårt er det mulig å sjå for seg utviklinga av eit samfunnsmessig subjekt som er i stand til å kontrollere produksjonen og den samfunnsmessige reproduksjonen på ein passande måte i den alternative hegemoniske ordninga.

Det subjektet vi snakkar om er, slik vi har nemnd før, samstundes samfunnsmessig og individuelt. Dette samfunnsmessige individet er utenkelig utan utdanningsprosessar og sjølvutdanningsprosessar som kan tilfredsstille dei krava til skaping som må oppfyllast for at den nye samfunnsmessige utvekslinga med naturen rundt kan fungere. Slik samfunnet er i dag er innføringa av tilgjengelig tid over alt som det vitale operative prinsippet i produksjonen, bare ein abstrakt muligheit. Framtida vår avheng av at vi er i stand til eller ikkje i stand til å omgjøre ein slik abstrakt muligheit til konkret, skapande røynd.

Tyranniet til den naudsynte arbeidstida er noko påtvinga på arbeidarane som alltid vil fortsette å vere ei motvillig arbeidskraft innanfor rammene for kapitalsystemet. Dessutan er påtvinginga av naudsynt arbeidstid sløsande ut frå sitt eige referansesystem på den måten at det føreset opprettinga av ein strengt hierarkisk kommandostruktur, som på noen delar er svært problematisk og beint fram parasittisk, sjølv sett ut frå eiga påstand om han har ein økonomisk funksjon. Samanlikna med det er fordelen med å utføre produksjonen og den samfunnsmessige reproduksjonen på grunnlag av disponibel tid, som er tileigna verkeliggjøringa av mål som er medvite utvalde av dei sjølvregulerande samfunnsmessige individa,  ikkje til å nekte. For dei fritt samanslutta produsentane disponerer over usamanliknbart rikare ressursar enn det som kan bli pressa ut av ei motvillig arbeidskraft under påtrykk av dei strukturelle nødvendigheitene til kapitalen si naudsynte arbeidstid.

Vi må også understreke her at utdanning – som den blomande utfaldinga av sosialistisk medvit som er integrert i livet til dei sosiale individa i tett samvirke med den historiske situasjonen som heile tida endrar seg – er ei levande kraft som vi og kan sjå gjennom den overordna innverknaden på materiell reproduktive endring. Denne innverknaden spring direkte ut av endringa frå naudsynt arbeidstid til eigenbestemt disponibel tid som er sett av til disposisjon for samfunnet av dei arbeidande individa. Det er opplagd at bare samfunnsmessige individ, som individ, medvite kan bestemme, av og for seg  sjølv, naturen (dvs. den kvalitative dimensjonen) og mengda av deira eiga disponible tid som dei skapande tiltaka i samfunnet deira kan springe ut av. Det gjeld både timetalet og intensiteten i arbeidet som er avsett av dei til dei relevante produktive oppgåvene. Ingen autoritet utanfor dei kan bestemme eller tvinge slik krav på dei, i kontrast til den tidligare uunngåelige domineringa til naudsynt arbeidstid.

Den einaste krafta som er i stand til å gi eit positivt bidrag til den nye omdanningsprosessen er utdanninga sjølv som dermed oppfyller rolla si som det tidligare nemnde samfunnsmessige organet som verkeliggjør den felles fordelaktige samverknaden mellom i individa og samfunnet deira. Ikkje noe kan påtvingast her korkje på førehand (som ein norm lagt på førehand) eller med mål som ikkje kan bli endra. I den positive reproduksjonsprosessen til den framherskande alternative samfunnsorden, som det ikkje er ein fastlagt avslutning av, ser vi at genuin samverknad veks fram. Med den sosialistiske utdanninga som middel blir den produktive krafta til individa utvida og forbetra, samstundes som den utvidar heile den reproduktive makta i samfunnet deira som heilskap og gjør det meir frigjørande. Dette er den einaste historisk berekraftige tydinga av auka samfunnsmessig rikdom, i kontrast til den fetisjistiske dyrkinga av kapitalekspansjonen som driv mot øydelegging i vår endelige verd og som ikkje kan skiljast frå det lagnadstunge sløseriet under kapitalsystemet.

Bytteverdien sin dominans over bruksverdien, og dermed den systematiske og harde fornektinga av menneskelige behov i vår globale ordning, kan bare bli omsnudd på grunnlag av eit radikalt skifte til sosialismen sitt orienterande prinsipp som dreier seg om tid til disposisjon som blir medvite tileigna og utøvd gjennom samfunnsmessige individ. Deira utdanning er verdiorientert sjølvutdanning, som ikkje kan skiljast frå den pågåande utviklinga av sosialistisk medvit, er i direkte samsvar med dei historiske oppgåvene og utfordringane som dei vil møte og får dei til å vekse i produktiv kraft og i å vere menneskelig. Dette gir for dei det naudsynte grunnlaget for skapande sjølvutfalding som sjølvstendig subjekt som kan skape meining i (og samstundes gi meining til) eige liv som særeigne samfunnsmessige individ som er heilt klar over si rolle i – og sitt ansvar for – å sikre ei historisk berekraftig positiv utvikling av samfunnet sitt. Og det er sjølvsagt dette som gir sann meining til uttrykket ”rike samfunnsmessige individ.”

9.8.6

Dei same vurderingane passar på alle ei livsviktige orienterande prinsippa i den framherskande (hegemoniske) alternative sosiale ordninga i det indre sambandet mellom deira reproduktive krav og den sosialistiske utdanninga. For det er bare gjennom å trekke utdanninga inn i den samfunnsmessige endringsprosessen på den mest aktive og varige måten at det er mulig å omdanne det som først bare kan vere generelle orienterande prinsipp og verdiar til ei konkret operativ makt som utfaldar seg historisk.

Dei samfunnsmessige individa vil på medvite vis bestemme den forbetra naturen til og mengda av den disponible tida si som dei fritt tileignar for å verkeliggjøre dei samfunnsmessige måla sine som det bare er dei sjølve fritt kan bestemme på eit varig grunnlag. På same måte er det bare dei sjølve som kan definere tydinga av verkelig medverknad på alle nivå av bestemmingsprosessen. For skapande frigjørande og produktiv medverknad kan bare tenkast ved at vi forstår skikkelig naturen til dei tiltaka som må gjørast, medrekna den historiske grunnen deira, og at vi på same tid ser at det er  naudsynt med medvite godtaking av det store ansvaret som ikkje kan skiljast frå ein heilt deltakande måten å regulere den samfunnsmessige ordninga si på varig vis.

På same måte kan tydinga av verkelig likeverd bli omdanna frå eit gyldig generelt orienterande prinsipp til skapande berekraftig og samfunnsmessig røynd som gjør oss rikare menneskelig – bare gjennom sjølvomdannande utdanning som pågåande utvikling av sosialistisk medvit – og bli til ein samsvarande, ureservert positiv identifikasjon frå medlemmene i samfunnet med dei underliggande verdibestemmingane og kor rett det er at dei fins. Dette er ein form for utdanning som må vere i stand til ikkje bare på medvite vis å konfrontere og drive tilbake dei strukturelt innbakte og lagnadstunge øydeleggande samfunnsmessig reproduktive forholda av materielt og samfunnsmessig og politisk ulikeverd som er arva frå fortida, men som samstundes må overvinne den djupt innprenta villeiande krafta til den utgamle kulturen med verklig ulikeverd som framleis gjennomsyrer det samfunnsmessige medvitet  vårt.

Den sørgjelege fiaskoen med økonomisk planlegging i dei samfunnsmessige systema av Sovjet-typen kom av byråkratiske forsøk på å presse han på samfunnet på ein svært autoritær måte, ovanfrå, mens dei ikkje tok omsyn til trongen til å sikre det frivillige samarbeidet frå dei samfunnsmessige individa i høve til den planen som blei framlagt av staten. Medvite positivt samarbeid var ein essensiell føresetnad som var umogelig å oppnå utan den positive medverknaden av ei effektiv utdanning som sjølvutdanning som fungerte i praksis – i den forma og den ånda av tidligare nemnd samsvar mellom dei arbeidande individa med deira vidare samfunnsmessige skyldnader – med det målet å oppnå den medvitne identifiseringa av kvart individ med oppfyllinga av dei produksjonsmåla dei har vald. Utan det kan ikkje individa medverke skapande i høve til den heilskapelige planen sjølv, for å bidra på ein sjølvstendig måte til omdanningsprosessen innan eit kritisk viktig område.

Og for å ta eit eksempel til, når vi tenkjer på korleis dei nasjonale og internasjonale dimensjonane utfyllar kvarandre på dialektisk vis i vår tid, så forstår vi straks at rolla til utdanning som blir utført som medvite utdanning som vi er samd om, er overveldande viktig. Fidel har sagt:

Så langt som vi lukkast i å utdanne folket vår på ein djuptgåande måte i internasjonalisme og solidaritet, så langt skal vi og bli i stand til å stole på at folket oppfyller dei internasjonale pliktene sine. Det er umogelig å snakke om solidaritet dei enkelte samfunnsmedlemmene viss solidaritet ikkje også blir skapt samstundes mellom folka. Viss vi ikkje klarer å gjøre dette risikerer vi å falle ned i nasjonal egoisme.[lxiv]

Den svært negative og splittande arven frå fortida kvilar alt for tungt på folk sit medvit og medverkar til  konstante utbrot av konfliktar og destruktive konfrontasjonar i forskjellige delar av verda. Det er ikkje mogelig å rive oss sjølve ut at desse motsetnadene og antagonismane utan den skapande krafta til utdanning som blir drive sjølvstendig av samfunnsmessige individ som ei pågåande utvikling av sosialistisk medvit. For bare slik utdanning kan sette dei i stand til å ha klar innsikt i naturen og tydinga til det som står på spel, og samstundes inspirere dei til å ta fullt ansvar for sin eigen positive del i å få under kontroll dei øydeleggande straumdraga i vår verdsomspennande, samanlenka samfunnsmessige ordning, som i vår tid er både nasjonal og internasjonal på ein måte som vi ikkje slepp unna.

I alle desse sakene bryr vi oss om den livsviktige trongen for ein radikal og altomfattande strukturendring i den samfunnsmessig reproduktive ordninga vår. Dette kan vi ikkje oppnå gjennom dei blinde materielle bestemmingane som måtte vere framherskande i tidligare historisk utvikling. Dessutan er dei store problema og vanskane under våre historiske vilkår gjort endå meir intense og verre på grunn av det unektelige tidspresset som vi aldri har opplevd i tidligare historiske epokar.

Med omsyn til dette er det er nok å nemne to verkelig avgjørande forskjellar som  framhevar kor presserande tida er i vår epoke. For det første har vi den øydeleggingskrafta som er til disposisjon for menneska i dag og som dei ikkje kunne tenke seg tidligare. No er utryddinga av arten menneske heilt tenkelig og lett mulig ved bruk av fleire militære middel. Dette blir alvorlig understreka av det faktum at vi i det siste hundreåret har vore vitne til både den stadige oppskaleringa og den aukane intensiteten i dei aktuelle militære oppflammingane, medrekna to ekstremt øydeleggande verdskrigar. Dei siste tiåra har i tillegg dei mest absurde og kyniske påskotta blitt brukt – og blir brukt – for sette i gang folkemordkrigar som samstundes til og med trugar oss med den ”moralsk rettferdiggjorte” bruken av atomvåpen i ei tenkt framtid med krigar som er ”førebyggande og kjem dei andre i forkjøpet”. Den andre alvorlig trugande tilstanden er den øydeleggande naturen til kapitalen sin samfunnsmessige kontroll med utvekslinga med naturen i vår tid – som viser seg gjennom den stadig større dominansen til øydeleggande produksjon i kontrast til den tidligare sjølvrettferdiggjørande kapitalistiske mytologien om produktiv øydelegging – og som er i ferd med å øydelegge naturomgjevnaden, og som dermed direkte set dei elementære  vilkåra for menneskelig eksistens i fare.

Om ikkje noe anna, så understrekar desse tilhøva med stor kraft både den dramatisk presserande tida vi lever i, i vår eiga historiske epoke, og kor umogelig det er å finne varig levedyktige løysingar på dei alvorlige problema som ligg der utan medvite å konfrontere farane og utan å eigne oss til leiting etter det  einaste rasjonelt mulige botemiddelet, som vil dekke den djupaste meininga av omgrepet samvirke. På grunn av den uhøyrte storleiken til dei oppgåvene som ligg framfor oss, og det historisk sett eineståande hastverket som i vår tid pressar oss til å finne ei varig løysing på dei, er rolla til den pågåande utviklinga av sosialistisk medvit absolutt grunnleggande.

At det er naudsynt med ein radikal og omfattande strukturendring i den etablerte samfunnsmessige utvekslinga mellom menneske og naturen og mellom menneske og menneske, drar med seg trongen til ei kvalitativ omdefinering av samfunnets systembestemmande eigenskapar som det overgripande perspektivet på omdanning. Ikkje noen delvis justering eller marginale forbetringar i den eksisterande samfunnsmessig reproduksjonsordninga er tilstrekkelig til å møte utfordringa. For dei reproduserer i større skala dei farane som vi lett kan få auge på både på området for økonomisk og militære øydelegg og på det økologiske planet, og med den sterkt avgrensa tida som vi har forverrar dei og desse farane. Det er derfor at bare opprettinga og sikringa av eit hegemonisk alternativ til kapitalen sin samfunnsmessige kontroll med utvekslinga mellom menneska og naturen og mellom menneska og menneska kan gi oss ein veg ut av motsetnadene og antagonismane i vår tid.

Som vi har sett ovanfor er det som skil dei konkurrerande hegemoniske alternativa på den mest slåande måten deira radikalt forskjellige haldning til endring. Kapitalens samfunnsmessige kontroll med utvekslinga med  naturen og mellom menneske og menneske er absolutt i strid med alle idear om djup strukturell endring til trass for at han er så presserande. Motsett så er det slik at den hegemonisk alternative ordning for samfunnsmessig arbeid ikkje kan fungere i det heile utan å omfatte dei dynamiske endringskreftene på alle nivå av individuelt og samfunnsmessig liv på ein positiv og medviten måte, inkludert dei strukturelt livsviktige bestemmingane for samfunnet sin materielle og kulturelle reproduksjon. Dette kan bli røyndom på eit varig og omfattande samfunnsmessig grunnlag bare gjennom den naudsynte planlegginga som er verd namnet sitt, medvite teikna og brakt til modning av autonome samfunnsmessige individ.

  denne måten er endring tenkelig innan den alternative hegemoniske ordninga ikkje som eit særskild steg eller noen steg som blir tatt med kravet om ei endelig løysing eller ei avslutning (der vil alltid komme fram noen ny utfordring som også vil vere velkommen i løpet av den sosialistiske omdanninga), men bare gjennom den pågåande og aldri heilt fullførte – utviklinga av sosialistisk medvit.

Slik definerer den hegemoniske alternative måten for samfunnsmessig kontroll med utvekslinga med naturen seg sjølv både som varig påverknad av dei fritt tileigna viktige og verkande orienterande prinsippa – som verkeliggjør makta til individuell og samfunnsmessig medvit – og som den verkande evna til materiell produksjon og altomfattande samfunnsmessig reproduksjon. I røynda kan ikkje den sistnemnde evna utvikle seg i det heile utan ein konstant vekselverknad med dei prosjekta og planane som er medvite utforma av menneska i sin samfunnshistoriske situasjon som endrar seg heile tida, i nært samsvar med verdibestemmingane sine og i eit medvite driv for å ta dei utfordringane ein møter og for å betre livsvilkåra sine. Og dei forbetringane som vi her snakkar om veks ikkje bare fram som materielle saker, men i fullt samsvar med tydinga av ”sjølvutviklande rike samfunnsmessige individ”.

Medvitet til samfunnsmessige individ i arbeid under desse forholda, der det fins konkurrerande krav mellom den etablerte samfunnsmessige ordninga for kontroll med utvekslinga med naturen og det hegemoniske alternativet til den, er i første omgang den medvitne trongen til å lukkast i å sette opp eit historisk berekraftig alternativ til den veksande øydeleggingskrafta i kapitalens måte for samfunnsmessig kontroll med reproduksjonen. Når det gjeld sjølvforståing og ein historisk passande sjølvdefinisjon frå dei som er med på endringa, så er samstundes det medvitet som trengs frå dei samfunnsmessige individa, som er i gang med omdanningsprosessen, deira positive merksemd på at dei aktivt er med på oppbygginga av den einaste tenkelige hegemoniske alternative ordninga under dei framherskande omstenda,

Bare denne slags sjølvforståing, sikra med ei kompromisslaus haldning, kan lukkast. Vi har her å gjøre med eit eineståande mandat for ei altomfattande kvalitativ endring som veks opp ved ein kritisk skiljeveg i menneska si historie. Ved ein skiljeveg som før var utenkelig, fordi det no ikkje er noe anna enn menneska si overleving på jorda som det dreier seg om.

Det einaste samfunnsmessige organet som er i stand til å oppfylle det livsviktige historiske mandatet som det her er spørsmål om er ei utdanning som er fast retta mot pågåande utvikling av sosialistisk medvit.

9.8.7

Sidan ideen om strukturendring i utgangspunktet er utelukka når vi ser verda frå kapitalen sitt standpunkt, når vi tar omsyn til dei naudsynte innskrenkande tankerammene i systemet, så må også framtidsdimensjonen lide under at han blir fjerna frå visjonen til absolutt alle som får fastsett den historiske horisonten sin ut frå kapitalen sitt utsiktspunkt. Sjølv eit filosofisk geni som Hegel kunne følgjelig bare komme opp med ein avslutta tidsdialektikk då han nådde fram til si eiga notid i si monumentale oppfatning av verdshistoria. Det er typisk at han sperra vegen før muligheita av ein strukturelt sett viktig endring i framtida gjennom at han på unnskyldande vis måtte halde fast på tanken om at ”Verdshistoria reiser frå Øst til Vest, for Europa er historia sitt absolutte endepunkt[lxv], noe som til sjuande og sist måtte være i antihistorisk ånd.  Og han tilføydde, for godt mål, at denne utviklingsprosessen fram mot klimakset sitt og den ideelle fullendinga si, er ”den sanne Theodicea (argument for sameining av Gud som rettferdig og nådig med fakta om urett og vondskap slik vi opplever det på jorda – omsettarens merknad), rettferdiggjøringa av Gud i Historia”.[lxvi]

Frå kapitalen sitt synspunkt, som til sjuande og sist er sjølvøydeleggande, må utsiktene til utvikling justerast slik at omsorg for det som skjer i augneblikket dominerer tidshorisonten. All endring er tillate og legitim  bare viss dei vilkåra som kan følgje av endringa passar inn i rammeverket til kapitalsystemet og dei verdibestemmingane som samsvarar med dei.

Innrettinga på utdanninga til individa – medrekna dei materielle ønska og sosiale verdiane – blir leia same vegen. Dei er direkte dominert av problem som oppstår for kapitalen i augneblikket. Tidsmedvitet deira, så langt det angår ”framtida”, er innskrenka til ei konstant fornya notid i kampen deira med den fetisjistiske og innskrenkande makta til augneblikket i kvardagslivet deira: ein kamp som dei med naudsyn ikkje på noe vis kan vinne under styringa til kapitalen si naudsynte arbeidstid. Det nære og presserande må derfor vinne fram over alt. Eit omgrep om ei materiell og samfunnsmessig tenkelig altomfattande strukturendring, for ikkje å snakke om at ei slik endring kan vere ønskelig og legitim, må fortsette å vere absolutt tabu sett ut frå det dominerande utdanningssystemet.

Kulten av det lokale og det som skjer i augneblikket, som er så passande for kapitalen, vinn fram og går uskiljelig saman. Derfor er det slik at vi, innanfor dei tankebanane som samsvarer med kapitalens synsstad som er dominert av kapitalens sjølvvilleiande påståtte ”naturlige ordning”, ikkje kan forstå mangelen på utviklingskrafta i omfattande og omdannande mål og ideal, som ber i seg ei framtidig grunnleggande samfunnshistorisk endring på eit eller anna tidspunkt i framtida, utan å vere klår over den uunngåelige avskorne tidshorisonten til individa i dagliglivet deira. Det fins ein skadelig samverknad her som produserer ein vond sirkel ut av forholdet mellom dei to. Den avkutta tidshorisonten til individa utlukker at det er mulig å sette seg omfattande og omdannande mål, og omvendt så dømmer fråveret frå visjonane deira av omfattande omdannande bestemmingar, tidsmedvitet deira til å bli stengd inne i den trongaste tidshorisonten frå det som skjer i augneblikket.

I motsetnad til dette kan ikkje ein sosialistisk utdanning oppfylle det historiske mandatet sitt utan å gi passende vekt til dei livsviktige omfattande og omdannande måla som er knytt til deira passane tidshorisont. Dette tyder sjølvsagt ikkje at dei mest grunnleggande måla for strukturendring må overlatast til ei fjern framtid fordi vi ikkje kan unngå å ha lange perspektiv for ei fullstendig verkeliggjøring av dei. Tvert imot, det er eit framtredande karakteristisk trekk i dei sakene som vi må konfrontere i løpet av den sosialistiske omdanninga at det som skjer nett no ikkje kan skiljast og på ein passane måte fjernast, frå dei langsiktige og meir omfattande utfordringane, for ikkje å sei sett i motstrid til kvarandre slik det er gjort tidligare på ein sjølvorsakande måte. Kampsakene sjølv er så tett vevd inn i kvarandre at handling som angår sjølv dei fjernaste måla, når det gjeld å oppnå dei fullt ut, som til dømes  innføringa av verkelig likskap i rang og makt alle stader, i den fulle meininga av dette omgrepet, ikkje kan bli utelate til framtida. Grunnen til dette  er den eineståande historiske karakteren til den altomfattande strukturendringa. Vi må legge ut på vegen til altomfattande verkeliggjøring av verkelig likeverd alt i dag viss vi i det heile tar på alvor at vi kan lukkast i fullføringa av den kompromisslause verksemda som trengs for å sette opp og konsolidere ei slik radikal materiell og kulturell endring.

Det er eit historisk eineståande særtrekk ved det sosialistiske rådet om kvalitativ strukturendring at medvitet og sjølvmedvitet til individa må vere fokusert på den allsidige og altomfattande naturen til den samfunnsmessige endringa som trengs og av individa si eiga rolle i denne endringa som ein integrert del i heilskapsmåla, heller enn å bli oppdelt i den private sfæren som meir eller mindre uverkelige isolerte individ. På denne måten er også tidshorisonten til dei særskilde individa uskiljelig frå den omfattande historiske tida til deira dynamisk utviklande samfunn i det heile, same kor langsiktig det er.  Slik blir det, for første gong i menneskehistoria, forventa at individa skal bli verkelig medvitne om den rolla dei spelar i den menneskelige utviklinga både når det gjeld dei positivt mulige omfattande og omdannande måla og når det gjeld tidsspennet i deira eigen medverknad og spesielle innsats i den endringa i samfunna deira som utfaldar seg.

På denne måten er medvitet og sjølvmedvitet til dei særeigne individa om deira rolle som samfunnsmessige individ ein innbakt og essensiell del av all tenkelig suksess. Det gjeld den klåre oppfatninga dei har av deira direkte, men sjølvstendig valde, særeigne ytinga i den pågåande altomfattande omdanninga. For dei kan ikkje på skikkelig vis oppnå sjølv deira relativt avgrensa mål utan å sjå og vurdere relevansen til deira spesielle aktivitet, som  dei dannar og formar, som ein innbakt del av den altomfattande historiske tida som blir skapt heile tida av påfølgande generasjonar, inkludert dei sjølve. Bare innan dette perspektivet kan dei fullt ut bli merksam på den livsviktige tydinga at deira eiga disponible tid som fritt samverkande produsentar. Bare innan dette perspektivet kan dei på sjølvstendig vis tileigne den disponible tida si, som samstundes er deira verkelige historiske tid som særeigne samfunnsmessige individ som kan forstå og gi forståing til sitt eige liv, til å skape ein kvalitativ forskjellig så vel som historisk berekraftig samfunnsmessig orden for utveksling med naturen rundt seg.

I denne radikale omdanninga står ikkje mindre enn den heilt livsviktige trongen etter å skape eit levedyktig samfunn på spel. Det er ikkje tenkelig at denne omdanninga blir vellukka utan at vi medvite sikrar den historisk uunngåelige fornuftige planen for den nye ordninga sine overgripande konstantar på varig grunnlag og utan sjølvmedvitet til dei samfunnsmessige individa som skaparar og oppattskaparar av dette overgripande opplegget på tvers av generasjonane. Og det er fornuftig at skapinga og den passande fornyinga av det overgripande mønsteret er utenkelig utan dei sjølvmedvitande og sjølvbestemte verdibestemmingane til samfunnsmessige individ som er villige til å identifisere seg sjølv med samfunnet deira si omdanning som utfaldar seg i historia.

Utdanninga si rolle, passande definert som den pågåande utviklinga av sosialistisk/samfunnmessig  medvit, er klårt ein sentral del av denne store omdanningsprosessen.

9.8.8

Ut frå den heilt nye presserande situasjonen i vår historiske tid kan ikkje sosialismen i det 21.  hundreåret la vere å ta opp dei dramatiske utfordringane som kjem av det.

Generelt sett oppsto dei allereie på Marx si tid. Men då var det jo ikkje den fullstendige øydelegginga av heile menneskefellesskapen ei globalt trugande røynd, fordi ei ikkje hadde dei militære middel og metodar for å klare dette på lettvint vis som utviklar seg i  nær forbinding med kapitalsystemet si uunngåelige krise, slik alle opplever det over alt i vår tid.

Marx sjølv prøvde intenst å utforske måtar som vi kan bruke for å gjennomføre dei altomfattande, omdannande endringane som er naudsynt for å motverke kapitalsystemet sin framskridande øydelegging, på eit historisk berekraftig grunnlag. Han var heilt klar over det faktum at det ikkje var tale om å lukkast utan den medvitne truskapen frå folk ovafor det å verkeliggjøre den monumentale historiske oppgåva å innføre ein radikalt forskjellig og fungerande samfunnsmessig stoffskifteordning i reproduksjonen. Den intellektuelle og overtalande makta som kjem frå teoretisk innsikt er i seg sjølv ikkje nok, same kor godt han er fundert. Måten han hadde formulerte dette problemet på med stor forståing for røyndommen, var å medgi at: ”Det er ikkje nok for tanken å streve mot verkeliggjøring, røynda må sjølv streve mot tanken.[lxvii]

Han visste godt at den stadig meir øydeleggane materielle/tinglige makta til kapitalen, under den nedgåande fasen i systemet si utvikling, måtte bli møtt med og positivt opphevd av den materielle makta til eit historisk sett levedyktig alternativ. Derfor føydde han til den setninga som vi nett siterte ovanfor at ”teorien blir også ei materiell kraft så snart han har gripe massane”[lxviii] for å understreke på kva slags måte det teoretiske arbeidet kunne bli meiningsfullt. Naturligvis er det ikkje alle teoriar som kan det. Sidan det er spørsmål  om å opprette eit passande samband mellom ein teori som er laga for å verkeliggjøre ideen om ei grunnleggande samfunnsendring og den materielle krafta som kunne gjøre ein forskjell, må noen avgjørnde, viktige vilkår vere oppfylt. Utan det tyder ikkje ideen om at ”teorien grip massane” noe anna en tom moraliserande slagordsspreiing, noe som ofte har vore tilfelle når det gjeld sekterisk og elitearta politisk diskurs/tale. På dette viset konkluderte Marx sine refleksjonar om emnet ved å understreke sterkt at ”Teorien kan bli verkelig i eit folk bare så langt som han er verkeliggjøringa av behova/trongen til dette folket.”[lxix]

Teorien kan ikkje nå folket det gjeld av bøker aleine,  heller ikkje bare ved å snakke om dei til ein tilfeldig gruppe av individ, sjølv med dei beste motiv. Radikale tankar kan ikkje lukkast med å nå målet sitt med å endre det samfunnsmessige medvitet utan ei passande organisatorisk utvikling. Ein samanhengande organisasjon som kan stå for det historisk utviklande rammeverket mellom behova til folket og dei strategiske ideane for å få gjennomslag for dei er essensiell for å lukkast med omformingstiltaket. Derfor er det ikkje på noen måtar overraskande at Marx og den nære medarbeidaren, Engels, som unge revolusjonære intellektuelle, gjekk med i den mest radikale samfunnsrørsla på deira tid og var ansvarlige for å skrive Det kommunistiske manifest som rådde til ein kompromisslaus organisert innverknad på den globale prosessen som utfolda seg.

Det er også grunnleggande viktig å ha ein klår idé om den strategiske innrettinga til medvitet slik det utviklar seg, det vil seie det naudsynte fokuset som er vilkår for at ein ikkje skal bli avspora frå å verkeliggjøre den historiske oppgåva. Det er derfor at Marx understreka at ”kommunistisk medvit” bare kunne oppfylle det historiske mandatet sitt viss det var ”eit medvit om naudsynet av ein fundamental revolusjon.”[lxx]

I tillegg har vi eit like viktig spørsmål, spørsmålet om kor vidt utbreidd dette kommunistiske medvitet må vere i samfunnet for å ha ein sjanse til å vinne over motstandaren sin, saman med oppfølgingsspørsmålet om dei vilkåra for spreiinga av dette medvitet som framleis manglar under dei framherskande tilhøva, sett ut frå den lange historiske tilpassinga til det folket det gjeld som hindrar ei omfattande tileigning av det kommunistiske medvitet. For freistinga til å slutte opp om fortropptenkinga, som til sjuande og sist er sjølvøydeleggande, oppsto ikkje i moderne tid. Ho var allereie framtredande godt før Marx si tid. Dette dreidde seg ikkje bare om fåkunne om  spørsmålet ”korleis skal undervisarane sjølv bli undervist” slik at noen tenkte at dei sjølvoppnemnde ”undervisarane” hadde ein slags medfødd rett eller ei tillagd særstilling, men meir generelt dreier det seg om den livsviktige saka som gjeld makt til å bestemme som utelukkar dei store massane av folket. Dessutan er slike eliteprega oppfatningar alltid dømd til resultatløyse og nederlag fordi at det ikkje kan vere noe håp om å vinne mot dei overveldande oddsa i kapitalen sin favør under dei framherkande historiske vilkåra, utan å mobilisere dei store massane av folket.

Opp mot alle tenkelig eliteprega, feile framstillingar av utfordringa som vi har sett fleire materialseringar av i fortida, understreka Marx:

”Både for produksjonen av kommunistisk medvit i masseomfang, og for at saka sjølv skal bli vellukka, er endringa av menneske i massemålstokk naudsynt, ei endring som bare kan finne stad i ei praktisk rørsle, ein revolusjon; derfor er revolusjonen naudsynt, ikkje bare fordi den herskande klassen ikkje kan bli kasta på anna vis, men også fordi den klassen som kastar han bare gjennom ein revolusjon kan kvitte seg sjølv med all driten frå lange tider og blir i stand til å grunnlegge samfunnet på nytt.”[lxxi]

Desse tankane fortsett å vere gyldige også i notida og framtida. Sekterisk fortroppvesen kan aldri komme på høgd med storleiken til den historiske oppgåva som inneheld både danninga av ei revolusjonær masserørsle som er i stand til å lukkast i å overvinne motstandaren sin og samstundes ”kvitte seg sjølv” med den paralyserande driten frå tidligare tider, slik at dei blir i stand til å grunnlegge samfunnet på nytt. Dette er grunnen til at Marx set trongen for kommunistisk massemedvit opp mot det ”abstrakte idealet som dei trur folk skal rette seg etter”. Anten dei som råder til ein slik tilnærmingsmåte er klår over det eller ikkje, så var sekterisk fortroppsvesen alltid – og kunne aldri bli noe anna enn – akkurat eit forsøk på å presse på dei store massane av folket det abstrakte idealet som Marx klaga på, mens dei arrogant eller naivt avviste det gjeldande alternativet som er kommunistisk massemedvit som ”populisme” eller noe slikt. Og dette ytre påpressa ”abstrakte idealet” til det sekteriske fortroppvesenet kan vi ikkje sjå på som mindre skadelig bare fordi noen av dei trufaste tilhengarane sjølv personlig er villige til å tilpasse seg til det.

Paradoksalt nok var det slik at ”røynda sjølv strevde mot tanken”, for å bruke Marx sitt uttrykk, men ”tanken” – slik han skulle vere materialisert i dei samfunnsmessige og politiske strategiane til ein naudsynt radikal omforming, saman med sine korresponderande organisatoriske uttrykk – var ikkje opp til utfordringa. For å  motverke det tilfellet at vi ikkje skal klare å bruke den fordelen som dei gunstige vilkåra som stig fram midt i  kapitalen sin stadig djupare strukturkrise skapar, må vi hugse på to svært viktige spørsmål. Når det gjeld begge er utdanninga si rolle avgjørande som den svært naudsynte utviklinga av sosialistisk medvit. Utan dette er sjølv den svært alvorlige krisen i kapitalen sin samfunnsmessige orden for utveksling mellom menneske og naturen rundt langt frå tilstrekkelig til å sette i gang prosessen med å ”grunnlegge samfunnet på nytt”.

Det første spørsmålet gjeld den naudsynte overgongen frå den herskande ordninga til eit historisk berekraftig samfunn i framtida. Som vi har sett tidligare er kapitalen si djupt forskansa samfunnsmessige orden for utveksling mellom menneska og naturen rundt og mellom menneska og menneska kjenneteikna av at motverdi dominerar, dvs. at sløseri og øydelegging blir sett på som positivt. Dette trekk med seg degradering av ”utdanning” til konformistisk tilpassing av folk som må ”gjøre til sine eigne” kapitalsystemet sine destruktive og sjølvmordariske krav i ei ånd som passer med oppretthaldinga og utbreiinga av motverdi. Slik sett er det å røre seg frå ei ny samfunnsmessig ordning for utveksling, i overgongsamfunnet, uskiljelig frå det naudsynte å overvinne den nedarva sosiale tenkemåten til kapitalen si reproduktive ordning. Det er bare gjennom utdanning sett som radikal sjølvutdanning av samfunnsmessige individ, at desse individa blir både elevar og lærarar i løpet av ”endringa som bare kan finne stad ei praktisk rørsle, ein revolusjon”. Dette er den einaste tenkelige måten vi kan bruke for å overvinne den konservative todelinga i alle eliteprega oppfatningar som deler opp folk i noen få utvalde, mystisk overlegne ”lærarar” mens resten av samfunnet blir varig plassert i den underordna posisjonen som ”elevar”, som Marx understrekar. Ut frå dette må vi heile tida vere klar over at rådet om ei ”endring av folket slik at dei blir i stand til å grunnlegge samfunnet på nytt” bare kan gjennomførast gjennom ei utvikling av ”kommunistisk massemedvit” som omfattar den store majoriteten av samfunnet.

Denne utviklinga finn stad i eit overgangssamfunn med sine gitte karakteristiske trekk som vi ikkje kan ønske vekk for at det skal passe inn i ein idealisert førestelling om framtida. Dei eksisterande formidlande løftestengene – dei praktiske formidlingane[lxxii] som vi kan finne mellom notida og ei berekraftig framtid – er dei einaste midla og metodane som kan brukast for å gjøre dei generelt orienterande prinsippa for den sosialistiske omdanninga til verkande krefter og stadig forbetre vilkåra for å utvikle dei positive potensiala og redusere makta til dei nedarva negative innverknadene. For å få til ein vellukka prosess er det naudsynt å stole på den praktiske dialektikken av både endring og kontinuitet ved å konsolidere dei positive potensiala og vinningane som eit naudsynt grunnlag som vi så kan bygge vidare på. Naturligvis inneheld den skikkelige måten å ta vare på dei tilgjengelige formidlande løftestengene i overgangssamfunnet at vi medvite tilpassar til vårt eige opplegg dei progressive håpa til den meir fjerne fortida – slik vi tidligare har sett dei med omsyn til dei utdanningsideala til dei store opplysningstenkarane som ikkje kunne settast ut i livet i deira tid. Slik attskaper vi ei tapt historisk kontinuitet som kapitalen verkar heilt skadelig inn på det noverande trinnet i systemkrisa si. Vellukka overgong er ein livsviktig historisk prosess som utfaldar seg i ein berekraftig dialektikk av endring og kontinuitet. Viss vi ikkje tar omsyn til begge dei to gjeldande dialektiske sidene i ein slik prosessen, for ikkje å seie undertrykke dei, kan vi bare øydelegge historia, slik kapitalen held på å gjøre i dag. Den sjølvstendige rolla til sjølvutdannande utdanning når det gjeld å gripe og på tilpasse det tradisjonelle samfunnet sine formidlande løftestenger, er den naudsynte byggaren av positiv kontinuitet. Det er levande historie slik han utfaldar seg i retning ei vald framtid, og på same tid er det dei samfunnsmessige individa sin medvitne måte å leve si eiga historie i den vanskelige overgangsperioden.

Det andre spørsmålet dreiar seg om den internasjonale utfordringa vi står framfor. For ingen kan med alvor nekte på at dyrkinga av det lokale – frå naiv romantikk som seier at ”lite er vakkert” til det sjølvøydeleggande og einsidige slagordet ”tenke globalt, handle lokalt”, er totalt makteslaust mot kapitalen sine globale ressursar for å dominere og øydelegge. Samstundes kan vi vanskelig nekte for at tidligare forsøk på å gå mot kapitalen gjennom å organisere sosialistiske internasjonalar ikkje levde opp dei erklærte måla sine. Ein av dei viktigaste grunnane at det gikk gale med internasjonalane var den svært urealistiske føresetnaden om doktrinær einskap som utgangspunktet og naudsynte funksjonsmåte og at dei forsøkte å påtvinge saker på ei mengd måtar som virka sjølvøydeleggande og leidde til at dei spora av og fall saman. Å rette på dette problemet på ein medviten måte, i samsvar med dei krava og muligheitene som fins i vår historiske tid, er ei stor utfordring i framtida.

På den andre sida var kapitalen sin ideologiske dominans på det internasjonale feltet kraftig understøtta av ein kultur med verkelig ulikskap i rang og makt. Den fremma den sjølvtenande myten om ”verdshistoriske nasjonar” – ein handfull med mektige kapitalistiske land som blei dominerande under bestemte historiske omstende – til bate for mindre nasjonar som dei påsto var bestemt til å bli underordna dei ”verdshistoriske” landa for alltid. Dette synet løfta opp, i abstrakt filosofi, noe som var tydelig historisk tilfeldig til den høge statusen av noe slags a  priori ontologisk naudsynt (dette tyder at det var bestemt på førehand og var ein del at naturlovene – omsettaren sin kommentar), og kulminerte i ein orsakande læresetning som sa at dei ”verdshistoriske nasjonane” i Europa representerte ”den absolutte slutten på historia”. På denne måten blei det heilt urettferdige systemet med dominering og strukturell underlegging rettferdiggjort gjennom den spekulative utkledinga som framstilte dei tilfeldig oppretta, brutale maktforholda som kunne endrast historisk, som eit påstått varig forhold av verkelig ulikskap i rang og makt.

Utdanninga si rolle er også avgjørande i dette forholdet. For det er på den eine sida naudsynt å avsløre – gjennom den avmystifiserande makta til den sosialistiske utdanninga – den unnskyldande karakteren til den lenge etablerte kulturen med verkelig ulikskap, i alle formene sine, for å føre oss nærare verkeliggjøringa av varig haldbare menneskelige forhold av verkelig likeskap i rang og makt i den historisk globale ordninga som endrast. På den andre sida er den positive innverknaden av utdanninga vital for å møte den store internasjonale utfordinga i vår historiske tid når det gjeld å utarbeide måtar for å møte kapitalen sin globale dominans på, gjennom opprettinga av fungerande organisasjonsformar for sosialistisk solidaritet.

Terje Valen, 10.01.2010 22:38.

Rødt gav i 2007 ut den vesle boka ”Sosialisme skapes  ikke i himmelen” av Michael A. Lebowitz. For dei som las boka litt nøye dukka namnet Istvan Mészáros opp i tre sluttnotar i boka. Notane viste til boka hans ”Beyond Capital: Toward i Theory of Transition” utgjeven på Merlin Press og i pockeutgåve på Monthly Review Press i USA i 1995. Eg hugsa då at eg hadde lese den første boka hans på engelsk etter at eg skreiv boka mi om ”Marxistisk renessanse – kommunistisk offensiv”(han skriv på ungarsk og italiensk også, blant anna). Den boka hadde tittelen ”Marx’s Theory of Alienation” og handla altså om Marx sin framandgjøringsteori. Det er kanskje den beste boka om dette emnet som er skrive, og boka peikar på mange tilhøve som er viktige for å kunne oppheve kapitalismen og kapitalen og skape sosialisme og kommunisme. Eg bestemte meg derfor til å studere fleire av skriftene til Mészáros og begynte med ”Beyond Capital, Towards a Theory of Transition” (Bortanfor kapitalen – mot ein teori om overgang.) frå 1994. Så las eg altså ”The Challenge and Burden of Historical Time – Socialism in the Twenty-First Century”, ”Den historiske tida si utfordring og byrde – sosialisme i det tjueførste hundreåret”. Boka er ei samling av artiklar og førelesningar pluss nye tekstar som utdjupar og fører fram analysane til 2008. Den første teksten er frå 1997 og dei siste frå 2008. Det er den som eg no omsett kapittel 8 frå. Eg har no og lese ferdig ”The Power of Ideology” som kom ut i 2005 og ”Philosophy, Ideology & Social Science – Essays in Negation and Affirmation” som kom ut i 1986 og som inneheld essays frå 1970 og frametter, og har lese ”Social Structure and Forms of Consciousness” – volume I: ”The Social Determination of Method” (2010). Eg har no lese ferdig denne boka og er snart ferdig med bind 2: ”The Dialectic of Structure and History” (2011).

Mészáros er sikkert blant dei alle mest inspirerande akademiske marxistane i verda i dag. Med ei bredd på marxforståing og ei djupn i forståing av den sosialistisk/kommunistiske rørsla og ei filosofisk skolering som går utanpå dei fleste. Og så er han kompromisslaust revolusjonær samstundes som han ikkje nøler med å utfordre det han vil av heilage kuer. Mészáros si avdekking av dei forskjellige formene for borgarlig ideologi frå byrjinga av og fram til i dag er ei sann svir å lese. Trist han ikkje fins på norsk. Og han skriv også relativt vanskelig på engelsk. Men har du forstått noen av termane hans, som ikkje har vore så vanlige i den kommunistiske rørsla, men som er fulle av innhald og ligg nært opp til Marx, så går det betre. Eg vonar at mi omsetting, som ikkje på noen måte er perfekt, kan vere til hjelp for dei som vil lese meir av Mészárov. Det er ikkje sikkert at første runde av omsettinga er konsekvent når det gjeld valformer.

Terje Valen, 25. januar 2010 – 2. oktober 2011.

 



[i] Istvan Mészáros: The Challenge and Burden of Historical Time, side 262.

[ii] Friedrich Engels, Anti-Dühring, Stockholm 1955, side 39.

[iii] Mészáros, Marx’s theory of Alienation, Merlin Press, 1970

[iv] Marx, “The Eighteen Brumaire of Louis Bonaparte,” I Marx and Engels, Collected Works, bind 11 (London: Lawrence and Wishart, 1979), 107.

[v] Sjå kapittel 7 i Meszárós: The Challenge and Burden of Historical Time – Socialism in the 21. Century: “The Challenge of Sustainable Development and the Culture of Substantive Equality”, ei førelesning gjeven på The Cultural Forum of the Latin American Parliaments’ “Summit on the Social Debt and Latin American Integration,” halde I Caracas, Venezuela, 10.-13. juli, 2001.

[vi] Rousseau, A Discourse on Political Economy (Everyman edition), 262-264.

[vii] Sjå til dømes Jean-Claude Paye, ”The End of Habeas Corpus i Storbritannia”, Monthly Review, November 2005. Her karakteriserer forfattaren  den skadelige utviklinga i lovgjevinga til det britiske parlamentet slik: “Lova angrip den formelle maktdelinga ved å gi innanriksministaren juridiske fordelar. Vidare reduserer den retten til forsvar til mest ingen ting. Den etablerer også ein praksis det mistanke har forrang for fakta sidan tiltak for å avgrense rettar, noe som kan leie til  husarrest, kan bli retta mot enkeltpersonar, ikkje ut frå kva dei har gjort, men ut frå kva inn. Utanriksministaren tenkjer at dei kan ha gjort eller kan gjøre. Derfor vender denne lova med overlegg ryggen til eit samfunns styrt ut frå lovar og opprettar ein ny form for politisk regime”. Sjå også kapittel 10 i denne studien, spesielt diskusjonen om ”Politikkens strukturelle krise”.

[viii] Dette kravet om samfunnsmessig likeverdig universalisering av arbeid dukka opp for fleire hundreår sidan i skriftene til noe store visjonære tenkarar, men utan i vinne fram under den overmektige dynamikken i den pågåande samfunnsøkonomiske utviklinga i deira tid. Sjå diskusjonen min om Parcelsus i kapittel 8 ovanfor.

[ix] Harry Magdoff og Fred Magdoff, ” Approaching Socialism”, Monthly Review, juli/august 2005.

[x] Marx, The Poverty of Philosophy, (London, Martin Lawrence Ltd.) side 47.

[xi] Den ulykksalige Kyoto-historia er bare den siste fasen av denne utviklinga. For meir enn ti år sidan påstod eg at ”Alle forsøk på å gå laus på dei problema som ein er tilbakehaldande med å  innsjå må skje under den kvelande vekta av dei grunnleggande lovmessigheitene og strukturelle antagonismane i systemet. Derfor vil dei ’korreksjonane’ som er foreslått innan rammene for dei store internasjonale samkomene – som møtet i Rio de Janeiro i 1992 – ikkje føre til noe. Slik er det fordi dei må underordnast oppretthaldinga av dei fastsette globale makttilhøva og kapitalmakta. Årsakssamanhengar og tid må bli handsama som ei leikesak for dei dominerande kapitalinteressene same kor påtrengande faren er. Derfor er framtida kynisk og uansvarlig innskrenka til den trongaste horisonten til dei næraste profittforventningane.” Mészáros, Beyond Capital, side 148. ”Karakteristisk nok blir sjølv dei veike resolusjonane frå konferansen i Rio de Janeiro i 1992 bare brukt som eit alibi for å fortsette som før og ikkje gjøre noe for å møte utfordringane, mens dei let som dei ’oppfyller dei lovnadane som er gitt’”. (Same verk, side 270.)

[xii] Harry Magdoff, intervjua av Huck Gutman,”Creating a Just Society: Lessons from Planning in the U.S.S.R. & the U.S.,” Monthly Review, oktober 2002.

[xiii] Marx, Kapitalen, bind 1 (Moskva: Foreign Languages Publishing House, 1959), side 85.

[xiv] John Stuart Mill, Principles of Political Economy, (London: Longmans, Green, and Co., 1923), side 751.

[xv] Same stad, side 749.

[xvi] Same stad.

[xvii] Eg siterer heile den pretensiøse tittelen på boka. The Limits to Growth: A Report for the Club of Rome Project on the Predicament of Mankind, A Potomac Associates Book (London: Earth Island Limited, 1972).

[xviii] Avslørande nok så avviste den leiande teoretikaren bak denne ”vekstavgrensings” –framstøyten, professor Jay Forrester, på nedlatande vis all omsut for likskap som bare ”tomt likskapssnakk”. Sjå intervju med han i Le Monde, 1. august, 1972.

[xix] Sjå kapittel 4 i denne boka, spesielt avdeling 2: ”Den potensielt mest daudelige fasen i imperialismen”.

[xx] Vadim Medvedev, ”The Ideology of Perestroika” in Abel Aganbegyan, red. Perestroika Annual, bind 2 (London Futura/MacDonald, 1989), sidene 31-32.

[xxi] Tittelen på Hayeks mest berømte korsfararbok.

[xxii] Gorbatsjov sitert i John Rettie, ”Only Market can Save Soviet economy”, The Guardian, 17. oktober, 1990.

[xxiii] For å sitere ein av Hegel sine idealiserande påstandar: ”Nasjonalstaten er anden i sin verkelige fornuft og direkte aktualitet og han er derfor den absolutte makta på jorda.” Hegel, Rettsfilosofi (Oxford: Clarendon Press, 1942), side 212.

[xxiv] Marx, Filosofiens elende i Marx and Engels, Collected Works, bind 6 (London: Lawrence and Wishart, 1976), side 134. Sitert i kapittel 19 i Beyond Capital (“The Communitarian System and the Law of Value in Marx and Lukács”). Sjå og kapittel 15 (“The Decreasing Rate of Utilization Under Capitalism) og kapittel 16 (“The Decreasing Rate of Utilization and the Capitalist State”) I Beyond Capital, som tar opp noen viktige forhold som er knytt til dette.

[xxv] Marx, Grunnriss (Harmondsworth: Penguin Books), side 708.

[xxvi] Same stad.

[xxvii] Marx: Kritikk av Gotha-programmet, Marx og Engels, Selected Works, bind 2, -Moskva, Foreign Languages Publishing House, 1958.)

[xxviii] Sjå Walt Rostow, The Stages of Economic Growth: A Non-Communist Manifesto (London: Cambridge University Press, 1960). Rostow var eit framtredande medlem av president Kennedy si “brain trust” (tankesmie).

[xxix] Lenin,  Collected Works, bind 36 (London: Lawrence and Wishart, 1960), side 606. (Desse sitata er tatt frå noen notat som Lenin skreiv 30. og 31. desember 1922. Dei kritiserte den planen som Stalin hadde foreslått for å slutt saman alle dei forskjellige nasjonalitetane ut frå tanken om at dei skulle tre inn i Sovjet Unionen på grunnlag av autonomi. Det vil seie at dei gav opp sjølvstendet sitt i utgangspunktet. Lenin sitt forslag var at dei forskjellige republikkane skulle tre inn i ein union der alle republikkane var heilt likestilte. Notata førte til at Stalin sitt forslag blei forkasta og Lenin sitt forslag gav retninga for korleis Sovjet Unionen blei danna. Omsettarens kommentar.)

[xxx] Same stad, side 610.

[xxxi] Sjå diskusjonen min om desse problema i ”Den dramatiske tilbakekomsten av det nasjonale spørsmålet”, som var del av ein artikkel med tittelen ”Socialismo hoy dia”, skriven mellom desember 1989 og januar 1990 for det venezualanske kvartalstidsskriftet El ojo del huracán og utgjeven i februar/mars/april-nummeret. Det blei seinare publisert opp att i del IV av Beyond Capital.

[xxxii] Engels, Brev til August Bebel, 18.-28. mars, 1875.

[xxxiii] Rosa Luxemburg, Juniuspamfletten (Colombo, Young Socialist, 1964), side 54.

[xxxiv] Sjå seksjon 2 i dette kapitlet om deltaking.

[xxxv] Bolívar kalte likskap ”lovenes lov” og la til at ”utan likskap forsvinn alle fridomar og alle rettar. Vi må ofre oss for fridommen”. ”La ley de las leyes: l Igualdad. Sin ella perecen todas las libertades. A ella debemos  hacer los sacrificios.”

[xxxvi] ”El peligroso loco del Sur.”

[xxxvii] Se José Martí, ”Discurso,” halde i Harman Hall, New York, den 10. Oktober, 1890 og «La Verdad Sobre los Estados Unidos, » Patria, 17. April, 1884.

[xxxviii] « Acaso sólo allí podrá fijarse algún día la capial de la tierra, como pretendió Constantino que fuese Bizancio la del antiguo hemisferio. »

[xxxix] Kvart par med namn står for erobrarar og erobra, Árpád var leiaren for dei ungarske stammene som vann over Zalán på dei Karpatiske slettene, og Werbözcy var ein statsmann som tidlig i det sekstande hundreåret brutalt slo ned bondeoppreisten til György Dózca.

[xl] Her kan vi føye til krigane i Midt-Austen.

[xli] Mészáros, Marx’ Theory of Alienation (London, Merlin Press, 1970), side 310.

[xlii] Same stad, side 342.

[xliii] Sjå artikkelen min: ”Strukturkrisa i politikken”, Monthly Review, september 2006.

[xliv] Rosa Luxemburg, ”Organisatoriske spørsmål når det gjeld det russiske sosialdemokratiet”, i The Russian Revolution and Leninism or Marxism, (Den russiske revolusjonen og leninisme eller marxisme) (Ann Arbor: The University of Michigan Press, 1970), side 98.

[xlv] Rousseau, The Social Contract (Samfunnskontrakten), (Everyman edition), side 78.

[xlvi] Rousseau, same verk, side 79.

[xlvii] Dette er diskutert meir i detalj i kapittel 14 i Beyond Capital.

[xlviii] Same stad.

[xlix] Adam Smith, The Wealth of Nations, (Edinburgh: Adam and Charles Black. 1863), side 200.

[l] Same verk, side 273.

[li] Her er det verd å hugse på den store moralske indignasjonen som Thomas Münzer, den anabaptistiske leiaren av den tyske bonderevolusjonen, viste to og eit halvt hundreår seinare, då han forbanna (denounced) systemet med ”naturlig” omdanning til varer og framandgjøring.  Müntzer noterte kor uuthaldelig det var  ”at kvart levande vesen må omdannast til eigedom, fiskane i vatnet, fuglane i lufta, plantane på jorda”. Sitert i kapittel 7.1 i denne teksten.

[lii] Lenin gjorde det heilt klart at ”politiske revolusjonar kan ikkje under noen omstende skygge for eller svekke slagordet om sosialitisk revolusjon … som vi ikkje må sjå på som ei einstaka handling, men som ein periode med omkvervlande politiske og økonomiske oppstandar, den mest intense klassekamp, innbyrdeskrig, revolusjonar og motrevolusjonar”, i Collected Works, bind 21 (London: Lawrence and Wishart 1960), side 340. Mens Lenin heile tida haldt oppe medvitet om den grunnleggane forskjellen mellom den pågåande politiske og sosiale revolusjonen, sjølv då han uomgjengelig blei tvinga til å forsvare den reine overlevinga av den politiske revolusjonen sjølv etter at den revolusjonære bølgja i Europa hadde flata ut, så viska Stalin ut denne avgjørande forskjellen og let som det uunngåelige første steg i retning den sosialistiske omdanninga representerte sosialismen sjølv, slik at han enkelt kunne følgjast opp ved å stige opp til ”kommunismens høgaste stadium” i ein omringa stat.

[liii] Marx skreiv sjølv at kapitalen, i løpet av den såkalla primitive kapitalakkumulasjonen trer fram ”drypande av blod frå hovud til fot, frå kvar pore”. Sjå del VIII av Marx, Kapitalen, bind 1: ”Den såkalla primitive akkumulasjonen”.

[liv] Hegel, The Philosophy of History (New York: Dover Publications, Inc., 1956), side 457.

[lv] Når det gjeld dette tilhøvet, sjå seksjon 3 (”Historiske utfordringar for den sosialistiske rørsla”) i kapittel 4 over, og kapittel 18 i  Bortanfor kapitalen.

[lvi] Økonomiske manuskript 1861-63 i Marx and Engels, Collected Works, bind 34 (London: Lawrence and Wishart, 1994), side 457. Ein annan viktig kvalifisering som må føyast til her er at “produktivt arbeid – verdiproduserande – alltid møter kapitalen som arbeidet til isolerte arbeidarar, same kva samfunnsmessig samanslutning dei arbeidarane går saman i innan produksjonsprosessen. Derfor er det slik at mens kapitalen representerer den samfunnsmessige produktive krafta til arbeidet ovafor arbeidarane, så representerer alltid det produktive arbeidet ovafor kapitalen bare arbeidet til den isolerte arbeidaren” (same verk, side 460).

[lvii] Same verk, side 456.

[lviii] Same verk, side 457.

[lix] Frå ”Behovet for å gå til motangrep mot kapitalens utanomparlamentariske kraft”, avsnitt 18.4 i Bortanfor kapitalen, sidene 734-5.

[lx] Sjå kapittel 8 i denne boka og kapittel 10 (”Framandgjøring og utdanningskrisa”) i mi bok om Marx framandgjøringsteori (London: The Merlin Press, 1970).

[lxi] Økonomiske manuskript frå 1861-63, det siterte verket, side 457.

[lxii] Marx, Grunnriss, side 708.

[lxiii] Sjå diskusjonen i kapittel 5 ovafor, når det gjeld noen saker som er knytt til dette.

[lxiv] Fidel Castro Ruz, tale i Katowice i Polen, 7. juni 1972, sitert i Carlos Tablada Pérez, Economia, etica e politica nel pensiero di Che Guevara (Milano: Il Papiro, 1996), side 165.

[lxv] The Philosophy of History, det siterte verket, side 103.

[lxvi] Same verk, side 457

[lxvii] Marx and Engels, Collected Works, bind 3, side 184.

[lxviii] Same stad.

[lxix] Same stad.

[lxx] Marx and Engels, Collected Works, bind 5, side 52

[lxxi] Same verk, side 52-53.

[lxxii] Filosofisk sett får kategorien formidling særs stor vekt i den historiske perioden då det skjer overgong til ei ny samfunnsmessig ordning.