Dei lange linjene i USAs geopolitikk 11

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Krim og starten på Ukraina-krigen

Den russisktalande folkesetnaden i aust reagerte raskt då opprørsaktivistar overtok offentlege bygnader samstundes med statskuppet. Dei anerkjende ikkje det ulovlege regimeskiftet og det nye styret som for en stor del bestod av russarhatande høgrenasjonalistar og nazistar. Den 16. mars 2014 gjennomførte dei ansvarlege på Krim ei folkeavstemming der det store fleirtalet stemte for ei tilslutning til Russland og Russland tok dei opp i seg. Mens politikarar og media i Vesten har, som eit bønnehjul, stadig teke opp att at Krim blei folkerettsstridig «annektert» hadde Reinhard Merkel, professor emeritus i strafferett og rettsfilosofi ved Universitetet i Hamburg, ei anna oppfatning.

«Same kor oppkava vi er over det Russland har gjort kan vi ikkje ærleg tvile på at folkeavstemminga representerte viljen til det overveldigande fleirtalet av dei som budde der. Dermed har vi ikkje nokon anneksjon, for det føreset at det går føre seg ei valdeleg tileigning mot folkets vilje. Vi har snarare et åtskiljing. Det er ikkje tvil om at folkeavstemminga var forbode etter ukrainsk grunnlov,[i] men var ikkje grunnloven gjennom eit fascistisk kupp og grunnlovsstridig avsetting av den rettmessige presidenten allereie for lenge sidan vorte sett ut or kraft?»

Forhistoria her er slikt at Krustsjov, utan å spørsje nokon om kva dei ønske, i 1954 gav Krim til Sovjetrepublikken Ukraina som eit eksempel på det gode tilhøvet mellom Unionen og republikken. Sidan alt var innan Sovjet-Unionen spelte det liten rolle då. Men då Sovjet-Unionen gjekk mot oppløysing erklærte Krim seg, kort tid før oppløysinga, som ein autonom republikk innan den ukrainske sovjet-republikk. Kort etter blei Sovjet-Unionen oppløyst og Krim vart innlemma i Ukraina. I 1994 erklærte Russland i si Budapest-uttale at Ukrainas grenser skulle vere ukrenkelege i motyting mot at Ukraina gav det gamle Sovjet-Unionen sine atomvåpen i Ukraina frå seg. Men for Russland er Krim med hamna i Sevastopol eit geostrategisk nøkkelområde. Det er berre frå her at Russland kan operere marineoperasjonar i Middelhavet. I 1997 kom landa til ei forståing om å dele flåten mellom landa og at Russlands marine skulle få bli på Krim til 2017. I 2010 forlenga president Janukovski dette til 2042 mot å få billigare gass frå Russland.

Samarbeidet mellom den nye ukrainske regjeringa som USA hadde sett inn og USA sin militæransvarlege gjekk svært godt. I september 2013 hadde USA-marinen sin infrastrukturstab i sikte ei ombygging av ein stor skulebygnad i Sevastopol, like ved den russiske marinebasen. Eit dokument på om lag hundre sider inneheldt alle detaljar, frå tekniske til økonomiske og ned til den minste detalj. Prisen var mellom 250 000 og 500 000 dollar og den som tok oppdraget skulle utføre arbeidet på 330 dagar. Kva var dette for noko? Ville USA bygge opp starten på ein base der og starte ein strid med Russland om dette? Etter folkeavstemminga forsvann denne moglegheita. Ikkje rart at Vesten bestemte seg for å ikkje å definere det som skjedde som ei åtskiljing, men som ein anneksjon og dermed kunne dei aktivisere eit varsel om krig, nemleg sanksjonar. Som Friedman hadde sagt: «Vi vil ikkje øydelegge den russiske føderasjonen, men berre såre han ved til dømes å tilføre han skade.»[ii]

I mellomtida hadde det skjedd noko anna viktig på den geopolitiske fronten. Etter oppløysinga av Sovjet-Unionen i 1991 gjekk USA inn i ei rekkje av dei tidlegare sovjetiske republikkane og oppretta nokre militærbasar der. Men i 2014 var dei ute av alle desse. Forsøket på regimeendring i Kasakhstan i 2022 var eit mislukka forsøk på å snu denne utviklinga, saman med forsøket på det same i Kvite-Russland. No var Ukraina den einaste staten att som USA kunne bruke for å destabilisere Russland. Det viste og kor svak USA si politiske og diplomatiske stilling hadde blitt i regionen. Men dei gav seg sjølvsagt ikkje.

I juli 2014 vart John F. Tefft Amerikas representant i Moskva. Han hadde tidlegare fått seg eit namn i Ukraina, Georgia og Latvia som uroskapar og regime-endrar-ekspert. No skulle han vel gjere same jobben i Russland og vigle folk opp mot president Putin. Den 4. desember 2014 vedtok Kongressen i USA med overveldande fleirtal resolusjon 758: På slutten av eit langt synderegister til den Russiske føderasjonen som bestod av halvsannheiter og frekke løgner følgde 22 krav som tvinga Kongressen og presidenten til fiendtlege handlingar. Alt neste dag kalla Ron Paul, frå grunnfjellet i Kongressen og to gonger presidentkandidat for Demokratane, at resolusjonen var ei uaktsam krigserklæring mot Russland. Dokumenter var «16 sider krigspropaganda, som hadde fått sjølv neokons til å raudne av skam, viss dei var i stand til det».[iii] Presidenten fekk i oppdrag å sjekke innsatsberedskapen til dei eigne stridskreftene og til dei andre NATO-statane og ta forpliktinga til kollektiv forsvar som ligg i bistandsklausulen alvorleg. I januar 2015 vedtok Europaunionen ein liknande resolusjon. Med det var EU med i USA sitt krigsteam, noko som ikkje var noko tema for hovudstraumsmedia. Denne uvanlege vasall-truskapen viser kor sterkt den transatlantiske lenka til USA ligg om Europa.

Den såkalla «Krim-aggresjonen» var nå eit velkomme påskott som dei kunne henge sanksjonar på; sjølv i 2020 tente denne som grunn for ein eksempellaus NATO-oppmarsj på Russlands grense mot avtalane frå 1990. Vi kan heller ikkje sjå bort frå at regimeendringa i Kiev også hadde som mål at ein skulle komme i konfrontasjon med Russland. Under eit besøk i Russland den 10. mai 2015 for å minnast sigeren over Nazi-Tyskland snakka ikkje Angela Merkel om det, men om den «kriminelle og folkerettsstridige aggresjonen»[iv] – ikkje til Nazi-Tyskland, men til Russland.

Men den verkelege terroren var det Ukraina som stod for då den nyvalde presidenten Porosjenko i mai 2014 sett inn hæren mot borgarane i områda rundt Donets og Slavjansk under mottoet «Krig mot terror». Dei hadde som svar på Maidan-kuppet oppretta ein såkalla folkerepublikk i aust-Ukraina. IMF trykte på: Utan at regjeringa i Kiev hadde herredømme over det økonomisk sterkare utvikla aust-Ukraina ville dei ikkje få utbetalt pengar.

Då starta Ukraina-krigen, som no har vart i 8 år og i det siste har blitt utvida ved at Russland har gripe inn. 14 000 hadde blitt drepne før dette siste skjedde. Samstundes som denne krigen tok til i 2014 opptrappa dei vestlege statane, leia av regjeringar, dei hemmelege tenestene, mediekonserna, ein kamp om den offentlege meininga med målet om å skape ei massiv negativ stemning mot Russland. Dette begynte før og har nærast eksplodert under den vestleg krigspropagandaen etter at Russland greip inn. Det er ikkje tvil om at Moskva også følgde sin interessepolitikk i Ukraina. Men var det Kreml som stod for kuppet i 2014? Kva for rolle spelte USA/NATO sine geopolitiske ambisjonar?

Den tidlegare CIA-offiseren, Raymond McGovern var i tretti år, fram til 1990, ansvarleg for dei daglege briefingane i Det kvite hus. Men på grunn av regjeringa sitt misbruk og manipulasjon av informasjon for å rettferdiggjere ein aggresjonskrig mot Irak avslutta han engasjementet sitt i 2002. Og så slutta han og fleire tidlegare CIA-medarbeidarar seg i 2003 saman i Organisation Veteran Intelligence Professionals for Sanity (VIPS) for å levere alternative analyser av dei geopolitiske konfliktane. Den gongen, som no fanst det folk i regjeringa og i media, han nemner særleg New York Times, som nørte opp til krig.[v]

McGovern meiner at Russland ikkje hadde planar om å ta inn att Krim i Russland før det vestleg sponsa statskuppet mot ei regjeringa i Kiev som var vald slik forfatninga bestemmer. Han hadde og forståing for at Russland, med sine 25 millionar daude i 2. verdskrigen, meinte at sikkerheitsinteressene deira var rørt gjennom det som skjedde i Ukraina. Dessutan vekte det svært dårlege minner frå då den ukrainske nasjonalistleiaren Stephan Bandera samarbeidde med nazistane under 2. verdskrig. I dag driv høgrenasjonalistiske kreftene sitt uvesen i Ukraina, mens dei svingar NS-faner. McGovern nemner folk rundt Svoboda og Asov-regimentet, ein tungt væpna høgrenasjonalistisk militærorganisasjon. Sjølv om FN reknar desse gruppene som høgreekstreme, får vi i Vesten ikkje vite så mykje om dette, for det passar ikkje inn i det svart-kvitt biletet som blir skapt av det gode Ukraina og det vonde Russland.

Då det før NATO-toppmøtet i Wales i begynninga av september 2014 dukka opp satellitt-bilete frå USA som skulle vise russiske tropperørsler aust i Ukraina, skreiv McGovern eit ope brev til Angela Merkel der han advarte henne mot falske prov mot Russland. Sjølv om krigen fortsette forsvann dette mest heilt frå dei vestlege media og offentlegheita. Den 5. september 2014 var det oppnådd ein våpenstillstand formidla av OSSE kalla Minsk I. Men den vart broten. Så klarte regjeringssjefane i Tyskland, Russland og Frankrike med deltaking av dei stridande partane å komme fram til Minsk II avtalen den12. februar 2015. Men USA var ikkje med på dette. Og den dåverande tyske kanslaren, Angela (engelen) Merkel, har seinare medgitt at dei såkalla Minsk-avtalane berre var laga for syns skuld, slik at Vesten skulle få tid til å væpne Ukraina mot Russland.

I skuggen av krisen kunne USA, EU og NATO sørge for at regjeringa i Kiev høyrte på Washington og Brüssel. Det var tospannet Porosjenko/Jazenjuk som styrte. Stort sett nemnde ikkje media at Porosjenko mellom anna eigde eit rustningskonsern, ein fjernsynssendar, eit sjokoladekonsern og at Jazenjuk opphavleg var bankier med fleire opphald i USA. Mot denne bakgrunnen var det ikkje rart at den amerikanske investmentbankieren og tidlegare tilsett i USA sitt utanriksdepartement, Natalja Jaresko, blei ny fiansminister den 2. desember 2014, at georgiaren Alexander Kvitasjfili, med  erfaring frå privatiseringa av helsesektoren i Georgia, blei helseminister og at investmentbankieren Aivaras Abromavicius, frå Litauen, blei finansminister.

I 2015 kom den ettersøkte, tidlegare georgiske politikaren, Micheil Saakashjvili, til Ukraina der han blei tilsett som guvernør i det russiskspråkelege Odessa for å hjelpe til med å beleire Transnistria og blokkere dei frå Svartehavet. Han blei seinare dømd in absentia i Georgia til seks års fengsel.

Oppfølging av kuppet

Den permanente påverknaden på Ukraina frå Vesten etter at Sovjet-Unionen blei oppløyst, som toppa seg med støtta til Maidan-kuppet, speler ikkje nokon rolle i vestlege media, korkje når det gjeld utviklinga i tid og årsaksforbindinga med hendingane eller sjølvbestemmingsretten til Krim-innbyggarane. Tvert imot blir det i Vesten stadig gjenteke einsidige argument, mens motargument blir tidd i hjel gjennom ein meiningsmanipulasjon og hjernevask som er typisk for særleg USAs og Englands psykologisk operasjonar (PSYOP). Dei nye NATO-medlemmene Estland, Lettland, Litauen og Polen spelte ei drivande rolle i NATO si opptrapping. Elitane der meiner at dei er trua av Russland og blir lett eit nytt verktøy som NATO bruker for å få basar og troppar tettare opp til russarane si grense. Noko som må virke svært trugande for Russland når dei der kjenner USA sin overordna strategi om erobring av «hjertelandet» og oppretting av fullstendig verdsdominans.

Høsten 2015 gjennomførte USA for først gong sidan Irak-krigen i 2003 ein stor militærmanøver, Trident Juncture, som varte i tre veker med 36 000 soldatar frå alle medlemsstatar i NATO. I sentrum stod Innsatsgruppe NATO Response Force (NRF) i et multinasjonalt, strategisk, operativt og taktisk rom som skulle prove styrken til militæralliansen. Offisielt sto ikkje øvinga i nokon samanheng med spenninga mellom Vesten og Russland. Øvinga skulle vise NATO sine evner til å føre ein rask krig til lands, i vatnet og lufta. Og den tyske generalen Richard Rossmanith sa at bodskapen var at «Alle bør tenke godt etter korleis dei omgåast med oss.» Dei tyske forfattarane av Svarteboka meiner at USA/NATO med denne øvinga openbart hadde begynt å sette verda i ein varig verdsomspennande krigstilstand, og at tyskarane sto i giv akt.

Opptrappinga frå USA/NATO-sida fortsette umerkeleg. I januar 2015 fortalte NATOs forsvarsminister om kjernevåpenstrategien og berre 14 dagar seinare, for første gong sidan Den kalde krigen, heldt så NATOs kjernevåpen plangruppe eit møte som fastla kjernefysiske målpunkt. USA skaffa pengar og den 22. september fortalte Frontal 21 at nye amerikanske atombomber var plassert på det tyske forsvarets flyplass Fliegerhorst Büchel i Rheinland Pfalz.

Nå skulle dei ikkje lenger unngå NATO-øvingar langt aust i Europa, nær Russland. Frå 7. til 17. juni 2016 gjekk det for seg ei stor øving nord i Polen, med det skremmelege namnet «Anakonda». Under den amerikanske borgarkrigen hadde nordstatsgeneral Sherman ført sin krig i sørstatane under dette slagordet. No samla «Anakonda» seg nord i Polen med over 31 000 soldatar frå Polen, Estland, Storbritannia, Canada, Litauen, Tsjekkia, Nederland, Ungarn og USA samt panserstyrkar frå Tyskland. Det blei øvd på forsvar mot angrep på eit land i Norden.

I 2016 hadde NATO begynt å forsterke seg nær den russiske grensa. Etter Krim blei det forlagd ein bataljon i Polen, i Litauen, Lettland og Estland. I Litauen overtok det tyske forsvaret leiinga i «forsterkinga av austflanken». For at det ikkje skal sjå ut som faste basar, skifter dei folk kva sjette månad. For Polen var det ikkje nok og dei bad om Trump å få ein panserdivisjon frå USA på den nybygga basen «Fort Trump». Polen ville betale to milliardar dollar for det. I Washington har dei ikkje gløymt kor entusiastisk Polen i januar 2017 hadde helsa velkommen bodskapen om at ein av dei amerikanske panserbrigadane på rundt 3500 amerikanske soldatar samt tilsvarande utrusting  kom frå Colorado til slesisk Zagan i nord-Tyskland, berre ti mil frå grensa til Polen. Personalet der blir skifta ut kvar 9 månad. Som regjeringa i USA og organisasjonar som EU og NATO deler Polen si haldning til Russland, derfor fekk dei den bilaterale militær-handelen i hamn.

Her er ein illustrasjon av USA sin aggressive plassering av militære styrker stadig nærare grensa til Russland fram til og med 2017. Men det har fortsett etter det.

I 2018 øvde NATO i Polen og Baltikum på forsvar mot russiske stridskrefter i den årlege NATO-manøveren med det fredelege namnet  Saber Strike (Sabelhogg). Der deltok rundt 18 000 soldatar frå 19 NATO-statar. Denne øvinga høyrer til ei rekke regelmessige øvingar i regionen. I tillegg har vi øvingane Noble Jump, Flaming Thunder, Iron Wolf. Midtpunktet for desse øvingane er regionen ved Kaliningrad. Denne russiske enklaven som grensar til Litauen er base for russiske rakettar av typen Iskander og knytt saman med Russlands allierte, Kvite-Russland, med ein korridor som berre er 10 mil brei, Suvalki-Korridoren. Etter det dei seier kan NATO berre halde Baltikum om denne korridoren er open, ifølge ein studie frå den amerikanske militære tenketanken RAND.[vi]

Men den svære NATO-øvinga Defender i 2020 ville NATO-strategane stille alt anna i skuggen. Det skulle vere den største øvinga på 25 år i Tyskland, Polen, Litauen, Lettland, Estland og Georgia for å øve på den hurtige overføringa av 37 000 soldatar frå Polen og inn i Baltikum. I sentrum for dette sto Tyskland på grunn av den geografiske plasseringa. Forsvarsminister Annegret Kramp-Karrenbauer sa då at dei skulle vise «det spekteret av evner som vi har kan stille til disposisjon».[vii]

No blei denne øvinga avlyst på grunn av covid-19, men i 2021 blei ho tatt opp att og fortsett i 2022. Dette kan alle lese om ved å søke på nettet. Forsvaret i USA sitt faktaark for øvinga i 2021 er instruktivt.[viii] Ein reklamevideo viser kva dei øver på.[ix] Europe Reloaded fortel oss om øvinga i 2022 og her viser dei til at Polen seriøst vurderer å invadere den vestlege delen av Ukraina for å ta att territorium dei har mist tidlegare.[x] Så Polen har sine eigne ekspansive interesser som dei fremmar innanfor NATO. I Litauen finnast det også dei som ser på det gamle Stor-Litauen som noko å streve etter. På slutten av 1300-talet hadde nemleg Litauen utvida territoriet sitt slik at det etter erobringa av Kvite-Russland og Ukraina gjekk frå Austersjøen til Svartehavet.

I mellomtida har USA, etter at Biden blei president, lagt opp til ei ny rekke med USA-basar langs grensa til Russland. Dei fire basane som Regjeringa i Norge skal ta stilling til (og seinare vedtatt) inngår i denne aggressive manøveren. Det same gjer den store opprustinga og nye medlemskap i NATO, pluss at USA sin president, Biden, pressar på for å få Proxy-krigen sin i Ukraina til å vare så lenge som mogleg og spanderer ufattelege summar på dette, mens infrastrukturen i hans eige land forfell og ein stadig større del av folket fell ned i fattigdom og svelt og vasallane i Europa tar byrdene for å støtte USA sitt verdsherrevelde mot sine eignee nasjonale interesser.

Her er ei synleggjering frå ein kar i Donets (frå 2017) av Russland sine militærbasar rundt USA dersom dei hadde skapt den same situasjonen for USA som USA har sett Russland i. Korleis hadde USA då reagert ut frå sine sikkerheitsinteresser? Teksten er på fransk, men han viser altså til tenkte russiske militære installasjonar nær USA og verkelege amerikanske militære installasjonar rundt Russland.

Etter dette er det klart at USA har strevd etter å legge Ukraina inn under sitt verdsherredømme i lang tid for å svekke Russland og førebu eit regimeskifte også der. Før den siste utvidinga av Ukraina-krigen såg vi også arbeid for og forsøk på regimeskifte både i Russland sjølv (Navalny) i Kvite-Russland og i Kasakhstan. Alle desse stadene var det mislukka. Då Zelenski så gjekk inn for ei rask innmelding i NATO og erklærte at han skulle ta att Krim og dertil samla store troppestyrkar aust i landet gjekk den store alarmen i Kreml. Då dei ukrainske styrkane så intensiverte den pågåande krigen med dei russisktalande i Donbass-området, var alle raude linjer for Russlands sikkerheit trakka over.

Samstundes ville dei russisktalande ukrainarane i aust, i Donets og Luhansk ha slutt på den 8 år lange undertrykkinga og krigen mot dei frå regjeringa i Kiev. Dei erklærte seg som sjølvstendige statar og folkeforsamlinga i Russland godkjende dette.

Så lanserte Russland med Putins eigne ord, ein avgrensa militær operasjon inne i dei nyoppretta Donbass-republikkane for hjelpe dei med å få slutt på den år lange krigen mot dei og for å, som han erklærte, demilitarisere og denazifisere Ukraina. Han var svært tydeleg på at det ikkje var snakk om nokon okkupasjon eller overtaking av styringa i Ukraina slik USA i røynda hadde gjort. For Russland er eit nøytralt Ukraina ope både mot aust og vest det beste. Men for USA, med sin politikk for verdsdominans, er ikkje dette aktuelt.

Krigshandlingane har vore ført med stor forsiktigheit frå Russland for å råke sivilfolket minst mogleg. Og det er eit svært avgrensa området som er direkte ramma. Viss vi ser på heile Ukraina med sine store landområde med over 450 byar, er det ikkje store prosenten som har vore i nokon krigssone. Sjølv i Kiev var krigssona stort sett nordvest i forstadane der Russland på førehand hadde erklært at det var eit område med væpna nazistar. Byen Mariupol, som ligg Donets, var eit hovudkvarter for den nazistiske og høgreekstreme Azov-brigaden. Og noko liknande galdt dei ukrainske troppane som beleira dei nye republikkane i aust. I desse troppane var og prosenten av nazistar og ultrahøgre stor. Dette har vore dei område der det meste av krigshandlingane har gått føre seg. Og dei russisktalande i desse områda ser på det som ei frigjering frå angrepa til dei ukrainske troppane.

Men i dei vestlege media. som skal forme den offentlege opinionen der etter USA sine geostrategisk mål, er det sjølvsagt at det måtte skapast ein annan historie for det som skjedde. Ein krig er alltid grueleg og medfører lidinga og daud, det er ein måte å løyse konfliktar på som menneska må få slutt på. Men krigar skjer og då blir det skapt forskjellige historier om krigane. I

kkje alle er med på USA/NATO si forteljing. Det er 40 land i verda som er med på USA sine sanksjonar mot Russland, dei fleste er med i NATO. Dei har berre om lag 13 prosent av folka på kloden. Der er historia om utviklinga i verda og krigane der fortald ut frå behova til dei rikaste menneska i verda og dei mest imperialistiske statane som også eig alle dei store media. Difor var det ikkje noko særleg oppstuss då USA drap 500 000 ungar gjennom sanksjonane sine mot Irak før krigen der og når dei dreiv sin stadfortredar-krig i Syria, med kanskje ein million drepne og rundt ti millionar flyktningar. Og det har ikkje vore noko oppstuss om ein halv million drepne i Saudi-Arabia sin USA-støtta krig i Jemen, svært mange av dei born. Dette skulle ikkje sette kjenslene våre i sving, for det passa ikkje USA. Så mykje oppstuss rundt Israel sine brutale åtak på Gaza har vi heller ikkje sett. Det tyder at reaksjonen vår på krigshandlingane i Ukraina som til no har tatt mindre enn 4000 sivile liv, er heilt ute av proporsjon. Det er sjølvsagt ille at både soldatar og sivile blir drepne i krigar, same kor det er, og at vi vil ha slutt på slikt. Men elles er det kort sagt slik at dei som får ros og støtte i «våre» massemedia er dei som gagnar USA sin kamp for verdsherrevelde, mens media går til angrep på dei som yter motstand mot dette og vil utvikle sjølvstendige statar som kan ha fordelaktige kontaktar både aust og vest, nord og sør.

Det vi får høyre og sjå i våre media om Ukraina viser nokre av dei lidingane som folk blir utsett for no, men det viste ikkje kva folk i Donets og Luhansk var utsett for i de 8 år lange krigen som gjekk før dette og drap 14 000 menneske. Og ikkje noko om bakgrunn og årsaker til det som no skjer. Vi reagerer alle på desse lidingane. Men opp i medynken og raseriet mot den som har bestemt Russland sin innmarsj i Ukraina, må vi og bruke fornufta og finne bakgrunn og historiske samanhengar og proporsjonar. Då må vi verkeleg ha i minne Machiavelli si erfaring: «Ikkje den som først grip til våpen er opphav til ulukka, men den som gjer det naudsynt». Og vi må skjønne erfaringa til Bob Marley som gjorde at han laga Babylon system.

Eg har vore initiativtakar til Antikrigs Initiativet i Norge. Utgangspunktet for det er at vi må finne andre løysingar enn krig på konfliktar i verda. Desse løysingane ligg i FN-pakta og dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens mellom statar. Dei ligg ikkje i USA sin regelbestemte orden. Det er ein orden der USA herskar over verda og bestemmer kva reglar som skal følgjast. Dette gjennomsyrer alle dei historiene som vi får servert frå kjelder som er eigd av dei superrike oligarkane i USA og USA sine såkalla «allierte» i NATO og EU som deira eigne fremste strategar ser på som «vasallar» (Brzezinski). Men sanninga er det ikkje. Det som har utløyst denne krigen og som held liv i han no er USA som bruker alle dei kan i kampen for sitt verdsherrevelde. Som FN si generalforsamling gjorde, er det på sin plass å beklage djupt den russiske aggresjonen, og vi må arbeide for å få slutt på han så snart som mogeleg, men vi må og forstå han og kvifor han skjedde, og vi må ikkje slutte oss til USA sine geostrategiske mål med å ofre Ukraina for svekke og få til regimeendring i Russland.

For få heile biletet må du også vite korleis resten av verda organiserer seg mot USA sitt negative verdsherredømme. Det finn du noko om her og her.

Terje Valen, måndag 23. mai 2022.


[i] Sjå www.infosperber.ch/FreiheitRecht/Russland-hat-die-Krim-nicht-annektiert

[ii] Sjå Wolfgang Effenberger og Willy Wimmer Wiederkehr der Hasardeure, 2014, side 450. I tilvisninga frå boka Schwarzbuch EU & NATO står det at boka kom ut i 2016. Då var det ei anna bok av Effenberger som kom ut, nemleg Geo-Imperialismus, men den er på berre 368 sider, så eg går ut frå at årstalet i tilvisninga er feil.

[iii] Sjå Sandra Tjong: Republikanaren Ron Paul klagar på at: «Kongressen i USA erklærer Russland krig». Focus av 9. desember 2014.

[iv] Sjå www.youtube.com/watch?v=CY7b23L_NME frå tida 10.50.

[v] Sjå https://de.wikipedia.org/wiki/Ray_McGovern. Uttalt 2. september 2020.

[vi] Sjå Der Spiegel frå 3. juni 2018.

[vii] Sitert etter Deutschlandfunk av 24. mars 2020,

[viii] https://www.europeafrica.army.mil/Portals/19/documents/Fact%20Sheets/DE21%20Factsheet20210408.pdf?ver=MSNGt2ZEXgeLOxMkAtPSqQ%3d%3d

[ix] https://d34w7g4gy10iej.cloudfront.net/video/2106/DOD_108412966/DOD_108412966-1024×576-1769k.mp4

[x] https://www.europereloaded.com/tag/defender-europe-2022-de22/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.