Dei lange linjene i USA sin geopolitikk 3

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Dei store strategane – Admiral Alfred Thayer Mahan

Då landområdet i Nord-Amerika var sikra (i farten kriga USA også til seg meir enn ein tredel av Mexico og kjøpte opp Alaska) førde også herskarane i USA vidare ei anna viktig røynsle frå England. Dei såg på seg som ein sjøstat. Og då kjem vi til den først store geo-politikaren som har prega USA sin utanrikspolitikk fram til i dag.

Den amerikanske admiralen, Alfred Thayer Mahan, var ein av dei fremste forkjemparane for det som vart kalla den  «sterke  utanrikspolitikken» i USA ut på 1800-talet.

Han arbeidde ut frå herskarklassen i USA sine behov og skreiv at økonomien i USA ikkje ville  være i stand til å absorbere dei enorme mengdene industrivarer og kommersielle varer som blei produsert innanlands, og han argumenterte for at USA burde søke nye marknader i utlandet.  Då måtte USA garantere tilgang til desse nye internasjonale marknadene. Han studerte korleis England hadde bygd sitt oversjøiske imperium og brukte erfaringane på forholda i USA.

I 1890 gav han ut boka The Influence of Sea Power upon History 1660-1783. Her samanfatta han dei prinsippa som blei grunnsteinen i USA sin moderne sjøforsvars-doktrine om overlegenheit på havet. I Naval Act frå 1890 blei det forlangt at USA skulle kunne møte ein mogeleg fiende på alle hav. Mahan definerte sjøkrigsmakt som ein krigsflåte pluss strategiske posisjonar i andre land og område, slik England hadde klart å få til. 

Det ville krevje tre ting: ein handelsflåte, som kunne bere amerikanske produkt til nye marknader over den «store motorvegen» på hava ; ein amerikansk slagskipsflåte for å skremme eller øydelegge rivaliserande flåtar; og eit nettverk av  marinebasar mellom USA og oversjøiske land  og på kysten av desse landa, som var i stand til å gi drivstoff og forsyningar til den større marinen, og halde oppe kommunikasjonslinjer mellom  USA og dei nye marknadene. I første omgang meinte han at USA måtte skaffe seg posisjonar i det Karibiske hav og i Stillehavet.

Han meinte også at nasjonar som ikkje fortsette den ekspansive misjonen sin ville gå mot undergangen. Dette er både ei fortsetting av metodane brukt under columbismen og ei oppsummering av trongen til den framveksande monopolkapitalen i USA fram mot 1900. Kapitalismen i verda gjekk då over i sin monopolistiske og imperialistiske fase – så og i USA.

På den tida då Mahan gav ut bøkene sine hadde USA allereie sikra seg einerett på aggresjon i Latin-Amerika ut frå den såkalla Monroe-doktrinen frå 1823 som sa at ingen andre nasjonar skulle ha dominans der. Det skulle USA ha aleine. Då indianarane var drepne og drive vekk frå heile USA, og vestkysten var reinska rundt 1850, med unnatak for nokre lommer inne i landet, var det eit sterkt driv for å fortsette ekspansjonen vestetter Stillehavet og Aust-Asia. Den amerikanske krigsflåten gjorde landgang i Japan i 1853. Så blei Midway-øyane, midt ute i Stillehavet, tatt i 1867 og Samoa i 1878. I det fredelege Hawaii blei endeleg tatt i 1898. Guam blei  og tatt i 1898, under krigen mot Spania.

Eksemplet Hawaii

Hawaii er eit typisk eksempel på den amerikanske aggresjonen som vi har sett over alt i verda etterpå. Ukraina er no, i 2022) eit nytt eksempel på ein slik metode. Kamehameha I, som herska over den eine øya Hawaii, erobra alle øyene for første gong, og etablerte kongeriket Hawaii i 1795. Kongedømmet var velståande og viktig ut frå landbruket sitt og den strategiske plasseringa i Stillehavet. Amerikanaren sette opp plantasjar for å dyrke sukker. Metodane deira for plantasjedrift kravde mykje arbeidskraft. Bølgjer av innvandraren, som slo seg ned, kom frå Japan, Kina og Filippinane for å jobbe på plantasjane. Regjeringa i Japan organiserte og ga spesiell beskyttelse til sitt folk, som utgjorde omtrent 25 prosent av folka på Hawaii i 1896. Det hawaiiske monarkiet oppmuntra dette multietniske samfunnet, og etablerte først eit konstitusjonelt monarki i 1840 som lova lik stemmerett uavhengig av rase, kjøn eller rikdom.

Amerikanaren i kongedømmet si regjering fekk skrive om grunnloven, og avgrensa makta til kong «David» Kalākaua. Dei tok og frå dei fleste innfødde hawaiarar og asiatiske borgarar retten til å stemme ved å sett høge krav til eigedom og inntekt. Dette ga ein stor fordel for plantasjeeigarane. Dronning Liliʻuokalani forsøkte å ta tilbake den makta kongen hadde hatt i 1893. Men då gjorde forretningsmenn med hjelp frå det amerikanske militæret eit kupp. Dronninga blei sett i husarrest. Mot dronninga sin vilje blei  Republikken Hawaii danna. Etter kort tid bestemde så den nye regjeringa at Hawaii skulle slutte seg til USA i 1898 som territoriet Hawaii. I 1959 ble øyene til staten Hawaii. Den amerikanske aggresjonen var fullbyrda.

Det store spranget ut i verda

Det store spranget ut verda kom med krigen mot Spania frå april til desember i 1898, der USA under påskott av å fri folka i dei spanske koloniane, la desse under seg. Vi har alt nemnd Guam. Mest kjend er underlegginga av Cuba, men verst var folkemordet på Filippinane då USA erobra den nyleg frie staten etter å ha fått hjelp av fridomskjemparane der til å jage ut spaniarane. Så kom den store underlegginga av landa rundt Det karibiske hav frå 1901 til 1934. I tida mellom 1901 og 1934 la også USA under seg dei karibiske landa oftast med bruk av militær makt. Det er skrive ei detaljert avhandling om denne tida som mange i Norge ikkje kjenner så mykje til. Av dei mange eksempla på korleis USA opererer for å nå dei ekspansjonistiske måla sine kan eg nemne det hemmelege samarbeidet med ei gruppe som arbeida for å få provinsen Panama rive laus frå Columbia. Då desse, med amerikansk hjelp hadde klart dette, tok amerikanarane over den reelle makta for å få kontroll over området slik at dei kunne bygge ein kanal mellom hava vest og aust for det amerikanske kontinentet. Dette var viktig både for handel og for å kunne flytte flåtestyrkar raskt mellom Stillehavs-sida og Atlanterhavs-sida. Kuppmakarane blei grundig lurt. Denne taktikken med å få andre til å gjere jobben for seg og sidan lure dei, er eit av dei viktige trekka ved den amerikanske aggresjonen.

I det store og heile har USA kjempa for å halde overherredømme over heile Latin-Amerika frå før denne tida og fram til i dag. Kvar gong nokon har klart å rive seg laus og begynt å bygge opp landet ut frå folka der sine behov, har USA kjempa som besett for å kaste dei. Mest kjend er vel det USA-støtte kuppet i Chile i 1973. I dag er det dei daudelege sanksjonane og forsøka på regimeendring i Venezuela som kanskje best viser USA sin aggresjon.  Men vi så det og i Bolivia for nokre år sidan og i Nicaragua for kort tid sidan. Då landet melde seg ut or den amerikanskdominerte OAS (Organization of American States) hevda USA straks at valet ikkje var gyldig og sette inn sine sanksjonar.

Den groteske okkupasjonen av Haiti ved hjelp av USA sin humanitære organisasjonar som øydelegg landet, er og eit eksempel frå i dag. Vi finn og fleire opplysningar okkupasjonen og om kampen frå folket på Haiti for å komme seg ut av denne situasjonen. Eg vil og nemne den dramatiske Operation Urgent Fury. Den 25. oktober overfell USA saman med seks små karibiske statar, som dei kontrollerer, den vesle øya Grenada. Dei brukte ei veke på få øya under kontroll. Den 2. november 1983 fordømde FN si Generalforsamling aksjonen som «eit klart brot på internasjonal lov med 108 mot 9 stemmer. Det kan vere verd å sjå på FN-vedtaket.

Men ut frå trongen til finansoligarkane i USA, slik Mahan samanfatte den, var det også viktig å ha basar på kysten av land på andre sida av dei store hava. Filippinane var den første av desse. Denne trongen har prega USA sin geopolitikk heilt fram til no. Eg skal ikkje dokumentere alt som viser dette. Men det er særs godt dokumentert i fleire bøker.[i] Mahan si geo-imperialistiske tenking er framleis ein sentral del av USA sitt utanrikspolitiske arsenal. Mackinder er ein annan sentral del.

Halford Mackinder og erobring av verdsøya

Halford John Mackinder, som lanserte den geo-politisk teorien sin i eit innlegg han heldt i Royal Geografical Society i London i 1904, samanfatta forskinga og syna sine i boka Democratic Ideals and Reality – A Study in the Politics of Reconstruction i 1919. Det ser ut til at boka ikkje fekk så stor merksemd før Mackinder gav ho ut att i 1942 då interessa for studia hans hadde dukka opp att fordi geo-strategane i USA diskuterte korleis dei skulle utvide området for si innflyting i verda etter 2. verdskrig. Nye utgåver kom i 1962 og 1981. Då Sovjet-Unionen var gått i oppløysing vaks interessa for tankane hans svært mykje og i 1996 gav det amerikanske Institute for National Strategic Studies ut boka att. I forordet seier dei at boka blei merka av at Hitler brukte tankane derifrå for å førebu utvidinga av det tyske territoriet. Men dei tok ho altså fram att i 1942, og dei allierte planleggarane brukte ho i sluttkampen mot Hitler og i 1996 då dei, som en eineståande supermakta, planla sitt endelege herredømme over heile Eurasia. Og så skriv presidenten i National Defense University, Ervin J. Rokke, i føreordet til 42-utgåva at «Sidan slutten på Den kalde krigen, mens regional strategisk hovudbry hadde erstatta problema frå tida med global bipolar konfrontasjon mellom to supermakter, blei relevansen til Mackinders studie tydeleg att.» [ii]

Mens Mahan var oppteken av korleis sjøstatar skulle sikre interessene sine i verda og meinte at kontroll med hava var nøkkelen til kontroll med verda, var Mackinder av ei anna meining. Han sa at tida for at hava var viktigast for herredømme i verda var ute, og at kontroll med landområda var avgjerande for overherredømme i verda. Han meinte at det fans eit «nav»-område (pivot area) i verda og dei som hadde herredømme her, ville kunne kontrollere heile verda. Han laga ei skisse som illustrerte teorien. Seinare kalla han pivot area for «hjertelandet». Utanfor hjertelandet låg eit område han kalla den indre marginale halvmånen og utanfor der kom den ytre øyrike halvmånen.

Map of the "Heartland Theory", as published by Mackinder in 1904.

Vi ser at nav-området eller hjertelandet var mesteparten av det tidlegare Sovjet-Unionen og området ned i Iran.

Ut frå dette samanfatta han teorien sin i nokre enkle setningar:

Who rules East Europe commands the Heartland;

Den som herskar over Aust-Europa, styrer hjertelandet

who rules the Heartland commands the World-Island;

den som herskar over hjertelandet, styrer Verdsøya (det eurasisk-afrikanske området);

who rules the World-Island commands the world.

den som herskar over Verdsøya, styrer verda.

Dette skreiv han i 1919 då han var travelt opptatt med den engelske intervensjonen i Russland for å slå ned revolusjonen der saman med hærane til dei lokale godseigarhærane og dei 13 andre landa som invaderte landet. Dette har sidan vore ein fast strategi for England heilt fram til i dag.

Nicolas J. Spykman

Nicolas J. Spykman videreutvikla tankane til Mahan og Mackinder. Spykman er kjend som den åndelege far til den såkalla «Containment doktrinen» som USA følgde i høve Sovjet-Unionen etter 2. verdskrig. Han skreiv ei bok medan han levde, America’s Strategy in World Politics, 1942 og ei lita svært interessant bok som blei gitt ut etter at Spykman døydde av kreft i 1943, The Geography of Peace. Han tok utgangspunkt både i Mahan og Mackinder sine teoriar og utforma ein ny doktrine for USA sin sikkerheit som stat. Han seier at Mackinder ikkje heilt hadde forstått England sin geopolitikk då dei dominerte verda. Denne politikken gjekk nemleg ikkje ut på å erobre hjertelandet, slik Mackinder skildra det, men på å hindre at nokon stat dominerte Eurasia. Derfor hadde England alltid støtta statar i Europa som kjempa mot dei statane som til ei kvar tid såg ut til å kunne vinne hegemoni aleine. Dessutan hadde dei også halde Russland i age ved å hindre dei å komme seg sørover slik at dei fekk tilgang til havet. Så Spykman sa at dei hadde brukt makta si på havet for å ta område i det som Mackinder kalla «den indre halvmånen» (som Spykman kalla «rimland») sør for dette området.

Wikipedia har tatt ut nokre sitat som dei meiner er typiske for Spykman si tenking. Her er eit av dei som kan vere verd å studere:

«Det er ikke mange tilfeller i historien som viser store og mektige stater som skaper allianser og organisasjoner for å begrense sin egen styrke. Stater er alltid engasjert i å dempe kraften i en annen stat. Sannheten i saken er at stater bare er interessert i en balanse som er i deres favør. Ikke en likevekt, men en sjenerøs margin er deres mål. Det er ingen reell sikkerhet i å være like sterk som en potensiell fiende; det er sikkerhet bare i å være litt sterkere. Det er ingen mulighet for handling hvis ens styrke er fullstendig kontrollert; Det er bare en sjanse for en positiv utenrikspolitikk hvis det er en maktmargin som fritt kan brukes. Uansett teori og rasjonalisering er det praktiske målet den konstante forbedringen av statens egen relative maktposisjon. Balansen som ønskes er den som nøytraliserer andre stater, slik at hjemstaten står fritt til å være den avgjørende kraften og den avgjørende stemmen.»

– frå America’s Strategy in World Politics

Ut frå den ovannemnde analysane erstatta han Mackinder sin formel:

Den som herskar over Aust-Europa, styrer hjertelandet

den som herskar over hjertelandet, styrer Verdsøya (det eurasisk-afrikanske området);

den som herskar over Verdsøya, styrer verda.

med

Den som kontrollerer Rimland styrer over Eurasia;

Den som styrer Eurasia kontrollerer verdas lagnader.

Det dreidde seg då om å opprette ei motmakt i India, Afghanistan, Iran, Tyrkia, Mellom-Austen og kyststatane i Europa, mot landet som kontrollerte hjertelandet, med andre ord å gjerde inn makta i hjertelandet, eller på engelsk «contain» og ut frå det blei denne politikken kalla «containment». I denne inngjerdinga hadde også Norge ei viktig rolle som ein stat med lang kystlinje og grense mot Sovjet-Unionen. Den staten som hadde makta over hava (Mahan) kunne klare det. Spykman trekte og inn flyvåpnet si rolle i slikt arbeid. For at det skulle vere operativt i denne samanhengen, måtte dei å flybasar nær rimland. Denne politikken var det Spykman meinte USA burde følgje når dei hadde vunne krigen, slik han meinte at dei ville. Viss vi ser på situasjonen i dag (2022) så er ikkje Spykman sin strategi mogleg lenger fordi dei ikkje har kontroll med dei landa som gjerder inn «hjertelandet». Difor er dei tilbake til Mackinder sin formel og er ute etter å erobre heile Aust-Europa for så å ta over Russland og etter kvart Kina, eller komme til ein avtale med Kina som gir USA den reelle makta. Dette er den geostrategiske bakgrunnen for det som skjer i Ukraina.

Situasjonen etter 2. verdskrig

Først må vi slå fast at 2. verdskrig blei vunne av Sovjet-Unionen, leia av kommunistpartiet og Stalin (mot Nazi-Tyskland), og Kina, leia av kommunistpartiet og Mao (mot Japan), med tap av 25 millionar menneske i det førstnemnde landet (utanfor parentesane) og 27 millionar i det sistnemnde, og dei fleste var sivile. Opp mot dette må vi sjå på dei som har blitt presentert som sigerherrane i den vestlege verda, det vil seie noko vi kan kalle anglo-amerikanismen. USA tapte rundt 300 000 menneske, og berre soldatar. D-dagen er ei drope i havet samanlikna med Kursk-slaget og dei andre slaga på austfronten i Europa, og den amerikanske krigen Stillehavet er det same i høve til innsatsen frå det kinesiske folket. Det er rett at USA bidrog med utstyr til dei allierte, også til Sovjet-Unionen. Men det var ikkje mykje våpen dei gav til dette landet, det var mest militære køyretøy. I Kina gjekk hjelpa til Chiang Kai-tsjek som lenge kjempa like mykje mot frigjeringshæren som var leia av det kinesiske kommunistpartiet, som mot dei japanske okkupantane. Til slutt måtte Mao ta han til fange for å tvinge han til berre å slås mot japanarane.

USA, som ikkje fekk øydelagt noko, men som tvert imot bygga opp ein enorm industri, dominert av krigsindustrien, opplevde krigen som ein gullalder. Dette har prega folk og leiarar i USA, dei har ikkje nokon erfaring med fiendtleg inntrenging på eige territorium. Heilt avgjerande for verdshistoria var det at krigen gav dei moglegheit til å bli den mektigast supermakta i verda. Og at våpenindustrien har ei dominerande rolle i heile industrien. Dette har prega USA sterkt heilt fram til i dag, og kanskje enno meir no når resten av produksjonsøkonomien i USA har blitt sett ut til Mexico og Kina osb. og minka mykje i USA sjølv.

USA hadde altså bygga opp ein enorm industri som var prega av krigsproduksjon, men der og mykje kunne bli brukt eller omstilla til bruk for fredelege formål. Den store frykta var at samanfallet av den store marknaden som var skapt under krigen, skulle forsvinne, og skape ein stor økonomisk krise i USA. Dei måtte sikre seg mange og store marknader i resten av verda, og Europa var viktigast. Dette arbeidet tok til allereie under krigen.

Det første målet etter krigen blei derfor å hindre at Sovjet-Unionen fekk tilgang til store delar av den vest-europeiske marknaden. Då det var klart at Sovjet kom til å vinne krigen var det viktig å opprette ein front i vest for å hindre at Sovjet kom til rykke heilt fram til Tyskland si vestgrense og dermed få i stand eit samarbeid etter krigen der Tyskland var ein del. Etter krigen var Sovjet-Unionen og kommunismen blitt svært populære fordi folk hadde sett kven det var som gjorde det meste av jobben både i den direkte kampen mot Nazi-Tyskland og i motstandskampane i dei forskjellige landa. Difor måtte både Sovjet-Unionen og kommunistane i Europa bli redusert slik at dei miste innflytinga si. Her var England, med Churchill i leiinga, ei viktig alliert for USA slik landet har vore heilt fram til no.

Det andre målet var å skape eit økonomisk-politisk system i Europa som gagna USA og gjorde dei til den dominerande makta der. Det hadde vore skrekken for geo-imperialistane i England i lang tid at det skulle oppstå eit maktsenter på fastlandet i Europa som kunne truge England si stilling i området. Dei hadde ført og støtta mange krigar for at dette ikkje skulle skje. Det var godt summert opp av Mackinder. Ut frå desse røynslene blei det i USA (og England) fort laga planar for ein stor ideologisk-politisk offensiv mot «kommunismen» og det blei oppretta organ som skulle sikre USA si militære leiing og si innflyting for å utnytte marknaden i Europa. Vi fekk Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken, NATO og Kol og stålunionen. Sistnemnde var utgangspunkt for den vidare utviklinga mot det som no er EU og som framleis er ein vasall under USA. Opninga av marknaden for USA blei kamuflert som hjelp gjennom Marshall-planen. Då Sovjet-Unionen ikkje ville legge seg inn under reglane frå USA, fekk ikkje dei noka hjelp og måtte bygge opp det svært øydelagde landet med eigne krefter. Noko dei klarte på forbausande kort tid, men med nye store offer.

Bruken av Spykman under Den kalde krigen

Nokre grunnleggande moment i politikken Spykman la fram, blei leiande for USA sin politikk under heile tida med Den kalde krigen, fram til Sovjet-Unionen gjekk i oppløysing i 1991. Men då verdskrigen var slutt og herskarane i USA vurderte den nye situasjonen blei Spykman sine tankar omforma. For det første så ville John Foster Dulles ikkje ha noko containment. Han ville at USA skulle ta tilbake dei områda som Sovjet-Unionen hadde besett under krigen, roll back strategien. Vi skal sjå at denne politikken vann fram at då Sovjet-Unionen var oppløyst i 1991 og har blitt utvida slik at han no styrer USA sine affærar i Ukraina.

Men Dulles vann ikkje fram. Ein som protestere mot Dulles si linje var Brzezinski som vi skal sjå meir på etter kvart. Det var containment-linja til Spykman og George Frost Kennan som vann fram. Men Kennan utvida området for containment til å gjelde heile verda, ikkje bere rimlandet til Spykman. USA måtte ta kontroll med alle nye  stader der det dukka opp statar eller rørsler som kunne svekke USA sin dominans, mens Spykman, som skreiv den siste boka si i 1943, var oppteken av å få oppretta ein fredeleg situasjon der USA  og England kunne samarbeide med sine allierte, Kina og Russland, for å sørgje for at ingen statar på det eurasisk kontinentet fekk ei dominerande stilling der. Men når det gald Kina blei det etter kvart utvikla ein linje for å samarbeide med dei for å halde Sovjet-Unionen i sjakk. Mao sin artikkel frå 1964 som definerer Sovjet-Unionen som sosial-imperialistisk var til god hjelp for den overordna amerikanske geopolitikken i strevet etter å få kontroll med Mackinder sitt «hjerteland». Etter mi meining var det ein av Mao sin feile vurderingar, saman med «det store spranget» og «kulturrevolusjonen».

Men heller ikkje Kennan si endring av Spykman varte. Kennan sin teori gjekk i hovudsak ut på at inngjerdinga skulle skje utan våpenmakt, med hjelp økonomiske middel (Marshall-planen), ideologisk kamp mot «kommunismen» og diplomati. Men Paul Nitze, som kom etter Kennan, meinte at det måtte våpenmakt til. President Truman gjekk for dette, og så starta våpenkappløpet med dei daudelege prøvesprengingane av atomvåpen og alle andre følgjer. Her passar det at vi tar for oss Iran.


[i] David Horowitz Free World Colossus, 1964 – omsett til norsk i to bøker Den kalde krigen, 1964 og USA og den tredje verden, 1965. Horowitz har seinare blitt ein forsvarar for USA, men boka hans står seg ut frå kjeldene han har hatt. Michael Clare, War Without End – American Planning for the Next Vietnams, 1970. Fleire bøker av Leon Blum der den grundigaste er Killing Hope: U.S. Military and CIA Interventions Since World War II, 1995 som er omsett til svensk med tittel CIA & USA:a verkliga utrikspolitik, 1998. Her trekk Blum fram 54 aggresjonar frå USA i heile verda sidan 1945. Ei nyare bok er Vijay Prashad Washington Bullets – A History of the CIA, Coups, And Assassinations, 2020.

[ii] Halford Mackinder Democratic Ideals and Reality – A Study in the Politics of Reconstruction, 1996, side xv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.