Dei lange linjene i USAs geopolitikk 9

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Brzezinskis konklusjon

I det sjuande og siste kapittelet i boka om det store sjakkbrettet, Eurasia, samanfattar han heile tankerekka si. «Tida har komme for USA å formulere og sette ut i livet ein samanhengande, omfattande, og langsiktig geostrategi for heile Eurasia. Denne trongen spring ut av samverknaden mellom to grunnleggande realitetar: Amerika er no den einaste globale supermakta og Eurasia er verdas sentrale arena. Difor vil det som skjer med fordelinga av makt på det eurasiske kontinent være av avgjerande viktigheit når det gjeld Amerikas forrang og historiske arv.»[i]

Vi skal merke oss ordet «arena». Det tyder kampplass. Så her er det ikkje eigentleg snakk om sjakkspel, men ein geo-strategisk kamp der dei forskjellige aktørane blir sett på som sjakkbrikker i eit spel. Og det er om å gjere å vinne spelet, med minst mogleg bruk av ressursar, men med alle dei ressursane som til sjuande og sist må til om det ikkje går utan det.

Så tar han opp den eineståande historiske karakteren som pregar den amerikanske forrangen eller leiarstillinga (primacy) i verda. Dette gjer mellom anna at «ikkje noko større eurasisk problem kan bli løyst utan at Amerika deltar eller om det er mot USA sine interesser».[ii] «Korleis USA både manipulerer og tar omsyn til dei viktigaste spelarane på det eurasiske sjakkbrettet og korleis USA styrer Eurasia sine nøkkel-omdreiings-punkt vil være kritisk for kor lenge og stabil USA si leiande rolle vil vare.» Så repeterer han kort dei punkt han har utarbeida tidlegare i boka og går over til ein tidsanalyse.

For det første det usannsynleg at USA si rolle som verdas fremste supermakt vil bli utfordra av nokon enkelt utfordrar innan ein generasjon – 1997 til 2027. Ingen stat vil kunne utfordre USA sin kraft på dei militære, økonomiske, teknologiske eller kulturelle felta. Og dei einaste alternativet til Amerikas globale leiarskap innan den framtida vi kan sjå for oss vil vere internasjonalt anarki. Difor har USA blitt verdas «uunnverlege nasjon» som president Clinton formulerte det.

Min kommentar er at dette sjølvsagt er den forblinda trua på USA som noko eksepsjonelt i verda. Det er eit columbisk og eigentleg rasistisk haldning som sjølvsagt er øydeleggande på sikt. For det tillèt ikkje at nokon annan nasjon enn ein sjefsnasjon, kan løyse verda sine problem. Det tillèt ikkje på nokon måte likeverdig samarbeid til felles beste. Samarbeidet må alltid vere basert på at USA har makta. Difor er også USA djupt hata av dei undertrykte og utbytta folka og landa i heile verda.

Det første problemet som USA må løyse, skriv han, er å få assimilert Russland inn i ein større einskap av europeisk samarbeid som også vil gi sjølvgåande uavhengigheit til dei naboane som nett har danna suverene statar. Men korleis Ukraina og Usbekistan vil klare seg (og Kazakhstan) er usikkert viss ikkje USA kan halde merksemda si på dei.

Det skulle og vere mogleg å få ei stor rimeleg ordning med Kina, men den kan bli øydelagt av ein krise i høve Taiwan. Då kunne Kina bli ei aggressiv makt som øydela maktbalansen i området og ein fare for USA.

Ettersom USAs overmakt vil minke med tida må dei prioritere å leie veksten i dei andre regionale maktene på ein slik måte at dei ikkje truer Amerikas globale forrang. Først må USA sørge for at ikkje ein enkelt stat eller statar som slår seg saman kan true forrangen. Så må USA prøve å få til meir samarbeid mellom statane under USA si leiing og skape eit samarbeidande transeurasisk tryggingssystem. Til slutt, på svært lang sikt bør dette samarbeidet leie til eit globalt samarbeid etter same mønster, med USA i leiinga.

I aust må USA i første omgang utøve eit velvillig amerikansk hegemoni som gjer at dei andre ikkje er mota på å utfordre for mykje. Det skal dei gjere ved å sørgje for at kostnadene ved noko slikt blir for høge, men også ved å ikkje true dei livsviktige interessene til potensielle regionale aspirantar. Her er det snakk om partnarskap med Kina og dei europeiske statane og eit Russland som han håpar vil vende seg mot Europa.

Eit vidare Europa og større NATO vil tene både USAs kortsiktige og langsiktige interesser. Det er om å gjere å samle all statane vest for Russland for også å få dei inn i folden etter kvart. Eit nytt Europa tar form og viss dette nye Europa skal bli ein geopolitisk del av det «euro-atlantiske» rom er utvidinga av NATO vesentleg.

Får ikkje USA til dette kan det freiste Russland til å verkeleggjere visse geopolitiske håp i Sentral-Europa. Så går han inn på fleire måtar dei kan bruke for å få Russland inn under varig leiing av USA. På denne tida var det jo den USA-frelste Jeltsin som styrte i landet, så Brzezinski såg store moglegheiter her. Han strekar under at for det enormt store Russland vil eit desentralisert politisk system, basert på den frie marknaden, vere det som best kan sleppe laus det store kreative potensial som ligger både i det russiske folket og landets enorme ressursar.

Men den USA-leia nyliberale øydelegginga av den russiske økonomien på denne tida, og kva det tydde for russarane sitt syn på USA har han ikkje noko merksemd på. Men vi kan jo vite kva den frie marknaden i Russland verkeleg førte til mellom 1991 og 2003. Økonomen Stephen Shenfield (som er ganske kritisk til Russland) blei sitert i Business Week International, 5. oktober 1998. Han skreiv då bok om Russland si framtid. På grunnlag av studiar av russiske statstikkar kom han fram til at brutto nasjonalprodukt hadde falle med 45 % frå 1989 til 1997. Investering i realkapital fall med 92 % i same periode og netto produktiv investering var blitt negativ. Produksjonen av olje hadde minka med 50 %. All infrastruktur i landet, frå elektrisitetsverk over jernbanar til kloakksystem fortsette å forfalle. De skjedde samstundes som to tredelar av budsjettet måtte brukast for å betale ned gjeld. Reallønna fall med 78 % frå 1989 ti 1997 og to tredelar av dei som formelt sett var i jobb ikkje fekk full betaling, eller betalinga var mange månader forseinka. Ut frå fleire undersøkingar konkluderte han med at 40 % av folkesetnaden var i alvorleg naud og leid av kronisk underernæring. 40 % av ungane var kronisk sjuke og 60 % leid av vitaminmangel. Talet på offisielt registrert tuberkuløse  var nær 100 000 og omtrent 2 millionar var smitta. Taler på registrerte syfilistilfelle hadde eksploderte frå 8000 i 1990 til 450 000 i 1997. Forventa levealder for vaksne menn hadde falle til under det som han var for 100 år sidan (57 år) og talet på barn født kvart år hadde falle med 50 % frå midt på 80-talet.

Min kommentar er at dette var det russiske folket sitt møte med den kapitalistiske frikonkurransen og dei amerikanske rådgjevarane til USA-venen Jeltsin som let alt dette skje. Og det er ikkje meir enn 20 år sidan russarane opplevde dette og så opplevde at landet klarte å reise seg att då Putin tok makta i år 2000, sette dei griske oligarkane på plass og fekk i gang ein imponerande snuoperasjon.

Shenfield såg denne tida som ein økonomisk katastrofe for Russland som berre kunne samanliknast med 2. verdskrigen. Han samanliknar også perioden med det folk i USA gjekk gjennom under det store depresjonen etter børskrakket i 1929. Viss vi vurderer dette no, så var det verre enn 2. verdskrigen, for då vart det også bygga opp mykje nytt bortanfor Uralfjella og folket sigra i den store fedrelandskrigen. Dei hadde ein stat som sto klar til å bygge landet opp att osb. No var dei mest sett tilbake til tsartida mange stader. Og dei tala vi ser ovanfor overgår reell statikk frå den store depresjonen, der det trass alt blei sett i verk New Deal og andre tiltak.

Brzezinski vil også at USA ikkje opptrer for trugande ovafor Russland, og ikkje militariserer nye NATO-land. For å hjelpe Russland vidare på denne vegen vil det vere viktig at USA også hjelper dei tidlegare sovjet-republikkane til å komme inn i det amerikanske systemet.

Så understrekar han at konsolideringa av eit uavhengig Ukraina som definerer seg om til ein sentral-europeisk stat og går i gang med ein tettare integrering med Sentral-Europa, er ein kritisk viktig komponent i Russlands-politikken. Det er det også å bringe fram nærare forhold til slike strategisk viktige omdreiingsstatar som Aserbajdsjan og Usbekistan i tillegg til å opne opp Sentral-Asia (til tross for russiske hinder) mot den globale økonomien. Tyrkia må dei  halde seg inne med og dei må prøve å få til ei forståing med Iran. I denne delen snakkar han om oljeressursar og oljeleidningar. India må dei og prøve å komme på betre fot med for å halde Kina meir under kontroll.

Så seier han noko viktig, nemleg at geopolitisk pluralisme (under amerikansk leiing) ikkje vil vere mogleg utan ei djupare strategisk forståing mellom USA og Kina. Derfor må dei jobbe myke med det og ikkje la Taiwan-saka hindre dette. Det han er redd for, er som tidlegare nemnd, ein slags allianse mellom Kina, Russland og Iran, men han har ikkje nokon tru på at det kan skje.

Han meiner at det vil ta svært lang tid for Kina å bli ei global makt og ser for seg at Kina vil bli integrert i USA sitt verdssystem. Vurderinga er at Kina ikkje vil vere i stand til å trekke til seg massive utanlandske investeringar som var heilt naudsynt for veksten der slik at det kunne få ei leiande regional rolle. Utan strategisk forståing mellom USA og Kina som dei austre ankeret i USA innblanding i Eurasia, ville ikkje USA ha ein geo-strategi inne på sjølve Asia. Min kommentar er at denne strategiske vurderinga var ein hovudgrunn til at amerikanske føretak kunne gå så massivt inn med investeringar i Kina og skape grunnlaget for den utrulege veksten der. Ein av grunnane til å halde seg inne med Kina var sjølvsagt at USA ikkje hadde noko bruhovud i aust, slik dei hadde (og har) med Europa i vest.

Han ser også for seg at USA i eit lengre perspektiv ikkje vil kunne vere den einaste supermakta og landet då kanskje må finne seg i ei multipolar verd på lang sikt. Men innan eit rimeleg tidsspenn må USA gjere alt dei kan for bli leiande. Så seier han noko svært viktig. «Demokratisering er skadeleg for mobilisering for eit imperium.» Eg meinar et dette har blitt særleg tydeleg i USA sin bruk av jihadistar i fleire land, og til og med nazistar i Ukraina. Og vi ser det i den store svekkinga av demokratiet i landa i Europa som kom med bygginga av EU og alt som har skjedd vidare fram til no. Samstundes blir det stadig klårare at helsespørsmål og miljøpolitikk opnar for svekking av demokratiet i verdas statar og oppretting av meir fascistiske styringsmetodar utanfor demokratisk kontroll.

Brzezinsksi klagar også på at mange i USA er isolasjonistar og vil ha fred og at det vil bli vanskeleg å mobilisere dei til fordel for ein politikk for å skape eit verdsimperium. Mens berre 13 prosent av amerikanarane ønskte at USA  skulle vere den einaste supermakta og leie verda i å løyse problema, ville 74 prosent at USA tok sin rettferdige del i forsøka på å løyse internasjonale problem saman med andre land. Det einaste som kunne endre dette var at dei fekk eit verkeleg massivt ytre trugsmål som blei oppfatta slik av svært mange. Dette har då USA jobba med å skape sidan då.

Brzezinskis sluttord

Det er passande å avslutte den første delen av dette essayet med ei omsetting av den siste sida i boka hans.

«Kort sagt, USAs politikk må, utan unnskyldning, vere tosidig: å fortsette Amerikas eigen dominerande stilling i minst ein generasjon og helst lenger; og å skape eit geopolitisk rammeverk som kan motstå dei uunngåelege sjokka og slitasjen frå sosialpolitisk endring når vi utviklar oss til den geopolitiske kjernen av delt ansvar for fredeleg global leiing. Ein forlenga fase med gradvis utvida samarbeid med dei viktige eurasiske partnarane, som både er stimulert og mekla av Amerika kan også hjelpe fram føresetnader for ein eventuell oppgradering av den eksisterande og stadig meir avleggse FN-strukturen. Ei ny fordeling av ansvar og privilegia kan då bygge på dei endra realitetane i utviklinga av den globale makta, som er så drastisk forskjellig frå 1945.

Dette strevet vil ha den historiske tilleggsfordelen at den kan nyte godt av  eit nytt nett av globale lenker som veks eksponentielt utanfor det meir tradisjonelle nasjonalstat systemet. Det nettet – som er vevd av multinasjonale føretak, NGOar (ikkje statlege organisasjonar der mange har transnasjonal karakter) og vitskapelege samfunn og som er forsterka av internett – skapar alt eit uformelt globalt system og er indre positiv til meir institusjonalisert og inkluderande globalt samarbeid.

I løpet av dei neste tiåra kan derfor ein fungerande struktur av globalt samarbeid, grunnlagt på geopolitiske realitetar stige fram og gradvis ta på seg kappen til verdas dåverande «regent» som for tida har tatt på seg byrden av ansvar for verdens stabilitet og fred. Geostrategisk suksess med å oppnå dette kunne representere ein passande arv frå Amerikas rolle som den første og einaste verkeleg globale supermakt.»

Her har det leiande finansoligarkiet i USA, som driv ei oppkjøpt regjering der, lansert sine viktigaste planar for framtida. Dei skal styrke USA si rolle som herre over heile verda for etter kvart å skape eit overstatleg globalt organ som er bygga på samarbeid mellom «multinasjonale føretak, NGOar (ikkje statlege organisasjonar der mange har transnasjonal karakter) og vitskapelege samfunn og som er forsterka av internett» og «oppgradering av den eksisterande og stadig meir avleggse FN-strukturen» som skal kunne overta for «det meir tradisjonelle nasjonalstat systemet».

Det vi har sett i perioden frå 1997 til i dag er at USA ikkje har fått til det overherredømmet over Eurasia som dei har jobba for på meir fredeleg vis. Dei har derfor måtte forsøke det med undergraving av statar der dei ikkje har kontroll, regimeendringar, kupp og krigar der dei også har vore flinke til å få andre til å slås for seg, og det ser vi det siste utslaget av i Ukraina no (våren 2022.)

Men samstundes har dei arbeidd intenst også på den andre fronten, nemleg å skape globale organ, som er dominert av finanseliten, og som set nasjonalstatane på sidelinja. Det første store eksempelet har vi fått med WHO, som nett er dominert av desse kreftene, og den verdsomspennande covid-politikken som overstyrte dei nasjonale planane for å handsame pandemiar. Demokratiske prosessar blei sett på sidelinja og det blei gjort grove inngrep i folk sine liv, som også ser ut til å bli ført vidare med såkalla vaksinepass og førebyggande masketvang (etter forslag i Tyskland) fra oktober til mars. WHO er no svært nært knytt til medisinmonopola og dei store finansorganisasjonane i verda og dette har blitt skjerpa etter at Bill Gates har kjøpt seg solid inn i organisasjonen.

Det andre store eksempelet er den forserte oppbygginga av NGOar under leiing av USA og deira finansoligarkar. Mest kjend er vel Soros sitt store framstøyt for å skape slike organisasjonar nokre år etter at Brzezinski gav ut boka si. Desse var særleg aktive i USA sitt undergravingsarbeid i Ukraina. Viss ikkje Putin hadde vist slike organisasjonar ut av Russland, så hadde vi kanskje hatt same utviklinga der. Og så har vi Avaaz[iii] si store rolle for å få til angrepet på Libya. Det er ikkje rart at dei vil kalle dei som avslører desse heilt opne planane til finanseliten i USA og deira følgjarar, som konspirasjonsteoretikarar. Desse sistnemnde driv faktisk ikkje avsløring av konspirasjonar i det heile, dei avslører klart offentleg formulert planar som blir forsøkt sett ut i livet, mens innbyggarane i den columbiske verda får instruksjon om ikkje sjå, ikkje høyre, ikkje vite, ikkje protestere, berre gå inn i den nye verdsordninga styrt av finanseliten over hovudet på nasjonane. Derfor – inn i EU og inn i NATO og gud nåde den som seier noko sant om covid-politikken.

Vesten si «mjuke makt»

Alt frå 2012 vart det gjennomførd grundige undersøkingar som viste at dei fleste såkalla humanitære organisasjonane i dag er reiskap for «Vesten» si mjuke makt. Det vil først og fremst seie reiskap for USA og oligarkane der. Eg skal her vise til tre slike undersøkingar. Dei to første er utførd av den uavhengige undersøkande journalisten Cory Morningstar og den siste av Patrick Henningsen.

Cory Morningstar utførde to undersøkingar, ei i 2012-13 og ei i 2017.[iv] Patrick Henningsen si undersøking vart publisert 15. mars 2016.[v] For heile verda, med dei alliansefrie statane i spissen, er det kjende saker. I Haiti er det ein grueleg realitet, slik det også er i Idlib i Syria. Det er berre i land som held seg til det USA-leia mediebiletet dette er ukjend. Det gjer sjølvsagt at vi heile tida får presentert USA sin propaganda gjennom desse humanitære organisasjonane som ikkje lenger er ikkje-statlege.

I dag veit vi at Human Right Watch, saman med Avaaz, Amnesty International, Otpor og hundrevis av andre slike organisasjonar har vorte finansiert av USA gjennom USAID[vi], CIA sin underavdelingar, Carnegie, Soros, Bill Gates og USA sine vasallstatar i Europa, og at dei blir brukt systematisk i USA sitt arbeid for å halde på verdsherreveldet sitt. Ein artikkel av Ana Otasevic i Le monde diplomatique si desemberutgåve 2019 viser og mange detaljar om korleis regimeendringar blir leia.[vii]

Eit tidleg eksempel – Haiti

USA-imperialismen si gruelege framferd i Latin-Amerika er det mange som kjenner litt til. Ein meir ukjend del er den første erobringa av landa rundt Det karibisk hav[viii]. Eg skal først sjå på ei utvikling i Haiti som eg har skrive meir om andre stader[ix], og som er typisk. Aristides var ein religiøs nasjonal politikar som prøvde å få Haiti ut av USA sitt grep. Han fekk svi for det. Vi begynner med då Aristides i 1994 kom tilbake til Haiti etter eit besøk i Washington.

Då blei han tvinga til å signere ein avtale kalla Governor’s Island Accord som tillèt internasjonale institusjonar å drive Haiti og tillèt NGOar full opning i eit land der dei demokratiske institusjonane var blitt systematisk underminert. Då han fekk makta tilbake i 1994 var det under dei mest gagnlege vilkåra som var sett fast av Clinton i Det kvite huset og Wall Street. Dei ville at Haiti skulle bli ein maquiladora – eit skattefritt område som skulle tene dei multinasjonale korporasjonane. Fordi Haiti ikkje klarte å betale avdrag på gjelda si i 1998 gjekk dei til det internasjonale pengefondet (IMF) som kravde innsparingspolitikk. Aristides klarte ikkje å møte krava til IMF og det fekk IMF til å fryse fond som skulle til regjeringa. NGOane fekk ikkje nokon frys, så pengar flaut inn til dei. USA sitt Agency for International Development (USAID), som blei skapt i 1961, er finansiert av den amerikanske regjeringa og finansierer – i sin tur – NGOar.

Grupper som blei finansiert av USAID opplevde stadig auke i budsjetta sine etter 1998 (i 1995 tvinga Kongressen i USA USAID til å stanse finansiering av regjeringa i Haiti og bestemde at dei berre skulle finansiere NGOar). I 1995 fortalde Clinton sin viseutanriksminister til Senatet i USA at «sjølv etter vi gjekk ut i februar 1996» – han viste då til ein planlagt uttrekking av amerikanske militære styrker – «vil vi fortsette å ha makta ved hjelp av USAID og den private sektor». USAID finansierte tusenvis av NGOar, som fremma USAID sin agenda i landet. USAID arbeidde for å forme om jordbruket på Haiti til ei eksportretta dyrking, dei jobba for å hindre lover om minimumsløn (som då Aristides prøvde å få opp minimumsløna frå 33 cent per time til 50 cent per time), og dei arbeidde for å få inn mathjelp som dumpa «fri» ris som blei dyrka av amerikanske bønder (og kjøpt av fonds frå USAID) og øydela Haiti sin eigen risproduksjon. USAID støtta private skular og undergrov offentlege skular og program for å lære vaksne  å lese og skrive. Dei avskaffa importtoll på mat slik at kyllingfarmar i USA kunne dumpe dei delane av kyllingen som dei ikkje ville ha på Haiti og dermed øydela dei Haiti sin eigne fjørfeproduksjon.

Her ser vi noko av systemet når folk og land kjem inn under USA sitt verdsherrevelde.

Morningstar si samanfatning om det humanitær-industrielle kompleks

Morningstar samanfattar hovudresultatet av den første undersøkinga av NGOane slik:

«Denne undersøkande rapporten granskar dei viktigaste grunnleggarane av Avaaz, så vel som andre viktige søsterorganisasjonar tilknytt  Avaaz som, hand i hand med Rockefellers, George Soros, Bill Gates og andre mektige elitar, formar det globale samfunnet omhyggeleg ved å utnytte og bygge videre på strategisk psykologisk marknadsføring, mjuk makt, teknologi og sosiale media – og formar offentleg konsensus, og dermed aksept, for  illusorisk «grøn økonomi» og den nye utgåva av kolonialismen frå 2000-tallet. Ettersom vi  nå lever i ei verd som er bortanfor det som er farleg,  må samfunnet vere klar over, vere i stand til kritisk å analysere og til slutt avvise det nye angrepet av nøye orkestrert avpolitisering, temjing av befolkning, av propaganda og feilinformasjon som blir skapt og ført vidare av føretakseliten og dei noverande maktstrukturane som støttar agendaen deira. Det humanitær-industrielle komplekset må vi forstå som ei drivkraft og eit maktinstrument, sjølve støtta og grunnlaget for imperiet sin dominans.»

Hennings si samanfatning om det humanitær-industrielle kompleks

I starten av Hennings si undersøking kan vi lese hans konklusjon:

Tross alt så 1900-tallet ei rekke tiltak frå ulike regjeringar for å dempe og stoppe nokre av dei mest forferdelege framvisingane av folkemord og brotsverk mot menneskeheita. Døra har blitt opna for at mange hjelpeorganisasjonar og menneskerettsorganisasjonar kan spele ei større rolle i å moderere internasjonale saker.  Men ved nøyare ettersyn finn vi ein av de mest uheldige realitetane i  geopolitikken frå 2000-tallet.  Sjølv om mange hjelpeorganisasjonar som arbeider for    menneskerettar fortsett å marknadsføre seg sjølv som «nøytrale» og «ikkje-partiske»,  er røynda noko heilt anna. Med offentleg skepsis på eit all-time high er faren klar: Viss interessekonfliktar ikkje blir adressert på  ein seriøs måte truar dei med å undergrave truverdet til heile den  ikkje-statlege organisasjonssektoren (NGO) internasjonalt.

Eit vanskeleg aspekt ved å analysere denne kampen for «oppfatnings-styring» er at dei fleste menneskeretts-  og hjelpeorganisasjonar er bemanna og drive av gode, hardtarbeidande og ekstremt velutdanna individ, mange av dei utfører rollene sine med eit altruistisk hjarte og med dei beste  intensjonar. For det meste er mange uvitande eller uinteresserte i kven som faktisk finansierer organisasjonane deira og kva desse økonomiske strengane betyr når det gjeld kva ein gitt organisasjon si haldning vil vere til et eit kvart spekter av geopolitiske spørsmål eller militære konfliktar. Det er absolutt sant at oppriktige og dedikerte kampanjar frå organisasjonar opp gjennom åra har bidradd til å frigjere personar som er urettmessig fengsl, og det er oppnådd på grunn av ein prosess for å skaffe rettferd for dei det gjeld. Det er også sant at mange av dei same organisasjonane har bidratt til å auke medvitet om mange viktige sosiale og miljømessige spørsmål.

På grunn av auka finansiering frå føretaksinteresser  og direkte koplingar til statlege og politiske  tenketankar dei siste åra,  har desse organisasjonane blitt stadig meir politisert, og tettare knytt til  vestlege «innflytings-agentar». Som et resultat kan vi argumentere for at desse  «menneskerettsorganisasjonane» på mange nivå kan bidra til sjølve problemet dei hevder å jobbe med løyse – at dei er årsak til meir liding, daud og ustabilitet over hele verda gjennom deira  marknadsføring av dei utanrikspolitiske måla til Washington, London, Paris og Brussel.

Problemet er både systemisk og institusjonelt. Som eit resultat  har mange av den vestlege verdas leiande menneskerettsorganisasjonar med base i Nord-Amerika og Europa blitt spegelbiletet av ein vestleg utanrikspolitisk agenda og blitt verkelege mellommenn[x] for propagandaen for intervensjonar.»

Som Morningstar påviser er nett Human Rights Watch ein av dei første av dei humanitære organisasjonane som var med i dette spelet. Systemet var oppe og gjekk tidlegare, men det var med data-alderen og under Barak Obama at det verkeleg eksploderte. Det ville jo eg vere naivt å tru at verdas einast supermakt ikkje ville bruke dei nye dataverktøya i arbeidet for å halde på og sikre verdsherreveldet sitt.

Morningstar viser også korleis nettsamfunnet Avaaz var svært viktig for å få sett i gang USA og andre (medrekna Norge) sitt angrep på Libya, samstundes som ho nøstar opp kven som driv denne og mange andre slike organisasjonar.[xi]

Taber si innleiing til Morningstar sine undersøkingar

Innleiing til Cory Morningstar sin undersøking av NGOane av Jay Taber i Intercontinental Cry:

I den nyskapande studien sin, Science of Coercion (Vitskapen om tvang) observerte Christopher Simpson[vi] at vi kan forstå kommunikasjon både som ein kanal for og sjølve stoffet i menneskeleg kultur og medvit. Som Simpson merka seg,  er psykologisk krigføring bruken  av massekommunikasjon i moderne sosiale konfliktar.

I USA sitt  Army War College manual om psykologisk krigføring, er det uttalte målet å øydelegge  fienden sin vilje og si emne til å kjempe ved å ta frå dei støtte frå allierte og nøytrale. Nokre av  metodane som blir brukt i handboka er å så usemje, mistillit, frykt og håpløyse.

I tiåra sidan desse publikasjonane først blei publisert, har ei ny form for psywar dukka opp i form av falskt håp. Med uavgrensa finansiering og organisatorisk støtte frå stiftelsar som Ford, Rockefeller, Gates og Soros, har USA no, for regjeringspropagandaen sin, ein enorm ny hær av ideelle organisasjonar som, saman med føretaksmedia og den akademiske verda, fungerer både som ein tredje fløy av masse-medvit og ein femtekolonne for destabiliserings-kampanjar over heile verda. (Vi kan no føye til okkupasjonar. (Merknad frå T.V.)

Når Cory Morningstar fangar Simulacrum[vii] i sin fleirdelte serie om det humanitær-industrielle komplekset, er temjinga av befolkninga gjort, og det einaste spørsmålet som står att er kva som vil skje viss og når denne kapitalistiske aktivismen blir sett som det han er. Ved å følgje pengane frå aristokratiske avleggarar til dei blir brukt for å skape falsk håp gjennom NGOane Avaaz, MoveOn og Change, går Morningstar gjennom glaset for å avsløre korleis frivillige organisasjonar har blitt  eit viktig verktøy for  global dominans ved å bruke sosiale media som eit middel for sosial manipulasjon.

Når røyken  som er skapt av falske progressive blir rydda, er alt som er att ei industriell øydemark av falsk håp og reelle truslar.  Når  forræderia til dei frivillige organisasjonane som Amnesty International og Human Rights Watch er kjend,  kan vi endeleg begynne å utøve ansvaret vårt. Fram til då fortsett program som Democracy Now å vere lite meir enn vaksne versjonar av Sesame Street leikar for[viii] Che brigadar.[ix]


[i] Same verk, side 194.

[ii] Same stad.

[iii] https://www.wrongkindofgreen.org/2012/09/10/avaaz-imperialist-pimps-of-militarism-protectors-of-the-oligarchy-trusted-facilitators-of-war/

[iv] https://www.wrongkindofgreen.org/2012/09/10/avaaz-imperialist-pimps-of-militarism-protectors-of-the-oligarchy-trusted-facilitators-of-war/

[v] https://www.ukcolumn.org/article/smart-power-human-rights-industrial-complex

[vi] https://www.usaid.gov/

[vii] https://www.tvalen.no/2022/05/05/nokkelferdige-regimeendringer/

[viii] https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/USA-imperialismen%20i%20Latin-Amerika%20fra%201901%20til%201934.pdf

[ix] https://www.tvalen.no/2021/10/26/kampar-for-a-komme-ut-or-columbismen-sitt-famntak-haiti-som-eksempel/

[x] I den engelske teksten står det clearinghouses. Derfor kan den verkelege definisjonen av dette omgrepet vere verd å sjå på: https://www.investopedia.com/terms/c/clearinghouse.asp

[xi] https://www.wrongkindofgreen.org/2012/09/24/imperialist-pimps-of-militarism-protectors-of-the-oligarchy-trusted-facilitators-of-war-part-ii-section-i/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.