Dei to grunnleggande tendensane i verda i det nye året

Elles tilråder eg allment: https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/

Vi går no inn i året 2022. Eg ser då to store motsette vegar vi kan følgje frametter. Den eine vegen er øydeleggande for framtida til menneskeslekta på jorda. Den andre gjer det mogleg å skape ei god verd for oss alle. Den eine vegen er prega av kamp for verdsherrevelde og fortsetting av den drepande nykolonialismen som held verda i eit daudeleg grep. Den andre vegen er prega av kamp for å komme ut av det krigsskapande, undertrykkande, utbytande og øydeleggande strevet for verdsoverherredømme.

Vi må få stengd den vegen som vil fortsette det koloniale og nykoloniale prosjektet som begynt med den columbiske aggresjon mot dei som budde på det kontinentet som vi no kallar Amerika, og alle folkemorda som følgde.[i] Det er den vegen som USA si regjering no leier oss nedetter på kommando frå sin eigen finanskapital. Denne vegen har som sitt slagord ein regelbasert orden i verda – der reglane blir utforma av USA. Det tyder reglar som tillét USA å blande seg inn i alle land i verda for å skape ein orden som tenar finanskapitalen i USA. Det tener ikkje folka i verda, men er til skade for alle.

Den andre vegen representerer tradisjonen frå Bandung-konferansen i 1955 og den alliansefrie rørsla som organiserte seg i 1961. Den alliansefrie rørsla stod sterkt på 1960-talet og 1970-talet til ho fall mykje saman på slutten av 1970-talet. Men mot slutten av 1990-talet tok rørsla seg opp att og var i full funksjon etter møtet på Cuba i 2006. Ei ny utvikling blei innleia ved 60-årsjubileet for rørsla og det store møtet i Beograd i oktober 2021 der rørsla først blei skipa, og der representantar for 105 land var til stade med Kina og Russland som støttande observatørar.[ii] Når det gjeld vegen mot fred i verda, var dette det mest vesentlege møtet i 2021. Det ergrunnen til at vi ikkje har høyrt noko om det og difor veit vi heller ikkje kor isolert i verda USA og vasallstatane i og rundt NATO og Europaunionen, medrekna Norge, er.

Den alliansefrie rørsla har heile tida hevda dei fem prinsippa for fredeleg samkvem mellom folk, nasjonar og statar:

1) gjensidig respekt for selvbestemmelse (suverenitet) og territoriell integritet;

(2) gjensidig ikke-aggresjon;

(3) gjensidig ikke-innblanding i utenlandske indre anliggender;

(4) likestilling og gjensidig nytte; og

(5) fredelig sameksistens som sådan.

Og dei har kjempa for at FN skal leve opp til pakta si:

Artikkel 1

De Forente Nasjoners formål er:

1. å opprettholde internasjonal fred og sikkerhet, og i dette øyemed å treffe effektive, kollektive tiltak for å hindre og fjerne trusler mot freden og å undertrykke angrepshandlinger eller andre fredsbrudd, og å sørge for at internasjonale tvister eller situasjoner som kan lede til fredsbrudd, blir ordnet eller bilagt ved fredelige midler i samsvar med rettferdighetens og folkerettens prinsipper;

2. å utvikle vennskapelige forhold mellom nasjoner grunnlagt på respekt for prinsippet om folkenes like rett og selvbestemmelsesrett og å treffe andre tiltak som er egnet til å styrke verdensfreden,

3. å få i stand internasjonalt samarbeid om løsningen av internasjonale problemer av økonomisk, sosial, kulturell eller humanitær art, og for å fremme og oppmuntre respekt for menneskerettigheter og grunnleggende friheter for alle uten hensyn til rase, kjønn, språk eller religion og

4. å være et sentrum for samordning av nasjonenes virke for å nå disse felles mål.

Med dette er formålet klart fastslått. Først og fremst går det ut på å hindre krig og sikre fred. Så er formålet å styrke verdensfreden ved å utvikle vennskapelige forhold mellom nasjoner, grunnlagt på prinsippet om folkenes like rett og selvbestemmelsesrett. Så skal en få i gang internasjonalt samarbeid om løsningen av internasjonale problemer innen forskjellige områder, og fremme respekt for menneskeretter og grunnleggende frihet for alle typer.

Artikkel 2

For å nå de mål som er nevnt i artikkel 1 skal organisasjonen og dens medlemmer handle i samsvar med følgende prinsipper:

1. Organisasjonen er grunnlagt på prinsippet om alle medlemmers suverene likhet.

2. For å sikre alle medlemmene de rettigheter og fordeler som følger av medlemskapet, skal de alle ærlig og oppriktig oppfylle de forpliktelser de har påtatt seg i samsvar med denne Pakt.

3. Alle medlemmer skal bilegge sine internasjonale tvister ved fredelige midler på en slik måte at internasjonal fred, sikkerhet og rettferdighet ikke settes i fare.

4. Alle medlemmer skal i sine internasjonale forhold avholde seg fra trusler om eller bruk av væpnet makt mot noen stats territoriale integritet eller politiske uavhengighet eller på noen annen måte som er i strid med de Forente Nasjoners formål.

5. Alle medlemmer skal yte de Forente Nasjoner enhver bistand i alle tiltak den treffer i samsvar med denne Pakt, og skal avholde seg fra å; yte bistand til noen stat som de Forente Nasjoner anvender forebyggende tiltak eller tvangstiltak mot.

6. Organisasjonen skal sørge for at stater som ikke er medlemmer av de Forente Nasjoner opptrer i samsvar med disse prinsipper i den utstrekning dette er nødvendig for å opprettholde internasjonal fred og sikkerhet.

7. Intet i denne Pakt berettiger de Forente Nasjoner til å; blande seg inn i forhold som etter sin natur ligger innenfor noen stats egen jurisdiksjon eller innebærer at noe medlem må; underkaste slike saker bileggelse etter denne Pakt; men dette prinsipp skal ikke hindre anvendelsen av tvangstiltak etter kapittel VII.

Det som har skapt ein ny giv for denne rørsla er USA si omsynslause framferd i verda og Kina sin veksande styrke innan den alliansefrie rørsla. Frå møtet til den alliansefrie rørsla i Beograd blei det oppsummert at:

 Avsluttende refleksjoner

Dei fleste media ignorerte minnetoppmøtet for den alliansefrie rørsla i Beograd. Dei som rapporterte om toppmøtet, presenterte den alliansefrie røsla som eit historisk fenomen som mist makt og innflyting med grunnleggaran sin daud. Dette er det makthavarane vil at folket skal tro.

I røynda er den alliansefrie rørsla mektigere enn nokon gong. Uttalane frå ho er basert på ein djupare analyse og større forståing av motsetnadene i verdenssystemet og kor uhaldbart det er. I tillegg, gjennom danninga av regionale foreininger og med samarbeid frå Kina for å gi gunstige investeringar og handel, går den tredje verda-prosjektet i dag meir fram enn det som det gjorde den klassiske perioden sin når det gjeld den praktiske gjennomføringen måla sina.

Vidare, med oppsamling av erfaring, går nasjonane som byggar sosialismen, fram mot ein sosialistisk modell som inkluderer plass for ein marknad og for privat verksomheit, under leiingog kontroll av staten. Denne sosialistiske tredje måten demonstrerer kapasiteten sin til å fremme menneskelig produktivitet og distribuere frukter av han mot dei grunnleggende menneskelege behova til folket; og den finn politisk plass i den alliansefrie rørsla.

Dei etablerte maktene vil ikkje at folket skal vite at den tredje verda og Kina i praksis bygger eit meir rettferdig og bærekraftig verdenssystem som tolererer ein flersidigheit som inkluderer kinesisk sosialisme, latinamerikansk sosialisme, sjia-islam og ein fornyet afrikansk sosialisme, som alle har respektfulle og ømsesidige forhold til kvarandre. Medvit om deiy humanistiske prestasjonene og aukande produktiviteten til desse alternative polane er den viktigaste armen i idékampen mot den nye kalde krigen.

Opp mot dette står dei «kvite» overklassane som har dominert og utbytta store deler av  verda i stadig større grad heilt sidan Columbus landa i Amerika. I dag er det USA som er keisaren i det columbisk-imperialistiske prosjektet for å dominere verda. Under USA finn vi vasallstatane  Europa og komprador-klassane i dei landa som USA elles dominerer. Det er nett som om den store persiske krigarkongen, Kyros, har fått ein moderne avleggar av hans system som gjekk ut på å styre eit stort imperium ved å kjøpe mektige støttespelarar i provinsane (seinare kalla satrapar) som skulle sørgje for å slå ned opprør og få inn skattar til seg sjølv og kongen. Han har jo, nett som USA, og fått eit ufortent rykte som den første forsvarar av menneskerettane.[iii]

Den store oppgåva til verdas undertrykte nasjonar og folk er no å hindre at USA går til fleire krigar, undergravingar, sanksjonar og regimeendringar for å utvide og halde på verdsherreveldet sitt. Det blir og ei viktig oppgåve å få USA sine militærbasar ut av komprador-statane og vasall-statane.

I Norge er kampen mot USA-basar i landet ein del av dette store internasjonale straumdraget mot fred i verda og fredeleg samarbeid mellom  likestilte, suverene statar. I året som kjem og åra frametter vil også det personlege valet ditt, mellom desse to vegane, vere med på å bestemme kor fort vi blir kvitt den columbisk-imperialistiske nykolonialismen i verda slik at vegen opnar seg for fred og velferd.

Terje Valen, søndag 2. januar 2022.


[i] https://www.tvalen.no/2021/06/25/columbismens-forste-fase-og-litt-om-fortsettelsen-2/

[ii] https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Verdens%20undertrykte%20folk%20og%20nasjoner%20reiser%20seg.htm

[iii] https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Kyros%20som%20ideal.htm

Ein tanke om “Dei to grunnleggande tendensane i verda i det nye året”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.