«En skjør allianse»

Dette er overskrifta på ein artikkel av Tormod Heier i Klassekampen den 6. juli 2021, med utheving av hovudpoenget, «Den største trusselen mot NATO kommer innenfra».

Nokre hovudpunkt i Heiers artikkel

Eg oppfattar at det viktigaste poenget hans er at hovudgrunnen til at NATO samhaldet er blitt skjørare er at der no finnast statar i NATO som ikkje vil kjempe for det NATO står for. Han spør om dei vil stå opp for «borgernes ukrenkelige friheter,  … det liberale demokratiet, … menneskerettighetene … de grunnleggende rettsstatsprinsippene». Han definerer dette som «det vestlige verdigrunnlaget». Dette «vestlige verdigrunnlaget» innan NATO sjølv er i ferd med å forvitre og dermed  blir «det som gir oss en felles identitet» svekka. For å halde NATO saman blir derfor den viktigaste oppgåva til NATO innanrikspolitisk, å styrke limet som kan halde NATO saman ved å slå ring rundt dette vestlege verdigrunnlaget inne i alle NATO-statar.

«Men liberale verdier blir ikke limet i NATO før kontrasten til ‘de andre’ kommer tydelig frem: Kina og Russland» fortsetter Heier. Disse statane «forfekter» nemlig «det motsatte av oss selv» og vil fremme «ufrie samfunnsmodeller» på fleire vis. «Det blir derfor viktigere enn noen gang at NATO unngår en demokratisk forvitring i egne rekker.» Til dømes i Ungarn, Polen eller Tyrkia.

Han går så inn på kva dette kan tyde for Norge. Det tyder for det første at landet blir trekt «stadig sterkere inn i en ny kald krig» mellom dei to nemnde verdisystema der Vesten står på den eine sida og «Russland og Kina på den andre». Den tilliten dei store vestlege landa har til landa i aust er tynnsliten og alt blir tolka i verste meining.

«NATO er heller ikkje lenger ein effektiv militær forsvarsallianse for Norge». Organisasjonen er ein reiskap som USA bruker for å veve statane rundt Russland inn i det han kallar «forpliktende og forutsigbare flernasjonale samarbeidsformer» der USA kan påvirke korleis desse statane sjølv «bør håndtere Russland som tross alt er USAs fremste rival i Europa».

Det tredje punktet er at NATO ikkje er til noko nytte for Norge i dag. Varslingstida ved plutselege konfliktar til dømes på Svalbard eller utanfor Finnmarkskysten er kort og då «nytter det ikke med langdryge forhandlinger i Brussel». Då er det berre ein ting som nyttar, «tilgang på amerikanske ledere» … «som på kort tid kan sende styrker til norske nærområder». Alt no blir NATO sett meir og meir på sidelinja når det gjeld krisehandtering i nord og USA blir viktigast.

Dette meiner Heier er problematisk for Norge. NATO-systemet blir uthola og «kunnskap om beredskaps- og forsterkningsplanverk forvitrer». Denne situasjonen gjer at blir vanskelegare å møte angrep frå Russland.

Han ser for seg at NATO-toppmøtet i sumar kan vise oss eit NATO som «må samles politisk. Men som fragmenteres militært».

Ein kommentar til innhaldet

Når den faste skribenten i Klassekampen er forskningsleiar ved Forsvarets høgskole kan vi sjølvsagt ikkje vente anna enn at han skal framstille NATO og Vesten på noko anna vis enn slik organisasjonen og dei som kallar seg «Vesten» sjølv ønskjer å sjå ut.

Ut frå denne ståstaden vurdere altså Heier det slik at NATO som militærallianse er i ferd med misse misjonen sin. USA har mest bruk for alliansen for å fremme sin politikk i Europa. Og det skal dei gjere ved å kjempe for nokre edle prinsipp som USA skal vere garantisten for opp mot Russland (og Kina) sin angrip desse prinsippa.

Når det gjeld den militære sida må vi satse einsidig på USA i forsvaret av Norge og sikre oss amerikanske leiarar som kan sende styrker til Norge på kort varsel og som kan koordinere forsvaret av Norge ut frå kunnskap om landet, militæret og situasjonen her. Det gjeld å ha ein balanse mellom faste norske prinsipp og pragmatisme og å vise atterhald i måten makta blir utøvd på.

Så vidt eg kan sjå tyder dette at desse amerikanske leiarane må vere fast stasjonert i Norge over lengre tid også i fredstid. I så tilfelle kan det og tyde på amerikanske basar på norsk jord, med alt det inneber dersom USA kjem i konflikt med eit Russland som reelt sett ikkje er i konflikt med Norge sjølv om styringsforma der avvik frå den norske. Då kan vi bli totalt fanga av USA sin krig – kanskje saman med resten av Europa. Dessutan er vel realismen i dette at USA ikkje har nokon sjanse til forsvare Norge og Europa dersom Russland verkeleg vil angripe. Då vil Europa bli øydelagd. Og om det kjem til krig blir Norge også angrepsmål for dei mest avanserte russiske våpen. Derfor vil nok alliansefridom vere eit mykje betre forsvarsval for Norge enn allianse med USA om det skulle komme til det harde.

Kva er dei vestlege verdiane som USA skal forsvare, i praksis

Men lat oss så sjå på USA som berar av dei «vestlege» verdiane. Ut frå reine fakta som ligg i dagen går det an å seie at USA er den mest krigerske og øydeleggande stat i verda når det gjeld andre land si moglegheit til å byggje opp sin eigen økonomi og velferd utan amerikansk overherredømme, innblanding, undertrykking og utbytting.

For det første kan vi slå fast det som alle veit, at staten USA er bygd opp på folkemord, slavearbeid og omsynslaus utnytting av fleire generasjonar med innvandrarar. Dessutan slik at USA med unnatak for 7 eller 9 år har USA kriga mot andre statar i heile si historie frå 1776 til i dag. Og frå før dette begynte dei kvite settlarane å utrydde indianarane. Noko dei hadde lukkast med for om lag 95 % av dei før år 1900.

Så skal vi sjå på nokre bøker om USA si rolle i verda.

Først vil eg nemne den norske omsettinga i 1964, i to bind, av David Horowitz si bok Free World Colossus, på norsk Den kalde krigen og USA og den tredje verden – begge med undertittel Søkelys på amerikansk utenrikspolitikk. Frå her av har vi i Norge hatt ein annan og heilt igjennom dokumentert historie om USA sin utanrikspolitikk enn den Heier tar utgangspunkt i når han skriv om USA og NATO. At Horowitz sjølv avsverga alt det han hadde funne ut gjer ikkje at det meste av det er usant. Det viser ei rekkje seinare godt dokumenterte studiar og bøker.

  • Michael T. Klare, War Without End – American Planning for the next Vietnams frå 1970.
  • William Blum, Killing Hope: US Military and CIA Interventions Since World War II, 1995/1998 og i rask svensk omsetting med tittelen CIA & USA:s Verkliga utrikspolitik, 1998. Dette er beint fram eit meisterverk av politisk skrivearbeid der USA si meir eller mindre valdelege innblanding i rundt 50 andre land blir grundig dokumentert.
  • Så kom Rogue State – A Guide to the World’s Only Superpower, år 2000 og
  • America’s Deadliest Export – Democracy – The Truth about USA Foreign Policy and Everything Else som tek eksempel og analyse fram til 2013, då boka kom ut. Her finn vi og forslag til kva som kan gjerast for å stoppe denne fryktelege krigarstaten og skape fred i verda.
  • Så vil eg nemne Wolfgang Effenberger Schwartzbuch – EU & NATO – Warum die Welt keinen Frieden findet ( EU og NATO – Kvifor verda ikkje kan finne fred) frå september 2020. Her har vi eit meisterstykke som avdekkar samanhengen mellom EU og NATO og korleis dei saman er ein trussel mot freden på jorda. Analysen begynner med eit utsnitt frå ein artikkel av Engels frå 1887 der han snakkar om at det går mot ein nye 30års krig berre at han blir trengd saman på 3 til 4 år og der øydeleggingar, talet på drepne og elende vil bli endå større enn dei var under 30års krigen i Europa mellom 1618 og 1648. Så blir analysen ført fram til korleis verda har møtt covid-krisa.
  • Wofgang Effenberger Geoimperialismus – Die Zerstörung der Welt frå september 2016 er også ein skarp geopolitisk analyse av korleis USA har øydelagt nasjonar og trengt seg stadig nærare inn på livet til Russland.
  • Michael Lüders Die Scheinheilige Supermacht – Warum wir aus dem Schatten der USA heraustreten müssen, frå 2021 er ein heilt oppdatert framstilling av den geopolitiske situasjonen i verden som altså tilseier at Tyskland (og andre land) må komme seg ut av det underdanige tilhøvet til USA. Samandrag av innhaldet på tysk finnast og.[i] I denne boka tar også Lüders opp nett spørsmålet om «Westen und seine Werte» og viser mellom anna korleis USA systematisk har støtta alle despotar berre dei har eit godt tilhøve til USA, dvs. tillèt USA å utbytte landet, mens også demokrati blir kverrsett når regjeringa der ikkje vil la seg dominere av USA.[ii]

«Vestlege verdiar» omsett i praksis

I  boka Americas Deadliest Export – Democracy – The Truth about US Foreign Policy and Everything Else av William Blum frå 2014, er USA sine «vestlege verdiar» i praksis greitt summert opp.

«Løyndommen som gjer at vi kan forstå USA sin utanrikspolitikk er at der ikkje er nokon løyndom.» «… sidan slutten av 2. verdskrigen har USA

  • prøvd å styrte meir enn 50 utanlandske regjeringar, dei fleste demokratisk valde
  • på grovt vis blanda seg inn i demokratiske val i minst 30 land
  • prøvd å likvidere meir enn 50 utanlandske leiarar
  • slept bombar på folk i meir enn 30 land
  • prøvd å undertrykke populistiske og nasjonalistiske rørsler i meir enn 20 land.»[iii]

Berre sidan 1981 har USA i Midt-Austen sett dei vestlege verdiane ut i livet på mange måtar. Dei har

  • skote ned to libyske fly i 1981
  • bomba Libanon i 1983 og 1984
  • bomba Libya i 1986
  • bomba og senka eit iransk skip i 1987
  • skote ned eit iransk passasjerfly i 1988
  • skote ned to libyske fly til i 1989
  • drive massiv bombing av folket i Irak i 1991
  • fortsett bombinga og harde sanksjonar mot Irak frå 1991 til 2003
  • bomba Afghanistan og Sudan i 1998
  • fortsett å støtte Israel til tross for den israelske regjeringa si stadige øydelegging og tortur mot det palestinske folket
  • stadig fordømd palestinarane sin motstand mot dette
  • bortført «folk som er mistenkt for å vere terroristar» frå muslimske land som Malaysia, Pakistan, Libanon og Albania og transportert dei til stader som Egypt og Saudi-Arabia der dei blei torturert
  • vore til stade med store militære mannskap og høgteknologisk utstyr det helligaste islamske landet, Saud-Arabia og andre stader i Golf-regionen
  • støtta talrike udemokratiske, autoritære regjeringar frå Shahen av Iran til Mubarak i Egypt og den saudiske kongefamilien
  • invadert, bomba, og okkupert Afghanistan frå 2001 til i dag, og Irak til i dag
  • bomba sendt rakettar for å likvidere individ i Somalia, Jemen, Pakistan og Libya i perioden 2006 til 2011
  • velta regjeringa til Gaddafi i Libya i 2011.[iv]

Så kan vi føye til Syria og legge til annan amerikansk aggresjon sidan 2014 då Blum avslutta boka si, kanskje særleg dei daudeleg sanksjonane mot land dei ikkje kontrollerer over heile verda og den USA-støtta regimeendringa i Ukraina. Men også det enorme presset på vasallstatane sine i Europa for å få dei med på auka opprusting og på sanksjonar mot Russland og andre land. Noko som har ført til store økonomiske tap for alle partar.

Her har vi ikkje ein gong nemnd USA si historie i Latin-Amerika, som høyrer til det beste eksempla på USA sitt «forsvar for dei vestlege verdiane».

Tormod Heier, som er ein opplyst og intelligent mann, veit sjølvsagt alt dette. Når han framleis meiner at USA kjemper for demokrati, menneskerettar og lovstyrte samfunn, så set han altså dei columbiske statane med leiaren USA  sin reelle politikk som synonym med desse verdiane. Og då må vel kanskje nokon kvar seie – Gud   hjelpe oss for å bli underlagt USA og Vesten sine tankar om demokrati, menneskerettar og lovstyrte samfunn og dei handlingane som skal verkeleggjere desse, og stakkars statar med militære og andre leiarar som står for det same. For når vi omset dei «vestlege verdiane» til de dei verkeleg tyder, så er dei columbiske statane sin rett til å herske over resten av verda og utnytte alt som finnast der til eige beste. Derfor kan dei som står for desse verdiane umogleg skape fred i verda fordi det å halde oppe USA sitt verdsherrevelde med kva middel som helst trumfar all fornuft og alle forsøk på å skape fredelege og velståande samfunn over alt i verda.

Rolls Royce som lokalt eksempel på skadeleg verknad av at vi er underlagt USA

I Bergen risikerer vi no at den siste store industriarbeidsplassen blir lagt ned fordi eigarane ikkje får lov til å selje føretaket til en seriøs internasjonal aktør med gode planer for Rolls Roys-fabrikken, berre fordi han er økonomisk basert i Russland, og at verkstaden kanskje heller ikkje får lov til å ta viktige oppdrag frå Russland som kan redde han eller i alle høve hindre permisjonar og kanskje det som verre er. Dette er sjølvsagt økonomisk galskap for Norge som industrinasjon, særleg fordi eventuell sikkerheitsrisiko i røynda var minimal og fordelane store.

Solberg-regjeringa hadde handsama denne saka heilt greit og ingen protesterte på salet fram til Biden blei president i USA og lanserte sin nye framstøyt mot Russland og Kina. Dei villaste protestane kom sjølvsagt frå Arbeidarpartiet sin forsvarspolitiske representant – ikkje rart når eit partimedlem er sjølvaste administrative sjefen i USA sin NATO-allianse som altså skal fremme USA sine politiske interesser i Europa. Men SV og dei andre kasta seg på, sjølv Rødt klarte ikkje å ta eit konsekvent nasjonalt standpunkt i saka.

Konklusjonen med nokre fleire merknader

Konklusjonen er at USA derfor utan samanlikning har vore den mest aggressive og skadelege staten i verda i løpet av dei siste 245 åra når vi ser dei under eitt. Forræderiet mot frigjeringsrørsla på Filippinane i 1898-1902 og folkemordet der[v] var ei slags innleiing til 1900-talet. Dette kjenner ikkje folk særleg mykje til, akkurat som svært mykje av dei columbiske statane sine brotsverk i andre land framleis er skjult. Men både før og etter 1941-1945, då USA var tvunge til å delta i ein rettferdig krig, har dette vore eit grunnleggande trekk ved USA sin utanrikspolitikk. Men vi veit også at England og USA planla eit samla alliert angrep på Sovjet like etter 2. verdskrigen med bruk blant anna av tyske soldatar. Stalin hindra dette ved å sørge for at desse soldatane vart avvæpna.

USA, den 2. verdskrigen og Korea

Og så er det slik at USA brukte utfallet av krigen til å ta makta over heile verda med nokre unnatak som til dømes Sovjet og deira økonomiske område, Kina, Cuba og Nord-Vietnam. Eit særskild, lite kjend eksempel er frå Korea. Her har også USA ei lang historie med innblanding. I 1905 laga dei ein ein hemmeleg avtale med Japan kalla Taft-Katsura memorandumet der USA lovde å anerkjenne Japan sitt hegemoni over Korea mot at Japan ikkje blanda seg inn i USA sine koloni-interesser på Hawaii og Filippinane. Under fredskonferansen i Paris i 1919 og Washington-konferansen i 1921-1922, som tok opp tilhøva i Asia, motarbeidde USA at Korea skulle få delta. Etter at Japan hadde kapitulert og 2. verdskrigen var slutt kravde USA einsidig at dei sovjetiske troppane skulle stanse ved den 38 breiddegrad. Då kunne dei amerikanske troppane, som ikkje kunne komme fram før nokre veker seinare, ta imot Japans kapitulasjon ved denne breiddegraden. Dette var ikkje eit bidrag til å sikre avvæpninga av japanarane, men for å sikra USA si innflyting på Koreahalvøya og fremje USA sine økonomiske og strategiske interesser i nord-aust Asia. Etter 40 år med japansk okkupasjon var koreanarane ivrige etter å få att sjølvstendet sitt og motstandsrørsla mot okkupasjonen fekk organisert en kongress i Seoul den 6. september 1945 der dei danna ei regjering for heile Korea, både nord og sør, Den koreanske folkerepublikken som held orden i landet og sikra igangsetting av produksjon gjennom folkestyrte komitear og tilslutta masseorganisasjoner. Då amerikanarane kom to dagar seinare sette dei denne regjeringa til sides og sette inn sitt eige militærstyre med blant anna fleire representantar som hadde samarbeidd med japanarane. Dette var starten på heile ulukka med Sør- og Nord-Korea.[vi] Ein folkerettsstridig okkupasjon av eit fritt land. Mønsteret frå Filippinane var teke opp att, berre at folkemordet i Korea kom litt seinare under Koreakrigen, slik det blitt gjort gong etter gong seinare.

Under 2. verdskrigen deltok USA materielt med mykje utstyr og bygga opp produksjonskapasiteten sin svært mykje, særleg kapasiteten for våpenproduksjon, men dei deltok berre med relativt små hærstyrkar og hadde berre eit tap på 300 000 soldatar mot Sovjet-Unionen sine 30 millionar soldatar og sivile, og Kina sine endå fleir falne. Vi veit også at det ikkje var våpen som stort sett vart sendt frå USA til Sovjet under krigen, men køyretøy. Og det var jo verkeleg Sovjet og Kina som slo Tyskland og Japan, ikkje USA med allierte, sjølv om USA var engasjerte i Stillehavet som dei erobra heilt for seg og sjølv om dei massemyrda nokre hundre tusen sivilistar på nokre sekund då dei slapp sine to atombomber over to byar i Japan, og sjølv om dei allierte måtte gå inn i krigen mot Tyskland frå vest, då det såg ut som Sovjet ville erobre heile landet frå aust.

Denne mykje medieomtala kampen med D-dagen osb., mot eit Tyskland der Sovjet hadde knust den tyske hæren, var berre eit «piss i havet» i høve til innsatsen frå Sovjet. Og ikkje før var krigen slutt, så samla USA med allierte seg til ville angrep på «kommuniststaten» Sovjet, noko som har fortsett mot Russland, sjølv om det ikkje lenger er snakk om kamp mot kommunisme som var propagandagrunnlaget for Den kalde krigen. Den columbiske eliten gjorde dette for ikkje å miste makta si i verda med mogelegheitene til å overføre rikdommar til seg sjølve. Men samstundes måtte dei andre columbiske maktene legge seg inn under USA sin dominans og utvikla seg etter kvart stort sett til reine klient- og vasallstatar. I dag er Norge i praksis ein slik type stat, nett som Heier indirekte peiker på i sin artikkel i Klassekampen.

Det er jo slik at USA-NATO og deira talspersonar, i praksisen sin, er dei viktigaste hindringane mot statane i verda sitt strev for å utvikle «borgernes ukrenkelige friheter,  … menneskerettighetene … de grunnleggende rettsstatsprinsippene» og arbeidet for nedrusting, fred, velstand og vennlege tilhøve i verda. Det liberale demokratiet som tillet desse å fortsette angrepa sine på verdas folk, er meir problematisk. Her trengs det kanskje ei omdanning slik at regjeringane representerer folket og ikkje pengemakta.

Terje Valen (historikar), 09.07.2021.


[i] https://michael-lueders.de/die-scheinheilige-supermacht/

[ii] Michael Lüders Die Scheinheilige Supermacht – Warum wir aus dem Schatten der USA heraustreten müssen, sidene 44-47.

[iii] Americas Deadliest Export – Democracy – The Truth about US Foreign Policy and Everything Else av William Blum frå 2014, side 1.

[iv] Same bok, side 315-316.

[v] https://www.tvalen.no/2019/07/04/usa-sitt-folkemord-pa-filippinane-rundt-1900/

[vi] Sjå Martin Hart-Landsberg Korea – oppdeling, samling & USA sin utanrikspolitikk, 1998, sidene 11-12 og David Horowitz Den kalde krigen – søkelys på amerikansk utenrikspolitikk, 1964, sidene 54-55 ff.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.