Den skjulte handa – bokmelding

Melding av boka: Den dolda handen – Hur Kinas Kommunistiske Parti underminerar västliga demokratier och omformar världen, av Clive Hamilton og Mareike Ohlberg.

Boka har ei mengd av eksempel som skal prove påstanden i tittelen. Desse eksempla er ei blanding av ein del forhold der Kina og det styrande partiet der, Kinas kommunistiske parti (KKP), fortener kritikk, og ei rad med heilt vanleg aktivitet frå parti og stat, som drivast over alt i verda. Desse blir alle tolka inn i ei forteljing som går ut på at KKP og Kina er ute etter å ta rotta på det parlamentariske demokratiet i andre statar og på alle menneskerettar i heile verda.

Eksempel 1 på den skjulte handa

Det er ikkje mogleg å gå gjennom alle eksempla i ei kort melding. Eg slår derfor opp i boka på eit par tilfeldige stader for å sjå på kva dei ser på som skjult påverknad frå Kina for å få slutt på demokrati og menneskerettar i verda. Eg hamnar først på side 166. Dette er ein stad ute i kapittel 7. med overskrifta Mobilisering av den kinesiska diasporan (kinesarar som bur i utlandet). Her tar dei opp Kinas Råd for fremjing av fredelege nasjonal gjenforeining. Dette rådet har lokalavdelingar i mange land. Dei arbeider for at Taiwan, som er kinesisk territorium, skal gjenforeinast med resten av Kina.

Historia er jo at Taiwan i 1939 blei okkupert av Chiang Kai-shek og hans folk. Chiang Kai-shek hadde då først vore meir interessert i å slåst mot Mao og hans styrker, enn å slåst mot japanarane og deira fryktelege okkupasjon. Mao måtte rett og slett ta han til  fange og tvinge han til å vere med for å redde Kina frå japansk øydelegging og herredømme. Då japanarane var slått fortsette Chiang Kai-shek, med amerikansk hjelp, kampen mot frigjeringshæren til kommunistane. Men styrkane hans blei driven sørover og til slutt fòr han og hans folk over til den kinesiske Taiwan-øya og etablerte eit styre der.

Denne øya hadde Japan okkupert etter ein krig i 1895. Då dei tapte verdskrigen måtte dei gi området tilbake til Kina. Amerikanarane støtta i tida etterpå Chiang Kai-sheks sitt styre som representanten for heile Kina. Derfor var Republikken Kina på Taiwan internasjonalt anerkjent som Kinas eigentlege regjering mellom 1949 og 1971. Men i 1971 overtok Folkerepublikken Kina deira plass i FN og FNs Tryggingsråd. Regjeringa på Taiwan ble ikkje lenger anerkjent som representant for Kinas folk. Kina sin langsiktige politikk er å få Taiwan tilbake under Kina, nett som dei gjer med Hong Kong som i si tid blei stole av engelskmennene. Kina arbeider ope for dette i dei fora dei finn tenleg, og har oppretta grupper i forskjellige land for å fremme denne politikken. USA arbeider for at Taiwan skal vere ein sjølvstendig stat som støttar dei i kampen mot resten av Kina. Kina sitt arbeid for gjenforeining, med heilt normal oppretting av vennskapsorganisasjonar i andre land, som arbeider for dette, blir her framstilt som eit slags fordekt angrep på det parlamentariske styresettet og demokratiet i Vesten. Og grunnen skal vere at det er Kinas Kommunistiske parti (KKP) som står bak dette og ikkje regjeringa i Kina som er vald på demokratisk vis.

Viss vi sjekkar USA sine organisasjonar i andre land, så driv dei også og jobbar for å fremje USA sine interesser og for at folk skal ha eit positivt syn på USA og USA sin politikk. Vi kan til dømes sjå på den eldste amerikanske organisasjonen i England, The American Society in England,[i] som har følgjande misjon: Fostering sentiments of mutual respect and affection between the people of two great nations is a worthy mission as relevant today as it was in 1895. We warmly invite Americans and others with strong ties to the United States to apply for membership. Organisasjonen har eit stort kontaktnett i England og har sjølvsagt stor påverknadskraft. Elles finnast det svært mange organisasjonar som jobbar for amerikanske interesser i England og som har band til den amerikanske ambassaden der.[ii] I fjor blei det også avdekka at ein amerikansk anti-abort organisasjon i Belfast dreiv aktiv og missleiande propaganda mot kvinners rett til å ta abort.[iii]

Eksempel 2 på den skjulte handa

Så slår eg tilfeldig opp på side 280. Eg finn eit avsnitt om KKP sine tenketankar inne i Kina. Her skriv forfattarane at Kina under Xi Jinping har trappa opp arbeidet med kinesiske tenketankar som skal arbeide for å styrke truverdet til Kinas politiske og økonomiske system og at det er oppretta mellom 50 og 100 slike. Ei målsetting var å styrke Kinas røst internasjonalt og spreie Kinas standpunkt. Forfattarane reknar så opp fleire av tenketankane og viser at dei har tilknyting til KKP og arbeider internasjonalt for å få oppslutnad om Kina sitt syn på saker.

Men no det jo slik at det er USA sitt syn på verda som har vore dominerande minst sidan andre verdskrigen, og Kina si stemme ha vore svært liten. Med den enorme økonomiske framgangen og handel med heile verda er det jo naturleg at også leiinga i Kina vil ha ei større røst ut i verda. Det er jo ikkje slik at dei USA-dominerte verdsmedia har noko upartisk og sann informasjon om Kina heller.

Viss vi går inn på alle tenketankane til USA som dominerer den såkalla diskursen i verda, så ser vi jo at i informasjonsflaumen er svært ulikt fordelt, og Kina slepp ikkje så mykje til. Då er det heilt naturleg at dei vil ha organ som kan spreie deira eige syn på forskjellige saker. Det treng ikkje vere noko fordekt eller skummelt i det.

Eksempel 3 på den skjulte handa

Kampen mot Huawei (side 206-211) er eit eksempel på det same. Alle veit at dei amerikanske sikkerheitstenestene har hatt avgjerande innflyting på utbygginga av nettbaserte tenester som bygger på teknologi utvikla i USA. Og alle veit at sikkerheitstenestene avlyttar all trafikk på nettet i heile verda. Klagen mot Huawei går ut på at selskapet har gjort, og gjer noko av det same og derfor er ein sikkerheitsrisk for andre land i verda. Kor mykje det er i dette, veit vi ikkje. Forfattarane legg ikkje fram prov for det. Dei snakkar om mistankar om kopling til den kinesiske hemmelege tenesten og at det er svært sannsynleg at tjuveri av sikkerheitsklarert materiale frå en Afrikanske unionen sitt kontor i Addis Abeba blei gjort av Huawei og at mange tilsette i Huawei meiner at det kinesiske regimet plasserer ut agentar i Huawei sitt kontornettverk i utlandet. Og det snakkar om klagar på at Huawei har stole konfidensiell informasjon frå konkurrentar.

Men dette er ikkje det viktige seier forfattarane. Det viktige er at «Huaweis globala ekspansjon, helt i egen rätt, tjäna som en kraft för Pekings innflyand». For dersom Huawei oppnår sitt mål å bli den dominerende leverandøren og konstruktøren av det globale kommunikasjonsnettet i det tjuande hundreåret, kommer det til å gi Peking en enorm innflyting rundt om i verden.

Og så kjem det ei opprekning av alt det Huawei gjer, på same vis som alle operatørar i denne marknaden, for å fremje sin sak. Dei klagar på at mange forsvarer Huawei mot USA sin klager og at Huawei jobbar opp mot alle typar folk for å få innpass i marknaden. Og korleis dei sponsar til dømes store idrettslag osb. Dette er sjølvsagt ikkje noko anna ein økonomisk krig der Kina er på offensiven med overlegen teknologi, mens USA, i spissen for den columbiske flokken, må forsvare sin meir tilbakeliggande teknologi med politiske middel og sterkt press.

Kva representerer forfattarane av boka

Det er alltid viktig å vite kva slags krefter som står bak slik skrifter. Så la oss sjå på det. Clive Hamilton[iv] har vore kjend som ein kapitalismekritikar og ein kritikar av korleis regjeringa i Australia legg lokk på og styrer dei offentlege debattane. Han har leia ein tenketank som har vore vurdert som politisk progressiv. Han var professor i Public Ethics ved Senter for anvendt filosofi og offentleg etikk som blei lagd ned i 2016 og overført til Charles Sturt universitetet, der Hamilton blei Prorektor for offentleg etikk. Dette universitetet har i det siste blitt utsett for hard kritikk for å bruke mykje pengar på å endre namn og image, framfor å sikre akademiske standardar.[v] Det vanlege ved slike offentlege ettersyn[vi] er at universiteta frå godkjenning for sju nye år, men Charles Sturt-universitetet fekk berre 4 år.[vii] Elles tapte leiinga kampen for å endre namn på universitetet etter kraftig motstand frå studentar, tidlegare studentar og lokalmiljøet. Det som har skjedd tyder på at det har skjedd ei endring i leiinga for universitetet i retning meir marknadsretting.

Men Mareike Ohlberg er den mest interessante av forfattarane. Ho har jobba for Mercator Institute for China Studies (MERICS) og Munich Security Conference som er den største konferansen i verda der statane sine spesialistar på sikkerheit møtast. Konferansen blei grunnlagt I 1963 av ein tysk offiser som hadde vore med på samansverjinga for å drepe Hitler. Målet med konferansen var frå starten å samle leiarar og diplomatiske ekspertar for å diskutere tilstanden i NATO og forholdet mellom statane på begge sider av Atlanterhavet. Seinare har interesse-området blitt utvida. Ohlberg var tilsett ved The German Marshall Fund of the United States då ho var med og skreiv boka.

Den 56. Munich Security Conference (MSC 2020) blei halde frå 14. til 16. februar 2020 på Bayerischer Hof i München. Der var meir enn 500 deltakar og representantar for statar og regjeringar frå 35 land. Eit viktig tema for diskusjon var tilhøvet mellom USA, Kina og EU. Al Jazeera hadde ein artikkel om kva ein kunne vente blei tatt opp på konferansen.[viii]  Her finn vi også nemnd tilhøvet USA, EU, USA og problemet med at dei vestlege statane var i ferd med å miste sitt hegemoni i verda. Eg finn ikkje noko samandrag av konferansen på nettet.

Den skjult handa samsvarer heilt med USA sin siste blåbok på området

Men eit resultat av desse diskusjonane og regjeringa USA si haldning finn vi i den nye blåboka for USA sin Kina-politikk[ix]. Blåboka er skriven av direktør Peter Berkowitz ved kontoret til utanriksministeren i USA si underavdeling, Office of The Policy Planning Staff, og blei gitt ut i slutten av november 2020. Tittelen er «The Elements of the China Challenge» (Elementa i utfordringa frå Kina). Her samanfattar han i 10 punkt[x] kva USA må gjere for at ikkje Kina skal gå forbi dei internasjonalt. Mange middel er nemnd, og krig er blant desse, om det er naudsynt. Og samanliknar vi det vesentlege innhaldet i «Den dolda handen» med denne blåboka ser vi at dei grunnleggande vurderingane og tiltaka er samanfallande.

De vesentlege ved den skjulte handa – ei gedigen konspirasjonshistorie

Med dette kjenner vi bakgrunnshistoria til «Den dolda handen». Denne boka er ein propagandaframstøyt for det synet på Kina som USA vil spreie for å skape opinion for angrepa på «hovudfienden» sin. For å klare dette er det ikkje nok å kritisere Kina på sakleg vis. Dei lagar ein gedigen konspirasjonsteori om Kinas mål og politikk som det ikkje finnast prov for i dokumenta frå partiet og folkekongressen, og som vi ikkje finn prov for i den praksisen Kina har i sin politikk ovafor omverda. I røynda finnast det ingen prov for at Kina vil øydelegge det parlamentariske systemet i dei landa som har dette, og heller ikkje det despotiske systemet i landa som har det.

Eit forsvar for det samanfallande columbiske systemet

Denne konspirasjonsteorien skal tene som forsvar for det samanfallande og gruelege columbiske systemet sin desperate overlevingskamp. Vi finn dette avspegla på side 39 i boka der forfattarane skriv at Kina begynner «utmana den utveklade världens grepp om makten».

Det kjem og fram på den første sida i boka der det heiter at «De demokratiska institusjonerna och den globala ordningen som upprättades efter andra världskriget har visat sig skörare än väntat och är sårbara för de nya vapen för politisk krigföring som de nu ställs inför. Det kinesiska kommunistpartiet utnyttjar de demokratiske systemens svagheter för at undergräva dem och även om många i Väst fortfarande inte vil medge det är demokratierna i akut behov av större motståndskraft om de ska överleva.» Leser du en nemnde blåboka ser du kva USA vil gjere for å få «större motståndskraft» og leser du «Den dolda handen» får du meir detaljer med same utgangspunkt.

Med dette utgangspunktet blir det også slik at alt det vanlege kontaktarbeidet som Kina gjer over heile verda innan økonomi, utdanning, kultur og på alle andre felt, blir sett på som farleg. Og det er farleg fordi det er Kommunistpartiet i Kina som styrer landet og det vil fjerne demokrati og menneskerettar over alt. Kina kan sjølvsagt kritiserast for mykje. Kva stormakt kan ikkje det? Og all slik kritikk har forfattarane spora opp. Men også heile normal kontaktverksemd som alle stormakter driver overfor andre land, leiarar, organisasjonar osb. blir her tolka som delar av eit samla angrep på det vestlege parlamentariske demokratiet som forfattarane set lik med det dei kallar den utvikla del av verdens grep om makta.

Kva skjuler dei

Dei skjuler den erklærte politikken til Kina og kommunistpartiet som er å ikkje legge seg inn i korleis andre land blir styrt. Og dette er ein politikk som vi kan sjå blir følgd i praksis. Kina har kontakt med alle som er open for kontakt. Så det er altså ikkje snakk om at Kina skal ta rotta på det parlamentariske demokratiet i dei landa som har denne styreforma, og heller ikkje det despotiske styret i Saudi-Arabia eller andre stader. Dei legg seg heller ikkje bort i dei forskjellige landa sin praksis når det gjeld menneskerettar.

Forfattarane går sjølvsagt ikkje inn på korleis Kinas Kommunistiske parti verkeleg kan styre det svære landet Kina. Dei prøver å få det til å sjå ut som det er overvaking, tvang og einsretting som er hovudmetodane. Alt dette finnast i Kina, men dette er ikkje det vesentlege. Det vesentlege er at KKP fører ein politikk som har gitt store fordelar til mest heile folkesetnaden i landet. Det gjer at folk har stor tillit til partiet og heile styret i Kina. Som i alle land er det sjølvsagt også dei som ikkje er nøgde. Dei får seie frå om dette, men dei får ikkje samle oppslutnad som kan true styret.

KKP har bortimot 100 millionar medlemmer, altså litt under 10 % av folkesetnaden. Det vil seie at det er om lag 12-13 personar på kvart partimedlem. Partimedlemmene utgjer altså ein stor prosentdel av folket og dei fleste har eit nært forhold til folk rundt seg, for dei tar del i dei mange organisasjonane som kinesarane har. Her tar folk opp sine saker og partiet får førsterangs kunnskap om kva folk tenkjer og ønskjer. Dei viktige diskusjonane blir tatt vidare i partiet. Informasjon og påverknad går ikkje berre ein veg her, men både opp og ned i hierarkiet. Inne i partiet fungerer også eit partidemokrati. Forskjellige politiske interesser og retningar er representert og det er avstemmingar i saker og val på personar til posisjonar i partiet ut frå oppslutnaden om deira politikk. Det går an å hevde at systemet er vel så demokratisk som det tydelege rikmannsoligarkiet som dominerer vala i USA.[xi]

Under dei parlamentariske demokratia i har vi fleire parti. Men ser vi nøyare etter så har dei alle, med nokre små unntak, det same grunnlaget. Dei er for og vil ta vare på det kapitalistiske økonomiske systemet vi har. Slik sett er dei ein reell koalisjon der usemjene går på korleis dette systemet skal drivast på best mogleg måte. Derfor kan vi seie at dei er eitt koalisjonsparti. Skifte av regjeringar endrar ikkje politikken på noko grunnleggande vis. Det går altså, slik sett, an å sjå på dei som eitt parti, der forskjellige delar ser litt forskjellig på korleis kapitalismen skal administrerast. I land med eit formelt eittpartisystem finn vi desse forskjellane inne i partiet og dei som vinn fleirtal for sitt syn på partikongressane stig og fram som leiarar.

Samanfatting

Det er rett og slett slik at heile det verdsherreveldet som dei kvite nordatlantiske statane bygga opp etter at Columbus kom til Amerika, som står for fall. Heile det enorme globale utbyttingssystemet til desse statane kan rakne. Det er ein katastrofe for dei store kapitalane som er knytt til dei columbiske maktene og for dei herskande klassane i desse statane. Sidan 2. verdskrigen er  det USA som har vore den leiande columbiske makta og som har brukt NATO og fleire andre «internasjonale» institusjonar og ordningar for å fylke dei til strid for den amerikanske verdsdominansen. Så i dag er det USA som leier kampen for å halde på sitt grep om makta i verda. Det har ført, og fører stadig til forsert opprusting, krigar med og utan stadfortredar, undergravingsverksemd, arbeid for regimeskifte, økonomisk skadelege og drepande sanksjonar og fare for at dei vil løyse ut ein storkrig på det eurasiske kontinent. Noko som sjølvsagt vil skje ut frå løgnar som då dei knuste en irakiske staten og let norske flygarar bombe fram ei øydelegging av Libya som var den mest veldrivne staten i Afrika, med dei fryktelege resultata det har gitt. For ikkje å snakke om Syria og det USA-støtta kuppet i Ukraina, som opna for ein ny vår for nazismen, og der norske aktørar var svært aktive,.

Terje Valen, tysdag 19. januar 2021.


[i] https://americansocietyuk.com/

[ii] https://uk.usembassy.gov/u-s-citizen-services/local-resources-of-u-s-citizens/social-organizations/

[iii] https://theovertake.com/~beta/american-anti-abortion-organisations-are-interfering-with-uk-access-to-abortion/

[iv] https://en.wikipedia.org/wiki/Clive_Hamilton

[v] https://www.abc.net.au/news/2019-05-23/concerns-over-charles-sturt-university-spending-and-credibility/11142020

[vi] https://www.teqsa.gov.au/sites/default/files/teqsa-published-decisions-report-april-june-2019.pdf?v=1567491730

[vii] https://www.teqsa.gov.au/national-register/condition-decision/re-registration-3-april-2019-1

[viii] https://www.aljazeera.com/news/2020/2/14/what-to-expect-from-the-munich-security-conference

[ix] https://en.wikisource.org/wiki/The_Elements_of_the_China_Challenge

[x] https://en.wikisource.org/wiki/The_Elements_of_the_China_Challenge/Executive_Summary#Executive_Summary

[xi] https://en.wikipedia.org/wiki/Ideology_of_the_Chinese_Communist_Party

Nyttårsønske – Fred i verda

Mitt nyttårsønske er fred i verda. Men ønsket er meir presist enn som så. Det er at Norge skal bli eit land som har venlege forhold til alle andre land og særleg til alle nabolanda sine, og at Norge ikkje deltek i andre lands krigar langt utanfor eige territorium og ikkje krigar utan at det sjølv er angripe. Difor ønsker eg meg eit alliansefritt Norge. Eg skal no gi mine grunnar for å meine at eit alliansefritt Norge vil vere det beste alternativet dersom nyttårsønsket skal bli oppfylt.

Verda endrar seg raskt – columbismen er på hell

Vi lever i ei tid der den columbiske epoken tar slutt og der dei columbiske elitane, med USA i spissen, berre kan hindre dette ved ein stor krig på det eurasiske kontinent. Norge må arbeide aktivt for å hindre dette. Den beste måten er å kople seg laus frå krigerske alliansar og å arbeide for å hindre krigar og for å skape gode internasjonale samarbeidsforhold i verda. Vi bør ikkje delta i dei columbiske elitane sin aggressive kamp for å behalde eit verdsherrevelde som er i ferd med å forsvinne.

Det skjer no store geostrategiske endringar i verda. Frå 1492, då Columbus kom til Amerika, erobra overklassane i dei vestlege maktene rundt Nord-Atlanteren verda for seg på særs brutalt vis, og dei har sidan brukt herredømmet til sin fordel. Dei leiande maktene i dette spelet har vore Spania og Portugal, Holland, Frankrike, England i kronologisk rekkefølge, og i dag er USA den leiande makta. Men også USA er med på å halde oppe dei vestlege maktene sin felles dominans i verda. Eg låner eit omgrep frå den verdskjende og svært reaksjonære geografen, Halford Mackinder, og kallar tida etter 1492 for den columbiske epoken. Mackinder er elles kjend for sin såkalla «heartland»-teori som har vore utgangspunkt både for nazistane og mykje av USA sine strategiplanar for utviklinga i verda.

Mellom 1917 og 1991 blei det columbiske herredømmet halde litt i tømme av Sovjet-Unionen. Men då denne staten vart oppløyst utvida den leiande columbiske staten makta si til store nye område og på overflata såg det ut som vi gjekk inn i en nye stor periode for columbismen. Men i det vesentlege vart USA svekka også i tida etter 1991 og det har vist seg med stor kraft dei siste ti åra.

Det columbiske herredømmet blir no utfordra av ei svært hurtig endring i det økonomiske styrkeforholdet i verda. I løpet av berre 30 år har Kina vokse fram som et nytt økonomisk kraftsenter og det veks fortsett mykje fortare enn USA og dei andre columbiske statane. Andre statar i same området har også utvikla økonomien sin mykje. Den columbiske epoken ser ut til å gå mot slutten.

Den columbiske overklassen kjempar desperat for sitt verdsherrevelde

Dette er ei katastrofe for heile den columbiske flokken. Det columbiske utbyttingssystemet, der dei columbiske kjernelanda fører store verdiar ut av dei områda som dei dominerer, står i fare. Derfor er alle vesentlege konfliktar i verda i dag prega av dette. Dei er prega av den gamle columbiske eliten sin desperate kamp for å stanse avviklinga av det lønsame internasjonale systemet deira. Det er dette som ligg bak når dei styrande i USA blinkar ut sine fiendar, anten det no er Libya, Venezuela, Cuba, Iran, Syria, Nord-Korea, Russland eller Kina. Det er derfor alle dei såkalla demokratirørslene inne i dei landa som USA og de andre columbiske statane ikkje har kontroll med blir oppmuntra, finansiert og støtta på alle vis av columbiarane. I røynda har ikkje dette noko med demokrati å gjere, for dei despotisk styrte statane som USA og dei andre columbiarane har kontroll med, får fortsette med sine styresett, sjølv om dei får litt mild kritikk inniblant. Når leiarane i USA seier demokrati og menneskerettar så tyder det USA sin rett til å bryte folkeretten og til å få med seg sine allierte til å gjere kva dei vil i kva land dei ønsker.

Øydelegginga av Libya

Øydelegginga av den veldrivne staten Libya, er eit godt eksempel på denne politikken. Gadaffi styrte den mest velordna staten i Afrika med hard hand for at det ikkje skulle falle saman i kampar mellom regionar og klanar. Han var ei drivkraft for afrikansk einskap og uavhengigheit frå USA og dei andre columbiarane. Han ville mellom anna at dei afrikanske landa skulle slutte å bruke dollaren som reservevaluta. Dette var ein svært alvorleg trussel mot det columbiske systemet, for i dag kvilar det på den amerikanske dollaren. Om dollaren fell som verdas reservevaluta, blir det eit frykteleg slag mot den amerikanske økonomien og heile det columbiske systemet. Det norske flyvåpenet gjorde grovarbeidet for dei columbiske herskarane som brukte dei og jihadistane for å øydelegge Libya, noko som og var avgjerande for opninga av den daudelege flyktningstraumen over Middelhavet som kom etterpå.

Forsøket på regimeendring i Syria

Den andre store flyktningstraumen blei utløyst av USA og dei andre columbiarane sin politikk i Syria. USA og dei andre columbiske statane si destabilisering av Syria og stråmannskrigen mot Assad sitt styre der, er eit anna eksempel på dei columbiske statane sin kamp for å halde opp sitt verdsherrevelde. Og mest alle dei norske «hjelpe»organisasjonane hjelper USA og dei andre columbiske statane sine jihadistiske stråmenn-krigarar og stråkvinne-krigarar med å fortsette krigen mot det lovleg valde styret i Syria, medan dei fortsett dei daudeleg sanksjonane som hindrar Syria å bygga opp at helsevesen og velferdstenester og byar og føretak landet. Vi bør ut av dette aggressive og skadelege systemet.

Regimeendring i Ukraina og Kvite-Russland

Det kuppet som USA regisserte i Ukraina, med god hjelp av norske tenestemenn, er eit anna eksempel. Dette er eit kroneksempel på brot på folkeretten. Og der fekk vi for første gong etter krigen sjå at erklærte nazistar som var ei viktig kraft i kuppet, fekk postar i og like rundt statsstyret. Alle veit også at dersom Krim-halvøya hadde blitt ein del av Ukraina, så ville Russland ha måtte legge ned ein av sine viktigaste marinebasar og USA ville ha komme inn i staden. Derfor tvinga USA, gjennom å sikre sitt kupp i Ukraina, Russland til å sikre seg dette området. Det kan samanliknast med eit opprør i Alaska for å lausrive det frå  USA og slutte seg nærare til Russland, og opne for ein russisk marinebase der. Å klage Russland for å bryte folkeretten og vise seg som aggressiv i høve til dette er å rette bakar for smed, som vi seier.

Det som skjer i Kvite-Russland i dag noko av den same bakgrunnen. Viss Lukasjenko hadde vore ein venn av «Vesten» og ein reiskap for dei columbiske elitane, og det kom eit opprør der som ville kaste han og opprette gode relasjonar med Russland, så ville USA og dei andre columbiarane ikkje ha støtta opprøret, men heller hjelpt han for å slå det ned.

Økonomisk krig og daudelege sanksjonar

Det same gjeld dei svært skadelege sanksjonane som USA driv mot alle land og personar og føretak osb. som dei ikkje har kontroll med. Dei er til dels drepande, som då dei drap ein halv million born i Irak før dei gjekk inn militært på falsk og løgnaktig grunnlag og øydela landet bortimot fullstendig, samt skapte den hæren av jihadistar som har plaga verda sidan. Men sanksjonane fungerer på same vis ovafor Venezuela, Syria, Iran, Russland, Nord-Korea, Cuba og ovafor andre land og personar eller føretak som ikkje gir opp sine nasjonale og lokale interesser for å følgje USA sitt diktat.

USA sine allierte får i oppdrag å kjempe USA sine krigar

For å sikre USA sitt herrevelde og dermed det columbiske system må dei landa som støttar USA i dette, stadig meir gå mot sine eigne interesser som sjølvstendige statar. Dei må utkjempe USA sin krigar langt frå eigne territoria mot land og folk som ikkje er deira fiendar, ja som dei eigentleg hadde vunne mykje på å ha venskapeleg samkvem med. Og dei må delta i det daudelege sanksjonssystemet som skadar økonomi og fredeleg samkvem mellom nasjonar og land.

Mange fordelar ved alliansefridom

For Norge hadde det vore svært gunstig å ha halde USA sin fiendskap mot Russland vekke frå forholdet mellom desse to nabolanda. Russland vil ikkje angripe land i Europa, dei vil ha samhandel og samarbeid, slik Putin gir uttrykk for i sitt nyttårsbrev til Angela Merkel. Når det gjeld utviklinga av norske næringar hadde det og vore svært bra om ikkje USA sitt fiendskap mot Kina fekk øydelegge det økonomiske, vitskaplege, kulturelle og sportslege osv. samarbeidet mellom Norge og dette landet.

I Norge er vi ikkje tent med at det bli lagt press på idrettsprofilar for å velje telefon ut frå USA sine preferansar. Elles er det allment kjent at USA overvaker alt som blir sagt og gjort gjennom telefonar som dei godkjenner, til og med Angela Merkel om det passar seg. Huawei skal ha lagt inn ein sperre som hindrar slikt. Elles er påskotta for å ikkje å bruke Huawei sine produkt på det vanlege planet med rykte og påstandar som ikkje er prova. Aksjonen mot Huawei er ein kamp frå dei columbiske elitane for å hindre at deira verdsherrevelde blir utfordra.

Noko prov for at Huawei-telefonane i Norge har lagt inn overvaking av uigurane eller andre, er ikkje til å ta alvorleg. Kva Kina gjer på sitt eige territorium er opp til den kinesiske regjeringa å bestemme, ikkje USA og andre. Dette er eit sentralt punkt i folkeretten. Viss eit land skal ha rett til å angripe eit anna land fordi dei ikkje likar styresettet der, så er opna vidt opp for aggresjonskrigar som etter folkeretten er forbode. Leiarane i USA følgjer denne krigsskapande politikken. Eg trur ikkje USA vil endre dette før dei blir tvinga til det, men Norge kan trekke seg ut av aggresjonsspiralen ved å bli alliansefritt, slik dei aller fleste land i verda faktisk er. Kina på si side følgjer folkeretten sine reglar endå om dei bruker dei midla dei har til å knytte kontaktar og utvide handel og samkvem med flest mogleg land og der det finnast forhold å kritisere på sakleg vis. Men samanliknar vi dei kritikkverdige forholda her med USA sine daudelege sanksjoner og sine uhemma aggresjonskrigar, så kjem Kina svært godt ut.

Når det gjeld tilhøvet USA-Kina, så har USA peikt ut Kina som sin fiende nummer ein i verda og ruster opp og førebur ein krig mot dette landet, dersom det ser ut som det går forbi USA i økonomiske makt i verda. Kina på si side legg vekt på fredeleg samarbeid, samkvem og samhandel mellom uavhengige statar basert på forhandlingar der begge partar søkjer å komme godt ut av det. Både internt og internasjonalt fremmer Kina ein politikk med fredeleg sameksistens mellom forskjellige kulturar og nasjonar, med respekt for det nasjonale sjølvstendet og ut frå prinsippet om ikkje å blande seg inn i andre statar sin indre saker.

Når visse kretsar i Norge gir ein person som i Kina blir sett på som ein kriminell oppviglar, fredsprisen, så har det ikkje noko med ytringsfridom og demokrati å gjere. Det er rett og slett ei massiv støtte ein person som arbeider for regimeendring i Kina og dermed ei klar innblanding i Kina sine indre forhold. Det ville ha vore som om Norge i si tid hadde gitt fredsprisen til Black Panter leiaren Malcolm X. Elles så vi jo og at straks president Trump hadde stansa pengestraumen til dei amerikanske organisasjonane som støtta dei såkalla demokratirørslene i den kinesiske byen Hong Kong, så blei det slutt på demonstrasjonane der.

Urimeleg svartmaling av land som USA og dei columbiske maktene ikkje kontrollerer

Saka er at dei landa og leiarane som USA ikkje har kontroll med blir svartmala på heilt urimelege måtar, og i dag skjer det ut frå ei USA-columbisk mediemakt gjennom eigarskap og oppkjøp av journalistar frå dei rikaste personane i verda. Alle dei store media er i dag politisk drivne for å halde oppe det columbiske regimet i verda. Og ettersom alle i dei vestlege, nord-atlantiske landa har vakse fram som ein del av den mottakande enden av columbiarane si utbytting av resten av verda, ser vi og kor vanskeleg det er for folka her å ta rett stilling i dei konfliktane og krigane som går føre seg.

Til og med radikale menneske skjønner ikkje at det dreier seg om kamp for å halde opp verdsherreveldet til USA i spissen for heile den columbiske eliten og ikkje om kamp for demokrati og menneskerettar mot despotar og andre i dei landa USA angriper direkte eller ved betalte oppviglarar og leigetroppar.

Når USA og dei andre columbiarane har tynt livskiten av folket i land og området gjennom økonomisk krigføring og folka der lid og vil ha det betre, så set USA inn propagandakverna om diktatoriske leiarar som har skulda, mens dei på den andre sida finansierer grupper om startar opprør for å få til regimeendringar og om naudsynt, rykker inn med eigne styrker, eller får allierte og betalte leigetroppar til å gjere jobben, og gjerne jihadistar om dei kan brukast.

Mitt nyttårsønske er at Norge hoppar av denne aggresjonsspiralen blir eit alliansefritt land med gode forhold til alle sine naboar og alle land som det er mogeleg å ha samkvem med.

Terje Valen, 31. desember 2020.