Rasismen – ei ytring av columbismen

Det går no ei stor solidaritetsrørsle over store deler av kloden etter det filma politidrapet på George Floyd i USA. Det er i forma ei rørsle mot rasisme og uprovosert vald frå det organet som skal ha monopol på statleg vald inne i eit land, nemleg politiet. For å forstå det store engasjementet er det viktig å sjå det i heile den historiske samanhengen det står, i tillegg til at vi må ha i tankane den enorme økonomisk og sosiale krisen som følgjer av den måten coronakrisen har blitt handsama.

Den moderne rasismen heng nøye saman med alt som har skjedd sidan Columbus landa i det som seinare har blitt kalla «Amerika». Det varsla nemleg inn ein ny epoke i verdshistoria der nokre nordatlantiske statar, der folket hadde bleikare hud enn det som var vanleg andre stader på kloden, etter kvart tok makta over heile verda og røva, utnytta og utbytta han til eiga vinning.

Kva er columbisme

I 1904 skreiv den store geografen, Halford MacInder, ein artikkel i The Geographical Journal[i] med tittelen The geographical pivot of history.

Heilt i starten på artikkelen, skriv MacInder følgjande: “When historians in the remote future come to look back on the group of centuries through which we are now passing, and see them foreshortened, as we to-day see the Egyptian dynasties, it may well be that they will describe the last 400 years as the Columbian epoch, and will say that it ended soon after the year 1900.”

Omsett blir det omlag slik: “Når historikarar i fjern fortid kjem til å sjå tilbake på den gruppa av hundreår som vi nå går gjennom, og ser dei i perspektiv, slik vi i dag ser dei egyptiske dynastia, kan det godt hende at dei vil beskrive dei siste 400 åra som den columbiske epoken, og vil seie at den tok slutt kort etter år 1900.”

Eg har adoptert omgrepet den columbiske epoken, men definerer han annleis enn MacInder. Han meiner at denne epoken tar slutt rundt 1900 fordi han tar utgangspunkt i at Columbus var ein oppdagar frå den gamle columbiske verda. I 1900 var heile verda oppdaga og Spania var kasta ut av sine kjernekoloniar, Cuba og Filippinane. Dermed var oppdagingsepoken slutt og herredømet til dei som finansierte og tente på Columbus sine oppdagingar var historie.

Eg ser på Columbus som ein erobrar og folkemordar som innleia den erobringa, det folkemordet og røveriet og den utbyttinga over heile den ikkje-columbiske verda som dei kvite europearane utførte etter Columbus. Dermed kunne dei føre verdiar frå heile verda inn i sitt eige område og det gjorde at dei etter kvart kunne opprett verdsdominansen sin. Det vart fullbyrda rundt 1800, då England steig fram over Kina som den mektigaste og rikaste makta i verda. I dag er USA i spissen for columbismen.

Ut frå mi oppfatninga har dei leiande columbiske statane, i kronologisk rekkefølgje, vore Spania og Portugal, Nederlanda, England, Frankrike, Tyskland, og USA, med dei to første, pluss England og USA som dei viktigaste. Fram til 1917 var også Russland ein del av denne klubben. Elles har heile det vi ofte kallar den «vestlege» verda vore med på den columbiske sida. Det gjeld i høgste grad også Norge.

Mot slutten på den columbiske epoken

Ut frå min definisjon av den columbiske epoken ser vi at han ikkje tok slutt rundt 1900, men at han ser ut til å ta slutt no med framveksten av eit enormt maktsenter i Kina og elles i Asia. Det gjer at verdsdominansen til dei «kvite» nordatlantiske maktene står for fall. Det er ei enorm verdshistorisk endring. Viktige nye opplysningar om dette finn du i Peter Frankopan, The New Silk Roads (2018) , og Parag Khanna, The Future is Asian (2019). Dette gjer at columbiarane sin rasistiske mobilisering blir skjerpa. Vi har no ei stund blitt mobilisert til rasisme mot arabarane fordi columbiarane har stått i dei harde kampar for å fortsette dominansen sin der. Men vi ser at også rasismen mot kinesarane er veksande ettersom USA trappar opp førebuingar til ein krig mot Kina for å hindre at det columbiske systemet blir oppheva.

Den gruelege columbismen – folkemord, røveri, utbytting og utnytting

Det er viktig å avsløre kor brutal den columbiske epoken har vore og kor umenneskeleg og urettferdig dei «kvite» herskarane har behandla dei ikkje-columbiske folka. Då kan vi også skjønne litt meir av mange ytringar av motstand og kamp mot columbiarane som vi og ser no og vil sjå frametter.

Epoken begynte  med at det aller meste av den opphavlege folkesetnaden i «Amerikas» blei utrydda. Det er ein diskusjon om kor mange det var, men eit nokså sikkert tal er at det i 1650 var att om lag 6 millionar av dei. Talet på kor mange dei var i 1492 er ikkje så lett å finne ut av, men anslaga har svinga  mellom nokre titals millionar og opp til over 100. Dei siste undersøkingane av Maya-riket tyder på at talet var høgt. Før hadde ein meint at det hadde budd rundt 1 million menneske i deira område, men i følgje dei siste undersøkingane med ny teknologi har vitskapsfolka rekna ut at der har vore om lag ti gongar så mange. Vi kan i alle høve rekne med at rundt 100 millionar menneske vart utrydda som ei følgje av den «kvite» koloniseringa av dei to delane av det «amerikanske» kontinentet. Same utryddinga skjedde i Australia. I desse områda vart det oppretta settlar-statar som blei ein del av det columbiske systemet.

Så har vi heile systemet med trekanthandelen med slavar frå Afrika til «Amerikas». Dette er relativt godt kjent og eg seier ikkje meir om det, sjølv om det spelar ei hovudrolle i rasismen inne i USA.

Vi må og nemne amerikanarane sitt folkemord på Filippinane og kva som skjedde i Indonesia og elles i Sør-Aust Asia der det gjekk føre seg ei storslagen utplyndring. Eit spesielt kapittel var England si narkotikasmugling til Kina, der misbruket blei så enormt at det trua heile staten sin eksistens. Då folket gjorde opprør mot styresmaktene som tillèt dette sette dei columbiske maktene inn styrkar og hjelpte keisaren med å slå ned opprør, og under Taiping-opprøret reknar vi med at rundt 30 millionar menneske strauk med. Restane av den delvise okkupasjonen av Kina ser vi no i Hong Kong der dei columbiske maktene fyrer opp motseiingar for å sjå om dei kan bruke hendingane for destabilisere heile Kina.

Så har vi kolonikrigane der mange statar reiv seg laus frå kolonistatus, men dei columbiske statane klarte å halde fast på eller å innføre att det økonomiske systemet som likevel førte til at dei kunne fortsette å føre store verdiar ut av dei tidlegare koloniane sine.

Kvar gong statar har prøvd å bryte ut av det columbiske systemet har dei blitt møtt med dei hardaste militære og økonomiske middel. Det galdt tidlegare koloniar og i nyare tid galdt det til dømes Russland og Sovjetunionen og Kina, samt alle andre land som Cuba, Korea, Vietnam, Afghanistan, fleire land i Afrika med Libya som eit nyare eksempel, fleire land i «Latin-Amerika», fleire land i «Midt-Austen» med Syria som eit aktuelt eksempel.

Columbismen – ein føresetnad for kapitalismen

Opninga av verda for columbisk utnytting fall saman med og var eit avgjerande vilkår for den opphavlege akkumulasjonen av kapital[ii] som gjorde det mogleg å utvikle først handelskapitalisme og sidan industrikapitalismen i dei columbiske kjernelanda.

Det columbiske systemet har sikra at store verdiar har blitt ført til dei columbiske kjernelanda frå dei dominerte landa. Det har vore det viktigaste middelet til å flytte klassekonfliktar i kjernelanda ut til dei dominerte landa der folka har blitt halde i age og der opprør osb. har blitt slått ned med hard hand. Det er solide grunnlag under det klassesamarbeidet som har vore mogleg i kjernelanda og dei mindre landa som har vore i deira krets, medrekna Norge.

Columbismen avlar rasisme

Den opphavlege akkumulasjonen av kapital og den vidare utnyttinga og utbyttinga av landa utanfor den columbiske kretsen har medført at menneska i desse landa har blitt handsama på dei mest fryktelege vis. For å klare det med godt samvit har folka som har blitt utsett for denne handsaminga blitt sett på som ikkje-menneske eller som undermenneske av ei columbiske herrefolka. Her ligg utspringet til og kjernen i den moderne rasismen. Han har vore naudsynt for å få til den opphavlege akkumulasjonen av kapital i kjernelanda og den opphavlege og stadige utnyttinga og utbyttinga av satellittlanda, og for å demonisere land, folk, grupper og statar som prøver å komme ut av grepet til kjernelanda.

Den moderne rasismen heng altså nøye saman med framveksten av og den vidare utviklinga av den moderne kapitalismen og imperialismen. Det er ein fem hundre år lang tradisjon  med å sjå på folk med andre fargar enn dei «kvite» europearane som ikkjemenneske, umenneske, undermenneske, skumle, mistenkelege og farlege.

Eg får ikkje ande

Kampen mot denne rasismen er ein føresetnad for at alle i verda kan komme seg ut av det kvelegrepet som dei columbiske kjernelanda med USA i spissen held dei i. Derfor er slagordet «eg får ikkje ande» noko som gjeld alle land og folk og klasser og grupper som blir unytta og utbytta av kjernelanda. I dag gjeld det også USA sine «allierte» vasallar, som Tyskland og Norge. Tyskland går på store  økonomiske tap fordi dei ikkje får handle med Russland, Iran og Kina osb. som dei vil, og Norge blir vikla inn i USA sin mordariske utanrikspolitikk og utsett for å blir atombombemål under ein krig som USA startar.

Det er på sin plass å demonstrere mot at ikkje-kvite personar blir trakassert og drepne av politiet i USA og andre columbiske statar, men for å få slutt på den grusamme columbismen sin verdsdominans må vi også få columbiarane med USA i spissen ut av dei landa dei no reelt sett har som vasallar og samarbeidspartnarar. Og vi må så slutt på all drepinga som følgjer med dei økonomiske og væpna krigane som USA med allierte fører mot dei som ikkje vil slavebindast over alt i verda.

Lat verda få ande

Kampen som blir ført for politisk sjølvstende av Venezuela, Palestina, Syria, Russland, Iran, Nord-Korea og Kina og alle som vil stå utanfor det columbiske utbyttingssystemet, og som blir utsett for drepande sanksjonar og krig for å få dei inn i systemet, er den same kampen som George Floyd kjempa under kneet til ein representant for det columbiske rasistiske systemet.

Om no maktpersonar stør protestane mot det som skjedde med ord og pengar, så er det ut frå at dei vil halde protestane innan det columbiske verdssystemet slik at utbyttinga og utnyttinga av ei heilt ikkje-columbisk verd fortsett under USA-leiinga sin slavepisk. Det er bra å vise solidaritet med Floyd og det er ein del av kampen mot heile det columbiske systemet som er opphavet til og grunnlaget for all moderne rasisme. Og vi må sjå denne kampen i samanheng med heile utgangspunktet for og grunnlaget for det moderne rasistiske systemet, nemleg den columbiske imperialismen sjølv der USA fungerer som verdas rasistiske politi. Først når det columbisk-imperialistiske systemet er oppheva kan vi ha ein sjanse til å få slutt på rasisme i det heile.

Terje Valen, måndag, 8. juni 2020.


[i] The Geographical Journal, 1904, 23, sidene 421–37.

[ii] Marx skreiv godt om dette i Kapitalen, bind 1, kapittel 24, 6. «Oppdagelsen av gull- og sølvforekomstene i Amerika, utryddelsen, slavebindingen av den innfødte befolkningen som ble sendt ned i gruvene, den begynnende erobringen og utplyndringen av Øst-India, forvandlingen av Afrika til et jaktområde for handelsjakt på negre – alt dette var soloppgangen for den kapitalistiske produksjonens epoke.» Sitert frå første bok, del fire, side 223 i Oktobers utgåve av 1984.

Denne delen av Kapitalen, bind 1, bør alle som vil forstå logikken i utviklinga av verda også i dag, lese. Har du ikke boka fins ho i pocketformat til ein rimeleg pris.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.