Den umoralske kapitalismen

Enrique Dussel[i] er relativt ukjent i det radikale  miljøet i Noreg og den anglo-saksiske verda. Dei tre siste Marx-biografane frå denne verda, Jonathan Sperber[ii], Sven-Eric Liedman[iii] og Gareth Stedman Jones[iv], kjenner ikkje til Dussel. Dette til tross for at han er ein levande legende i Latin-Amerika, som ein av grunnleggarane av frigjeringsteologien og ein viktig person i kampen mot imperialismen, og den som har levert verdas mest inngåande analyse av heile tekstmengda som høyrer til Marx Kapitalen[v]. Det vil seie at han, ut frå originaltekstane, har gjennomgått i detalj og analysert alle dei fire utkasta til Kapitalen som Marx skreiv.

Dussel sitt prosjekt

Dussel sitt prosjekt er å finne ut kva Marx eigentleg skreiv og meinte for å sjå om dei grunnleggande resultata av arbeida hans og tenkemåten kan vere til hjelp i frigjeringskampen i Latin-Amerika. Ved lesing av Dussel sine bøker blir vi tatt med på ei fascinerande reise gjennom Marx sitt arbeid med å skape nye kategoriar som gjer det mogleg å forstå korleis kapitalismen fungerer. Han finn at Marx’ verk har svært mykje å gi i arbeidet for menneska si frigjering frå utbytting og undertrykking, og ikkje berre for folk i dei kapitalistiske kjernelanda, men også for perifere kapitalistiske land. Det handlar til dømes om dei mekanismane som gjer at verdiar blir overført frå dei perifere, avhengige landa til dei sentrale leiande landa. Dette er noko som vil bestemme hovudliner for korleis folk i det perifere landa kan organisere seg på best vis for å frigjere seg frå den tilstanden av underutvikla økonomi som dei blir haldne i.

Eit teoretisk poeng

Eg skal her berre sjå på eit par av dei teoretiske punkta han framhevar. Han seier at Marx påviser at det er produksjonen av meirverdi som skil kapitalismen frå andre økonomiske system. For å forstå og forklare dette var Marx nøydd til å studere og utvikle ei rad med nye kategoriar og omgrep, som ikkje fans før. Dette finn vi første bind av Kapitalen, før vi kjem til kapittelet om korleis kapitalen blir skapt ut av varesirkulasjonen.

Då Marx hadde funne ut korleis dei grunnleggande kategoriane i kapitalen fungerte, gav han seg i veg med å utforske korleis desse kategoriane både bestemde og utvikla seg på overflata av systemet, korleis dei viste seg som overflatefenomen, til dømes korleis meirverdien trer fram som profitt. Og målet var å beskrive dette i detalj heilt fram til eit verk om verdshandelen. Marx blei berre ferdig med første del av arbeidet sitt, men det finnast mykje i dei kladdane han skreiv for å fullføre arbeidet, som gjer det mogleg for oss å forske vidare ut frå Marx sine grunnleggande oppdagingar.

Det Dussel legg vekt på, er at det er arbeidaren som utvekslar seg med naturen rundt gjennom produksjonen som skapar alle verdiar og at det gjeld for alle samfunnsformer. Mennesket må utveksle seg med naturen rundt for å kunne leve og produksjonen er den særeigne menneskelege utvekslingsmåten som skil oss frå andre levande vesen.

Det spesielle med kapitalismen er at dei menneska som produserer er heilt skilde frå produksjonsinstrumenta sine og frå livsmidla sine. I tida før den moderne industrikapitalismen kunne oppstå måtte det derfor skapast vilkår for dette. Nokre av vilkåra var utviklinga av vitskapen, andre var utviklinga av verdshandelen og røvinga av rikdom frå alle stader i verda der dei kunne finne slikt. Eit anna naudsynt vilkår var at dei som arbeidde med jorda og med handverk der dei eigde sine eigne arbeidsinstrument, måtte frårøvast desse. Det skjedde gjennom det Marx kalla den opphavlege akkumulasjonen. Gjennom denne blei mange menneske «sett fri» frå sine eigne produksjonsinstrument (jorda og verktøya) og frå livsmidla sine. Dei blei til hordar av fattige som måtte tigge, stele, be om stønad osb. for å halde seg i live.

Arbeidarane er ikkje kapital

Då fabrikkindustrien oppstod kunne desse menneska selje arbeidsevna eller arbeidskrafta si til kapitalens representantar, kapitalistane for visse tidsrom. Poenget til Dussel er at Marx framhevar at arbeidarane ikkje er kapital, dei kjem inn i kapitalen sin heilskaplege sirkulasjon utanfrå. Dei blir heller ikkje kapital i produksjonsprosessen. Det er arbeidskrafta deira som er kapital når han fungerer som verdiskapande og meirverdiskapande. Marx kallar han då for variabel kapital, fordi han har den spesielle evna at han kan skape større verdi enn han har sjølv. Dette er arbeidskrafta sin bruksverdi for kapitalen.

Det som skjer er altså at kapitalisten (som opptrer som kapitalens representant, kapitalens levande ytringsform som er innforliva med kapitalen) kjøpar arbeidskrafta for pengar, dvs. lønna, som representerer ein verdi som må til for at arbeidaren (og arbeidarane som samfunnsklasse) kan kjøpe dei livsmidla han/ho/dei må ha for å leve. Men det produktet som arbeidaren skapar i utvekslinga si med naturen rundt (råvarer t.d.) blir seld til ein pris som representerer ein høgare verdi enn verdien av det arbeidaren får i lønn.

Det første poenget til Dussel altså er at arbeidarane ikkje sjølv er kapital, men noko ytre i høve til kapitalen, som blir innlemma i kapitalen for eit avgrensa tidsrom på ein spesiell måte (ved at dei sel arbeidskrafta si), men ikkje blir fullstendig underlagt kapitalen. Dette gjer det også mogleg for arbeidarane å sjå på kapitalen og kapitalismen utanfrå og det gjer det mogleg for arbeidarane å avsløre det som kapitalismen verkeleg er, nemleg tjuveri av framand arbeidskraft. Det tyder at dei som meiner at arbeidarklassen er heilt integrert i kapitalismen og ikkje kan sleppe ut av grepet hans, fordi det ikkje er mogleg å avsløre dette forholdet, tar feil. Dette gald til dømes den retninga som blei kalla frankfurtarane. Ut frå ei oppfatning om at arbeidarklassen var heilt integrert i kapitalen blei dei svært pessimistiske i høve til om det var mogleg for denne klassen å avsløre og gjere opprør mot denne samfunnsforma. Denne ikkje-marxistiske haldninga har hatt stor innflyting på korleis mange marxistar i den vestlege verda har oppfatta marxismen.

Kapitalismen som brotsverk

Det andre poenget til Dussel er at kapitalismen, med si skaping av meirverdi, er basert på tjuveri. Kapitalismen er altså basert på eit pågåande brotsverk mot alle som jobbar og strevar for å skape det vi alle lever av, og som ei følgje av det er systemet djupt umoralsk, dvs. brottsleg eller kriminelt.

Det tyder også at Dussel meiner at Marx ser på heile den politiske og juridiske og moralske overbygnaden som støttar opp om kapitalismen som kriminell i utgangspunktet, sjølv om han formelt sett trer fram som rettferdig – eit sal av arbeidskraft  er formelt sett eit rettferdig bytte der den som sel får ein verdi (løn) som gjer at livet kan haldast oppe, og den som kjøper får vara arbeidskraft som han kan bruke til å skape verdi og meirverdi.

Valet i USA som eksempel

Eg tenkjer at ein slik oppfatning gjer det mogleg å forklare den fortvilinga og det raseriet som gjer at folk vil kvitte seg med leiinga i USA. Men fordi dei ikkje har avslørt utspringet til den urettvisa dei er utsett for, så støttar dei opp om folk som politisk trer fram i ein form som skapar ein illusjon av at dei vil fjerne, eller i alle fall minske urettferda. I USA var det slik Obama vart vald (Change – endring). No er han avslørt som ein illusjon saman med den han vil ha som sin etterfølgjar (Clinton). Den illusjonen vender folk seg vekk frå, derfor vel dei ein annan illusjon, ein annan form for lovnad om change. Dei vil nok hauste sine bitre røynsler og med Trump ved det politiske roret. Å tru at ein storkapitalist av hans type skal kunne leie ei rørsle som kan fjerne meirverdisystemet er i USA, er vel å håpe litt mykje! Men skal vi følgje Dussel  sitt resonnement så kan arbeidarklassen (saman  med andre som lid under kapitalismen sin umoral) gjennom sine eigne røynsler oppdage at han må opphevast og ikkje berre ha nye frontfigurar som let som dei vil endre ting, men som korkje vil eller kan det. Det kan ta si tid, men det er heilt mogleg.

Vilkår for å få slutt på elendet

Før arbeidarklassen og mange andre ser den grunnleggande urettferda som heile resten av det urettferdige systemet kvilar på, og ser at vilkåret for grunnleggjande endring er å fjerne systemet der produksjon av bruksverdiar byggjer på kjøp og sal av arbeidskraft, delvis tingliggjering av menneska og den brotslege utvinninga av  meirverdi, så vil vi nok måtte gå gjennom store ulukker og mykje tårer, for å sitere fritt frå ein norsk songar. Men det kan og gjere det mogleg med song og lått når tida er inne.

Innsikta til Dussel gjer det og mogleg å skape breie alliansar for å oppheve kapitalismen, eller pengestyret om du vil. Ein viktig alliansepartnar kan vere dei religiøse som vil sette kampen mot mammon, for frigjering av individ og samfunn, høgare enn å administrere den pågåande kapitalistiske kriminaliteten. Dette er Dussel sine tankar om frigjeringsteologi som eg kan seie meir om ein annan gong.

Terje Valen, 11. november 2016.

[i] Sjå https://en.wikipedia.org/wiki/Enrique_Dussel og https://es.wikipedia.org/wiki/Enrique_Dussel og Dussels heimeside http://enriquedussel.com/index.html

[ii] For ei vurdering av hans verk sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Sperber%20om%20Marx.htm

[iii] Sjå https://sv.wikipedia.org/wiki/Sven-Eric_Liedman

[iv] Sjå https://en.wikipedia.org/wiki/Gareth_Stedman_Jones

[v] Dussel har skrive tre bøker som omhandlar dette. Den første er La Producción teóretica de Marx. Un comentario a los Grundrisse, (Marx’ teoretiske produksjon. Ein kommentar til Grundrisse.) 1985, omsett til fransk La production théorique de Marx. Un commentaire des Grundrisse, 2009. Den andre er Hacia un Marx desconocido. Un commentario de los manuscritos del 61-63, (Mot ein ukjend Marx. Ein kommentar til manuskripta frå 1961-63.) 1988. Den er omsett til engelsk Towards an Unknown Marx. A commentary on the Manuscripts of 1861-63, 2001. Den siste boka er El ultimo Marx y la liberación latinoamericana. Un commentario a la tercera y la cuarta redacción de « El Capital », (Den siste Marx og frigjeringa av Latin-Amerika. Ein kommentar til det tredje og fjerde utkastet til « Kapitalen ».) 1990. Den siste er ikkje omsett.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *