Kommentar til innlegg i Klassekampen tysdag 26. april 2016

 

I avisa er det denne dagen fleire kommentarartiklar med det eg ser på som politisk sett gode standpunkt. Då tenker eg på gode standpunkt i samanheng med at dei peikar på endringar som vi kan gjøre for å få betre vilkår for breie lag av folkesetnaden i landet. Eg kan nemne leiaren ”Svekket forsvar” av Bjørgulv Braanen, ”Nord og ned” av Bente Aasjord, ”Nasjonen er ingen dårlig idé! Av Lars Trägardh, ”Helseskadelig helsehjelp” av Gro Lillebø og ”Kun en lærebokside foran” av Cato Sandberg og Kristian Vestli.

Men det eg vil gripe fatt i er eit par andre artiklar som og er interessante. Det dreier seg om Braanen sin ”Menneskenaturen” og ei melding av Yann Arthus-Bertrand sin film ”Human” med overskrifta ”Essensen av mennesket”.

Braanen argumenterer mot genetiske endringar av menneska for å gi dei høgare intelligenskvotient og Guri Kulås meldar filmen der Arthus-Bertrand etter eige utsegn sette ut for å lage ”ein film som skulle visa korleis over sju milliardar menneske grunnleggjande er eitt, i den forstand at vi alle er avhengige av den same jorda, av kvarandre og at deler dei essensielle kjenslene og draumane for livet”. Han fekk finansiering av kosmetikkgiganten Bettencourt-familien gjennom ei stifting. Filmskaparen og staben hans intervjua folk over heile verda om tema som krig, kjærleik, familie, fattigdom, og alle fekk sei same spørsmåla. Og  no skal Arthus-Bertrand lage ein liknande film bare om kvinner, for, som han seier ”Framtida er uviss. Det er lite blå himmel i horisonten, ”framsteg” er ikkje bra for oss, og vi må endra forbrukarsivilisasjonen. Då treng vi kvinnene til å leie oss”.

Eg tar utgangspunkt i ”menneskenaturen” og ”essensen av menneska” og stiller spørsmålet om kva som er menneskets vesen etter som essens er eit filosofisk framandord som på norsk vil bli vesen.

Dette spørsmålet har sjølvsagt våre mykje diskutert og det har mellom anna medført at den franske filosofen Lucien Sève har egna eit bind av sitt firebindsverk med hovedtittel ” Å tenke med Marx i dag” til det. Tittelen på bindet er ”L’homme?” eller ”Mennesket?” og det er på 587 sider. Det seier litt om kor viktig Sève meiner dette er.

Sève fortel på dei første sidene i boka om korleis han utvikla synet sitt på spørsmålet: Kva er mennesket? frå 1920-talet og frametter. Og når han tar til å lese Marx sine tekstar systematisk finn han ut at denne står for ein antropologisk revolusjon, dvs. han fremmar eit nytt syn på kva mennesket, og med det, kva menneskets vesen, er.

For å gi oss ein inngang til kva dette nye synet er viser han til eit kjend brev som Marx skreiv til vennen Annenkov 28. desember 1846, der Sève meiner at han summerer opp heile Den tyske ideologien. Frå dette vidgjetne brevet siterer Sève følgjande:

”Vi treng ikkje å føye til at menneska ikkje fritt vel produktivkreftene sine – grunnlaget for heile historia si; for kvar produktivkraft er ei arva kraft,  produktet av tidligare verksemd. Produktivkreftene er også resultatet av den energien som menneska nyttar, men denne energien sjølv er avgrensa av omstenda som menneska finn at dei er sett innafor, gjennom dei produktivkreftene som dei allereie har overtatt, gjennom den samfunnsforma som er der før dei, som dei ikkje skapar, som er produktet til  generasjonen før dei. (…) Takka vere det enkle faktum at kvar ny generasjon finn dei produktivkreftene dei har arva frå den gamle generasjonen, at desse tener for dei som råmateriale for ny produksjon, oppstår ein samanheng i menneska si historie, oppstår menneskeslekta si historie som stadig meir blir menneskeslekta si historie jo meir menneska sin produktivkrefter veks og som ein følgje av dette jo meir deira samfunnsmessige forhold veks. Det nødvendige resultatet: Menneska si samfunnshistorie er ikkje noe anna enn historia til deira individuelle utvikling, om dei er medveten om dette eller ikkje. Dei materielle forholda deira er grunnlaget for alle forholda deira. Desse materielle forholda er ikkje noe anna enn dei nødvendige formane som den materielle og individuelle verksemda deira verkeliggjør seg i.” (Omsett til nynorsk av TV etter den tyske originalteksten samanlikna med Sève si omsetting til fransk, omsettinga til engelsk i Marx Engels Selected Correspondence, Progress Publishers – Moskva 1953, tredje reviderte utgåve 1975 og den svenske Brev – Karl Marx Friedrich Engels, Gidlunds förlag, 1972.)[i]

Sève påpeikar, som rett er, at dette er heilt motsett det biletet som er skapt av Marx som ein som tenker i overindividuelle kategoriar, som klasse,  nasjon osb. Men i røynda legg Marx, i heile produksjonen sin, vekt på individet og det individuelle. Sève trekk fram sitat frå 3. bind av Kapitalen, frå eit upublisert kapittel i forarbeida til bind ein, frå Det kommunistiske manifest, som viser det same. Mest kjend er sjølvsagt dette frå Manifestet: ”I staden for det gamle borgarlige samfunnet med sine klassar og klassemotsetnader kjem ein samanslutning der den frie utviklinga av kvar enkelt er føresetnaden for alle si frie utvikling.”[ii]

Det som eg vil understreke her er at Marx er ein viktig tenkar når det gjeld omstenda rundt og utviklinga til individet. Marx sitt prosjekt er å lette overgangen til eit samfunnssystem der det er mulig for kvart individ å utvikle behova og evnene sine best mulig. Marx seier at menneskeslekta, arten menneske har den eigenskapen at han er universelt skapande. Det vil seie at menneska kan utveksle seg med heile naturen rundt seg på ein slik måte at menneska både innrettar seg betre etter lovmessigheitene i naturen rundt seg  og omformar denne naturen meir slik at dei stadig kan utnytte han på måtar som er betre for menneska sjølv.

Då kan vi ta eit steg til for å avdekke kva som er menneska sitt vesen. Før Marx hadde filosofane og folk flest sett på menneska sitt vesen anten som  noe som var sett inn i menneska utanfrå av ein gud eller ein idé eller fans inne i mennesket som indre eigenskapar som er varige , ja gjerne uforanderlige. Dette er synet til mange også i dag. ”Det er ikkje mulig å forandre menneskenaturen” kan vi seie.

Marx har eit heilt anna syn og han samanfattar dette i den sjette feuerbachtesen som lyder slik: Das menschliche Wesen ist kein dem einzelnen Individuum inwohnendes Abstraktum. In seiner Wirklichkeit ist es das ensemble der gesellschaflichen Verhältnisse. Omsett blir det: Det menneskelige vesen er ikkje noe abstrakt som bur inne i det enkelte individ. I verkelegheita si er det dei samla samfunnsmessige forholda. Det som står er altså at menneska sitt vesen er dei samla samfunnsmessige forholda, altså alle dei forholda om mennesket lever under i samfunnet.

Dette er ein revolusjon i synet på mennesket. Det set det vesentlige ved mennesket utanfor mennesket sin eigen kropp. Dette er grundig omhandla i Den tyske ideologien som du kan lese i norsk omsetting her: http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/tyskid.pdf

Allereie i dei økonomisk-filosofiske manuskripta antyda Marx dette då han skreiv om at menneska har to kroppar, ein organisk og ein ikkjeorganisk. Med det meinte han ein innanfor sitt eige skinn og ein utanfor. Og han sa at kroppen innanfor skinnet lever av og i kroppen utanfor skinnet. Det er heile det ytre livsmiljøet som kroppen innanfor skinnet utvekslar seg med for å kunne leve. Og måten mennesket må leve på er derfor bestemt av dei muligheitene for utveksling som finnast utanfor eige skinn. Dette gjeld alle levande vesen.

Det særeigne med mennesket er at det heile tida omdannar sitt eige livsmiljø og dermed vilkåra for utveksling med dette livsmiljøet. Og det set rammene for all den endringa som kan skje med menneska og som menneska i sin tur kan få til med omgjevnadene sine. Og samstundes er det grunnlaget for all annan verksemd som menneska kan  ha.

Dette gir mellom anna eit heilt nytt syn også på psykologien. Du må forlate det synet at menneska sine psykiske problem kan løysast grunnleggande utan å ta omsyn til alle dei forholda dei har til heile verda rundt seg, til den type produksjon som fins og systemet for fordeling av det som blir produsert.

Den gjengse psykologien prøvar å hjelpe mennesket til å takle problema frå omverda gjennom individuell eller gruppemessig tilpassing til det eksisterande samfunnssystemet. Men det er ikkje lett å bli kvitt mobbing når heile systemet er grunnlagd på utbytting av arbeidarane og på at dei økonomiske forskjellane mellom arbeidsfolk og kapitalistar blir større og når dei største kapitalane til og  med tar til med å rane verdiar frå dei mindre. Og når den politiske leiinga legg til rette for at dette skal skje i stadig større grad.

Det var en liten kommentar til  noen artiklar i Klassekampen 26. april 2016.

 

 

[i] Heile den tyske teksten, med avsnittet før det utvalde, går slik:

Was ist die Gesellschaft, welches immer auch ihre Form sei? Das Produkt des wechselseitigen Handelns der Menschen. Steht es den Menschen frei, diese oder jene Gesellschaftsform zu wählen? Keineswegs. Setzen Sie einen bestimmten Entwicklungsstand der Produktivkräfte der Menschen voraus, und Sie erhalten eine bestimmte Form des Verkehrs [commerce] und der Konsumtion. Setzen Sie bestimmte Stufen der Entwicklung der Produktion, des Verkehrs und der Konsumtion voraus, und Sie erhalten eine entsprechende soziale Ordnung, eine entsprechende Organisation der Familie, der Stände oder der Klassen, mit einem Wort, eine entsprechende Gesellschaft [société civile]. Setzen Sie eine solche Gesellschaft voraus, und Sie erhalten eine entsprechende politische Ordnung [état politique], die nur de r offizielle Ausdruck der Gesellschaft ist. Das wird Herr Proudhon nie verstehen, denn er glaubt, etwas Großes zu tun, wenn er vom Staat [état] an die Gesellschaft, d.h. von dem offiziellen Resümee der Gesellschaft an die offizielle Gesellschaft appelliert.

Man braucht nicht hinzuzufügen, daß die Menschen ihre P r od u k t i v k r ä f t e – die Basis ihrer ganzen Geschichte nicht frei wählen; denn jede Produktivkraft ist eine erworbene Kraft, das Produkt früherer Tätigkeit. Die Produktivkräfte sind also das Resultat der angewandten Energie der Menschen, doch diese Energie selbst ist begrenzt durch die Umstände, in welche die Menschen sich versetzt finden, durch die bereits erworbenen Produktivkräfte, durch die Gesellschaftsform, die vor ihnen da ist, die sie nicht schaffen, die das Produkt der vorhergehenden Generation ist. Dank der einfachen Tatsache, daß jede neue Generation die von der alten Generation erworbenen Produktivkräfte vorfindet, die ihr als Rohmaterial für neue Produktion dienen, entsteht ein Zusammenhang in der Geschichte der Menschen, entsteht die Geschichte der Menschheit, die um so mehr Geschichte der Menschheit ist, je mehr die Produktivkräfte der Menschen und infolgedessen ihre gesellschaftlichen Beziehungen wachsen. Die notwendige Folge: Die soziale Geschichte der Menschen ist stets nur die Geschichte ihrer individuellen

<549>

Entwicklung, ob sie sich dessen bewußt sind oder nicht. Ihre materiellen Verhältnisse sind die Basis aller ihrer Verhältnisse.

Diese materiellen Verhältnisse sind nichts anderes als die notwendigen Formen, m denen ihre materielle und individuelle Tätigkeit sich realisiert.

 

[ii] An die Stelle der alten bürgerlichen Gesellschaft mit ihren Klassen und Klassengegensätzen tritt eine Assoziation, worin die freie Entwicklung eines jeden die freie Entwicklung aller ist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *