Samandrag av «Kapitalen» – dei tre binda – med nokre kommentarar

«Kapitalen» er i tre bind. Det første bindet tek for seg kapitalen sin produksjonsprosess. Andre bind handlar om kapitalen sin sirkulasjonsprosess og tredje bind er egna utviklinga av kapitalen som heilskap og slik han trer fram på overflata, for kvardagsmedvetet. «Teoriar om meirverdien» kan vi gjerne sjå på som eit fjerda bind som omhandlar den historiske utviklinga av den økonomiske teorien. Eg går ikkje inn på det her, men det inneheld mellom anna viktig stoff for å forstå husarbeidet sin rolle og for å kunne gjere skikkelege klasseanalysar som tek omsyn til den ikkje-produktive delen av arbeidarklassen.

«Kapitalen» – første bindet
«Kapitalen» sitt første bind er delt inn i sju avdelingar. Den første delen er den vanskeligaste å trenge inn i. Grunnen er at den mengda førsetnader som vi no har gjennomgått, på ein måte ligg innebakt i denne delen. Elles er ikkje «Kapitalen» ei tung bok å lese. Marx skreiv også boka for arbeidsfolk.

1. avd. Vare og pengar. Her tek Marx utgangspunkt i den forma som heile den menneskelege skaparkrafta står fram i under kapitalismen, nemleg vareforma. Vareforma er den allmenne forma for det framandgjorte produktet av den menneskelige utvekslinga med naturen.

Gjennom ein analyse av vareforma utviklar Marx verdi-omgrepet sitt. Den konkrete omforminga av naturen skapar ting med ulike kvalitetar som vi kan bruke på ulike måtar, det skapar ulike bruksverdiar. Men den felles menneskelige skaparkrafta, som blir individualisert i produksjonen under kapitalismen si arbeidsdeling, tek form av verdi. For at folk skal kunne nytte den felles skaparkrafta si må dei bytte til seg andre individ si skaparkraft i form av varer. Når varene blir bytta mot kvarandre, skjer det ut frå verdien som altså trer fram som bytteverdi. Bruksverdiane blir produsert i form av verdi. Dvs. at dei for å bli brukt, må ta på seg ei form som er skild frå bruksverdiforma. Alle motseiingar i kapitalismen ligg i eller spring ut av dette forholdet.
Dersom vi ikkje ser Marx sitt verk i samanheng, er det her fort mogeleg å oversjå at denne verdiskapinga skjer på grunnlag av ei utveksling med heile resten av naturen.
Gjennom ei analyse av vareforma som bruksverdi og verdi eller bytteverdi, går Marx vidare til å studere pengane som den allmenne verdiforma og avdekkar dei mangfaldige funksjonane pengane har.

Etter dette kjem eit svært interessant underkapittel 4 på 15 sider om «Varens fetisjkarakter og dens hemmelighet». I dette kapitlet knyttar Marx trådane direkte tilbake til dei såkalla «ungdomsverkene» sine. Marx forklårer her mellom anna kvifor eit perspektiv som tek utgangspunkt i «det praktiske kvardagslivet» alltid må ta feil under kapitalismen. Og han forklårer vilkåra for at kvardagsmedvetet direkte kan forstå verda. Dette er først og fremst materielle vilkår. Eg skal gi eit sitat frå dette kapitlet.

«Disse gamle samfunnsmessige produksjonsorganismene (dvs. dei gamalasiatiske, antikke osv. produksjonsmåtane) er overordentlig mye enklere og gjennomsiktigere enn den borgerlige, men de beror enten på umodenheten til det individuelle menneske, som ennå ikke har løsrevet seg frå sin naturlege artssammenheng, eller på umiddelbare makt- og trelldomsforhold. De er betinget av at utviklingsnivået på arbeidets produktivkrefter er lavt og at de forholdene menneskene produserer sitt materielle liv under, dvs. menneskenes forhold til hverandre og til (resten av) naturen, er tilsvarende snevre. Denne sneverheten gjenspeiler seg ideelt i de gamle natur- og folkereligionene. Det religiøse gjenskinnet av den virkelige verden kan i det hele tatt bare forsvinne når forholdene i det praktiske hverdagslivet framstår for menneskene som dagligdagse, gjennomsiktige og fornuftige forhold, både mellom menneskene sjøl og i forhold til (resten av) naturen.

Skikkelsen til den samfunnsmessige livsprosessen, dvs. den materielle produksjonsprosessen, kan først kaste av seg sitt mystiske tåkeslør når den som et produkt av mennesker, som fritt har sluttet seg sammen, står under deres bevisste planmessige kontroll. For at det skal skje er det imidlertid nødvendig med et materielt grunnlag for samfunnet, dvs. det er nødvendig med en rekke materielle eksistensbetingelser som sjøl bare er det naturgitte produktet av en lang og smertefull utviklingshistorie.» (Kapitalen, bok 1, bind 1, s 95-96. Oktober 1983.)

Merknad om kvifor kommunistparti er nødvendige

Slik eg forstår Marx, så meiner han at alle samfunn der det er tvungen arbeidsdeling vil skape uvanlege, ugjennomsiktige og ufornuftige forhold i samfunnet. Dette vil særleg gjelde gjelde under kapitalismen. Men også før kapitalismen og under kommunismen sin første fase. Slik eg tenkjer, er dette mellom anna hovudgrunnen til at det trengs eit kommunistisk parti i heile denne tida. Eit slik parti har berre livets rett om det kan finne ut dei skjulte drivkreftene og heilskapen i utviklingsprosessen som på overflata og ut frå kvardagslivsperspektivet, trer fram som kaos eller falsk einskap. Det er berre mykje studiar og tenking på grunnlag av mykje praksis og mykje felles kamp og diskusjonar med alle typar folk som kan sette partiet istand til det. Derfor er det berre personar som i stor grad forstår den individuelle framandgjeringa, som altså har overskride kvardagslivsperspektivet, som kan vere med i eit slikt parti.

Dette er heilt nødvendig samstundes som det skaper problem fordi medlemmene i eit slikt parti nett ut frå dei eigenskapane dei må ha, også skiljer seg ut frå det store fleirtalet i arbeidarklassen og folket. Desse vanskane kan vi berre løyse dersom partiet heile tida, i alle fasar av arbeidarklassen sin kamp, veit å kjempe vidare for opphevinga av all framandgjering og dersom dei materielle vilkåra tillet dei å gjøre det.

Vidare frå «Kapitalen

2. avd. Pengane si omvandling til kapital. I denne delen viser han mellom anna at arbeidskrafta sin verdi er lik verdien av det arbeidarane bruker for å leve og skape nye generasjonar av arbeidarar. Han viser også at arbeidaren seljer arbeidskrafta si til ein lågare verdi enn den verdien han/ho skapar i produksjonen. På denne måten skapar arbeidarklassen meirverdien i den kapitalistiske produksjonen.

3. avd. Produksjon av den absolutte meirverdien. Her viser Marx korleis vi kan auke meirverdien ved å forlenge arbeidsdagen. Han forklårer omgrepa konstant kapital (tinga som kapitalen inneheld) og variabel kapital (arbeidskrafta som kapitalen inneheld), går inn på utviklinga av arbeidsdagen og definerer meirverdiraten (utbyttingsgraden) og forholdet mellom denne raten og meirverdimengda. Meirverdiraten er meirverdien delt på verdien av den variable kapitalen (lønnene).

4. avd. Produksjonen av den relative meirverdien. Her viser Marx korleis meirverdiraten blir aukt ved hjelp av den tvungne utviklinga av menneska sine produktive krefter som kjenneteiknar kapitalismen . Det gjer at den nødvendige arbeidstida (den tida det tar å skape verdiar som tilsvarar verdien av arbeidskrafta) blir kortare og kortare. Denne utviklinga byrjar med den kapitalistiske kooperasjonen og endar opp med maskineri og storindustri.

5. avd. Produksjon av absolutt og relativ meirverdi. Her går Marx inn på kva skilnadane mellom desse to typane meirverdi fører til. Det er skapinga av den relative meirverdien for å auke profitten som fører til den enorme utviklinga av produktivkreftene under kapitalismen.

6. avd. Arbeidslønna. Marx går nøye inn på utviklinga av arbeidslønna og dei forskjellige typene lønn her, til dømes akkordlønn og time- eller daglønn. Han seier at akkordlønna passar best med kapitalismen. Han tar også opp dei engelske kapitalistane sin beinharde kamp mot lønnsauke og lågare arbeidstid.

7. avd. Kapitalen sin akkumulasjonsprosess. Her viser Marx korleis meirverdien blir forvandla til kapital. Han formulerer den kapitalistiske akkumulasjonen sin allmenne lov og skriv og ein del om den opprinnelege akkumulasjonen som førte til at kapitalismen kunne utvikle seg ut av føydalismen.
Den kapitalistiske akkumulasjonen sin allmenne lov formulerer han slik:
«Den industrielle reservearmeen (dei arbeidslause) eller den relative overfolkninga voks med samfunnet sin rikdom, med storleiken på og tilvoksten til den fungerande kapitalen, altså med proletariatet sin absolutte storleik og med veksten av produktivkrafta til proletariatet sitt arbete. Den disponible arbeidskrafta utviklar seg av samme orsaker som kapitalen si utvidingskraft. Jo fortare rikdommen utviklar seg, desto fortare voks og den industrielle reservearmeen sin relative storleik. Men jo større reservearmeen er i forhold til den aktive arbeidararmeen, desto meir talrik er også den overfolkninga der elendet står i omvendt forhold til arbeidsbyrda. Jo meir talrikt dette Lazarusskiktet av arbeidarklassen og industrien sin reservearme er, desto større er også den offisielle fattigdommen som er erkjend av styresmaktene. Dette er den kapitalistiske akkumulasjonen sin allmenne lov. (Kapitalen, bind 1, kap. 23,4. Omsett til nynorsk av forfattaren.)

Når vi ser dette skjønner vi og kvifor det er så om å gjere for borgarskapet å avskrekke arbeidarklassen og andre frå å studere Marx og kommunismen. Marx hevdar her at kapitalismen fører til eit stadig større skilje mellom fattige og rike, mellom arbeidarer og borgarskap. Men han hevdar og at det dannar seg ulike skikt i arbeidarklassen, med dei arbeidslause på botn.

«Kapitalen! – andre bindet
Andre bindet av «Kapitalen» omhandlar kapitalen sin sirkulasjonsprosess. Det er delt i tre avdelingar.

1. avd. tek opp «Kapitalen sine formendringar og krinsløpa deira.» Det byrjar med pengekapitalen sitt krinsløp (pengar – varer ..produksjon .. meir varer og meir pengar) og tek så opp krinsløpet til den produktive kapitalen (produksjon .. sirkulasjon .. produksjon) og varekapitalen (sirkulasjon .. produksjon av meir varer).
Problem oppstår når noko hindrar sirkulasjonen på eit eller anna vis. Då kjem kapitalakkumulasjonen (oppsamlinga) i fare.

Produksjonstid pluss krinsløpstid er lik totaltida for heile omløpet til kapitalen. Fordi vi reknar profittraten pr. år, blir det viktig for kapitalane å få ned dei ulike elementa i omløpstida. Derfor er drivet for å få vekk all «daudtid» i produksjon, transport, lagring osv. svært viktig.
Sirkulasjonen dreg med seg kostnader som dei reine sirkulasjonskostnadene (f.eks. løn til dei som sel varene og til bokføring) og utgifter til pengeproduksjon (pengar som sirkulasjonsmiddel). Dessutan dreg han med seg lagrings- og transportkostander. Dette er også kostnader som det er viktig å minske.

2. avd. handlar om kapitalen sitt omslag. Heile krinsløpet til kapitalen omfattar den tida det tek frå den augeblinken då kapitalverdien blir satsa i ei bestemd form, til han vender tilbake til samme form. Kapitalen sitt krinsløp sett som ein prosess som stadig tar seg opp att kallar vi kapitalen sitt omslag. Omslagstida til kapitalen er lik den tida det tek frå det tidspunktet då den samla kapitalen opnar eit krinsløp til det tidspunktet då han kan opne eit nytt krinsløp. For å auke profittraten rekna på året er det, som nevnt, viktig for dei enkelte kapitalane å minske omslagstida.

I denne avdelinga definerer også Marx fast og rørleg kapital som noko anna enn konstant og variabel kapital. Fast kapital er det som står fast i produksjonsprosessen, medan rørleg kapital er det som rører eller flyttar seg, dvs. går inn i produksjonsprosessen i den eine enden, blir omdanna og går ut i den andre enden. Maskiner er fast kapital, medan råvarer og hjelpestoffer er rørleg kapital.

Konstant kapital er derimot den delen av kapitalen som ikkje skaper ny verdi under produksjonsprosessen (den verdidelen av kapitalen som er maskiner og råvarer og hjelpestoff), medan variabel kapital (den verdidelen av kapitalen som representerer arbeidskraft) skapar ny verdi.
I kapitlet om den forskotterte kapitalen sitt totalomslag kjem Marx inn på årsakene til att dei periodiske krisane kjem med faste mellomrom. Marx kom til at fornyingstakta til den faste kapitalen var nykkelen til denne gåta. På den tida då han levde rekna han med at omslagstida til denne kapitalen var omlag ti år. Med krisane fekk dei då sanert vekk mykje utslitt og umoderne maskineri og kunne ta setje igang ei ny investeringsbølgje.

Eg trur det er viktig å merke seg at Marx her ikkje snakkar om årsakene til kvifor krisene oppstår, men om årsakene til at dei kjem med ein slik regelmessige frekvens. Forklaringa på dette siste finn han i kapitalen sin sirkulasjon. Mens sjølve årsakene til at krisene i det heile oppstår ligg i kapitalen sin produksjon og dei motsetnadene som spring meir direkte ut av den.

Idag ser det ut til at krisene kjem omlag kvart fjerde/femte år, med ein mindre djup krise innimellom og så ein djupare krise kvart niande år. Vi hadde dei djupare krisene i 1973, 1982 og 1991-92, men det er ikkje sikkert at krisa i 1991-92 er djup nok til å starte opp att akkumulasjonsprosessen med særleg kraft. Utvidinga av den kapitalistiske marknaden som følgje av oppløysinga av dei statlege avstengningane av Sovjet og satelittar og mange andre land, kan gi kapitalismen nye og utvida vekstvilkår for ei stund.

Marx bruker og nokre kapittel til å avdekke Adam Smith og David Ricardo sine feile oppfatningar av fast og rørleg kapital. Kjernen i feila deira er at dei ikkje skiljer mellom desse omgrepa og omgrepa konstant og variabel kapital. Elles er det i «Teoriar om meirverdien» han analyserer skriftene til dei ymse økonomane. Desse bøkene kjem eg ikkje til å gi noka samandrag av her. Men eg kjem inn på nokre viktige delar av dei når eg tar opp spørsmålet om kvinneundertrykkinga.

3. avd. Etter å ha gått inn på omslaget og sirkulasjonen til ulike delar av kapitalen, tek så Marx i tredje avdelinga opp den samfunnsmessige totalkapitalen sin reproduksjon og sirkulasjon.

I denne avdelingen har Marx eit interessant lite avsnitt som har ein del å seie for vurderinga av den seinare utviklinga i Sovjet og Kina. Det er i kapittel 18. Her skriv Marx slik:
På grunnlag av den samfunnsmessige produksjonen må vi avgjere i kva omfatning slike arbeid kan settast igang som i lengre tid forbruker produksjonsmiddel og arbeidskraft utan å levere nokre nødvendige artiklar. For vi må ikkje risikere at dei produksjonsgreinane blir lidande som ikkje berre forbruker arbeidskraft og produksjonsmiddel, men også samstundes produserer eksistensmiddel og produksjonsmiddel.

Anten produksjonen er samfunnsmessig eller kapitalistisk, kjem arbeidarane i foretaksgreiner med kortare arbeidsperiode berre i kortare tid til å konsumere produkt utan å gi nokre i bytte, medan bransjar med lange arbeidsperiodar heile tida forbruker produkt i lang tid utan at levere noka erstatning. Dette avheng av dei objektive vilkåra til den arbeidsprosessen det gjeld og ikkje av den samfunnsmessige forma hans. Ved samfunnsmessig produksjon fell pengekapitalen vekk, medan samfunnet fordeler arbeidskraft og produksjonsmiddel på dei respektive greinene i verksemda. Vi kan tenke oss at produsentane tek imot papirsetlar som gir dei krav på ein del av det samfunnsmessige forrådet av forbruksmiddel i proporsjon til arbeidsmengda dei har utført. Men slike papirsetlar er ikkje pengar. Dei sirkulerer ikkje.

Desse orda går rett inn i mange av dei viktige diskusjonane om utviklinga av kommunismen i Sovjet, Kina og andre stader. Det er her f.eks. spørsmål om ikkje å kvele forbruksvareindustrien. Og det er spørsmål om å utvikle metodar for å finne eit samsvar mellom tilbod og etterspørsel på viktige produkt utan å ha ein marknad.
Etter mi meining går det i retning av å erstatte marknaden med høgt utvikla utveksling av informasjon. Dei moderne kapitalistiske foretaka legg også meir og meir vekt på å ha full oversikt over alle behov, prosessar og alt forbruk både av fast og rørleg kapital innan sine eigne produksjonseiningar. Dei bruker mange middel og metodar for å klare dette, frå avansert data-og kommunikasjonsteknologi til den direkte personlege kontakten med leverandørane og forbrukarane for å skreddarsy produksjonen og leveransane av råvarene og produkta både når det gjeld tidspunkt for levering, kvalitet og kvantitet. Dette er former som peiker rett over i kommunismen.

Etter å ha sett på feila til fysiokratane, Smith, Ricardo og andre økonomar går Marx laus på hovudspørsmålet: På kva måte kan vi erstatte verdien av den kapitalen som blir forbrukt i produksjonen av det årlege produktet? Og kva samband råder det mellom denne fornyinga av kapital og kapitalistane sitt forbruk av meirverdi og arbeidarane sitt forbruk av arbeidslønn?

Det er her Marx deler den samfunnsmessige produksjonen opp i to avdelingar: ei avdeling for produksjon av produksjonsmiddel (avd.I) og ei avdeling for produksjon av forbruksvarer (avd. II).
Eit av svara på spørsmålet gir Marx til sist i kapittel 20,4. Der skriv han at det ved enkel reproduksjon er slik at kapitalistane i avd.I berre får utlegga sine til arbeidslønn tilbake når arbeidarane deira har kjøpt forbruksvarer av kapitalistane i avd.II og når kapitalistane i denne avdelinga har brukt dei pengane dei då tener til å kjøpe nye produksjonsmiddel frå kapitalistane i avd.I.

Han går og inn på kva luksusproduksjonen fører med seg for heile produksjonsprosessen og kor mykje pengesirkulasjonen tyder for vareomsettinga.

Eit interessant kapittel (20,10) handlar om kapital og reveny og om variabel kapital og arbeidslønn. Desse skilla mellom innkomster som brukast samfunnsmessig for å skape meir kapital og innkomster som brukast til kjøp av private forbruksmiddel eller tenester, eller eiga utføring av slike tenester, (reveny) er viktig i forhold til debatten om heimearbeid. I den grad vi betalar ei verksemd av reveny eller lønnsinntekt, eller inntekta blir nytta til å arbeide med varer som er kjøpt for slike middel, inngår ho i den ikkje-produktive forbruksprosessen. Ho foregår som del av forbruket av varen. Ho inngår då altså ikkje direkte i nokon del av den kapitalistiske meirverdiproduksjonen, korkje innen produksjon eller omsetting. Under kapitalismen er berre den arbeidar produktiv som direkte produserer meirverdi for kapitalen. (Marx tek dette spørsmålet opp til inngåande handsaming i «Teoriar om meirverdet», bind 1, kapittel 4 (150 sider) og i eit vedlegg på omlag 20 sider.)

Kommentar om forbruksarbeid, uproduktive arbeidarar, offentlig sektor, arbeidsløyse og avisa «Klassekampen».

Eg vil komme med ein kort kommentar om desse forholda her. Også det arbeidet som er knytt til det ikkje-produktive, private forbruket av varen (i heimen eller familien) er vilkårsbunde av det meirverdiproduserande (produktive) arbeidet. Under kapitalismen tenderer dette private forbruksarbeidet til å ta stadig kortare tid sjølv om det aldri kan forsvinne heilt.

På Marx si tid var det meste av det ikkje-produktive arbeidet privat. Fram mot vår tid har former for ikkje-produktivt samfunnsmessig arbeid pressa seg fram istaden for det private (barnehagar, sosial sektor, sjukehus osv.) Men desse formene fungerer på premissa som blir lagt i den samfunnsmessig produktive verksemda slik kapitalen definerer ho. Omsorgsarbeid som ikkje samstundes er forbruk av varer, eller direkte innretta på å halde oppe verdien på varen arbeidskraft, er eigentlig heilt artsframandt for kapitalen. Slikt arbeid som går med til omsorg for den ikkje-produktive delen av folkesetnaden er eit overflødig moment som folk kan kjempe seg til, men som vi i prinsippet må gjøre på tvers av kapitalen. I tider med låg profittrate kjem dette faktum fram med øydeleggjande kraft.

På 70- og 80-talet, då kapitalen sine representantar trudde at dei var inne i ein mellombels nedgangsperiode, brukte dei ein del av den samfunnsmessige overskottsproduksjonen til å opprette ei mengd arbeidsplasser innan ikkje-produktivt samfunnsmessig arbeid i staden for å få auka arbeidsløyse. Dette førte med seg at mange kvinnelige proletarar og småborgarar kom ut av den private familie-sfæra og inn i samfunnsmessige arbeid. Ein del av grunnlaget for kvinneundertrykkinga vart oppheva på den særskilde framandgjorte måten slik det alltid vil hende innan kapitalismen.
Her finn vi det materielle grunnlaget for den nye kvinnerørsla. Dette skapte stort massegrunnlag for slike krav som 50/50% deling av husarbeid f.eks.
No tvingar utviklinga i det produktive samfunnsmessige arbeidet borgarskapet til å minske denne delen av arbeidet og anten gjøre det produktivt (meirverdiskapande) ved privatisering, eller ved å presse det tilbake til ubetalt privat arbeid. Saman med dette utviklar kapitalen eit heilt batteri med ideologiske overbygnader som skal tene den nye «trenden». Heile den enorme sentreringa på alt som har med private forhold å gjøre, spring ut av dei siste behova til kapitalen. Dei førebur svære slag for å skvise kvinnene ut at frå det samfunnsmessige uproduktive arbeidet og tilbake til meir privat uproduktivt arbeid. Trenden knyt seg, på vanlig snedig borgarlig vis til klåre kvardagsbehov, som spring ut av den nye meir problematiske situasjonen som folk flest er oppe i. Og han tener sjølvsagt til å avvleie kampen frå det sentrale målet som vi må rette han mot dersom vi skal kunne ha noko framgang.

Dersom vi ser på ei avis som «Klassekampen» som vi ventar skal kunne avsløre og gå på tvers av desse ideologiske kampanjane til borgarskapet, så ser vi at avisa langt på veg har falle for kampanjen. I eit heilt år har avisa på kronikkplass nekta å reise debatten om utviklinga av arbeidsløysa og dei store spørsmåla i tida som reiser seg ut frå det. Andre spørsmål har vore mykje meir interessante.
Det er ein klår samanhang mellom denne tendensen i avisa og motviljen mot å drive kampanjar og motviljen mot kommunisme.

Kanskje det også er typisk at nett når eg leverer dette manuskriptet til trykking (21.oktober -92) så blir arbeidsløyseproblemet teke opp på kronikkplass («Nygaardsvold løste krisen» av Bjørn Nistad, sentralstyremedlem i Norges Unge Venstre). Dei gamle sosialdemokratiske reformløysingane på problema i «den norske økonomien» blir lansert endå ein gong. Og det blir dei sjølv om alle, når dei får tenkje seg om, veit at det ikkje var Nygaardsvold, men 2.verdskrigen som løyste problema i økonomien. Det verste er jo at noko liknande kan hende igjen dersom den sosialdemokratiske reformismen endå ein gong får splitte arbeidarklassen i kampen for kommunismen slik han klarte det i mellomkrigstida.
Den reformistiske innrettinga i avisa denne dagen blir forsterka av eit oppslag under nyhende («Investering og sysselsetting», av Jan Mønnesland), der han diskuterer korleis vi må prioritere «kapital med sterkest mulig hjemhørighet» no vår vi nærmar oss EF.
No må vi håpe at det kan blir ein diskusjon på kronikkplass i Klassekampen om dette spørsmålet som går over lang tid og som er grundig. På ein måte er det jo positivt at problemet i det heile når fram til kronikkplass.

Vidare frå «Kapitalen

Det er i kapittel 4 i denne boka av «Kapitalen» at Marx seier at «Forutan det produktive arbeidet sitt eller utbyttinga av det produktive arbeidet har kvar ei mengd funksjonar å ta seg av som ikkje er produktive og som til dels går inn i forbrukskostnadene. (Dei eigentleg produktive arbeidarane må sjølv bere desse kostnadene og sjølv utføre det uproduktive arbeidet sitt.)»

Kapitalen er interessert i å presse den variable kapitalen, altså lønna, mest mogeleg ned for å auke meirverdiraten. Alle forhold som kan verke til at arbeidarane klarar seg med mindre lønn blir pressa fram. Mest mogeleg gratis heimearbeid i alle former er eit resultat av dette presset. Akkurat som opphevinga av toll på billege utanlandske tekstilar og jordbruksvarer. I den grad kvinnene er utstøytte frå samfunnsmessig arbeid og held seg i heimen, er det på dette grunnlaget naturleg at det aller meste av heimearbeidet fell på dei.

Når kvinnene blir dradd inn i samfunnsmessig arbeid i større grad, slik det har skjedd dei siste 20 åra, blir denne «naturlege» arbeidsdelinga til eit problem. Det går ikkje an å halde fram å gjere like mye heimearbeid som dei heimeverande kvinnene gjorde på 50-talet og å gå ut i samfunnsmessig arbeid på lik linje med mannen. Det øydelegg kvinnene. Og skal det delast likt med mannen, så blir det rettferdig på eit smalt og urettferdig grunnlag, og slit like fullt ut begge to, endå om det tek litt lengre tid.
Slik legg kapitalen sitt press for å få kvinnene ut i samfunnsmessig arbeid grunnlag for vidare innskrenking av heimearbeidet, vidare oppløysing av den avlegse familiforma vi no har, og det legg grunnlaget for å opprette ei form der motsetninga mellom den private og den offentlege fellesskapen er oppheva.

Dei siste tidsstudia frå 1990 ser ut til å vise at det, sjølv om mykje står att, har vore ei stor utjevning mellom kvinner og menn når det gjeld tida dei bruker til heimearbeid. Dette er nok mest eit resultat av at kvinnene er blitt trekt ut av heimen både med og mot eigen lyst og inn i samfunnsmessig arbeid og at dei har blitt tvinga til å slutte med å gjere endå ein del saker heime. Dette er berre eit nytt trinn i utviklinga vekk frå den lokale sjølvforsyningsfamilien som enno pregar den forma som familien eksisterer i.

I siste delen av dette bindet (kapittel 21) tek Marx opp problema med akkumulasjon og utvida reproduksjon. Der kjem mange av dei grunnleggande problema i den kapitalistiske sirkulasjonen fram for alvor. Hovudproblemet sett ut frå sirkulasjonsperspektivet er at det oppstår svært mange sjansar for stans i sirkulasjonsprosessen som kan utløyse krisar i heile systemet. Dette heng til ein viss grad saman med trongen til å trekke pengar ut av sirkulasjon for ei stund for å samle dei opp til det er nok til nye investeringar (særleg aktuelt for avd.I, produsentar av produksjonsmiddel). Men denne oppsamlinga kan føre til at andre kapitalistar (i avd.II, produsentar av forbruksvarer), ikkje får seld varene sine, og dermed blir det overproduksjon og krise hos dei som kan slå tilbake på dei andre og.

Det er likevel viktig å peike på at sirkulasjonen sjølv ikkje inneheld dei grunnleggande forholda som på sikt fører til at ein ny produksjonsmåte voks fram av kapitalismen. Den teoritradisjonen som tek utgangspunkt i bind 2 i «Kapitalen» kjem derfor fort på viddene. Meir om det seinare.

«Kapitalen» – tredje bandet

Tredje bindet av «Kapitalen» handlar om den kapitalistiske produksjonen sin totalprosess og er delt inn i to delar og fem avdelingar. Heilt framme i dette bandet seier Marx noko viktig om korleis heile verket om «Kapitalen» vart organisert. Framstillingsprosessen er omvendt av studieprosessen.

Studieprosessen går frå alle dei ytre tilfeldige bestemmingane av kapitalen som alle kan sjå i dagleglivet sitt og inn til dei indre samanhengane og utviklingstendensane som vi berre kan forstå gjennom abstrakt, teoretisk tenking.

I framstillinga går Marx nett ut frå ein abstrakt, teoretisk analyse av den innerste kjernen i kapitalen, dvs. varen og vareproduksjonen. Så går han vidare frå dette grunnlaget og stadig vidare opp igjen mot dei formene som alle kan sjå på overflata av kapitalismen som fenomen. Det er i dette tredje bindet at han dukkar heilt opp att på overflata og viser oss korleis dei indre samanhengane i kapitalen trer fram i ei forvanska, fordreid og ukjenneleg form i det daglege livet vårt.

Begge desse metodane er nyttig idag og. Vi bør ikkje låse oss til ein av dei, eller legge einsidig vekt på ein av dei.

1. avd. handlar om forvandlinga av meirverdien til profitt og meirverdiraten til profittrate. For kapitalisten trer meirverdien fram som eit overskott på alt han har investert både i maskiner, råvarer, hjelpestoffar (dvs. konstant kapital) og arbeidskraft (dvs. variabel kapital), altså som eit overskott som heile kapitalen har skapt, ikkje berre den variable delen, dvs. arbeidskrafta.
Slik blir kjelda til verdiskapinga, meirverdien, løynd i omgrepet profitt.

Det som er investert for å produsere varen kallar Marx for kostnadsprisen. Profitten er overskottet over kostnadsprisen. Profittraten er meirverdien delt på kostnadsprisen, rekna i prosent. Dette skjuler korleis meirverdien blir skapt og dermed skjuler det utbyttinga.

2. avd. handlar om forvandlinga av profitten til gjennomsnittsprofitt. Innan ulike greiner av kapitalen vil det danne seg ulike profittrater fordi dei har ulike forhold mellom delane konstant og variabel kapital og meirverdien. Innan område der det ikkje er uoverstigelege hindringar vil det likevel, ut frå konkurransen i marknaden, danne seg ein gjennomsnittsprofittrate for dei ymse kapitalane uansett korleis forholdet mellom konstant og variabel kapital og meirverdien er. Det den enkelte kapitalen får i profitt er kostnadsprisen sin pluss eit tillegg som samsvarer med den gjennomsnittlege profittraten, ikkje den eigne profittraten. Kostnadsprisen pluss tillegget ut frå den gjennomsnittlege profittraten kallar Marx for produksjonsprisen.

Vi ser no at varene sin verdi som første og andre bok av «Kapitalen» handlar om, er kamuflert som kostnadspris og produksjonspris og at dei verkelege indre samanhengane i kapitalen sin akkumulasjonsprosess blir vanskelegere og vanskelegere å forstå jo meir vi kjem opp til overflatefenomena.

Med utgangspunkt i korleis produksjonsprisen blir danna, er det lettare å forstå korleis dei kapitalane som er teknisk mest avanserte kan realisere meir profitt enn dei andre, sjølv om det er det levande arbeidet som skapar meirverdien og ikkje maskinene. Fortenesta til kvar kapital blir bestemt av forskjellen mellom kostnadsprisen og produksjonsprisen for kvar kapital. Fordi produksjonsprisen er felles for alle kapitalane, får dei kapitalane størst forteneste som har lågaste kostnadspris, og det er dei med dei meste moderne anlegga. For kvardagsmedvetet ser det då ut som det er maskinene som spelar størst rolle i profittskapinga ikkje arbeidarane.
I avdelinga tek og Marx opp korleis voksande etterspurnad og utbud verkar inn på korleis marknadsprisane vik av frå marknadsverdien til varene. Dette legg endå eit kamuflerande lag over dei indre samanhengane og prosessane i systemet. Dei borgarlege økonomane byggjer forklaringane sine mykje på illusjonane som oppstår her.
Under kapitalismen er det slik med alle samfunnsfenomen. Derfor krev det ei spesiell teoretisk verksemd å forstå og handle rett under kapitalismen. Dette er den teoretiske grunnen for den type parti som vi treng under kapitalismen for å stå i spissen for kampen for kommunismen. Under den sosiale kommunismen vil dette vere heilt endra, fordi overflateformene i samfunnet ikkje vil skjule så store motsetningar i det indre grunnlaget. Her er vi altså tilbake til tankane i dei «økonomisk-filosofiske manuskripta» igjen.

I denne avdelinga seier Marx også at dei ymse delane av den samfunnsmessige kapitalen kvar for seg vil tendere i retning av å utvikle seg slik at deira eigen profittrate nærmar seg den gjennomsnittlege profittraten. Kapital vil flyte over frå der den eigne profittraten er låg til der han er høgare dersom det ikkje er heilt avgjerande hindringar for dette.

Kommentar om imperialisme

Men kapitalistane flyttar ikkje kapital ut frå ei forståing for dei indre lovene i kapitalismen. Dei flyttar kapital ut frå kor skilnaden mellom kostnadsprisen og produksjonsprisen er størst. Dei er ute etter å skape seg ein ekstra gevinst utover gjennomsnittsprofitten. Dette kan dei få ved å bruke arbeidskraft som arbeider lengre og for lågare lønn, eller ved å ta i bruk den siste tekniske og organisatoriske utviklinga, eller ved å ta i bruk begge metodar. Når Daimler Benz lurer på å flytte produksjonen av Merzedes til Mexico, så er det uttrykk for noko slik pluss at den forventa direkte tilgangen til marknaden både i Mexico og i USA er svært viktig.

Dessutan er det slik at overskott av profittmengd heile tida driv kapitalen til nye produksjonspunkt der det kan vere mogeleg å finne ein marknad. Ut frå dette vil dei og flytte kapital til andre land enn dei høgt utvikla kapitalistiske. Utviklinga i mange delar av verda idag viser dette. Den såkalla «dereguleringa» står på dagsetelen over alt. Særleg gode eksempel er kanskje Argentina, Mexico og Venezuela, men også fleire land i Asia, til dømes Kina, Iran og India.
Krava til dei rike landa i Gattforhandlingane er eksempel på korleis dei rike landa vil rive ned og i praksis riv ned fleire og fleire hindringar mot både å selje til og investere i dei fattige landa. Eit av dei viktigaste krava er å få opna dei sektorane som vanlegvis er statlege for kapitalinvesteringar frå utlandet. Det gjeld offentlege kommunikasjonar av alle slag, helsestell, universitet, skular osv.

Dei konkrete krava går ut på at dei store internasjonale konserna med basar i dei rike landa skal kunne konkurrere med dei nasjonale foretaka om oppdrag både i desse sektorane og i alle andre. I krava ligg og straffereaksjonar som skal fungere slik at viss eit land diskriminerer til fordel for eigne foretak, så skal alle foretak som har kontakt med dette landet kunna gå til boikott eller andre straffereaksjonar.

Denne såkalle dereguleringa fører no til ei gallopperande utvikling av kapitalismen i mange fattige land, omlag på samme måten som vi såg det frå 1870 til 1920 i Norge. Overfolkninga og fattigdommen auker drastisk med den aukte rikdommen som dette fører til. Men det finst ikkje noko USA som dei kan utvandre til. Dette kan føre til store opprør som kan vanskeleggjere overføringa av verdiar frå desse landa til imperialistlanda og dermed destabilisere heile det kapitalistiske eller imperialistiske systemet.

Marx sine undersøkningar av kapitalismen utover på 1800-talet førte til at han avdekke dei prosessane som måtte føre til moderne monopolkapitalisme, statsmonopolkapitalisme og imperialisme. Denne forma for imperialisme utvikla seg først etter at Marx var daud.
Slik eg ser det var det Lenin som i boka «Imperialismen – kapitalismens høyeste stadium» vidareutvikla Marx (og Engels) sine slutningar i tida rundt 1.verdskrigen. Denne boka er idag svært viktig for å forstå utviklinga i forholdet mellom USA, Japan og Tyskland og utviklinga av EF.
Eg vurderer det slik at det er det tyske finansoligarkiet (sjå Lenin) som i eigen interesse no omskaper delar av Europa til ein felles marknad og ein politisk union. Det tyske finansoligarkiet har hatt det som mål i heile dette århundret. Dei har gjort to store framstøytar tidlegare for å klare det og no er dei igang med den tredje framstøyten sin.
Dei andre kapitalane underlegg seg herredømmet til den tyske kapitalen og samarbeider med denne kapitalen for å disiplinere sine eigne politikarar som har vanskeleg med å skjere hardt nok ned på folk sin velferd fordi dei må skaffe seg stemmer i val for å halde fram med å bli representert i parlamenta. Og dei underlegg seg og samarbeidar med den tyske kapitalen for å kunne nyte godt av den samla makta til fiansoligarkiet i alle desse landa for å ta rotta på arbeidarane og folket sin kampar i kvart enkeltland. Begge desse grunnane er nødvendige vilkår for at finansoligarkiet i dei enkelte landa skal få vere med i kampen om verdsmarknaden slik at dei ikkje blir valsa ned av Japan og slik at dei kan konkurrerer med Japan om gå inn i område der USA har vore dominerande ettersom USA svekkast vidare.

Oppløysinga av Sovjet og Sovjet-blokka og overgangen frå degenerert kommunisme til kapitalisme der, har gjort det mogeleg å skape grunnlag for ei kraftige kjerne (det samla Tyskland) og eit Stortyskland (dvs. EF-unionen) og i tillegg eit austleg «rom» som kan levere billeg arbeidskraft og billege råvarer, altså eit kolonirike like utanfor Tyskland si dør. Det var denne situasjonen kommunismen i Sovjet hindra gjennom 70 år på godt og vondt. Dette er også hovudgrunnen til den imperialistiske jubelen då Sovjet med satelittstatar fell saman. Til denne fasen høyrer kampar for å hindre at delar av det gamle Sovjet utviklar seg mot interessene til det tyske finansoligarkiet. Her har heile den gamle imperialismen til dels felles interesser og.

Neste scene i dette dramaet kan vere den rasande kampen om dei arabiske oljeområda. Det tyske finansoligarkiet vil då bruke dei samla historiske erfaringane til den svært gamle og svært erfarne europeiske imperialismen til å gjere Middelhavet til eit europeisk mittelmeer og med dette utgangspunktet vil kampen om oljerikdommen rase. Dette gjer rasisme retta mot arabarane til nødvendig europeisk politikk. Men først må kanskje USA sitt gamle støttepunkt i området, Israel, tuktast. Til det fordrast og ei oppblomstring av rasisme retta mot jødane. Kanskje kan dei klare å pusse arabarane på jødane enno ein gong, svekke dei begge, underminere USA si rolle og legge eit solid grunnlag for å ta sjansen på eit endeleg slag om området.

Dersom USA blir vippa ut av oljeområda vil dollaren falle som verdsvaluta og ECU og Yen vil bli dominerande. Dermed er USA sitt verdshegemoni heilt brote og krisa vil ramme USA med enorm kraft. Dette kan ikkje USA tole, så her ligg eit av mange opplegg for verdskrig. Andre opplegg spring ut av motseiinga til Japan. Alle desse prosessane som no er igang i og rundt EF-unionen vil føre til utvikling av svære motsetningar også innan unionen sjølv. I desse forholda ligg grunnlaga for utviklingsretninga til EF-unionen. Det er denne storpolitiske utviklinga vi seier ja eller nei til å delta aktivt i som folk når vi seier ja eller nei til EØS og EF. I kjernen er det eit ja eller nei til å vere aktivt med på den politikken som vi kjempa mot i 2.verdskrigen.

Merknad om imperialismeteoriar.

Eg meiner at dei teoretikarane som har følgt opp Rosa Luxemburg sine imperialismeteoriar i hovedsak tek feil. Dette gjeld f.eks. Baran og Sweezy i boka «Monopoly Capital» frå første del av 1960-talet og Samir Amin i boka «Accumulation on a World Scale» frå samme tiåret. Desse er del i ein heil teoritradisjon der vi finn navn som Rudolf Hilferding, Henryk Grossmann, Nikolai Bukharin, Otto Bauer, Fritz Sternberger, Leon Sartre, Oliver Cox, Arrigi Emmanuel og Andre Gunder Frank.

Rundt 1970 gjekk det ein diskusjon om desse spørsmåla der Charles Bettelheim og Ernest Mandel («Late Capitalism», Verso 1978, tysk utgåve 1972) kom med mange vektige argument endå om eg ikkje kan seie at eg er heilt samde med dei heller.

Seinare har mellom andre Nigel Harris («Of Bread and Guns. The World Economy in Crisis», Pelican 1983 pluss ei seinare bok), og Francis Green og Bob Sutcliffe («The Profit System. The Economics of Capitalism», Pelican 1987) ved framlegging av empirisk materiale vist at teorien om polarisering mellom «industriland» og «utviklingsland» er for generell til å ha allmenn gyldigheit. Særlig viktig her er utviklinga i Asia som no går heilt på tvers av ein allmenn «dependencia»-filosofi.

Før vi gjer Samir Amin til noko spesielt er det viktig å gå opp denne diskusjonen. Den såkalla «dependencia-skulen», som Amin slutta seg til, oppstod blant borgarlige økonomar i Latin-Amerika alt på 1920-talet og vart adoptert av FN sin økonomiske kommisjon for dette området (ECLA) på 50-talet. Ein viktig person i spreiinga av teorien var den argentiske økonomen Raúl Prebisch. Han og dei andre ECLA-økonomane meinte at landa i Latin-Amerika måtte verne sin eigen økonomi ved hjelp av tollar og avgifter. På den måten kunne dei avskjerme seg frå konkurransen frå dei mektige imperialistlanda og klare å bygge opp ein konkurransekraftig indre industri.

Vi ser at dette minnar mykje om dei forslaga som nokre innan Raud Valallianse har komme med, når det gjeld ei nasjonal reindustrialisering av Norge. Det er også det forslaget venstre-sosialdemokratar og venstre-folk kjem med no. Det er også denne tankegangen som ligg bak ideen om «sosialisme i eit land», sjølv om dei som først prøvde dette blei tvinga til det av den imperialistiske boikotten. Idag ser vi resultata av dependencia-teoriane. Det fører til despoti, stagnasjon og samanbrott. Idag er dette ei daufødt løysing på problema.

Det var først opp gjennom 1980-talet at det vart relativt lett å sjå dette. Då slo dei grunnleggande forholda i kapitalismen så tydeleg gjennom igjen at det vart vanskelegare å halde fast på teoriar som la svært stor vekt på vilkår som midlertidig hindrar utjevninga mellom profittratane i ulike foretak og statar og som midlertidig gjorde det mogeleg å halde levevilkåra for det store fleirtalet i nokre av dei rike imperialistlanda stabilt svært gode. Dette er ein spesiell «ny» grunn til å gå tilbake til Marx nett no.

Lars Magnusson gav i 1985 ut boka «Imperialism» på Tidens Förlag i Sverige. Ny utgåve kom i 1991. Denne boka gir ei kort og oversiktlig framstilling av utviklinga av imperialismeteoriane frå Hobson og frametter. Det blir ikkje rom for å gå nøyare inn på dette her, men her er noko som er avgjørande viktig å studere i tida som kjem.

Meir frå «Kapitalen», band 3

3. avd. omhandlar den vidgjetne loven om profittraten sin fallande tendens som mange har motbevist, men som stadig lar seg observere reint empirisk.
Loven er svært enkel. Han seier at den aukte produktiviteten av arbeidet som kapitalismen driver mot stadig auker det «daud arbeidet» i forhold til det levande. Den konstante kapitalen (maskinar, råstoff og hjelpestoff) har heile tida ei tendens til å vokse meir både i masse og verdi enn den variable (arbeidskrafta). Den organiske samansetninga av kapitalen auker. Slik tek det kortare og kortare tid å skape dei bruksverdiane som kan seljast, den samla fritida for heile folkesetnaden blir større og større ettersom samfunnet sin rikdom voks. Den framandgjorte forma for denne fritida, som under andre vilkår vil vere grunnlaget for den allsidige menneskelege utviklinga, trer under kapitalismen fram som overflødig folkesetnad, arbeidsløyse, fattigdom, elende og daud for store folkegrupper. Dette fører stadig til revolusjonære oppreister mange stader i verda. Loven verkar for heile verdskapitalen og ikkje berre for kapitalane innan kvar stat.

Mange motverkande årsaker fører til at profittraten fell mykje saktare enn ein skulle tru.

Desse årsakene er 1) auke i utbyttingsgraden av arbeidet, altså auke i meirverdiraten. Men fordi dei viktigaste hevstanga for å auke meirverdiraten er å satse meir på maskineri osv, og dette i første omgang fører til at verdien av den konstante kapitalen går ned og profittraten opp så fører dette i neste omgang til at det blir bruk for mindre arbeidskraft i forhold til maskineri og råvarer og profittraten tenderer nedover.

Men det er og 2) nedpressing av arbeidslønna under verdien sin, altså ned til sveltelønn. For å klare dette trengs arbeidsløyse. Fordi aukande arbeidsløyse er grunndraget i utviklinga av kapitalismen, vil dette vere ein av dei viktigaste grunnene til at profittraten held seg oppe. Men samstundes utjevnar det forholdet mellom arbeidarar over heile jorda slik at det materielle grunnlaget for einskap voks. Dette skjer for augene våre no.

Og det er 3) å gjere dei ulike delane av den konstante kapitalen billegare. Dette skjer også etter kvart i hovudsak som resultat av meir bruk av konstant kapital og vil i neste omgang verke til å senke profittraten igjen. Men i den grad ein kan lage overproduksjon av viktige råstoffer, så vil marknadsprisen kunne blir pressa ned under marknadsverdien, slik at dei som står i neste trinn av produksjonsprosessen kan ta ut større fortenester. Dette var eit viktig moment då USA bestemte seg for å invadere Saudi-Arabia og angripe Irak.

For det 4. så fører arbeidsløysa til at arbeidskrafta blir så billeg at ny teknologi ikkje blir teke i bruk så fort. Det gjer at profittraten held seg meir oppe.

For det femte kan utanrikshandelen føre til at varene vi bruker i eit land sin eigen produksjon blir billegare enn vi kan skaffe dei innan landet sjølv. Dessutan fører denne handelen til at nye foretak med lågare profittrate som opprettast med kapital frå meir industrialiserte land kjem inn i verdsmarknaden og då verkar det til at den samla profittraten i moderlandet og resten av verdsmarknaden blir høgare.

For det 6. opererer Marx med ein type store kapitalar som berre fungerer som renteberande, dei avkastar berre dividendar etter frådrag av alle utlegg. Disse foretaka har ein mykje mindre profittrate enn gjennomsnittsprofittraten og må haldast utanfor dersom vi er ute etter den reelle profittraten som kapitalistane vanlegvis har å halde seg til.

Eit viktig forhold som Marx ikkje tek opp direkte til handsaming er den motverkinga mot profittraten sin utjamning og fallande tendens som kapitalistiske monopol kan føre til. Slike monopol var då heller ikkje tilstades i særleg grad så lenge Marx levde. Seinare teoretikararar har gripe fatt i dette og hevda at monopolkapital fører til at sjølve grunnlaget for Marx sine teoriar er feile. Den første som gjekk opp denne linja med stor kraft var den store reformisten Eduard Bernstein i boka «Sosialismens forutsetninger». Men det samme sa Baran og Sweezy i «Monopoly Capital, Samir Amin og dei som går i fotspora deira. Derfor fører teoriar som byggar på desse ideane til brot med Lenin sine idear i «Imperialismen» og til brot med Marx sin «marxisme». Dette er hovudgrunnen til at reformistar er så ivrige etter å bryte med «marxismen-leninismen». Dei humanistiske argumenta er i kjernen sin berre ei rettferdiggjering av desse brota, endå om mange meiner inderleg alvor med dei.

I eit utruleg innhaldsrikt og interessant kapittel 15 tek Marx opp utviklinga av dei indre motseiingane i loven om profittraten sin fallande tendens. Her forklårar han kapitalen sin konsentrasjon og sentralisering, den stadig hardare konkurransen, arbeidsløysa, dei periodiske krisene og kvifor systemet til slutt må bryte saman, pluss ei mengd andre saker. Dei vel 20 sidene i dette kapitlet er nødvendig lesing for alle som vil kalle seg marxistar og for alle som vil forstå og forandre verda.

4. avd. omhandlar varehandel og varehandelskapital. Kva er handelsprofitt og korleis står dei som jobbar i handel i forhold til dei som jobbar i produksjonen?

5. avd. omhandlar for det meste rente og fortaksforteneste. Særleg etter den kredittfinansieringa som har vore på 1980-talet er det interessant å sjå på korleis Marx i kapittel 27 analyserer kreditten sin rolle i den kapitalistiske produksjonen. Ein viktig konklusjon er slik:
«Dette viser at utbytting av kapitalen, på grunnlag av den motseiingfylte naturen til den kapitalistiske produksjonsmåten, berre til eit viss punkt tillet verkeleg fri utvikling, altså at kapitalutbyttinga er ei innebygd grense og hindring som kredittsystemet heile tida bryter. Derfor skyv kredittsystema på den materielle utviklinga av produktivkreftene og utviklinga av ein verdsmarknad. Det er ei historisk oppgåve for den kapitalistiske produksjonsmåten å bygge dei materielle grunnlaga for den nye produksjonsforma fram til eit visst nivå. Samstundes skyndar kreditten på dei veldige utbrota av denne motseiinga, krisene, og dermed skynder kreditten også på dei elementa som løyser opp den gamle produksjonsmåten.»

Eit kapittel om bankkapitalen sine delar er også blitt aktuelt att gjennom bankkrisane. Bankane sin kreditt til jappeforetaka og andre som har gått konkurs betalar vi no alle over skattesetelen.

Marx tek også opp skilnaden mellom pengekapital og verkeleg kapital og rolla til omløpsmidla under kredittsystemet. Han omhandlar og fiktiv kapital.

6. avd. er ei stor avdeling som omhandlar omgrepa jordrente og differensialrente. Kort sagt dreier det som om korleis profitten på direkte produktutvinning av jorda/naturen blir danna. Det handlar altså om jordbruk innrekna vatn og det som finst i vatn, om gruver og no oljeutvinning. Utgangspunktet er jordeigedomsmonopolet og utnyttinga av dette monopolet på grunnlag av den kapitalistiske produksjonen. Dette gjer at f.eks. også dei dårlegaste jordstykka, gruvene og oljefelta under kapitalistisk drift må realisere gjennomsnittsprofitten på produkta sine dersom dei ikkje skal gå ut av produksjon. Derfor blir profitt utover dette rekna ut frå skilnaden mellom gjennomsnittsprofitten og den høgare profitten. Den høgare profitten grunnar seg på betre naturkvalitet på jorda osv. og på betre maskinar og arbeid med jorda. Dersom produksjonen på dei beste jordstykka kan dekke det kjøpekraftige behovet, så fell dei dårlegare jordstykka ut av produksjonen og gjennomsnittsprofitten fell då på dei beste jordstykka og blir blir utgangspunkt for å rekne den nye ekstraprofitten. Men denne avdelinga er ei stor skål som krev eit eige studium, så det får bli med dette her.
Bare ein kort merknad: Det er her Marx hevdar at kapitalistisk jordbruk ikkje kan drivast på ein måte som tek vare på jorda si naturlege reproduksjonskraft.

7. avd. handlar om dei ulike typane innkomster og kjeldene deira. Det er kapital som gir profitt, jord som gir jordrente og arbeid som gir arbeidslønn. Eg skal under her gå meir inn på det viktige kapittel 48.

Vidare har Marx i kapittel 49 til og med sluttkapittelet 52 gitt ei slags oppsummering av heile arbeidet sitt. Han tek opp att analysen av produksjonsprosessen og går inn på illusjonar som blir skapt av konkurransen, undersøker forholdet mellom fordelingsforhold og produksjonsforhold og sluttar av med eit kort kapittel om samfunnsklassar.

Litt om den «unge» og den «gamle» Marx

Eg skal vise til kapittel 48,III i «Kapitalen», bind 3 for å knyte bandet mellom «den unge Marx» og «den eldre Marx». Her samanfattar Marx hovudinnhaldet i heile «Kapitalen».
Han seier her at han har vist at den kapitalistiske produksjonsprosessen er ei historisk bestemd form av den allmenne samfunnsmessige produksjonsprosessen. Han er både ein prosess som produserer materielle eksistensvilkår for det menneskelege livet og ein prosess som foregår under bestemte historiske og økonomiske produksjonsforhold som produserer og reproduserer seg sjølv og dermed også dei som ber oppe denne prosessen, dei materielle eksistensvilkåra deira og dei forholda dei har til kvarandre, dvs. den særskilde økonomiske samfunnsforma deira. For heilskapen i desse forholda, som berarane av denne produksjonen har til naturen og til kvarandre, som dei har til alle dei forholda som dei produserer i, denne heilskapen er nett samfunnet sett som økonomisk struktur.

Den kapitalistiske produksjonsprosessen, som alle tidlegare slike prosessar, finn stad under bestemde materielle vilkår som også inneber bestemde samfunnsmessige forhold mellom individa som oppstår når dei reproduserer livsprosessen sin. Desse vilkåra, med dei forholda dei inneber, er på den eine sida førestnader for og på den andre sida resultat og det som er skapt av den kapitalistiske produksjonsprosessen. Dei produserer og reproduserer han.

Videre seier Marx at han har vist at kapitalen (og kapitalisten er berre det personifiserte kapitalen, han fungerer i produksjonsprosessen berre som berar av kapitalen) pumper ei viss mengd meirarbeid ut av dei direkte produsentane eller arbeidarane. Dette er meirarbeid som held oppe kapitalen utan at kapitalen gir noko likt igjen og som i vesenet sitt alltid held fram å vere tvangsarbeid, kor mykje det enn må stå fram som resultat av ein fri avtale. Dette meirarbeidet produserer ein meirverdi, og denne meirverdien eksisterer i eit meirprodukt.

Som eit arbeid utover målet for dei gitte behova må meirarbeid alltid finst. Men i det kapitalistiske systemet, nett som i slavesystemet osv., har det ei antagonistisk form og utfyllast av fullstendig arbeidsløyse for ein del av samfunnet.

Ei viss mengd meirarbeid vert kravd som sikring mot spelet frå tilfellet og for å sikre den nødvendige produksjonsprosessen som svarer til utviklinga av behova og framsteget i folkesetnaden. Frå kapitalistisk synsstad kallar vi det for akkumulasjon. Ei av kapitalen sine siviliserande sider er at han tvingar fram dette meirarabeidet under vilkår som er til større fordel for utviklinga av produktivkreftene og samfunnsforholda og til større fordel for å skape delar som vi kan bruke for ei høgare nydanning (av samfunnet) enn det som var mogeleg under dei tidlegare formene som slaveri, liveigenskap osv.

På den eine sida leier dette til eit stadium der tvangen og monopoliseringa av den samfunnsmessige utviklinga (medrekna dei materielle og intellektuelle fruktene av dette) gjennom den eine delen av samfunnet, fell bort. På andre sida skaper det materielle medel og eit frø til forhold som i ei høgare samfunnsform tillet å sameine dette meirarbeidet med ei større innskrenking av den tida som i det heile eignast til materielt arbeid. For meirarbeidet kan vere stort ved liten totalarbeidsdag og relativt lite ved ein stor totalarbeidsdag alt etter den utviklinga som arbeidet si produktivkraft har.

Samfunnet sin verkelege rikdom og mogelegheita til stadig å utvide samfunnet sin reproduksjonsprosess heng altså ikkje på kor langvarig meirarbeidet er, men på kor produktivt det er og på dei meir eller mindre rikelege produksjonsvilkåra som kan brukast når meirarbeidet blir gjort.

Fridommens rike tek i verkelegheita til når det arbeidet som er bestemd av naud og ytre føremål tek slutt. Det ligg altså etter saka sin natur bortanfor sfæren til den eigentleg materielle produksjon.

Slik som dei ville menneska må kjempe med naturen for å få dekka behova sine, for å halde oppe liva sine og reprodusere dei, må også det siviliserte mennesket gjere, og det gjeld alle samfunnsformer og alle mogelege produksjonsmåtar. Etter som det naturnødvendige riket utviklar seg, utvidar det seg og, men samstundes utvidar også dei produktivkreftene seg som tilfredsstiller desse (utvida) behova.
Innanfor dette området kan fridommen berre vere at det samfunnsmessige menneske, dei sameina produsentane, på fornuftig vis regulerer denne stoffvokslinga si med naturen og får han under kontroll i staden for at ho herskar over dei som ei blind makt. Det kan berre vere at dei fullfører ho med minst mogeleg energibruk og under dei vilkåra som er mest verdige og passande for den menneskelege naturen deira. Men det blir alltid eit naudsynt rike.
Bortanom dette byrjar den menneskelege kraftutviklinga som er sitt eige mål, fridommens sanne rike, som likevel berre kan bløme med dette naudsynte rike som grunnlag. Å korte ned arbeidsdagen er det grunnleggande vilkåret. (Kapitalen bind 3, kap.48,III. Bo Cavefors 1973, s.725-26. Marx/Engels: Werke, b.25, s.826-828.)

Bare ein ny offensiv for ein radikal kommunisme slik Marx tenkte seg han, og på den måten som Marx meinte at vi kan nå han, kan hindre at dei framandgjorte og derfor øydeleggande produktive kreftene tek knekken på oss alle.
Derfor må vi tileigne oss Marx sine synspunkt og teoriar på ein allsidig og djup måte. Vi må så gjennom vår eigen praksis og teoretiske tenking overskride desse synspunkta og teoriane og skape nokre fleire naudsynte vilkår for kjempe fram ei framtid i velstand og lukke for alle gjennom eit universelt, medvete samverke av frie individ.
Då kan vi vinne fram til ei høg grad av utveksling med naturen som samstundes er i takt med naturen. Då kan behova som ligg bortanfor den eigentleg materielle sfære bli dei viktigaste. Då kan vi bli skapande, lidenskapelege og elskande menneskeleg-naturlege individ. Då kan vi utvikle heile det positive potensialet som no voks fram på ein forvrengd, framandgjort måte under kapitalismen og under den politiske og rå kommunismen (eller sosialismen) der dei prøvde å skape kommunisme ut frå lågt utvikla produktivkrefter og i strid med den herskande kapitalistiske imperialismen. Alle dei positive formene som voks fram og ligg klare, men som no blir knust av det reaksjonære innhaldet sitt, kan vi då frigjere i fellesskap og bruke til beste for individa.

For å klare dette må vi gå laus på arbeidet med å skape ein marxistisk renessanse og ein kommunistisk offensiv for alvor. Eit første avgjerande skritt er å halde fast på, bruke og utdjupe omgrepet kommunisme. Sluttar vi å bruke det, får vi heller aldri lagt fram innhaldet i det, og då har vi fjerna eit av dei viktigaste vilkåra for stadig å ta opp den nødvendige kampen mot den sosialdemokratiske og fascistiske reformismen som nok ein gong truger med å splitte arbeidarklassen, når han no snart må gjøre eit sprang mot kommunisme eller gå ein ny runde med enorm devaluering av kapitalen (verdskrig) og ein ny, om endå kanskje kortare og verre, runde med det vi har opplevd etter krigen i Norge.

Det er også opp til deg korleis dette skal gå. Dersom du også blir med på den marxistiske renessansen og den kommunistiske offensiven så kan vi kanskje klare det denne gongen.
Terje Valen, 24. oktober 1992.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.